Sider

onsdag 6. mars 2013

Mitt tematips #6: "En sekser på terningen"

Tematips er ei spalte som Geir på bloggen Bokbloggeir.com legg ut kvar onsdag. Formålet med tematipset er å få fram i lyset gamle bokomtalar som andre har gått glipp av eller ikkje har fått lese. I dag skal me finne ein omtale ut frå temaet "en sekser på terningen". Sjølv om eg ikkje gir terningkast eller score eller stjerner til bøkene, synes eg det var eit spennande tematips. I dag er omtalen av ei gammal barnebok frå då eg var lita!


Denne boka heiter bestefar var eit kirsebærtre og er skriven av forfattaren Angela Nanetti. Ho er ein dyktig forfattar med eit språk som er tankevekkande, men òg lett forståeleg for målgruppa: Nemleg barna. Boka handlar om Tonio som har fire besteforeldre, to på landet og to i byen, og Tonio har besteforeldra på landet som favorittar. Men kva skjer når bestemor på landet døyr og bestefar byrjar å oppføre seg rart? Og kva med bestefars grønnsakshage og kirsebærtreet Felix som er kalla opp etter mamma Felicia?

Her er eit lite utdrag frå omtalen:
Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.
Eg kunne valt veldig mange bøker ut frå dette temaet, men eg valte denne gode og forholdsvis ukjende boka for at fleire skal oppdage ei fin, nynorsk bok for barn som ikkje bare er tull. Det er heller ikkje ei leseløve, og ho skiljar seg ut på mange område. Likevel, les boka med barna dykkar viss de vurderer å anbefale henne vidare. Nokre delar er litt vanskelege. 

4 kommentarer:

  1. Det var virkelig en ukjent bok. Jeg er på jobb og måtte se om det var en bok vi hadde her, og det var det jo. Med opptil flere eksemplar til og med :-) det er så viktig med nynorske barnebøker, selvfølgelig spesielt for nynorsk-elever. Men også for dem som bare skal ha nynorsk som sidemål. Jeg har som voksen oppdaget det vakre i nynorsk og synes det er virkelig flott at du ser det allerede nå!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, heilt einig i at det er viktig med nynorske barnebøker. Dessverre blir dei mindre marknadsført og butikkane sel ikkje nynorske barne- og ungdomsbøker rett og slett fordi det går for lite av dei, men eg trur òg at marknadsføringa og det at det er veldig lite fokus på dei har mykje å seie. :)

      Slett
  2. Har lest bøker av Ragnar Hovland på nynorsk og jeg likte det veldig godt. At den siste boka ikke falt i smak har ikke med språket å gjøre. Har familie med barn som bor et sted der de snakker og skriver nynorsk; har tipset dem om boka.

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra!! Nei, det er ikkje alltid språket som øydelegg bøker. Nynorsk er fint når det brukes riktig og til å få fram ei god historie som slik som i denne boka :D

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare