Sider

mandag 27. februar 2012

Bok: Et sted i nærheten av Cecelia Ahern

Før omtalen begynnerr har eg eit lite spørsmål til alle som er gode med bloggdesign osv. Eg har ein annan blogg, http://whatafeeling.blogspot.com/, der eg kunne tenkt meg eit anna design, og så har eg sett så mange nydelige og fine, så eg lurte på, er det nokon som veit korleis me får eit slikt design, enten nokon som lagar eller korleis det går an å lage sjølv. Spesielt på bloggane flykten fra virkeligheten og Gråbekka's blogger og bokelskerinnen synes eg det er nydelig design. Så viss de har nokre tips, så bare sei i frå.

Så til omtalen

Lurer du noen gang på hvor det blir av alt som forsvinner?
Det gjør Sandy Shortt også. Helt siden en klasseveninne forsvant for mer enn tyve år siden, har Sandy vært besatt av å  finne ting som har forsvunnet. Så snart noe er funnet, går hun i gang med å lete etter neste sokk eller neste nøkkelsett. Etter hvert begynner hun også å lete etter savnede personer, og gir desperate familier et snev av håp. 
Så en dag forsvinner Sandy selv. Hun snubler over stedet og menneskene hun har lett etter hele livet, en verden som er fjern  fra den hun kjenner og menneskene hun er glad i. Endelig får hun svar på noen av de spørsmål som har hopet seg opp i henne. Men Sandy faller snart tilbake til gamle vaner -- hun begynner å lete. Denne gangen etter veien hjem. 
Eg tenkte då eg las denne boka at me hadde utgjort eit morosamt tospann meg og Sandy. Ho er over 180 cm, eg er nesten 162, ho har mørkt hår og eg har lyst, og den viktigaste forskjellen, ho leitar iherdig etter alt, eg gidder ikkje. Eg veit ikkje om eg, som er eit sosialt vesen (sjølv om eg les bøker) hadde greidd å vere veninne med Sandy Shortt som stadig reiser vekk utan å seie i frå. Ho verkar som ein usosial og nesten folkesky person og ingen veit kor ho er til ei kvar tid, ingen kjenner henne heilt igjennom.
Kanskje at dette er grunnen, i motsetning til alle dei andre forsvinningsofra, at ingen merkar at ho er forsvunnen. Det skjer stadig vekk. Politiet bryr seg ikkje, og ikkje mange andre heller.

Å finne på ei historie som dette må er veldig kreativt, og eg klør meg ofte i hovudet over alle dei parlause sokkane som ligg på rommet mitt, og kor lånekortet mitt til biblioteket er. Det tok litt tid før folk ikkje spurte etter lånekort, men automatisk skreiv inn namnet mitt. Uansett, eg er ikkje den som leiter heller, men eg tvilar på at det havnar i Her som staden med dei forsvunne tinga heiter. Og sjølv etterforskar eg ikkje heile huset for å finne ein sokk, sånn som Sandy.

Denne boka er jo av topp klasse, og for å innrømme det, den aller første bok eg les som kjem i frå Irland. Og det var spennande. Nå kan eg litt fleire stadsnamn der og litt meir om landet. Dei siste sidene i denne boka fløy nesten av seg sjølv, og det var ei morosam og fin bok.

Eg måtte le då to av personane Sandy møtte heite Marcus og Derek, og særlig fordi Derek i boka klimpra på ein gitar. Veldig likt ein av mine karmeratar som heiter Derek og speler gitar. Og ein kamerat som heiter Marcus har eg òg, og ironisk nok, desse to er venner. Morosamt når sånt skjer når du les bøker.

Etter dette skal eg aldri igjen begynne på ei bok av Cecelia Ahern med skepsis. Eg var bitte litt skeptisk til denne, men det trengte eg ikkje. Fann nokre få bitte små skrivefeil nokre stader, men skjer jo alle. Det var ikkje mykje negativt å seie om dette verket.

Denne boka var fantastisk herlig og Cecelia Ahern skal  eg heilt klart lese meir av. Nå gler eg meg til å begynne på neste bok. Kanskje blir det ni bøker i januar. Kven veit?

5 kommentarer:

  1. Jeg har hentet blogge layouten her: http://www.leeloublogs.blogspot.com/. Gratis og veldig enkelt å sette opp:) Fin anmeldelse, må få lest denne boken også, hørtes litt morsom ut:)

    Lykke til med ordninga av bloggen. Skal selv ordne min hobbyblogg snart, er ikke helt fornøyd med den:)

    SvarSlett
  2. Her er også mye fint:) http://www.blogaholicdesigns.com/

    SvarSlett
  3. Jeg ELSKER bøkene til Cecelia Ahern og til våren kommer en ny bok på norsk,det er bare å glede seg! Fin omtale:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk :) Eg likte denne boka, men det har dessverre ikkje blitt nokre fleire endå :)

      Slett
  4. Hei Mai Lene. Kjempefint boktips! Tusen takk. Jeg renner over av bøker jeg må lese om dagen ;)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare