Sider

mandag 17. juni 2013

Mine favorittkarakterar frå 2013

I andledning giveawayen på bloggen har eg love å skrive eit innlegg om mine favorittkarakterar i 2013. Utfordringa til dykk var å skrive eit lite innlegg om det på bloggen dykkar (ikkje obligatorisk). Eigentleg var det berre ein favorittkarakter, men å velje berre ein er verkeleg vanskeleg. Så her kjem mine favorittkarakterar frå dette året.

Krystal Weedon

Krystal Weedon er ein av dei viktigaste personane i J. K. Rowlings nye bok the Casual Vacancy, som kom ut i fjor. Det var ei bok med mange ulike karakterar, men den personen som eg kjente at blei mest glad i, trass i alle "feila" og "manglane" var Krystal. Ho er ei jente på min alder, har ei mor til narkoman og ein liten bror som ho må passe på, sidan mora ikkje greier det. I tillegg går ho på skulen, og den einaste som nokon gong såg ut til å tru på henner, er død. Ho kjem òg i frå den fattigaste delen av byen og har eit dårleg på rykte på seg. Ja, dette er ein av mine absolutte karakterar. Ho er ei tøff jente, men det er ofte dei tøffaste som er dei mest sårbare karakterane, og dei mest sårbare er dei du føler deg knytt til. Eg kjenner litt på den at kontrastane mellom oss er ein av grunnane til at eg liker henne nesten best av alle karakterane får dette året. Dei er så store at ho representerer eit heilt anna liv enn det eg har. I tillegg elskar ho litlebroren sin, trass i kva ho viser til resten av byen. Det er ingen som veit kven ho eigentleg er, utanom lesaren, og den som får vite mest om ein person, er ofte den som står personen nærast. 

Vandrer (Melanie Stryder)

Alle som har lese min omtale av Verten av Stephenie Meyer har sikkert fått med seg at eg elskar den boka. Og eg elskar ikkje berre boka, men òg hovudpersonen i boka. Med hovudpersonen  meiner eg Vandrer, sjela som bur i Melanies kropp. Ho er bestemt, sta og har eit mot mange vil beundre. Det som får meg til å like henne så godt, er det at ho ikkje gir etter. Ho veit det er farleg å gå over på sida til dei få gjennlevande menneska som er igjen, men gjer det likevel for Melanie, og litt for seg sjøv. Ho ofrar òg veldig mykje for andre. Om ho har det bra er på langt nær så viktig som at Jamie, Jared eller Ian har det viktig. Ho er taksam for nesten alt, og eg er ein stor fan av den vesle sølvormen som bur bak i hovudet på ei oppdikta jente. 

Amy 

Flink pike er ei av mine favorittbøker frå dette året, og Flynn er ein av mine favorittforfattarar. Hadde eg lese åpne sår i år, hadde òg Camille stått på lista mi, saman med Libby Day sjølvsagt. Dei er ufordragelege, arrogante kvinner alle tre, og to av dei drikk for mykje og alle tre er i tydeleg psykisk ubalanse på ein eller annan måte. Likevel skildringane gjer at ein held med desse karakterane. Flynn får deg til ville dei vel på ein måte, for dei er alle litt stakkarslege. Amy liker eg mest forid ho er ein veldig sterk karakter. Ho er ein unik person som ein kan kjenne at ein er sint på, glad saman med, oppgitt over, har medkjensle med og  hatar. Dei sterke kjenslene ho framkalle hjå meg gjer at eg liker henne veldig godt. 

Dette er mine favorittkarakterar frå dette året. Kva er din? Eg er klar for å høyre kven du har likt å lese om. Forresten, det er fritt fram til å melde seg på giveawayen heilt fram til 27. juni. Bli med du òg. 

3 kommentarer:

  1. Jeg liker The Host ( er vel verten på norsk), elsker Vandrer, hun er min favoritt karakter fra den boka når det gjelder jentene. Mens når det gjelder guttene i den boka, har jeg litt vanskeligheter med å velge :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har så rett. Der har eg òg vanskeleg for å velje :) Sjølv om liker veldig godt Ian :) Men Vandrer er ein person dei fleste som les boka må lese :)

      Slett
  2. Enig :) Liker også Wanda :) (er det ikke det navnet hun fikk :/) hehe Lenge siden jeg leste den..

    Uhh.. jaa gutta.. Tror nok favoritten der er Ian :P
    Men Jared er nå heller ikke så værst til sist hehe

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare