tirsdag 31. januar 2012

Oppsumering januar

Bøker

Åtte leste

- tilbake til Riverton, KATE MORTON
- øya, VICTORIA HISLOP
- hjemkomsten, VICTORIA HISLOP
- søstrene Boleyn, PHILIPPA GREGORY
- brød på vannet, ANNE DE GRAAF
- et siste farvel, CAROL ANN LEE
- den glemte hagen, KATE MORTON
- huset du elsket, TATIANA DE ROSNAY

Kjønn
Det er forferdelig vanskelig å telje opp, for i fleire av bøkene har det vore fleire hovudpersonar, men etter mi teljing blei det sånn som dette:

8 damer/3 menn - heilt tilfeldig. Bryr meg ikkje så mykje om likevekt på kjønn i bøker. 

Land etter forfattarar
Storbirtania: Victoria Hislop, Philippa Gregory, Carol Ann Lee
Australia: Kate Morton
Nederland: Anne de Graaf

Land forfattarane tok meg med til
England, Polen, Tsjekkia, Tsykland, USA, Spania, Hellas, Frankrike, Australia

favorittperson
Hm, vanskelig, men eg trur eg må seie Eliza i den glemte hagen eller Mary Boleyn i søstrene Boleyn. 

Bøker eg ikkje fekk lese
Veit ikkje om nokon eg hadde planlagd å lese, men som måtte venta til februar. 

Mål vidare
Lese ferdig den usynlige broen og alle som står på vent oppe på rommet. 

og så 

status forteljing
Alt eg har lagt ut her nå er i frå same forteljinga, men ingenting av det er med lenger. Nå er eg veldig godt i gang og eg elsker det eg har skrive til nå. Har sikkert skrive over ti sider (mykje i forhold til tidligare) og dette trur eg blir bra. Akkurat nå befinn personane seg på Sicilia i 1727 og Maria Pesce, ei to år gammal jente, avlyttar eit viktig besøk og noko ho ikkje skulle høyrt. Det er så mykje eg vil seie om det. 

Ideen til denne lista fekk eg på bloggen my first, my last, my everyting, og så har eg lagt på nokre ekstrapunkt som eg ville ha med. 

mandag 30. januar 2012

Bok: huset du elsket + litt til!

Paris, 1860-årene. Den store byfornyelsen pågår for fullt. Gammel bebyggelse må vike plassen for de nye, brede bulevardene og makestetiske bygningene. Hele kvartaler blir revet for å gi plass til det praktfulle Paris vi kjenner i dag. 
Men mange må betale en høy pris for denne forvandlingen. En av dem er Rose, en kvinne i 60-årene. I hele sitt voksne liv har hun bodd i huset som har vært i mannens familie i generasjoner. Før mannen døde lovet hun ham at hun skulle ta vare på hjemmet deres, nå har byfornyelsen nådd deres kvartal og huset skal rives. Rose nekter å forlate hjemmet. Hun bestemmer seg for å kjemoe til siste åndedrag for å redde huset som rommer så mange gode minner, men også en grusom hemmelighet som hun har tiet om i over tretti år. 
Huset du elsket er en gripende fortelling om en sterk og usedvanlig kvinne, i en tid med store ytre forandringer. Men mest av alt er det en historie om kjærlighet og tilhørighet, og om viljen til å slåss for det man har kjært. 
Dette er ei bok for dei som har lese tidligare bøker av denne forfattaren. Eg elsker bare skrivemåten hennar, og alle bøkene er så forskjellige at eg veit absolutt ikkje kvifor ei eg liker best. Denne var nok litt emir "poetisk" i språket enn dei andre, elle rmeir innvikla og tankefull. Eg blei veldig fort glad i hovudpersonen Rose. Det nydelige namnet, veremåten og hennar trang til å kjempe for det ho har kjært inspirerte meg til å lese vidare. Ei tøff dame, og alle vennene hennar var like fine å lese om.

Boka var skriven som eit brev til den avdøde mannen til Rose, og ho snakkar om seg sjølv som "jeg" og snakker veldig ofte til "du" eller "deg." Det er første gongen eg har lese ei bok som dette. Tidligare har eg prøvd meg på dagbøker som skal vere gode ungdomsromanar, men det har alltid vore litt for "kult" språk til at eg har likt dei. Den einaste andre boka eg har lese som liknar litt er Anne Franks dagbok der Anne skriv i form av dagbok til dagboka, Kitty. Den historia er meir biografi, men dette er jo ein skikkelig roman, som er godt skriven.

