Sider

fredag 24. mai 2013

bok: fortellingen i fiolinen av Natasha Solomons

Dette er ei bok dei fleste andre bokbloggarar har lese for lengst, og så kjem eg her halsande etter og skriv ein otmale av akkurat den same boka. Sikkert mykje av det same, men eg hadde håpt på å komme med noko nytt, og det ser dessverre ut til at eg ikkje likte boka like godt som alle andre, men kvar sin smak, seier no eg. Det kan vere det blir nokre spoilarar undervegs, så dei som har tenkt å lese boka,  men ikkje har fått gjort det endå, bør halde seg unna, viss dei ikkje vil få avslørt dei få overraskingane som boka har å by på.

Elise er ei austerrisk eller "wiensk", (går det an å seie det??) som høyrer til overklassen i Wien, men når krigen nærmar seg (1938) og jødane ikkje lenger er velkomne i Austerrike, må familien flytte. Mora, Anna, er sangerinne, og faren, Julian, er forfattar. Søstera til Elise, Margot, har arva mora sitt musikktalent, mens Elise blir nødt til å sjå på seg sjølve som lite kunstnerisk i forhold til resten av familien. Før krigen må ho flytte til Tyneford gods i England, for å tenestegjere der. Resten av familien skal til USA, mens ho skal til England for å vente på visum til USA. Med mora sine perler under blusen serverer ho godseigaren herr Rivers. Herr Rivers' son er òg til stades på godset om sommarane. Kit er den karakteren i boka som gjer at hovudpersonens hjarte bankar hardt og som gjer livet hennar perfekt på Tyneford gods.

(ops, spoilaravsnitt!)
Noko som er veldig gjennomgåande i boka er det klisjefylte og det forutsigbare. Det står at det er i bok for dei som liker Kate Mortons bøker, men Morton skriv på eit høgare nivå enn Solomons. Mens Mortons skildringar får fram kjensler og tårer, er språket i fortellingen i fiolinen platt og kjenslelaust i forhold. Heile plottet er forutsigbart, trass i at forfattaren prøver å gjere oss nysgjerrige ved å røpe litt etterkvart. Boka følgjer den gamle modellen til ein historisk roman. Elise flyttar til England - sjarmerer Kit Rivers - blir foreksla i Kit Rivers - erklærer sin kjærleik til Kit Rivers - skal gifte seg med Kit Rivers  - Kit reiser ut i krigen som alle andre engelske - Kit kjem tilbake skada - Kit bryr seg meir om krigen enn om henne og reiser ut igjen og døyr - heile godset forfaller etter at Kit døyr - Elise blir på godset og ser at det forfaller - Elise finn ein ny kjærleik - Elise blir gammal! Det er så forutsigbart at eg kan ikkje forstå at eg vart så fenga. Eg gråt ein gong i boka, men eg trur ikkje det var den staden forfattaren ville eg skulle gråte i det heile teke. Det var nok litt feil tidspunkt!

(oooops... spoilaravsnitt igjen...)
Boka kunne fenge. Den kunne halde på merksemda di i fleire dagar, men likevel, det var langt frå toppnivå. Det er ei såkalla happy-tears-bok, og nokre av dei er gode, mens andre er ikkje. Denne var midt i mellom, for eg greidde i det minste å lese ho ferdig, i motsetning til så lenge det er stjerner på himmelen. Likevel, språket framkalla ikkje kjensler. Boka skulle kanskje vere om lidingane nokre opplevde under krigen, men eg følte meir det handla om Elise. Dei lidingane dei opplevde var så totalt tømt for kjensler at eg heller kunne lese ein dokumentar. Kit var ein karakter eg ikkje likte. Han var ein typisk historisk-roman-karakter som gjer alt for å få den han elskar trass i kva klasse det ser ut til at ho høyrer til eller kor fattig ho er. For meg verka han oppblåst, jålete og litt for glad i "det gode liv" med ein sigarettpakke i den handa og vinflaska i den andre, slik som Elise i delar av boka.

Eg prøver å komme med nokre positive tankar rundt boka, som til dømes at plottet har eit potensial. Viss forfattaren hadde lagt kreftene sine i å lage plottet meir uforutsigbart og meir originalt, i staden for å fylle opp femti sider med berre fyll. Ho kunne lagt kreftene sine i å oppfylle potensiale ho eigentleg har. Eg trur ho har litt meir fantasi, noko dei første femti sidene vitnar om, der det kjem morosamme referansar og språket er meir levande enn seinare i boka, når det blir meir platt, kjedeleg og er blotta for dei morosamme referansane og titlane på kapitla.

(spoilar)
Dessverre trekk boka ned på det forutsigbare (som eg har nemnt tusen gonger) og boka døydde for meg då Kit døydde. Då var det som om all piffen var borte. Og avslutninga, nei, det gjekk ikkje an å få noko fornuftig ut av den. Dessverre øydelegger forfattaren noko som kunne vore eit potensielt veldig godt plott med klisjear og platt språk og eit plott som alle kunne ha gjetta seg til ved å lese baksideteksten.

MEN
nydeleg omslag. Mystisk og spennande, og den fine drakta som dama (sikkert Elise) har på seg, ville eg ha elska!! 

6 kommentarer:

  1. Hedligvis finnes det så mange gode bøker i verden (man må bare finne dem). Jeg har lest mye bra om denne boka, men jeg har ikke lest den selv. Tenker jeg leser Morton først, skal jeg lese i denne genren.
    PS: Irriterende med alt det fyllstoffet noen tyr til, ikke sant? Stram inn, sier jeg..

    SvarSlett
    Svar
    1. Les Morton først, ein del betre. Og ja, skikkeleg irriterande med fyllestoff. Lurer av og til på om det er krav om minst 350 sider i visse bøker... Ha ei fin helg :)

      Slett
  2. Jeg leste denne boken i for omtrent et år siden, og oppsummerte at det ikke der den mest originale historien. Velskrevet, underholdende og med en seriøs undertone. Forutsigbar, ja, men uten at det er et stort minus og med en fin avslutning. Helt enig med deg i at Morton er bedre!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg syntes òg ho var underhaldande nok, men eg syntes ikkje det berre bør vere underhaldning i ei bok som foregår under krigen. Den seriøse undertonen la dessverre ikkje eg veldig merke til :( Men ja, Morton er betre!

      Slett
    2. Hm, ja jeg vet ikke helt - jeg hadde i friskt minne boken jeg leste av Cecilia Samartin som var så ekstremt overfylt av klisjeer at jeg vridde meg i stolen. Som et friskere pust var denne fortellingen, men ikke slik at jeg ville lest den en gang til. Det seriøse relaterer jeg til inspirasjonen forfatteren fikk til historien.

      Slett
    3. Akkurat det med ideen til historia er eg einig i. Der er det heilt klart ein seriøs undertone! :) Og det er fælt at dei ikkje fekk komme tilbake etterpå, men eg syntes boka fortalte for lite om det. Det berre ein liten del i forhold til klisjeane, og det er dumt :(

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare