torsdag 29. september 2011

Boktema hos Anette Ei bok eg har lese tre gonger eller meir

Denne veka er temaet til Anette Ei bok du har lese tre gonger eller meir. Skriv eit innelegg om boka og legg igjen linken igjen hjå Anette. Lån gjerne logoen hennar. 

Denne gongen kan det vere mange bøker. Eg er så glad i å lese bøker fleire gonger at eg det er heilt sprøtt. Heilt i frå eg var liten har eg likt det og eg gjer det framleis. Alle Harry Potter-bøkene er lese fleire gonger enn eg kan telje og det same med twilight, Pode og bestevenner. Skal eg seie ei av bøkene så må det vere Harry Potter og dødstalismanene. Som mange andre er eg kjempeglad i bøkene (men ikkje blodfan) og denne boka gjer meg like rørt, redd og glad kvar gong eg les henne. Framleis sit eg med hjartet i halsen når eg les om når dei er i Gudriksdal og eg byrjar og grine kvar gong eg kjem til slutten. 
 Mai Lene

ps. Vil bare seie i frå om nokre endringar. Kanskje de har fått med dykk at eg har ein til blogg. I så fall vil eg bare seie at eg flyttar fototriss og himmelsk over herifrå og til den bloggen går. Gå inn på http//mileyhaeak.blogspot.com/ for å sjå han. Første fototriss på den bloggen kjem i dag. 

fredag 23. september 2011

nå reiser eg

Då er det avgårde på leirlederhelga på himmel og hav og eg gler meg skikkelig til dette her!! Skal lære korleis eg kan vere ein god leirledar osv.
Ha ei god helg og kos dykk med bøker (og kanskje laurdagssnop?).

Mai Lene

torsdag 22. september 2011

Boktema hos Anette Den beste boka eg har lese i år

Anette er ferdig med ei yndlingsbok på kvar av bokstavane i alftabetet, men har bytta det ut denne torsdagen mot Den beste boka eg har lese i år.

Eg har lese mange kjempegode bøker i år og overhalvparten av bøkene på topp 10-lista mi er bøker eg nye bøker eg har lese i 2011 og den boka som står øverst er Verten av Stephanie Meyer. Først då eg opna boka tenkte eg: "Kva slags tull er det her?" men så byrja eg å lese og WOW. Beste boka eg har lese i heile mitt liv. Det er ei sånn bok som eg liker. Bra skriven, og bra fantasi (når det er fantasy synes eg ofte forfattaren skiv dårlig sånn at alt er litt uverkeleg, men Stephenie Meyer fekk meg til å tru at dette var sant kvar gong eg dykka ned i boka).


Mai Lene



tirsdag 20. september 2011

bok: rubinrød av Kerstin Gier


Plutselig ein dag befinn Gwendolyn seg i London i ei heilt anna tid. Ho har blitt oppdratt i ein familie med mange løyndommar, men ein ting veit ho: Det er kusina og ikkje ho som har tidsreisegenet. Eller ho trudde i alle fall det heilt til ho blei slengt inn i ei heilt vill historie.

Åååå, fekk så lyst til å vere med henne og ha på meg fine kjolar og hattar og setje opp håret fint. Det høyres litt kjekt ut, men må vere litt stressande òg trur eg.

Innleiinga var bra skriven, men eg trong litt tid for å kome inn i boka, men det var spennande.

Midtdelen var kjempebra og eg kom meir og meir inni boka og fekk så lyst til å vere DER og å oppleve det. Snakk om å leve seg med i ei historie.

Omslaget og baksidetekt og tittel passa og nå gler eg meg til å lese neste bok i serien. Har sett omtalar  skrive av Flukten fra virkeligheten,  Anette og Bokelskerinnen om Rubinrød inni Safirblå. Morosamt og sjå dei der.

Mai Lene

søndag 18. september 2011

tidsreisegenet

Har nettopp byrja på Rubinød av Kersti Gier. Andre gong eg prøver meg på denne boka fordi første gongen blei alt litt for rart for meg, men så fann eg mange gode omtalar av boka og prøvde på nytt og nå har eg lyst på sånn tidsreisegen sjølv.

Eg har funne nokre ting som hadde vore kjekt viss eg hadde hatt eit sånt gen.


  1. Reist tilbake til 1700 talet og kanskje gått på ball i sånn svær kjole saman med fullt i andre folk. Det høyres morosamt ut
  2. Eg har kjempelyst til å reise tilbake til Kristiania 1829 (17. mai faktisk) og sjå det aller første 17. mai-toget som har vore. Det må ha vore så spennande. 
  3. Hadde vore spennande å vere der då Noreg fann ut at dei var fri i frå Sverige i 1905. 
  4. Det hadde òg vore kjekt å vore i Eidsvollsbygninga 16./17. mai 1814 for å sjå då grunnlova blei vedtatt. 
  5. Og så eit heilt sprøtt ønske: Eg har skikkelig lyst til å reise tilbake i tid til 1900-talet til Canda til den tida då Anne fra Bjørkely er henta i frå og gått i sånne kjolar og kanskje eg kunne lært korleis eg sett håret mitt opp så fint. 
Mai Lene

lørdag 17. september 2011

bok: miraklenes tid er forbi av Kari Sverdrup


Jonas har endelig kapra drømmedama: Katarina, men på sommaren skal dei vere kvar for seg og som me kanskje veit, avstandsforhold er ikkje alltid like lett. Katarina er ikkje så veldig fornøgd med det tettte forholdet mellom Jonas og stesøstera Linda som òg er med på ferien til Jonas. Korleis går dette?

Wow, så mykje betre enn den første. Eg sat klistra til boka i dag til morgonen og ville vite korleis dette gjekk. Alt var kanonbra i forhold til sist bok og skrivemetoden er betydelig betre sjølv om det er i same serie. Nå ser eg fram til  å lese frem og tilbake er dobbelt langt som er tredje boka i serien.

Dette blei litt kort, men eg skal snart "ut på vift," (Nærbø kristelige ungdomslag) God helg alle saman.
Mai Lene

fredag 16. september 2011

himmelsk

Ny fredag og nytt innlegg med himmelsk.

Denne gongen har eg fleire bilete i frå i sommar.




(viss de er nokre som såg første veka av gøy på landet dette året, er det i frå Audnedal desse bileta er)

Mai Lene

torsdag 15. september 2011

bok: vinnaren tar alt av Kari Sverdrup


Jonas har ein bestevenn. Eller ein han trudde var bestevennen hans. Og han har møtt Katarina. Ei jente som han synes er utanom det vanlige, men det einaste han firbindar med å møte henne er KATASTROFE.

Litt for enkel bok etter mi meining. Alt var for enkelt. Enten er ho veldig dårlig skriven ungdomsbok eller så er ho for dei som er litt mindre. Eg trur på det første fordi det var tydelig at her var det litt herming på gang etter andre ungdombøker.

Omslaget var stilig med mange fargar og det vekkar interesse.

Mai Lene

tirsdag 13. september 2011

bok: Afrodite og ulykkesfuglen av Ritta Jackobsen


Ditte skal reise med kjærasten Alexander til mormora hans og ha ein rolig og avslappande ferie. Mormora bur i ein liten bolig rett på sida av ein Herregård der ho arbeidar. Men det er noko mystisk med den Herregården og Ditte vil finne ut kva. Kven er jenta i vindauget og kven har rota i Aleksanders mormors redskapsbod? På tross av åtvaringar i frå kjærasten og mormora hans bestem Ditte at ho skal finne det ut.

Puh, kjedelig innleiing når det gjeld Afrodites del.  Måtte lese hundre sider før det i det heile tatt skjedde noko som kanskje var så spennande (ironisk) at hunden til Ditte sprang inn i Herregården og Ditte henta henne igjen. Fekk i alle fall ikkje den gode kjensla eg får når eg les god krim. Når det gjaldt å sjå alt i frå Nadjas synspunk blei alt meir interessant og det var då eg sat mest klistra med auga til boka då ho fortalte.

Midtdelen om Ditte var heilt grei. Det var litt sånn frølen Detektiv bare mindre spennande. Eg er meir for unge Bond viss det ikkje blir for voldsomt. Ditte ser nokre mystiske ting, men det skjer jo nesten ingenting for det om.
Nadjas hovuddel var òg heilt grei. Det skjedde ikkje så alt for mykje, men nok til at eg ville lese boka.

Avslutninga var sånn passe og eg hadde venta litt meir kanskje enn bare ei oppsumering og oppramsing av det som skjedde.

Omslaget er spennande og det gir deg lyst til å lese boka. Det same gjer skrifta bak på, men tittelen er noko heilt anna. Eg forstår ikkje kvifor den heiter det. Neste gong bør forfattaren finne noko litt betre.

Mai Lene

søndag 11. september 2011

fototriss

Klar for ny fototriss og denne gongen er temaet skuggar. Eg synes det var eit spennande og litt krevjande tema, men tar me i bruk hjernen så skal det gå.

Her er mine tre bilete:

Dette bilete blei tatt i sommar då me var i Kolmården dyrepark i Sverige. I denne taubana i vognene sat me og såg ned på løver og bjørnar og elgar osv. Her på dette bilete ser me taubana i frå ein plass i skuggen der ho ser ut som konturar mot himmelen.

Eg fann ei  skugge som eg synes ser ut som ei palme kanskje på ei øy der det bles litt for mykje akkurat i dag. =)

rawr=)
It`s hungry...

Mai Lene

Saras nøkkkel

Har nettopp sett ferdig filmen som er basert på boka Sarahs nøkkel. Han var forferdelig trist akkurat som boka og i tillegg hadde han mange ekle scenar. Eg kan ikkje forstå at det er 11 og ikkje 15 års aldersgrense på den filmen. Forstår ikkje korleis ein 11åring kan klare å sjå det der. Det er ikkje mykje blod og våpen og mord, men heile filmen samla sett som er alt for vaksen for ein elleveåring. Når dei viser i frå fangeleirane, er det så vidt eg greier å sjå på det. Ikkje på grunn av det ekle, men fordi det faktisk har skjedd alt dette. Det er så vanskelig å forstå når eg sit her nesten 70 år etter Vel d`hiv.





Mai Lene

lørdag 10. september 2011

sånne ting som me allti har likt

Eg har alltid likt Donald og Langbein og Tom og Jerry og Mikke Mus og alle filmane om dei så eg tenkte å dele nokre her som eg liker spesielt godt.



Dette er kanskje ein kjent og kjær film for andre òg. For meg så er den bare ein av dei beste eg har sett.





Langbein er ein sann klassiker og eg vil dele ein til med dykk. Kanskje ikkje like morosam for alle, men eg ler veldig godt av denne. Først ser det sånn kjempekjedelig ut heilt til det verkeleg byrjar. Det er då det er morosamt.





Eg må nesten ta med litt skikkelig Mikke Mus-og-Pluto og Donald-og-ole-og-dole-og-doffen filmar òg. Nedanfor her kjem to av dei beste.



Donald film



Mikke og Pluto

Og mine favorittar: Tom og Jerry






Har du nokre favorittar av tegnefilmane?
Mai Lene

kor går grensa?

Mange er uenige om kor grensa går for kva du legg ut på bloggen og ikkje. Eg veit kor mi grense går. Eg kjem aldri til å skrive om kva eg gjer til kvar eit tid, eg kjem aldri til å fortelje kor eg bur og kor eg er på ferie. (i alle fall ikkje før eg har vore der) Eg kjem aldri til å leggje ut bilete av meg sjølv som eg synes er pinlige eller som avslører alt for mykje om kven eg er. Eg kjem ikkje til å seie namnet på vennene mine viss dei ikkje har gitt meg lov og eg kjem heller aldri til å leggje ut bilete som er av andre enn meg sjølv utan at eg har fått lov. Eg kjem ikkje til å fortelje dei mest personlige tinga om meg sjølv og mine tankar. Eg vil verne mitt og familiens og vennanes privatliv. Eg kjem ikkje til å fortelje det med ein gong eg har fått meg ein ny venn, eg er uvenn med nokon (noko som er veldig sjelden) eller viss eg får meg kjærast. (i alle fall ikkje med ein gong) Eg veit kor mi grense går. Veit du?

Litt kaldt på rommet så eg har tatt rundt meg eit stort og godt teppe nå.
Mai Lene

fredag 9. september 2011

Forfattaren i september

Denne gongen tar eg ein kanskje kjend og kjær forfattar som de kanskje har lese bøker av eller i alle fall høyrt om (ikkje det at eg gjer narr av nokon viss dei ikkje veit kven det er)
LUCY MAUD MONTGOMMERY
Lucy Maud Montgommery (alltid kalla Maud av familie og venner) òg kjent som L M Montgommery vart fødd 30. november 1874 på Prince Edward`s Island i Canada. Mora døydde av tuberkulose då Lucy M Montgommery bare var 21 månadar og faren flytta i frå øyra rett etterpå og busette seg vest i Canada. Dermed måtte Montgommery bu hjå besteforeldrfa i Cavendish og ho blei strengt oppdratt.
Etter nokre år reiste ho til faren, men seinare flytta ho tilbake til besteforeldra på Prince Edward`s Island. I 1893 byrja ho på Prince of Wales college i Charlottown på toårsstudiet på eit år og fekk lærarutdanning.
Etterpå dette studerte ho literatur på eit universitet i Hallifax og fekk forskjellige lærarjobbar rundt forbi på øya. I 1898 flytta ho igjen tilbake til Cavendish og mormora som var blitt enke. I 1901 og 1902 var ho òg litt i Hallifax og jobba i forskjellige aviser, men i 1902 flytta ho nok ein gong tilbake til mormora. Det var under tida på Prince Edwards Island ho blei inspirert til å skrive sine første bøker og i 1908 gav ho ut den første boka i Anne-serien, Anne of Green Gables (Anne fra Bjørkely).
Tre år seinare kort etter at mormora døydde gifta ho seg med Evan Macdonald og fekk tre ungar med han. Den eine sonen døydde under fødselen i 1914.

Lucy Maud montgommery døydde i 1942 68 år gammal.



Og så er det ein liten Anne of green gables spesial under her sidan eg liker så godt Anne-bøkene og ikkje minst filmane. Først kjem det ein haug med bilete i frp filmane og så kjem det nokre videosnuttar.
Enjoy
Mai Lene

himmelsk

Eigentlig er dette ein blogg om bøker, men eg liker å ta bilete òg og å vere med på bloggar om bilete og bøker så nå tenkte eg å "herme" litt etter Anette på Anettes bokboble og prøve på noko av det ho er med på.

Denne nydelige solnedgangen såg me då me var på tur i Sverige på Gotland i sommar.
Det var kjempefint å sitje ute og grille og sjå på solnedgangen på Gotland. Då dette bilete vart tatt var eg eigentlig inne sidan det var litt kaldt, men då eg såg motivet måtte eg gå ut å ta bilete.

Mai Lene

tirsdag 6. september 2011

Bok: slangens gåve av Lene Kaaberbøl


Dina møter ein framand. Ein som ho aldri har sett før. Han er skremmande og det skjer skremmande ting rundt han. Når mora høyrer om han bestem ho seg for å rømme.Ho veit kor farlig han er, men korleis kan dei rømme i frå ein med slangens gåve?

Innleiinga er kjempebra. Dei er på marked og me får bli litt kjend med hovudpersonane, men likevel byrjar boka rett på igjen i frå sist bok.

Hovuddelen er så spennande at det ikkje går ann å legge boka i frå seg. Eg måtte bare lese, lese, lese for å finne ut meir. I alle fall første gongen. Detter er andre gongen eg les boka og framleis får eg eit lite "kick" mens eg les. Det er kjempebra fortalt.

Avslutninga er på ein måte open, men på ein annan måte kunne alt bare slutta der. Eg kan ikkje seie meir viss det er nokre som framleis ikkje har lese denne boka.

Omslaget er bra og mystisk og du blir veldig nysgjerrig på kven mannen her er. I tillegg er det nokre få illustrasjonar bak på som eg liker kjempegodt.

Eg skriv ikkje meir informasjon om boka nedanfor her, men viss de vil ha det så kan de gå inn her. 

Mai Lene

boka sannsynligvis neste

Har nettopp kome heim i frå skulen etter at me var på ein sykkeltur rundt riksvegen her på Nørbø der me starta på Tryggheim. Det seier ikkje så mykje for de som ikkje har vore her, men det er nokre kilometer. Og dei verkar alltid litt ekstra lange når det er kjepemykje motvind og regn og du nesten ikkje ser. Då eg kom tilbake til Tryggheim trudde eg mest eg skulle segne om så sliten var eg. (og blaut) Så nå har eg tatt meg ein veldfortent dusj og sit i ein god og varm strikkejakke som eg kjøpte på laurdag.
Nå har eg veldig lyst til å setje meg ned i stolen i stova og lese i boka mi, så eg trur eg gjer det.

Ha ein fin dag vidare.

Mai Lene

mandag 5. september 2011

Fotoriss

Anette som står bak bloggen Anettes bokboble har kvar veke sidan eg byrja å følge henne vore med på nok som heiter fotoriss og nå tenkte eg eg kanskje skulle prøve meg eg òg.


Vekas tema er skilt og eg har valt ut desse skilta:



Det siste biletet blei litt utydeleg, men det det skal stå er: Housework can`t kill you, but why take a chance?

Dette var mitt første forsøk, men eg veit ikkje heilt kor bra det blei.

Mai Lene

It`s Monday! What are you reading? #14


This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!

Read last week
- the Bible
- Nelias natt (in English it becomes Nelias night maybe) by Gro Fykse
- Rules of attraction by Simone Elkeles
- Slangens gåve (in English I think it becomes the snake`s gift) by Lene Kaaberbøl

(all the books in Norwegian)

Finished last week
- Nelias natt by Gro Fykse
- Rules of attraction by Simone Elkeles

Read now
- The Biblle
Slangesn gåve by Lene Kaaberbøl

Going to read
- Percy Jackson and the olympians

Mai Lene

søndag 4. september 2011

eple, siffer og skriving

Nå har eg nettopp ete eit eple og er skikkelig klar for å skrive litt sjølv. Eg har lese veldig mykje i dag i boka eg held på med og er klar for å gjere litt sjølv òg. Men eg veit ikkje kor mykje det kjem til å bli fordi heile familien sit og ser på Siffer på NRK. Eit matteprogram. Eg skal innrømme at eg bare følger halvvegs med sjølv om det er bitte litt interesant å sjå på sjølv om eg ikkje er sånn veldig interresert i matte. 

Ein smakebit på ein søndag #14

SLANGENS GÅVE AV LEBE KAABERBØL

Det var nokon som spelte fløyte. Tonane dansa omkring meg som ein del av tåka, håse og fuktige som vindpust i ein sivskog, korte og dryppande som starten på eit regnver. Hjartet mitt galoperte sv stad no, for eg høyrde den musikken, og kven andre kunne det vel vere enn dei underjordiske?

Bli med på ein smakebit på ein søndag du
1 Finn eit avsnitt i boka som ikkje røpar for mykje.
2 Del avsnittet med lesarane av bloggen din
3 Legg igjen linken hjå ladybug. Ho samlar på alle smakebitane.

Viss det er mange skrivefeil så er det fordi eg prøvde å skrive på iPaden til pappa og det er litt lite tastatur.

Mai Lene =]

lørdag 3. september 2011

Bok: grenseløs kjærlighet av Simone Elkeles


Carlos er ikkje særlig fornøgd. Først blir han tvinga tilbake til USA og der finn han ut at han må bu hjå læraren sin! Han er sur på alt mogleg, innkludert storebroren sin Alex og kjærasten Brittany. Og Kiara, lærarens dotter, som alltid må vere ein besserwisser, men han er totalt uforberedt  på kva denne jenta kan gjere. Det er ikkje alltid at dei som er likast går best saman.

Veldig bra bok sjølv om den ikkje når heilt opp til einaren. Av og til tar eg meg sjølv i å tru at Carlos er Alex sidan dei er så like. Det er både spennande og kjekk bok, men kanskje ikkje heilt som den første. Det er ikkje sånn at sit klistra til boka og er livredd for kva som kjem til å skje sånn som med Perfekt kjemi. 


Innleiinga var eigenlig veldig dårlig og eg fekk aldri eit klart inntrykk av korleis Kiara var sjølv om ho er ein av hovudpersonane, men alt tar seg inn etter kvart. Det er spennande å lese om korleis Carlos synes det er å kome til USA igjen og alt det andre. Og heile tida er det ein solid dose humor (mykje pervers fjortishumor).

Midtdelen blei bare betre og betre og eg elska og lese om då Kiara la sjokolade-cookies i skapet til Carlos og då Carlos fikla med koden til Kiara. Her er det i alle fall ikkje kjærleik ved første blikk og denne delen av boka er faktisk meir realistisk enn den førre (men eg likte den førre betre, ikkje spør meg kvifor).

Avslutninga var òg veldig bra, men eg vil ikkje seie for mykje her fordi det kan røpe litt.

Omslaget beskriver kanskje boka, men eg synes det er idiotisk. Dei kunne funne eit som passar litt betre, men likevel beskrivar boka. I tillegg er originaltittelen mykje betre og hadde vore morosommare på boka og kanskje trukke til seg litt fleire lesarar.

Mai Lene

fredag 2. september 2011

Bok: Nelias natt av Gro Fykse


Nelia har blitt sendt ut i skogen for å løyse gåta ho fekk av Hedyn, men korleis skal ho gjere det? Og kven er eigentlig farligast, skgnmfene eller skogfolket? Nelias forstår at ho ikkje å stole for mykje på nokon akkurat nå, men bare løyse gåta og vere på vakt for kva som venter henne.

Wow, kjempebra. Som vanlig når eg les ein serie eg synes  er bra er eg litt redd for å lese neste bok viss ho er veldig dårlig. Det er akkurat som å fly og så finn du ut at du manglar vinger og dett ned igjen på jorda. (fekk sikkert i meg ein skrekk etter å ha lese dei to første bøkene i the immortales series, den andre var skikkelig dårlig) Men denne boka var ein kjempebra oppfølgar som eg likte kjempegodt. Det var knallgode skildringar, godt språk og sist, men ikkje minst: Ein god dose spenning!

Innleiinga var veldig bra. Det var ikkje noko tilbakeblikk på sist bok sjølv om denne starta midt i noko som skjedde. Sist bok slutta liksom sånn midt i der andre bøker har sjølve hovuddelen. Her haldt det fram rett på og eg elsker det. Denne måten å fortelje på gjer at eg vil vite meir meir meir!!

Hovuddelen er det bare ein ting å seie om: WOW! Superbra. Eg elsker den. Nelia som er ute i skogen og alt det mystiske som lurar og som ikkje er til å kome utanom. Vanvittig bra. Skognymfer, skogfolk osv. Det er sånn det skal vere.

Eigentlig er det ikkje noko avslutning i desse bøkene. Dei sluttar midt i hovuddelen så du får lyst til å lese neste bok. Det er ikkje noko sång alt-går-bra-til-slutt greier, men ein veldig brå slutt som om alt bare er eit kapittel. Det er kanskje noko av det beste med heile serien.

Omslaget passar til tittelen av boka. Det er mørkt og mystisk og passar til tittelen Nelias natt. 


Baksideteksten blei kanskje litt vell kort i forhold til kva eg kunne tenkt meg, men den gjer at eg får kjempelyst til å lese vidare.

Boka kjem ikkje heilt opp på topp 10 lista kanskje fordi eg synes at dei andre er endå betre, men Nelias natt er ikkje langt i frå! Og ein bra ting til: Endelig ein forfattar som forstår det går ann å lage spenning utan at personane må banne heile tida. Av og til så øydelegg banning mykje av bøkene etter mi meining.

Mai Lene


torsdag 1. september 2011

novelleskriving og bøker

Nå har eg faktisk skrive ei novelle på 4 sider på ein time. Eg er skikkelig fornøgd med ho. Det skulle vere ei skuleoppgåve på 1-2 sider, men det var litt vanskelig å tilpasse ei novelle til å bli så lita, så då blei den litt lang.
Nå er eg snart ferdig med Nelias natt av Gro Fykse og eg har mange av lesemåla mine klare for hausten. Viss du går på skal lese finn du ut kva måla er. Det er nokre bøker eg er skikkelig spent på som for eksempel Merket av P. C. Cast. Eg har tenkt å lese boka for å finne ut korleis ho er, men eg veit ikkje heilt om den kjem til å falle heilt i smak, men det ser eg. Kan vere det blir som med The Immortal series at eg les to, men går lei av dei. Nå har eg tenkt å danse og så må eg opp å rydde rommet litt før det blir litt lesing kanskje.

Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...