Sider

søndag 13. januar 2013

bok: gjenferd av Jo Nesbø

Denne veka kom nyheitene om at Nesbø nok ein gong skulle gi ut ei ny bok om Harry Hole i serien sin, og denne veka las eg sist utgjevne bok om politihelten, gjenferd. Boka er full av groteske scenar, og narkotikamiljøet i Oslo står sentralt. Alt i alt er heile boka ei historie om vald, rus og mord.

Sjølv har eg bare lese barnebøkene til Nesbø før, men etter denne boka har eg kome framt til at eg kanskje bare skal halde meg til barnebøkene førebels, for dei er skumle nok. Helten doktor Proktor er mindre truverdig enn Harry Hole, men desto meir koseleg. Likevel, eit fellestrekk har desse to: Dei er meir sprø enn dei fleste andre menneske.

Harry Hole vender tilbake frå Thailand når han får vite at Oleg, sonen til den tidligare kjærasten, Rakel, er mistenkt for drapet på ein gut som heiter Gusto. Gusto blei funnen skoten på ein bustad i Oslo, og alt peikar mot at Oleg har gjort det. Men Harry vil ikkje tru at guten som har vore nesten som ein son for han kan ha drepe nokon. Derfor sett den tidligare politimannen igang si eiga etterforskning og bruker tidligare kontaktar for alt dei er verdt. Etter litt "research" finn han ut at den nye store "helten" i narkotikamiljøet i Oslo blir kalla Dubai. Dubai er kjent for å selje stoffet Fiolin som tilsynelatande blir laga i Noreg.

Samstundes er alle personar  miljøet truga. Seier dei litt for mykje er det slutt. Oleg blir nesten drepen i fengsel og må flytte til skjult adresse. Fleire av personane i miljøet blir funne henretta på dei mest grusomme måtane ein kan tenkje seg. Dubai skyr ingen drapsmetode når han skal dekke over bevisa. Dette gjer at boka er full av vald, blod og mord. Denne boka er dessverre ikkje nok til at eg klarer å omfamne Nesbø og invitere han inn i varmen saman med andre flinke krimforfattarar. Inntil vidare får han stå på dørkarmen og kikke inn. Kva som er så sensasjonelt med Harry Hole og krimbøkene til Nesbø har eg ikkje heitl forstått etter denne boka. Eg ser at det er høgt nivå på krimmen, men det er likevel veldig typisk norsk krim. Kanskje derfor dei i utlandet liker det så godt? Eg liker engelsk krim.

(litt kort omtale, men det får gå)

3 kommentarer:

  1. Eg er einig i at Gjenferd er grotesk. Eg har lese alle Harry Hole-bøkene og kjem nok til å lese den nye som kjem og, for eg må jo vite korleis det går med Harry. Men Rødstrupe er den desidert beste! Det trur eg er den beste kriminalromanen eg har lese nokon gong! Dei bøkene som følgjer, Sorgenfri, Marekors og Frelseren (dei tre bøkene som er gitt ut som "The Oslo-trilogy" på engelsk) er og svært gode. Dei som kjem etter desse, synest eg bare blir mørkare, meir makabre og groteske for kvar bok. Men viss du skulle finne ut at du skulle gi Harry Hole ein ny sjanse, synest eg du skulle begynne med Rødstrupe.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for tipset :) Har hatt gode erfaringar før med å byrje med siste bok, men denne gongen blei det dessverre ikkje like bra. Men kanskje eg skal vurdere ei bok til? :) Ha ein fin søndag :)

      Slett
  2. Denne er ikke favoritt boken min av Jo Nesbø, men jeg elsker jo Harry Hole så jeg koser meg med alle bøkene hans. Har da ikke lest de første bøkene av Nesbø, så kanskje jeg også skulle prøvd meg på Rødstrupe:) Ønsker deg en flott kveld!:)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare