tirsdag 31. mai 2011

Verda har vampyrdilla

Eg skal innrømme at aller først då eg las twilight blei eg veldig hekta på dette med vampyrar og slikt og syntes dei var litt tøffe og forferdelig flinke. Før heile verda fekk vampyrdilla og twilight kom såg vel dei fleste for seg noko sånt som Dracula. Eg kan tenke meg at vampyrar blei assosiert med ekle skapningar som fryktar kvitlauk og er svarte rundt auga, har heilt bleikt andlete og raud munn. 
Etter twilight-bøkene kom har interresa for vampyrar bare auka. Seriar som "True Blood" og "Vampire Diaries" har gått på på TV. Fleire magasin har hatt oppslag om dei ti kjekkaste mannlige vampyrane til dømes og alt slags sånne greier. For min del held det med twilight. Stepehnie Meyer er mektig god til å skrive og får oss til å føle soss heilt med på ein måte. Andre forfattarar som skulle prøvd seg på sånne bøker hadde kanskje fått det til å høyrast alt for overrealistisk ut. Då eg las Ever - for alltid av Alyson Noël syntes eg boka var for urealistisk og alt det der. Damen verka nesten som ein dårlig kopi av Edward. Nei, eg seier Twilight og Stephenie Meyer er best på vampyrar, og i det siste har interessa mi for vampyrar nesten dabba litt av, men ikkje såpass at eg ikkje kan legge ut bilete av dei fem finaste vampyrane eg veit om og dei einaste eg har interessert meg for å lese om. 
Trykk på "lese meir?" for å sjå dei. 
Mai Lene

Oppteljing mai og lesemål for juni

Eg er ikkje glad i å føle at eg har lese for lite, men det har eg gjort denne månaden. Mai er rett og slett for travel til at eg får lese så mykje, men fem bøker er likevel for lite, men nå skal eg prøve å skjerpe meg med det, men eg er fornøgd med bøkene eg har lese. 

Den første boka eg las var familie av Karen Kingsbury. Den er godt  skrive og det er eit godt bodskap i den. 

Den andre boka var òg ei bok av Karen Kingsbury: Som flyvende løvetannfrø. Den var kjekk og litt annleis enn det andre eg har lese av Karen Kingsbury utanom at det som vanlig var ein alvitande forteljar. 

Saras nøkkel av Tatiana de Rossnay var den tredje boka eg las. Jakten på fortida til ei ukjend jente er spennande å lese om. 


Den fjerde boka var den svakeste dør og er skrive av Kåre Skuland. Den var sånn passe god, men det verkar av og til som om dei prøver å presse mest mogeleg fakta inn i kvar sening. 

Den siste og femte boka er super av Endre Lund Eriksen. Svært god ungdomsbok, men litt for mykje banning i den. 

Så er det lesemåla.
Eg veit ikkje heilt kva bøker det er som er mine lesemål, men eg skal snart på biblioteket og låne nye så me får sjå kva det blir til. 
Mai Lene

mandag 30. mai 2011

It`s Monday! What are you reading? #9

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


I haven´t read much the last weeks, but I have read a little bit. 


Books I read last week
- den svakeste dør by Kåre Skuland
- super by Endre Lund Eriksen
- Vitne by Immaculèe Ilibagiza
- The Bible


Books I finished last week 
- den svakeste dør by Kåre Skuland
- super by Endre Lund Eriksen


Books I read now
- the Bible
- Vitne by Immaculèe Ilibagiza


Books I am going to read
I don`t know. I wait and see. 




Mai Lene 

søndag 29. mai 2011

En smakebit på en søndag #9

SUPER AV ENDRE LUND ERIKSEN
Selv om jeg vet veien, stryker jeg stokken foran meg, den kan være god å ha, i tilfelle. Buskene stryker mot arma og jeg begynner å svinge, kjenner at det knyter seg, at skuldrene og hjertet og magen strammer seg. Kristoffer Kuken er der, rundt svingen. 




Bli med på en smakebit på en søndag du òg
- opne boka du les nå
- del eit utdrag med lesarane av bloggen din (vær forsiktig, ikkje del noko som avslører for mykje, dette kan øydelegge for dei som vil lese boka etterpå)
- legg igjen linken til innlegget på bloggen til Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

Lese meir?

Hei og god morgon. Nå har eg funne ut korleis eg kan få lagt til ein liten"lese meir?" knapp i innlegga. Først i kvart innlegg om bøker kjem det litt om boka eg har lese og kva eg synes. Viss du då vil lese meir om boka etterpå kan du trykke på "lese meir?" også kjem det opp fakta om boka som sidetal, forlag osv. I tilegg kjem baksideteksten opp. 
Det er det same i innlegga Boktema ho Anette A-Å. Først kjem dagens bok og viss du så trykker på "lese meir?" så kjem det opp kva boka handlar om. Akkurat nå er det bare tre innlegg som har denne funksjonen, men det skal kome fleire etter kvart. 
Nå må eg bare oppdatere bloggen min. (har ikkje vore så flink til det i det siste)





Mai Lene

lørdag 28. mai 2011

Klar for Jungeboken


Nå er eg klar for å gå og sjå Jungelboken på teater i Stavanger. Og sjølvsagt skal me ha litt god pizza først på Dolly Dimples. Eg gler meg. Eg har sett Disney sin versjon av Jungeboken 2 på DVD, men eg Jungeboken 1 veit eg ikkje korleis er, men eg gler meg. Me har boka her heime, men eg har aldri lese den. 




Nå er eg heilt klar og har stæsja meg litt opp med mitt nye smykke og dei nye øyredobbane mine. Og sjølvsagt t-skjorta eg fekk i frå mine to beste veninner til bursdagen 2010. 

Ha ein fin laurdag alle saman. 
Mai Lene 

bok: super av Endre Lund Eriksen




Eg om boka:
Julie lurer seg unna leiren denne gongen og vil heller vere heime. Det er slutt på å vere snill jente som sit heime og ser på nytt på nytt og beat for beat på fredagskveldane. Den nye jenta skal klatre på brua, ta tatoveringar, drikke seg full, kysse nokon (om så ei jente). Den nye Julie er brå og skal ikkje henge saman med "Kristen-Silje." Ho skal styre livet sitt sjølv.
Dette er i korte trekk det denne boka handlar om. Dette og guten som heiter Jomar. Guten som Julie treff på og som det er noko mystisk med. 


Bok: den svakeste dør av Kåre Skuland



Nå er eg endelig ferdig med boka. Veldig bra, men litt mykje fakta etter min smak i denne boka her. Det verker av og til som om forfattaren prøver å presse mest mulig avansert fakta inn i kvar setning, så det var av og til litt vankselig språk, men eg likte handlingsgangen og alt det der. Ingenting å utsetje på det. Svært god krim som passar for dei fleste. 
Det handlar om tohundreårsjubileumet til Darwin i London og feiringa av den, kontrastar mellom Darwins teori og kristendommen og eit forsvunne manus. I byrjinga av den spennade veka der dei feirer Darwin blir ein professor drepen og ein student prøver å løyse gåte og dinne manuset hans, men kva skjer på vegen.

torsdag 26. mai 2011

Boktema hos Anette A-Å #J







Anettes boktema har no eit tema der du legg inn dine favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på J, og link innlegget ditt til bloggen til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!

Ingen tvil her om favorittbok. Det er heilt klart denne: 



mandag 23. mai 2011

Vår kjære, søte, vesle hund....

Eg veit at det blir mange innlegg utanom bøker i dag, men me fekk vite for nokre timar sidan at hunden vår har sukkersjuka og i halv åtte tida ringte dyrlegen og sa at det går ikkje ann å gjere noko med denn sukkersjuka. Det er veldig dumt og eg kjem til å savne den søte, litle hunden vår som me har hatt i 6 år og 18 dagar. På onsdag blir ho avliva, så då blir det bare kos og ennå meir kos fram til då. Me får sjå vidare om me vil ha ein til hund. Nokre vil ha hund igjen mens andre bil ikkje. Så får me sjå kva det blir til.





Bilete 1: (med Eiffeltårnet på) Her har Sara aldri vore, men ho fekk i dag ein av sine første photo shoot...
Bilete 2-3: Bare tullebilete med effektar i frå macen min, akkurat som det første.
Bilete 4: Her er meg og Sara sånn som me ser ut til vanlig!

Kjem til å savne deg vennen min...

Mai Lene






Så glad er eg i Harry Potter...


Eg fekk gaveoverrekkelse i ein av sangane i konfen og ein av gavane var eit bilete av Harry Potter og eit par med "hornbriller" som eg trur onkelen min har hatt. Eg hugsar at eg sa ein gong: "Onkel, med dei brillene ser du ut om Jackob Potter." Alle byrja å le då eg sa det og eg det må vere noko av det tante og onkel tenkte på då eg fekk gåva av dei. Nå er eg kjempefornøgd og kan sjå på min magiske helt kvar dag før eg sovnar viss eg vil. (trur ikkje eg kjem til å gjere det då...)
Mai Lene

skal bli forbedring...etter kvart


Hei, eg veit at eg dårlig til å blogge nå for tida og forholdsvis dårlig til å lese. Det er ei veldig "tung" bok eg les nå og eg synes det liksom aldri skjer noko. Eg håpar på å få gjort den ferdig. Til Det er Den svakeste dør av Kåre Skuland. Har du lest den? Den handlar mykje om evolusjonsteroien til Darwin og dei store spørsmåla i livet.

Det er litt mykje som skjer akkurat idag så eg får ikkje hatt noko sånn Its Monday! What are you reading-greier. Eg har liksom skrivedag i morgon på skulen og skal visst skrive ein saktekst om språk utan at eg veit noko meir. Kva skal du i morgon?

Elles vil eg bare tipse dykk om ei nettside på den andre bloggen min der det ligg litt oppskrifter og slikt. Trykk her så kjem du til sida og finn ei oppskrift på verdas beste Oreokake.
Har du smakt oreokake før? Den er veldig god. Anbefales.
Mai Lene

ps. Trykk her for å kome til min andre blogg


torsdag 19. mai 2011

Boktema hos Anette, A-Å, #I




Anettes boktema har no eit tema der du legg inn dine favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på I, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Mi yndligsbok på I trur eg er Ina i Insbruck. Det er ei litt "gammal" bok og kanskje litt barnslig, men veldig kjekk. Det handlar om Ina og storesystera Assi som reiser til Insbuck kort fortalt.


:D:D:D


onsdag 18. mai 2011

bok: Saras nøkkel av Tatiana de Rosnay


Dette er ei veldig spennande bok om den svarte dagen i den franske historia. 16. juli 1942 er dagen då fleire tusen franske jødar blei arrestert. Dette blei utført av over 6000(!) franske politimenn. I denne boka blir det fortalt om Sara som er ein del av dette. Ti år gammal blir ho arrestert. Rett før dei blir tatt med låser ho litlebroren inn i eit skap for at han skal vere trygg og lovar å kome tilbake om nokre timar, men timar blir til dagar og veker.
60 år seinare snublar Julia Jarmond over historia om jenta og kva som skjedde. Ho gjer alt for å finne ut meir.
Boka er usedvanlig godt skrive og svært kjekk og lærerik i tillegg. Eg lærte mykje og syntes det var interresant å lese.
Boka anbefales på det varmaste!
Trykk her så finn du trailaren for filmen.


mandag 16. mai 2011

NESTEN alt er overstått...



Ja, nå har eg hatt konfirmasjon og feira bursdagen til litlesyster og hatt besøk i frå Sørlandet så nå er det BARE 17. mai igjen! :) Eg har hatt nokre utrulige dagar i det siste og er så glad for at konfirmasjonsdagen og alt det andre blei som det blei! Det kom veldig mykje fram at eg liker å lese. Det var litt kjekt syntes eg. Mormor sa til og med at du ser aldri Mai Lene utan at ho har ei bok med seg på ferie som ho kan lese i. Eg har visst til og med sagt at viss eg ikkje hadde hatt bøker med meg på ferie til å lese hadde eg ikkje overleved. True story!

Så i morgon er det 17. mai og på med bunad igjen! Gler meg.

Det einaste som ikkje er som det skal vere er at Stella Mwangi ikkje var med i Eurovision, men det er sånn som bare skjer!


:D:D:D

torsdag 12. mai 2011

Anettes boktema A-Å #H



Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på H, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Kan aldri la Anettes boktema bli lagt til sida sjølv om eg har det aldri så travelt og denne gongen er det bok på bokstaven H som står for tur. Favorittboka mi på H er Harry Potter and the deathly hallows av J K Rowling. Eg elsker dei bøkene og den siste er absolutt den beste etter mi meining. Det er den eg driv på og les nå! :)


Ha ei flott leseveke og hald fram med å lese bloggen min framover! (på tross av lite blogging i det siste)


:D:D:D

mandag 9. mai 2011

It's Monnday! What are you reading? #8

This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney where we tell what we read last week, what we finished last week and what we read now. Join in!

Books I read last week
- Familie by Karen Kingsbury
- som flyvende løvetann by Karen Kingsbury
- Harry Potter and the deathly hallows by J K Rowling
- The Bible

Book I finished last week
- familie by Karen Kingsbury

Books I read now
- Harry Potter and the deathly hallows
- Som flyvende løvetann by Karen Kingsbury
- The Bible

Books I am going to read.
I don't now. I am getting confirmed on Sunday so I have to finish the books I read now and then see! :)

:D:D:D

søndag 8. mai 2011

Smakebit på en søndag #8



HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS

"Expelliarmus!" Harry yelled.

"That's him, it's him, it's the real one!"

The hooded Death Eater's shout reached Harry even above the thunder of the motorbike's engine: next moment, both pursuers had fallen back and disapeared from view.




- opne boka du les nå

- finn eit utdrag du vil dele med learane av bloggen din (ver forsiktig, ikkje del noko som avlsører for mykje. Det kan vere nokon vil lese boka etterpå)

- Legg igjen linken til innlegget hjå Ladybug. Ho samlar alle smakebitane

lørdag 7. mai 2011

Deutsch Deutsch Deutsch

Halo meine schöne Lesern. Nei då. Dette er ikkje eit innlegg på tysk, men eg sit her og puggar tysk om tyslspråkelige land til eg til slutt ikkje har plass til meir i hjernen min. Me skal snart ha muntlig tentamen på skulen og eg kom opp i tysk i tyskspråkelige land. Jaja, det er ikkje verdas undergang! :) Eg er bare glad viss eg ikkje kjem opp i matte eg. Snart må eg visst venne tilbake til arbeidet mitt. Må bare finne på kva eg vil seie om Tyskland. Ok, hovudstaden heiter Berlin, ja det er over 82 millionar innbyggarar, rikskansklaren heiter Angela Merkel. Det har eg skrive, så kva skal eg skrive om nå? Meir om Berlin? Kanskje. Eg får sjå kva eg vel. Ha ein forstsatt god laurdag ettermiddag enten du sit inne med PCen eller les eller er ute og nyt sole. Ver forberedt på at det kanskje ikkje blir nokon smakebit i morgon på boka eg les for tida. Eg skal i konfirmasjon til Mary. Snakkes!

:D:D:D

torsdag 5. mai 2011

Anettes boktema A-Å #G

Anettes boktema har starta eit nytt tema: Favorittbøker frå A til Å! Skriv eit innlegg om di favorittbok på G, og link innlegget ditt til siden til Anette (veldig viktig!). Lån gjerne logoen til Anette!


Mi favortiibok på G er enten Glede eller Gjennforening av Karen Kingsbury. Eller begge to! Eg er ikkje heilt sikker! :) Eg trur det er begge. Det er sterke bøker som handlar om tru og å mista nokon me er glad i og om korleis Gud kan hjelpe oss ut at ting! :)

onsdag 4. mai 2011

Slowly

Vil bare seie at det kan gå litt treigt med ei bok på over 600 side midt i tider me konfirmasjon osv. Så eg håpar de kan smøre dykk med tålmod til eg er ferdig med boka og vere så snille å forstå det når det blir fleire smakebitar på søndagar fram igjennom i frå den same boka! For nå er det siste innspurt her til konfirmasjonen! :) Gler meg sjukt til dette og nå har eg prøvd heile bunaden min :)

:D:D:D

tirsdag 3. mai 2011

forfattaren i mai

Viss du har sett på sida om faste innlegg ser dykk at annan kvar månad kjem det ut litt fakta om ein forfattar. Dette er for å tipse dykk om kanskje litt nye forfattarar som dykk kanskje vil lese litt om og lære meir om. Håpar de liker det! Gi meg gjerne tips til nye forfattarar eg kan lese bøker av og finne meir ut om! Nå skal eg snart legge ut ei liste over alle forfattarane eg har lese bøker av her på bloggen + litt fleire. Viss de då har lyst at eg skal skrive om ein av dei så kan de legge det igjen i kommentarfeltet! :) Dei som har skrive bøker som eg har lese mens eg har hatt dene bloggen legg eg igjen linkar til! :) Skal få gjort det så snart som råd! :) Du finn det under sida som heiter forfattaren! :)

BJØRN SORTLAND

Det var eigentlig ikkje så mykje bakgrunnsstoff å finne om denne forfattaren, men eg skal prøve å få med mest mogleg! :)
Bjørn Sortland er fødd i 1968 og er i frå Sortland i Hordaland. (som nå har skifta namn til Svortland) Han gjekk på skrivekunstakademiet i frå 1990-1991 i Hordaland og i 1992 debuterte han med si aller første bok Det er ikkje natta. Etter på det har Sortland bare halde fram med å skrive og han meiner sjølv at det gjeld å gå hardt ut og auke innsatsen etter kvart. Ei av hans mest kjente bøker er ærlighetsminuttet og i 2009 fekk han både Krstikkerprisen for beste barne- og ungdomsbok med Alle har eit sultent hjerte og ARKs barnebokpris.
Bøkene hans er utgitt i Skandinavia, USA, Sør-Korea, Canada, Italia, Frankrike, Spania (på spansk, katalansk og Baskisk), Tyskland, Austerrike, Nederland, Ungarn, Palestina, Egypt, Færøyene, Taiwan og Finnland.

I tillegg så er det ein god del unyttig info om han som til dømes at han alltid har ti ting han treng på skrivebordet mens han skriv og det er:





Eit vindauge med ein by utanfor. (han skriv nesten kor som helst bare det er eit vindauge med ein by utanfor)



Ein ekspressomaskin han må jobbe litt ekstra med. (La Pavoni eller Gaggia og små Picasso-koppar med ein okse på som han har fått av kona)



Ei dressjakke (kan hive den på seg når mora kjem inn så ho ser at han har eit verdig liv og ein skikkelig jobb)



Word Perfect 5,1 frå 80-åra



musikk (helst filmmusikk)



Tre bøker: Bibelen, ei bok om dei samla til malaren Giotto og Den lille prinsen



Flyktige kvinner som går forvi vindauget



Kalendar me gamle reiseplakatar



Forventningane om ein god haust og at Guds Nåde av og til skin inn gjennom vindauget mitt.



I tillegg så kan eg seie at han har Nokia mobil, reist til alle byane han har skrive om utanåt Sydney for då var han sjuk, han har eit akvarium og bibelen er yndlingsboka hans!
Yndlingsmaten til Sortland er mandelpotetpurrè, torsk og ein akkurrat passelig dyr italiensk vin.

:D:D:D

mandag 2. mai 2011

It's Monday! What are you reading #7



This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Book I read last week

- Harry Potter and the prisoner of Azkaban

- The Bible


Book I finished last week

- Harry Potter and the prisoner of Azkaban


Book I read now

- Harry Potter and the deathly hallows

- The Bible


Books I am going to read

I don't know because I have som busy days in front of me now, so I can just say that I am going to read in the Bible and more I don't know.


:D:D:D

søndag 1. mai 2011

Det går seg til med tida...



HARRY POTTER AND THE PRISONER OF AZKABAN, J K ROWLING

I denne boka så er "det går seg til med tida" heilt sant på ein måte, men på ein annan måte ikkje. Eg vil ikkje gå så mykje inn på det nå fordi det har noko med slutten av historia å gjere og då er det ikkje kjekt for dei som vil lese denne boka at eg røper det! Men i denne boka er det ein fange i frå Azkaban laus og det står nokre fæle Azkaban-voktarar utanfor skulen. Ambefales. Sorry for lit lite om boa, men nå er eg stuptrøyt!


Go'natt :)


:D:D:D

Lesemål mai 2011

Så var det klart for lesemåla i mai 2011 då! :) Var ikkje så veldig verst i april, men likevel håpar eg det blir betre i mai! Ok her kjem dei

1. Harry Potter and the deathly hallows, J K ROLWING
2. Hestenes klan, LIVE BONNEVIE
3. Bree Tanners korte liv, STPHENIE MEYER
4. Harry Potter and the philopherser stone, J K ROLWING

Vil ikkje ha fleire fordi eg ska ha konfirmasjon òg i mai! :)

:D:D:D

smakebit på ein søndag #7

Dette blei litt seint i dag fordi eg har vore på stranda heile dagen og hatt det kjekt! :) Også var det ikkje sist søndag heller. Håpar det går bra, men nå er det ny smakebit.

HARRY POTTER AND THE PRISONER OF AZKABAN

"Expelliarmus," Harry yelled, pointing hi own wand at Pettigrew; Lupin's wand flew high into the air and out of sight.

"Stay where you are!" Harry shouted, running fowards.


Bli med på ein smakebit på ein søndag du òg!

1 Opne boka du les nå

2. del noko setningar med lesarane av bloggen din ( vær forsiktig, ikkje del setningar som kan avsløre for mykje, nokon vil kanskje lese boka)

3. Legg linken til innlegget igjen hjå Ladybug






søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...