Det er veldig trist å lese at for at byen skulle bli som i dag, såra dei veldig mange menneske då dei forandra byen ved å rive ned husa deira og legge ned forretningar overralt. Det her var ei side av Paris eg aldri hadde høyrt om, men eg lærte mykje i løpet av boka.

Saras nøkkel, bumerang og huset du elsket har alle vore veldig forskjellige med tre vidt forskjellige temaer og tre vidt forskjellige handlingar, men alle tre er vidunderlige og smyg seg rett inn hjå alle leseglade. Dette er bøker det er verdt å lese og ein forfattar det er verdt å sjekke ut!!

Og så tilbake til det der +litt til

På torsdag 2. februar er det eit år sidan eg starta denne bloggen og eg har blitt berika med (når eg skriv dette) 447 kommentarar (nokre mine, men mesteparten andre sidan, fordi eg har ikkje tid til å svare alle! Skikkelig svært!) og eg veldig takknemlig for alt det fine de har skrive og den velkomstene eg har fått i dette "bloggsamfunnet." Eg skal halde fram med denne bloggen mykje lengre enn det eg har gjort til nå og håpar alle vil følge meg vidare.


Og så noko som på ein måte er litt trist. =( Buhu. Kanskje ikkje så veldig, men eg har prøvd å få til ei lita overrasking som ein takk til alle som les bloggen, men dessverre, så det blir i alle fall ikkje før "1-årsdagen," men eg prøved så keep on reading, så ser me kva som skjer. Kan dessverre ikkje love noko, men eg skal prøve så godt eg kan å få til noko. Og nok ein gong: TUSEN TAKK!


Og i morgon eller onsdag kjem det oppsumering av den fantastiske lesemånaden eg har hatt nå i januar. 


It's Monday! What are you reading?

This is a weekly meme hosted by Sheila on Bookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Yes, Monday again, one more time. I'm sometimes like Garfield, very negative when it comes to Mondays, but today I got out of bed quickly, not like I have used to earlier Mondays, very slow and then I relaxed a quarter or so. And I have been more positive today then other Mondays. 


But over to the books I read. I'm very happy and the week that was finished yesterday I read more than I've done for weeks. Wow, clap clap for me. 


Read last week

  • the winter of the world by Carol Ann Lee (in Norwegian) 
  • the forgotten garden by Kate Morton (in Norwegian)
  • the house I loved by Tatiana de Rossnay (in Norwegian)
  • and the Bible
Finished last week
  • the winter of the world Didn't like this one at all. Big disappointment 
  • the forgotten garden Big upswing after the winter of the world This is a book you should read!
  • The house I loved It's not only the house that is beloved, it's the book too 
Read now
  • the invisible bridge by Julie Orringer
  • The Bible
Going to read
A lot, One Cretan evening - and other stories, the distant hours, the girls, saving CeeCee Honeycutt and a book by S.J Watson: before I go to sleep. (everything in Norwegian)

Hope you liked it. =)

søndag 29. januar 2012

Bok: den glemte hagen av Kate Morton

1913 Etter en strabiøs sjøreise fra England til Australia blir en liten pike funnet forlatt. Alt hun kan huske fra reisen er at en mystisk kvinne, som hun kaller Forfatterinnen, har lovet å passe på henne. Men Forfatterinnen er sporløst forsvunnet.
1975 Nell er blitt en eldre dame, og reiser til England for å finne sannheten om foreldrene sine. Hennes søken fører henne til Cornwall, og det merkelige godset Blackburst, som en gang tilhørte den aristokratiske Mountrachet-familien.
2005 Nell dør og barnebarnet hennes, Cassandra, får en overraskende arv. Det lille huset Cliff Cottage på eiendommen til Blackburst Gods er beryktet blant lokalbefolkningen for sine hemmeligheter. Men det er her i Cliff Cottage, og i det lille husets glemte hagen, at Cassandra løser det gamle mysteriet om den lille, forlatte jenta.
Eg veit ikkje kva for ei av bøkene til Kate Morton, som eg har lese, som har vore best. Den glemte hagen og tilbake til Riverton er ganske jamnbyrdige etter mi meining, og dei er vanskelige å samanlikne på ein måte, for handlinga er så vidt forskjellig, utanom at på både Riverton Gods og på Blackburst Gods er det løyndommar, spenning og ein del spesielle folk.

Heile handlinga i boka facinerte meg og måten ho var oppbygd på. Eg elsker alt i frå spenninga rundt alt som skjer, til personane som Kate Morton har skrive om. Eg veit sjølv, sidan eg skriv mykje, at ein person skal ha ein personlegdom som er interessann (ikkje kjedelig), men dei skal heller ikkje ha eit perfekt liv, perfekt kroppsfarsong og gjere alt heilt riktig. Nancy Drew - og James Bond - personar finnes ikkje, og derfor så skal alle vere så menneskelige som mogleg for at dei som les skal like dei, og dette meistrar verkeleg Kate Morton. Personane hennar har alle noko spennande med seg, men ingen er "for perfekte."

Dette er ei bok det er verdt å lese, og med denne fengande skrivinga, handlinga og desse personane tek det ikkje langt tid å pløye seg gjennom nesten 600 sider. Boka anbefales på det sterkaste.

Andre som har laga omtale av denne boka er: (sidan eg ikkje skriv så mykje meir om boka nå)
Bokelskerinne
My first, my last, my everything

En smakebit på søndag - huset du elsket


Hei, igjen er det søndag og igjen er det tid for en smakebit på søndag, ei "utfordring" på bloggen flukten fra virkeligheten. Del ein smakebit i frå boka du les nå (du treng ikkje å ha ein bokblogg) og legg igjen linken på sida du kjem til når du trykker på bilete ovanfor.

I dag er min smakebit i frå boka huset du elsket av Tatiana de Rosnay

Det gigantiske sceneteppet som dekket munningen av den nye boulevarden, åpnet seg majestetisk. Mengden applauderte og skrek leverop. Ikke jeg. Jeg hadde skjønt at den høye, skjeggete mannen med den skremmende haken kom til å bli min verste fiende. 
frå huset du elsket side 26

Til nå har eg likt boka, om ikkje like godt som bumerang og Saras nøkkel. Denne er skrive meir i både 1. og 2. person. Det er Rose, hovudpersonen som skriv til mannen sin, så då blir det spennande å sjå korleis det går vidare og kva eg får vite.
Og så kjem det omtale av den glemte hagen abv Kate Morton om ei lita stund. =)

lørdag 28. januar 2012

intervju på flukten fra virkeligheten

I dag var det intervju med meg på flukten fra virkeligheten. Trykk på bilete under for å sjå det. Ha ein fin laurdag vidare!!
Flukten button by parajunkee



onsdag 25. januar 2012

bok: et siste farvel av Carol Ann Lee

Første verdenskrig raser, og journaslisten Alex Dyer rapporterer fra Flandern og de redselsfulle forholdene i skyttergravene. Ved krigens slutt tynges han av skyldfølelse for ikke å ha kjempet i første linje sammen med sin kjære barndomsvenn Ted Eden. Enda mer smertefullt er det at Alex ikke makter å komme over de følelsene som tærer ham innenfra; det han føler for Clare. Teds kone - en kvinne de begge har elsket høyere enn selve livet. 
Den 11. november 1920 blir liket av Den ukjente soldat stedt til hvile i Westminster Abby i London, og Alex er til stede ved sermonien. Han har sittet i komiteen som sto for utvelgelsen av soldaten som skulle representere de millioner av menn som døde for fedrelandet. Den døde skulle velges tilfeldig. Men Alex har en æresgjeld til en av de drepte
 Denne dramatiske kjærlighetshistorien tar oss med tilbake til en dyster epoke i Europas historie. Med historisk nøyaktighet og rik fantasi gjennkaller forfatteren slagmarkens inferno og sivilbefolkkningens fortvilelse i en tid der mennesker gikk en usikker framtid i møte. 
Ærlig talt forstår eg ikkje all den skryten dei har gitt denne boka og det som står inni boka. For det første: Eg veit absolutt ikkje kva "historisk nøyaktighet" det er snakk om, men her er det i alle fall ikkje gjort like mykje research som det eg hadde gjort. For meg blir det heilt rart å høyre om ein mann i 1920 som sit i bilen og snakkar i telefonen.

Det andre er det at alt for mykje bytte i frå tredje person og tilbake til første person og så tilbake igjen gir meg heilt fnatt. Det er ein ting at først når hovudpersonen Alex fortel, så fortel han i fortid og i første person som i "eg var." Men då passar det ikkje at neste gong det blir fortalt i fortid, så fortel han i tredje person igjen om akkurat same person.

Nåtida i denne historia foregår i hytta hjå ein som heiter Lombardi. Koselig hytte høyres det ut som, men det landskapet rundt var noko for sg sjølv. Når dei er i hytta, blir alt fortalt i nåtid, og Alex fortel Lombardi om alt han har opplevd under første verdskrig. Mykje av det i første person, fortid. Då blir det rart når alt plutselig kjem som tredje person igjen. (Det har eg sagt før) Men nokre månadar etter det i hytta fortel dei om når Den ukjente soldat bli gravlagd. Kvifor blir det plutselig fortalt i ei heilt anna vinkling i fortid igjen?

Veldig frustrert over det, og det er slikt eg legg merke til med ein gong eg les ei bok. Er det noko eg ikkje kan fordra så er det når dei byttar alt for mykje.
Det er ikkje veldig vanskelig å følge med det for det om, men likevel er det av og til veldig forvirrande, og for folk som les mykje bøker, kan det vere sjukt irriterande.

Hovudpersonane fekk eg heller ikkje mykje sansen for, men eg greidde nå å fullføre boka. Den einaste eg skikkelig likte var Ted Eden, men det var bare for ei lita stund. Elles var det ikkje noko å seie på skrivinga. Gode formuleringar, skildringar og dialogar, men mykje tull med tidspunk, vinlking osv.


tirsdag 24. januar 2012

happy

Nå har eg endelig fått tak i litt fleire bøker av dei eg ønskte meg. Mange av dei som stod på ønskelista er nå i hylla i tillegg til nokre veldig kjekke historieske romanar eg lånte på sølvberget for nokre veker sidan.

I dag fekk eg lånt den usynlige broen av Julie Orringer, og tidligare fekk eg den glemte hagen og en aften på Kreta. I tillegg fekk eg med meg heim huset du elsket i går, så då har eg det veldig fint.

Nå gler eg meg til å lese ut et siste farvel av Carol Ann Lee, så eg kan byrje på englefall. Nå er eg klar og har bøker nok til den nestte månaden. I tillegg har eg endelig fått takk i CeeCee Honeycuts reddende engler. Dette skal bli bra.


I tillegg har eg endelig fått hallo, elsk meg da så nå er eg veldig happy for det med bøkene.

Og så har eg kome lengre enn langt på skrivinga. Saman med ein oppsumering i slutten av månaden skal eg gi ein liten status på kor langt eg har kome med skrivinga. 

søndag 22. januar 2012

Bok: brød på vannet av Anne de Graaf


Hanna Müller er tysk, men oppvokst og bosatt i Polen. Hun og familien balanserer med stor risiko mellom å arbeide for nazistene og hjelpe sine polske naboer
Den unge, polske ingeniøren Tadeusz Piekarz er tvunget av tyskerne til å arbeide i firmaet til Hannas far. Da skjer det: I tyskeokkuperte Krakow blir Hanna og Tadeusz overrasket av kjærligheten. 
Den amerikanske spionen Jacek Duch befinner seg også i Polen. Han er en ensom ulv som virker i det skjulte. Under krigen har han overlevd ved å spille på mange strenger, som de vakre kvinnene han møter. Fortsat lojal mot sine amerikanske oppdragsgivere har han også knyttet seg til sine polske kamerater. 
 Så snur krigen. Sovjetiske soldater rykker brutalt fram og jager tyskerne vestover. For ikke å bli drept er Hanna og moren nødt til å flykte. Tilbake står Tadeusz og må møte sovjeterne sammen med sin lemlestede svigerfar, som nå er stemplet som nazikollaboratør. 
Styrt av hendelser de selv ikke kan kontrollere, kjemper Hanna og Tadeusz for å overleve. Mot alle ods mot seg prøver de også å finne tilbake til hverandre.
Dette er ein god om ikkje veldig fengande historisk roman.  Eg syntes sjølv boka var heilt grei, men eg har ikkje noko lyst til å lese oppfølgarane til boka. Det er ikkje den beste historiske romanen du kan oppdrive, og sjølv må eg seie eg vart litt skuffa.

Boka går rett inn i handlinga der Hanna og mora, Helena tek farvel med Tadeusz før toget går. Det er både litt trist, men òg veldig fin byrjing på boka. Hanna verkar i byrjinga som ei sterk og sjølvstendig jente gift i ein aldar av tjue år. Det er ei du med ein gong får medkjensle for og som du kan like.
Tadeusz òg er ein slik person som du liker. Me følger begge desse sine liv i frå dei sa ha det og vidare inn i kva som skjer. Dette er den eine sida i boka.

Den andre sida er Jacek Duch, spionen si side, som me òg får god kjennskap til. Han er ikkje ein person eg likte så godt, og eg syntes han gjekk mot ein sånn person som er uovervinnelig, og eigentlig litt for lite truverdig. I tillegg synes eg det er tragisk at han bare reiser i frå ei gravid kone i USA for å vere spion i Polen. Likevel løfta han bok litt med det han foretok seg, men eg syntes at hans vegar budre kryssast med ein av dei andre to sine i slutten, for eg forstår ikkje heilt poenget med at han skulle vere med, men det var kanskje for det ekstra løftet han gav boka.

Når det er sagt, var boka bra skriven, men ikkje akkurat av den VELDIG fengande typen, og eg trur ikkje eg kjem til å lese dei neste bøkene skrive av Anne de Graaf.

ein smakebit på søndag #4

Nok ein søndag, det kjem litt seint i dag i forhold til dei andre søndagane. Først må eg bare beklage at eg har ikkje fått svart på kommentarar eller kommentert på andre sine bloggar dei siste dagane, men eg skal bli betre. De skal bare vite at eg sett veldig stor pris på alle kommentarane de legg igjen, sjølv om eg ikkje svarar på dei.

Men uansett. En smakebit på søndag dreier seg om å plukke ut ein smakebit i frå boka du les og dele det på bloggen din eventuelt legge igjen ein i kommentarfeltet på flukten fra virkeligheten, som er blogen som driv dette. Trykk på bilete for å kome til bloggen.
I dag er smakebiten i frå ei bok som eg las ut nå nettopp som heiter Brød på vannet av Anne de Graaf.

Hanna holdt nesten pusten og lurte på hvor mye mer hun hadde fått med seg av det de hadde snakket om. 
"Hva har du hørt?" nølte Helena. Hanna bare fortsatte å se ned i tallerkenen.  
"Tyskerne. De er ferdige. Ha-ha," fnyste vertinnen. 
Brød på vannet, side 168

Eg var veldig fornøgd med boka, og omtalen kjem snart ut på bloggen. Både Hanna og dei andre var spennande personar å følgje.

torsdag 19. januar 2012

Boktema hos Anette - denne boka gler eg meg til å lese i år

Det er torsdag og tid for nytt boktema på Anette sin blogg, Anettes bokboble. I dag er dettid for temaet denne boka gleder jeg meg til å lese i år.
Skriv eit innlegg om den boka du gler deg til å lese i år.

Ei bok eg verkeleg gler meg til å lese er en svunnen tid av Kate Morton. Tilbake til Riverton var ein stor suksess og eg gler meg bare til å lese ei til av henne. Føreløpig har eg ikkje fått tak i boka, men eg har reservert ho saman med ein del andre bøker på biblioteket.

Nydelig omslag på boka. For at de skal få eit lite innblikk i handlinga, har eg tatt med forlaget sin omtale av boka:

Edie Burchill og hennes mor har aldri stått hverandre nær. Da et bortkommet brev ankommer femti år for sent, begynner Edie å mistenke at moren har en hemmelighet som kan forklare hvorfor. Returadressen på brevet lyder Milderhurst slott, Kent - og nettopp her begynner Edie utforkningen av morens fortid.



onsdag 18. januar 2012

Bok: søstrene Boleyn av Philippa Gregory

En konges kjærlighet er lunefull - og å elske
Henrik VIII kan være livsfarlig...

Fjorten år gammel blit Mary Boleyn elskerinnen til Henrik VIII - en
kvinnebedårer og tyrann som regjerte England med jernhånd på 1500-tallet. Hunblir nærmest beordret ned i kongens seng av sin maktsyke familie. Bak hoffets pomp og prakt skjuler det seg et intenst intrigedrama hvor Henriks favoritter får adelstitler og rikdom, mens en dødsdom venter den som faller i unåde. 

Blendet av kongens sjarm og makt elsker unge, naive Mary ham av hele sitt hjerte. Men kongens interesse kjølner. Hun blir tvunget til å la søsteren Anne ta sin plass. I denne uutholdelige situasjonen forstår Mary at hun må kjempe mot sin familie og kongen, og ta skjebnen i egne hender. 

Anne Boleyn, Henrik VIIIs andre hustru, er en berømt historisk person, mens søteren Mary er mindre kjent for de fleste. Søstrene Boleyn er historien om Marys liv. Romanen er basert på virkeligheten og er et resultat av forfattarens grundige studier av denne viljesterke kvinnen som overlevde en hensynsløs konge ved å følge sitt hjerte. 

Sjølv om denne boka er på litt over 650 sider går det raskt å kome igjennom, ikkje på grunn av stor skrift eller veldig enkel skrivemåte, men fordi forfattaren skriv så bra og fengande at du så vidt greier å legge boka i frå deg. Som det stod på baksideteksten er Anne ei dame me har høyrt mykje om, mens Mary, søstera, har me høyrt lite om. Då eg byrja denne boka, visste eg at Henrik VIIIs andre kone heite Anne Boleyn, men ikkje noko anna om familien. Eg må seie at sånn som denne boka framstiller desse jentene likte eg best Mary, sjølv om ho òg fell for kongens "triks." 

Det verker litt brutalt å vere jente på den tida, fordi mennene bestemmer alt, og då eg byrja på boka, heldt eg på å få sjokk etter nokre setningar. 

På første side er dette nokre av setningane du blir møtt med: 
Bak ham sto mannen jeg hadde vært gift med i et år, Wlliam Carey...

Les du litt lenger ned kjem du til dette
Jeg var bare tretten år...

Dette serier litt om jentenes og damenes makt på den tida. Lik null. Dette er noko av det som er med å dominerer boka i tillegg til intrigen og sjalusidramaet mellom Mary, Anne og broren Geroge. Boka byrja i alle fall ikkje treigt, og heile boka skjedde det noko. Sidan eg er glad i historie, var dette ei bok for meg, og eg er sikker på at andre hisorieelskarar der ute kjem til å like denne boka. 

Ho er bra skriven, og alt er veldig levande fortalt. I byrjinga likte eg veldig godt Geroge, som verka som ein veldig grei og snill storebror, men eg syntes han blei litt vell maktsjuk utover i boka. Eg likte òg den første ektemannen til Mary, Wlliam, og ein annan ved hoffet som òg heiter William, som det blir fortalt meir om i slutten av boka.

Familien til Mary og Anne er verkeleg noko for seg sjølv og veldig maktsjuke. Jentene gjer som dei seier, skal dei gifte seg gjer dei det, skal dei blir kongens elskerinne gjer dei det. Når Mary blir bedt om å ta pause i frå eksteskapet med William Carrey til fordel for Henrik VIII gjer ho det. Det er rart kor mykje dei måtte gjere for kongen på den tida, og eg synes boka gir eit godt innblikk i kor lite makt dei hadde på den tida. Boleyn og Horward - familien er redde for at makta skal bli svekka og for ryktet sitt, og dei tre søskane må ver så god gjere som dei seier.

Boka var fantastisk å lese, veldig fengande og ei perle for historie - og bokinteresserte. Eg hadde knapt høyrt om denne historia før, men nå er eg interessert i å få vite meir. Sjølv om eg likte Mary, hovudpersonen, godt var det ikkje alt ho og dei andre sa eg likte.

Nå gler eg meg til å få tak i den hvite dronningen, men føreløpig har eg byrja på brød på vannet av Anne de Graaf, ein ny historisk roman. I tillegg har eg nå fått tak i ei bok eg har hatt på lista over reserveringar sidan august, og nå har eg endelig fått ho: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell.

tirsdag 17. januar 2012

topp ti bokomslag


Nå har eg vore innpå the broke and the bookish  sine nettsider og funne ei topp ti liste over noko og eg valte meg i dag bokomslag. For å kunne vise dykk kva bokomslag det er, kjem det eit bilete på kvart punkt.

1. Matched: Cassias valg Dette må vere eit av dei finaste bokomslaga eg veit om. Sjølv om det ikkje gjer så mykje ut av seg, så fortel det veldig mykje om kor innestengt og aleine Cassia føler seg i denne boka, kor lukka alt er. I tillegg er det perfekt med den grøne kjolen ho hadde på seg i boka på ein bankett, for på den banketten blei hennar framtid bestemt, og det får ho sjølv ikkje lov til å gripe inn i. For folk som ikkje har lese denne boka, er kanskje ikkje omslaget så mykje, for det er verken veldig mange detaljar, fargar eller noko sånt. Dette er eit omslag med meining og som dei har gjort heilt rett i å bruke på denne boka. All ære til den personen som har laga dette. Eg elsker det!
2. Heaven Sjølv om eg ikkje var så veldig fornøgd med sjølve innhaldet i boka og handlinga, elsker eg omslaget. Det er mystisk og magisk og sjølve tittelen passar veldig bra inn midt i den bogeopninga eller porten midt på bilete. Den blålilla himmelen og skimtet me får av byen bak på bilete er prikken over i-en, og månen er bra tegna, sjølv om han er veldig stor, men det er med på å skape magien. Sjølv om Harry Potter-serien kanskje har vore min yndligsserie lenge, kan omslaga ikkje konkurrere med dette. Dette slår twilight-serien, Gwendolyn-serien og Nelias-serien ned i støvlane. Her er det ekte magi!


3. Himmelen begynner her Fantastisk og nydelig med alle detaljane på blomane og alle fuglane som flyg rundt omkring. Å teikne eit hus midt i gjer at forfattaren minskar inntrykket av roser og roser og atter roser og det blir ikkje for mykje, men likevel kjempefint.
4. tilbake til Riverton Mystikken og spenninga i boka passar saman med omslaget og eg førestiller meg at dette er porten inn til hagen på Riverton. Ikkje hovudporten, men ein litt på sida som ligg innpå eiendommen igjen. Kanskje ein av Hannah og Emmelin og David sine hemmelige stader?
5. Bumerang Dette omslaget minner meg meir enn noko anna på eit omslag som kan vekke sommarfølelse hjå nesten kven som helst. Når eg ser det, kjem eg på kor kjekt det er å springe ned på ei brygge og hoppe i vatnet. Det spesielle lyset  og fargen er med på å gjere dette omslaget spesielt.
6. hjemkomsten Dette omslaget er med på å gi det første inntrykket av småbyen Grananda der mykje av handlinga foregår. Flott lys og fin kontrast med dei to palmene som stikk ut på sida. Pesonane og stolane midt på gir òg ein fin kontrast.
7. søstrene Boleyn Eg førestill meg at jenta på bilete er Mary Boleyn som kanskje ser seg stolen rundt etter Anne for å sjå om ho følger med. Grunnen til at eg liker dette så godt er kjolen og den mystikken som ligg bak bilete.
8. Brødrene løvehjerte Dette er eit kjent og kjært omslag for mange med dei to gutane som sit på brua midt i og den blålige fargen rundt. Magisk med dei kvite blomane som kjem ut i frå sida. Eg er sikker på at dette må vere det Nangijala dei beskriv før alt det vonde kjem og øydelegger. Fiskestonga er ein liten deltaj, men er med på å gjere sit og visar litt om kor koselig og rolig bilete er.
9. Saras nøkkel Lyst øverst, mørke skyer nederst. Veldig fint, men eg greier ikkje å beskrive kvifor eg liker det så godt.
10. forførende ondskap Eit omslag som gjer at du får lyst til å plukke opp boka å lese. Passar godt til tittelen og er med på å gi ekstra spenning til den.

mandag 16. januar 2012

It's Monday! What are you reading?

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


A new week has just began, and I'm looking forward to read more books. 


Read last week

  • the Bible
  • the return by Victoria Hislop
  • The other Boleyn sister by Philippa Gregory
(in Norwegian)
reviewed last week
read now
  • the other Boleyn sister by Philippa Gregory
  • the Bible
Goin to read
A LOT! The forgotten garden by Kate Morton, One Cretan evening - and other stories by Victoria Hislop, the girls by Lori Lansens, Saving Cee Cee Honeycutt and a lot of other books. 

søndag 15. januar 2012

ein smakebit på søndag #3

Søndag igjen og tid for en smakebit på søndag på flukten fra virkeligheten. (trykk på bilete for å kome til bloggen) Ta opp boka du les nå, del ein smakebit på bloggen og legg igjen linken på flukten fra virkeligheten.


I dag er min smakebit henta frå boka søstrene Boleyn av Philippa Gregory.


Fjorten år gammel blir Mary Boleyn elskerinnen til Henrik VIII - en
kvinnebedårer og tyrann som regjerte England med jernhånd på 1500-tallet. Hun
bli nærmest beordret ned i kongens seng av sin maktsyke familie. Bak hoffets
pomp og prakt skjuler det seg et intenst intrigemakeri hvor Henriks favoritter
får adelstitler og rikdom, mens en dødsdom venter den som faller i unåde.

får baksida av søstrene Boleyn
Grunnen til å dele baksideteksten med dykk er at det er den som gjorde meg nysgjerrig. De har kanskje høyrt om Anne Boleyn, søstera til Mary? Ho blei seinare dronning, men denne boka handlar om affæren som foregjekk mellom Mary og Henrik. I boka blir Henrik mest sett på som ein Gud og ein som alle ville ha hatt til mann. 

Ein ting til. Eg har fått meg ein til blogg som er meir om meg. nettadressa er http://whatafeeling-mailene.blogspot.com Velkommen på besøk. 

lørdag 14. januar 2012

bok: hjemkomsten av Victoria Hislop


Under Alhambras majestetiske tårn kan man høre gjenlyden av musikk og hemmeligheter i Granadas brostenslagte gater. Sonia Cameron er ikke opptatt av byens historie - hun er der for å danse. Men i en stille kafé trekker en tilfeldig samtale og en samling gamle fotografier henne inn i en dramatisk fortelling fra den spanske borgerkrigen. 
Sytti år tidligere huset kafeen familien Ramirez. I 1936 splintret Francos hær landets skjøre fred, og i hjertet av Granada blir familien vitne til de fryktelige virkningene av konflikten. Splittet av politikk og tragedie må de alle velge side - og kjempe en personlig kamp mens Spania rives i biter foran øynene på dem.
Om det er nokon som ahr vore klistra til denne boka, er det meg. Minst like god som Øya, og Victoria Hislop tar oss nok ein gong med til ein litt mindre stad enn London eller Roma eller, sidan denne boka foregår i Spania, Madrid. Einaste gongen me blir tatt med til Madrid i denne boka, er det ikkje den same staden som nå. Tvert i mot.

Sonia er eigentlig veldig lei livet heime og den stive og alkoholiserte mannen heime. Saman med veninna, som vil feire fødselsdagen skikkelig, reiser ho til Granada for å få ein pause og drive med det som har blitt ein av hennar største hobbyar: dansing. Men i Granada er det ikkje bare dans som opptar henne, men historia om borgarkrigen.

Det er i frå mellomkrigstida, og det er familien Ramirez me følger. Her blir me ført til fleire stader i Spania, blant anna til Madrid, som republikanarane slit for å halde vekke i fascistane. Å leve under borgarkrig må vere vanskelig tenker eg. Landet kriger i mot kvarandre, og du veit ikkje ein gong om du kan stole på tidligare vener eller naboane dine. I familien Ramirez er sosialistpartiet det dei fleste liker, noko som fører til mykje vanskelig. (har eg lov til å seie så mykje utan å røpe alt?)

Uamsett, dette er ei bok med fantastiske skildringar, og me blir godt kjent med hovudpersonane. Historiske romanar har ein tendens til bli veldig spennande og veldig fengande. Dette er òg ei ny "bølge" eg har kasta meg på. Eg synes at dei har så mykje meir enn vanlige ungdomsromanar, og det har i alle fall denne. Viss ikkje Victoria Hislop har blitt ein favoritt hjå folk etter øya og hjemkomsten, må dette vere ein sjangar dei ikkje liker, for ho meistar han.

Det er litt meir banning i denne boka enn i øya, men ikkje overkant i det heile, og det er noko anna som er negativt med ungdomsromanar. Folk trur at for å få ungdommen fenga MÅ det vere ungdomsspråk eller banning i bøkene. Her er det ikkje slik, og eg trur kanskje at det er ein overgang mellom barn og vaksen der det er mykje banning, men her er det eit anna publikum, som veit at det går ann å seie ting på andre måtar.

For å skrive ei bok som denne, må forfattaren ha gjort grundig research, og måten ho beskriv Granada på er på ein måte der me får ei kjensle av at ho har vore der. Denne boka har gått rett opp på lista blant favorittar hjå meg, og det har òg forfattaren.

torsdag 12. januar 2012

Boktema hos Anette - forfattarar eg vil skal skrive endå ei bok

Nokre forfattarar blir bare ein favoritt, og trangen til å lese meir av dei er veldig stor. Sidan eg ikkje veit om mine favorittforfattarar kjem til å skrive meir eller få fleire bøker oversett til norsk, har eg bare valt nokre som eg har lyst til å lese meir av.

Den første er heilt soleklar:

TATIANA DE ROSNAY - forafattaren av Saras nøkkel, Bumerang og huset du elsket.
Eg har ikkje fått lese hust du elsket endå, men sjølvsagt vil eg at fleire av denne fantastiske forfattarens bøker skal kome på norsk. Ho har fenga meg gjennom to bøker allereie, og eg er sikker på at ho vil greie det gjennom fleire.

Nokre andre som òg vil at ho skal skrive meir?


nr 2:
VICTORIA HISLOP - forfattaren bak øya, hjemkomsten og en aften på Kreta. 
Då eg las øya la eg bak meg alt eg skulle ha gjort og sat klistra. Nå les eg hjemkomsten og den er super. Du ønsker deg verkeleg bort til ein av dei små stadene denne forfattaren beskriv. En aften på Kreta har eg ikkje lese, men Victoria, kunne du tenke deg å ta oss med endå ein stad der me kan draume oss bort litt?

Den siste er eg sikker på at ikkje kjem til å skrive meir, fordu ho ikkje lever meir.
nr. 3
ASTRID LINDGREN - forfattaren av verdas søtaste historiar
Om ho bare kunne ha levd og tatt oss med til ein av dei stadene ho skriv om... Bakkebygrenda og Lønneberget og Villa Villekulla og siste, men ikkje minst Junibacken. Eg har alltid vore STOR Astrid Lindgren-fan, og til og med dei litt mindre kjente forteljingane som Koste-Kari og Allerkjæreste søster og Britt Mari letter sitt hjerte er forteljingar som eg framleis hugsar. Lotta har eg mora meg mykje med og Maricken minnar meg av og til litt om meg sjølv. Brødrene Løvehjerte var ei veldig fin, men spennande forteljing Ho kunne skrive for alle. Om ho bare kunne levd for evig...

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...