Sider

onsdag 1. mai 2013

1. mai - I'm back


Knapt ein månad har det vore veldig, veldig stille her på bloggen. Eg hadde ein nokså uplanlagd lang pause, kor det enten var skulearbeid, konferanse eller sjukdom som tok tida mi. Trur det ikkje at eg først blei sju søndag for litt over ei veke sidan heilt til onsdag, så hadde mattetentamen og styremøte og ei helg kor eg baka og koste meg, før eg vart sjuk igjen på søndag. To forskjellige sjukdommar på ei veke, då er det ikkje veldig mykje overskot til å blogge av sikkert kjente grunnar.

Siste boka eg blogga om før pausen var det syvende barnet, som eg likte veldig godt. Etter den fullførte eg ikkje ei einaste bok før laurdag sist veke, og då vart eg ferdig med verten av Stephenie Meyer. To bøker lese i april, det er dårleg, dårleg, dårleg...

Einaste grunnen eigentleg til at eg skriv dette innlegget er for å gi eit lite hint om at nå prøver eg å komme tilbake. Litt stress med skule akkurat no, men likevel mange gode langhelger så eg kan lese i, så det blir koooooooos! Eg har blant anna oppdatert "om meg"-sida, viss nokon følte for å bli endå betre kjent med meg. Eigentleg var det vel no eg skulle pusse opp heile bloggen berre for å markere at eg er tilbake, i tillegg til å vere litt nyskapande, men sorry, eg er nøgd med bloggen slik han er. 

Likevel, for dei som ikkje har fått det med seg, har eg eiga facebookside for bloggen som de kan like, viss de vil. De søker berre på Once Upon a Time - ein bokblogg 

Inntil neste innlegg,
ha det fint, og ha ein fin mai månad!


4 kommentarer:

  1. Fint at du er her att. Vi treng ei pause ein gang i blant. Det blir vel mindre blogging med meg når vårearbeidet i hagen startar, og ferietid med besøk og reising kjem igang.

    SvarSlett
  2. Fint. Vi venter i spenning! Men det er bra med noen pauser innimellom.

    SvarSlett
  3. Bra å høre du har det bra.. Og at du er på bedring vei osv.. Tror vi alle kjenner til de tidene hvor man ikke helt orker blogge..
    Er der sånn halvt sjølv også..

    Lykke til :) Og nyt livet ;)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare