Sider

onsdag 22. februar 2012

Bok: Orkideens hemmelighet av Lucinda Riley

ET GRIPENDE SLEKTSDRAMA MED HANDLING FRA ENGLAND OG THAILAND
Som barn tilbrakte Julia Forrester mye tid på det gamle godset Wharton Park, der bestefaren hennes var gartner og dyrket vakre orkidder. Når en tragisk ulykke rammer Julias familie, vender hun tilbake til de vakre omgivelsene rundt Wharton Park. Kit Crawford er arving til godset o er i gang med  pusse opp eiendommen. Funnet av en gammel dagbok blir nøkkelen til en kjærlighetshistorie som i sin tid nesten ødela Wharton Park. 
Like før andre verdenskrig bryter ut, bor det unge paret Olivia og Harry Crawford på Wharton Park. Når krigen kommer må Harry forlate familien for å kjempe for landet sitt. Skjebnesvangre hendelser skal komme til å få konsekvenser også for de nesten generasjonene. 
"Dette må jo bli årets slukebok!"
Madelen Smidsrød, bokhandler

Eg kan ikkje anna enn å seie meg einig med Madelén Smidsrød, dette er ei bok som eg brukte to dagar på, og det tatt i betraktning i at det er over 500 sider i boka. Heilt klart ei bok for alle Kate Morton elskarar!! Dette er om engelske gods, blomar, kjærleik og familie. Ei bok som fengar mein enn ein kan ane. Eg var litt nervøs for eg syntes ikkje at baksideteksten var den beste, men det var veldig lett å kome inn i, og boka startar med å fortelje om Julia Forrester og hennar søster Alicia.

Boka held deg lenge på pinebenken, for bakpå hinter den om at det har skjedd noko med Julias familie, men det går lang tid før du får vite KVA som har skjedd, sjølv om boka heile tida nemner det litt i forbifarten.

Kit Crawford er òg ein spennande karakter som hjelper Julia gjennom ein sjukdomsperiode. Sjølv han har ting å halde hemmelig, men likevel veit ein ikkje KVA før lenge etterpå dei hintar frampå om det. Det er bra gjort og eg elsker bøker som kan halde meg på pinebenken, for det er då eg sit klistra.

Julias gamle bestemor, Elsie, forteljer om det som skjedde på Wharton Park under andre verdskrig. Ho har ei avgjerandre rolle i boka og fortel hemmelige historiar som ikkje har sett dagens lys før. Til og med Julia får kjenne på dette og er ein viktig person i historia.

Sagt rett ut: Denne boka elsker eg! Noko av det var litt for oppdikta, ikkje sånt som skjer i dagliglivet, men det er ei bok til å drøyme seg vekk i, og sånne bøker er fine å lese. Ein av grunnane til at denne boka heller ikkje er veldig lik Kate Morton (sjølv om det er mange fellestrekk) er det at Kate Morton fortel i om ein annan oppfatning av verkelegheita, ho har ein meir direkte måte å seie det på og alt er ikkje fryd og gammen. Her er ting meir pynta på og draumeaktig, men alt er ikkje bare bra her heller, men dette er ei meir "alt går bra til slutt boka" enn Kate Mortons bøker.

Likevel er det vanskelig å bedømme kva eg liker best, og dei har heilt klart like sider bøkene til Kate Morton og denne boka, og særllig tilbake til Riverton er lik Lucinda Riley si bok.

Dette er ei bok som bør lesast. Perfekt til feriar og kos og for dei som treng noko som fengar.

Forlag: Cappelen Damm
Sider: 520
Utgitt på norsk: 2011
Originaltittel: Hothouse flower

Knirk har òg laga omtale av denne boka.

Nå er eg klar for å halde fram med å lese krystallslottet og gler meg til å sjå korleis det går vidare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare