Sider

lørdag 30. juni 2012

bøker: "havfruen" og "fyrvokteren," begge av Camilla Läckberg

Det er lenge sidan eg las desse, og derfor blir det bare to små innlegg.


havfruen av Camilla Läckberg

Christian har nettopp gitt ut si første bok, havfruen, og lanseringsfesten står for døra. Men midt i festen får Christian eit trusselbrev, eit i ei lang rekke sidan han byrja å skrive boka. Dette, saman med at hans beste kamerat og tobarnsfaren Magnus nettopp har blitt funne drepen, etter å ha vore borte i tre månadar, får Tanumshede politi til å byrje å lure. Men for å finne svaret på mysteriet, må dei leite bakover i tida.

Boka var nervepirrande, og skrekkelig spennande. Likevel var det noko som mangla, og eg visste kven som var skyldig allereie før boka var halvvegs. Ho var god, men ikkje i nærleiken av ulykkesfuglen, steinhuggeren og englemakersken. 

For å finne ut meir om boka kan du gå her, på Gyldendals nettsider. 

fyrvokteren av Camilla Läckberg

Ein mann blir funnen myrda i sin eigen bolig, og ingen har sett noko. Det einaste politiet veit er at han var ut på øya Gråskär, for å besøke ein gammal barndomskjærast, rett før han blei skoten. Kva har skjedd? Er det barndomskjærasten som har myrda han, eller er det personar frå fortida som har kome tilbake? Og kva er grunnen til at ingen veit særlig mykje om han?

Fyrvokteren kjeda meg skikkelig, og grunnen var kanskje at då eg byrja å lese, var eg grådig lei Läckberg, men for å ha lese alle åtte, måtte eg lese denne òg. Den fenga ingenting før slutten, og eg syntes ikkje komplottet denne gongen var interessant nok. Sorry, Läckberg. Denne gongen var det ikkje meg du appelerte til.

For å finne ut meir om boka kan du gå her på Gyldendals nettsider. 

mandag 25. juni 2012

Oppsummering halvåret januar til juni 2012

Tid for ei lita oppsummering av halvåret med bøker, kvardagsliv og anna. Eg byrjar med bøker og held fram med litt andre ting som har skjedd sidan antar 2012.

For det første har historiske romanar fenga meg veldig. Eg har ikkje klart å bestemme meg for kvifor ei bok eg likte best, men den verste boka var heilt klart et siste farvel av Carol Ann Lee. Og den beste...hm...tre bøker som er veldig nære den "prisen." Øya av Victoria Hislop, søstrene Boleyn av Philippa Gregory og den glemte Hagen av Kate Morton. I tillegg var orkideenes hemmelighet ei nydelig bok eg ikkje kunne legge i frå meg. I tillegg fekk hjemkomsten av Victoria Hislop og syersken fra Madrid meg til å bli veldig interessert i den spanske borgarkrigen, og hjelpte meg til ein sterk karakter i norsk og samfunnsfag i ein tverrfaglig tekst på skulen.



Når me først er på temaet "bøker for vaksne," så er vel krimmen eg har lese noko som bør nemnast. Det heile byrja med Mons Kallentoft, ein svensk krimforfattar eg hadde lurt på om eg skulle lese litt av, og slik blei det. Første boka var sommerdøden, og ho var fantastisk bra, utanom litt fordommar og slikt. (Omtalen min kan de jo lese her. :D) Eg haldt fram med vårlik, andre boka i serien, i tilegg til at eg las presteskapet i byrjinga av april.Så kom den tredje boka til Kallentoft. Den beste norske var heilt klart på direkten av Anne Cecilie Remen, lese i byrjinga av mai, og den beste svenske var englemakersken som eg las i siste halvdel i mai, og som har gjort at eg på under ein månad har lese alle dei åtte bøkene av Läckberg. Best var nok på direkten eller englemakersken, i tillegg til at eg fekk stor fascinasjon for Johan Theorin etter skumringstimen som eg las midt i mai.



Det har blitt ein del færre ungdomsbøker enn vanlig. Til nå er det tre ungdomsbøker som har blitt lese, men desto fleire "feel-good-bøker" eller litt sånn romantikk og drama utan så mykje anna, i tillegg til bøker som et sted i nærheten som er litt på kanten til "feel-good." Den beste ungdomsromanen har heilt klart vore tretten gode grunner av Jay Asher, som i tillegg er svært vekkande og rørande, i motsetning til hallo elsk meg da, som er meir typisk ungdomsliteratur med drikking, banning og sex.



Det har blitt fem engelske bøker til nå. To er veldig "feel-good." the making of Us var ei bok eg kjøpte i Italia, og merkelig nok likte eg henne. The first wife har nok meir spenning i seg, men ein STOR dose romantikk. Nicholas Sparks er ein ny favoritt etter at eg har lese a walk to remember i mai og the last song  nå i juni. Engelsk er det kjempegildt å lese.



I mindretal denne våren ligg biografiar og psykologiske thrillarar, i tillegg til fantasy. Før jeg sovner av S. J. Watson var oppsiktsvekkande og rørte meg skikkelig. Som den einaste psykologiske thrillaren denne våren, var boka svært spennande med ei god handling og ein slutt du ikkje kunne tenkt deg. Jeannette Walls' sjølvbiografi var veldig god, men trist, og det er noko vedig sårt over historia til forfattaren, som nettopp har kome med si andre bok på norsk om bestemora. Hun vile jo ikke dø - historien om Ragnhild var ei tøff bok om ei jente som var eit år eldre enn meg og døydde av ein overdose femten år gammal i Bergen. Den boka las eg i juni, og eg har aldri lese noko liknande. Fantasy-boka eg har lese var smaragdgrønn, siste bok i serien til Kerstin Gier, og ho var kjempebra, og går inn på lista som "heldig bok," sidan eg nesten aldri les fantasy, men nå i sommar skal eg til på både skygelandet og flukten, noko som skal bi gøy, forhåpentlig vis.



Av andre ting som har skjedd, blei eg veldig glad då kronprinsesse Victoria og Daniel fekk Estelle 23. februar. Denne våren har det vore skikkelig mykje å gjere på skulen, i tillegg til mykje ferie, og ein skitur med skulen, og nå kan eg stå skikkelig på slalom. I påsken var eg på hyttetur med tante og tante og onkel og lillsøster og to søskenbarn og koste meg i fjellet, og etterpå var det til Milano i nokre dagar. Kjempegilt å endelig få komme til Italia. Skikkelig fint der nede, men nå i ettertid tenker eg at eg likte eigentlig Firenze betre enn Milano.
1. mai i år, som de sikkert har fått med dykk, døydde Alexander Dale Oen, og sidan eg ikkje har sagt det før, GIGANTISK sjokk at min favorittidretsutøvar plutselig var død. I tre år gjekk eg på svømming, og eg syntes det var kjekt å følgje med på kor godt han gjorde det. Etter 22. juli 2011 har eg alltid hatt STOR respekt for han, og det var eit stort ønske hjå meg at han blei kåra til "årets idrettsutøver 2011" på idrettsgallaen i januar 2012, og det blei han. Derfor var et fryktlig trist då han døydde, og eg kan framleis ikkje heilt tru det.
Nå nettopp har eg fått mitt første vitnemål etter å ha gjort ferdig ungdomsskulen, og det såg jo ikkje så aller verst ut heller. Nå er eg klar for ferien med nye bøker og ny motivasjon for å lese. EM går jo, og sjølv om eg ikkje er veldig interessert, heier eg på Tyskland, og håpar på Spania og Tyskland i finalen.
Veninna mi, som hadde bursdag i går (HAPPY BIRTHDAY TO YOU <3), fekk reisen hjem av meg, og eg har fått melding om ta boka var bra og at ho ikkje greidde å legge henne frå seg, så då traff eg i alle fall med den gåva. =)

Mange sommarklemmar og helsingar,
Mai Lene

ps. bøker, jordbær, is og kaffi er ein GOOOOOOOD kombinasjon.

søndag 24. juni 2012

ein smakebit på søndag 24. juni

God kveld, blei litt seint i dag, men det går då fint dfet òg. Idag har eg lese ut ei bok, og i tillegg byrja på ei anna. Boka eg les nå heiter brennende hjerter  og er skrive av den amerikanske forfattaren Simone Elkeles.


Luis Fuentes er en god gutt. Han har ikke den samme uroen i seg som storebrødrene Alex og Carlos. Luis er flink på skolen, morsom og godt likt,og drømmer om å bli astronaut.Men når han forelsker seg i en jente han absolutt ikke burde forelske seg i, trekkes han inn i en ny og farlig verden.Det livet han trodde gikk på skinner, tar en brå vending da han oppdager ting han helst ikke vil vite om sin egen familie. Det lyse sinnet til Luis mørkner.Er han en bad boy, han også – akkurat som brødrene? Er adrenalin-kickene han er så avhengig av, ikke lenger nok? Kommer han til å ødelegge alt han har oppnådd, bare på grunn av en jente og gjengen han så langt har klart å holde seg unna?

Eg har lese dei bøkene som tidligare har komme ut på norsk av Elkeles, og denne trur eg òg kjem til å like. Dagens smakebit kjem her:


Knærne synker ned i sanden, og jeg merker at de varme tårene begynner å renne igjen. Denne gangen tørker jeg dem ikke bort. Jeg bryter sammen og gråter, tenker på alle de store øyeblikkene jeg og Marco har hatt sammen, og ber om ta mensen bare er forsinket, og at jeg ikkje er gravid.

 Femten år og gravid har aldri vært planen.
brennende hjerter av Simone Elkeles, side 18

Slå opp boka du les nå og finn eit lite stykke du kan dele med lesarane av bloggen din. Ikkje røp for mykje, men det er jo lov å gjere det litt spennande. Det er Mari på bloggen flukten fra virkeligheten som har laga det, og for å vere med kan du legge igjen linken på hennar blogg. For å sjå dagens smakebitar må du trykke på biletet ovanfor

torsdag 21. juni 2012

bok/biografi: hun ville jo ikke dø - historien om Ragnhild av Siren Henschien


Sommeren 2010 var super. Ragnhild har vært på ferie i Sverige med tante Betty og fått enda en ny venninne. I høstferien skal hun til Tyrkia med bestevenninnen. Nå nærmer det seg slutten av juli, og Ragnhild planlegger sin egen konfirmasjon.To dager etter, lørdag 31. juli, blir hun funnet død på en madrass i en kjellerleilighet. Bare 15 år gamme blir hun et av Norges yngste overdoseofre.«Vi tror vi svever, men du kan se at vi er kjørt», skrev Ragnhild i dagboken sin. I boken «Hun ville jo ikke dø» forteller journalist og seksbarnsmamma Siren Henschien den ærlige historien om hvordan en ung jente mistet seg selv til rus. Og hvordan «det store vi» sviktet da hun trengte oss mest.  
 Denne boka var eg spent på i lang tid, og det var grunn til å grue seg litt, ikkje på grunn av dårlig skriving, men den forferdelige historia om jenta. Då ho døydde var ho bare eit år yngre enn det eg er nå, men hadde ho overlevd hadde ho i dag vore eit år eldre enn meg.

Boka byrjer med å beskrive familiesituasjonen og foreldra til Ragnhild, som møttes under avrusning, og hennar tante Betty, som var ei mektig stemme i rusmiljøet, men seinare blei utdanna barnevernspedagog. Dei fortel om familien på tre som flytta til Bergen, mor og far og Ragnhild. Alt var fint og idyllisk, sjølv om Ragnhild ønska seg småsøsken. Trass i gode veninner, og spesielt besteveninna Maria, ønske ho seg søsken. Ei søster eller ein bror. Og så blei det to på ein gong.

Livet for familien blei hardt og det var då faren reiste mykje fram og tilbake og mora hadde fullt opp med barna at foreldra byrja å ruse seg igjen. Ragnhild vaks opp som vaksen, og hadde eit liv der ho passa på foreldra og deira behov, i tillegg til småsøskna, men ikkje tenkte på kva ho ville. Ho innrømma til og med for dagboka at ho vurderte å ta sjølvmord eller å bli narkoman.

Livet gjekk på feil kurs for Ragnhild og etter mange år med krangling mellom foreldra og eit liv der dei rusa seg kvar helg, blei Ragnhild og småsøskna tatt hand om at barnevernet. Småsøskna i ein ny familie, og Ragnhild på institusjon. Etter det gjekk livet nedover for jenta.

Allereie då eg såg omslaget, fenga boka meg. Det er ei sterk og gripande historie eg aldri har lese maken til. Ragnhild er ei jente det hadde vore morosamt å kjenne, for sjølv om ho rusa seg, er beskrivingane av henne i edru tilstand beskrivingane av ei som kunne vore veninna mi.

Som sagt, ei veldig sterk bok om ei jente eg hadde likt å bli kjent med, for bak rusen og alt det tøffe ser du Ragnhild sånn som ho verkeleg var.

mandag 18. juni 2012

avslutningsfest (innlegg med bilete =D)

Å skitt så spent eg er nå. Om ca. ein time byrjer avslutningsfesten og nok eit kapittel er avslutta etter i kveld. Siste året på ungdomsskulen har vore fantastisk. Femti fantastiske ungdommar som eg har gått med i tre år skal eg seie ha det til i dag. Grugleder meg, for eg er veldig spent på parodiane i underhaldninga. I alle fall lærarane sine parodiar.

Dei siste dagane på skulen har gått til å lage bordkort, og etter mi meining har eg og veninnene mine laga nokre nydelig bordkort.

Dette er fargen me skreiv namn på, eller det liknar litt den fargen. Denne er kanskje ikkje fullt så fin.
Me limte ein liten namnelapp i ca. denne fargen på svart papir (fekk spørsmål om det skulle vere halloweenparty av nokre få) og så festa me ein kvit blom i det øverste høgre hjørnet. Eg og ei veninna sat i dag og skreiv på alle namna på dei rundt 150 personane som kjem.

Nå sit eg klar i bunaden, som er kleskode for kvelden.

Sånn ser eg altså ut i kveld. P-L-U-T-S-E-L-I-G såg eg at håret mitt har byrja å bli ganske langt. Endelig.

For å vise bunaden min (som eg skal innrømme at eg er kjempestolt av) må eg legge ut eit bilete.

Frafjord-bunad. Dette er ikkje i dag, men før bryllaupet til tane og onkel i haust.
Før eg konfirmerte meg og besteme meg for bunad visste eg at eg ville ha svart Frafjord-bunad og Otterens oksiderte sølv (utan kjerner). I tillegg sa eg: "Æg ska i alle fall ikkje ha rød vest!" Grunnen? Alle andre i familien har raud vest. Mor har to søstre, og deira døtre som har konfirmert seg har raud vest, i tillegg til at mor og begge søstre OG mormor har raud vest.
Sjølvsagt, viss eg ikkje hadde likt nokon annan og raud var det finaste hadde eg valt den. Det var ikkje fordi eg ikkje liker raud vest at eg ikkje ville ha det, men fordi alle andre hadde det. Og eg synes eg har vore heldig. Eg er veldig stol over valet av vest faktisk.

OIOI, nå har eg "babla" (skrive) i veg her. Uansett, dette blir ein gild, men trist kveld som eg kjem til å hugse. Mange skal eg gå vidare med til hausten, men fire veldig gode veninner skal reise vekk, i tillegg til veldig mange andre som eg òg kjem til å sakne. Nokre har ikkje bestemt seg endå, og eg håpar for mi skuld at dei vel Tryggheim, men sjølvsagt, viss dei vil gå ein annan stad skal eg ikkje kidnappe dei og truge dei til å gå med meg. (sjølv om det er fristande)

Uansett, bør kanskje slutte. Ein halv time igjen til me skal gå!! #spent (twitterspråk, hehe)



ps. dette med havfruen og omtale av den, hehe, eg har vore sjuk i fire dagar og så på leir, så det har ikkje blitt nokon omtale, og det blei heller ingen eksamen. =( Jaja, overlever.

mandag 11. juni 2012

havfruen av Camilla Läckberg-omtale og eksamen.

Heisann!! Nå sit eg på skulen og kosar meg med eksamen og tysk og tyske skiskytterkvinner.
Kom nemlig opp i tysk (ingen klage av den grunn) og skal snakke om tyskspråklige berømte personar. Eg har derfor laga ein presentasjon om Magdalena Neuner, Andrea Henkel, Miriam Gössner og Tina Bachman, som var dei tyske stafettjentetne i Ruhpholding 2012. Veldig interessert i skiskyting, og når dei norske ikkje er gode nok, så er Tyskland min favoritt. (akkurat som i EM)

Dette er ikkje meg i dag, for i dag føler eg meg ikkje presentabel nok, trass i kyllinggul kjole og tørkle i halsen. Vurderer å snart gå heim for å arbeide meir.

Og boka, havfruen, av Camilla Läckberg kjem det omtale av på denne bloggen. Eg har laga så få omtalar på den bloggen at eg rett og slett trur eg skal lage litt fleire på engelsk og legge ut link på denne blogge. (fryktelig masete eg har blitt om den engelske bloggen plutselig.)

Når omtalen er laga, skal eg legge ut linken. =)

Ha det fint vidare, og ha ei fine vega!! (ha ei fin veke, på nynorsk då, ville bare skrive litt jærsk.)

søndag 10. juni 2012

bok: predikanten av Camilla Läckberg


En liten gutt sniker seg en sommermorgen ut for å leke ridder i en kløft i Fjällbacka. Leken tar brått slutt da han får øye på en død kvinne. Begravet på stedet der kvinnen blir funnet, oppdager politiet skjelettene av ytterligere to kvinner. De to forsvant sporløst i 1979. For Patrick Hedström og kollegene hans i Tanumshede politidistrikt er det en vanskelig sak. Johannes Hult, sønn av en kjent frikirkepastor, kalt Predikanten, ble mistenkt for de gamle drapene, men døde uten å tilstå. Står politiet overfor en ukjent drapsmann som dreper igjen etter et opphold på mer enn tjue år? Eller dreier det seg om en sinnssyk morder som søker inspirasjon i de gamle drapene? Var Johannes Hult så uskyldig som han hevdet? Camilla Läckberg (f. 1974 i Fjällbacka) debuterte som krimforfatter i 2003 og har siden skrevet seks romaner om Erica Falck og Patrik Hedström. To av disse, Predikanten(2005) og Steinhuggeren (2006) er blitt nominert til Årets bästa svenska deckare. Camilla Läckberg bøker er solgt i over to millioner eksemplarer bare i Sverige og er filmet av svensk TV.
Dette er ei bok eg har høyrt mykje skryt om, og den nådde opp til forventningane, men ikkje høgare. Sjølv synes eg at både ulykkesfuglen og englemakersken har vore betre enn denne.

Erica Falck og Patrik Hedström er tilbake igjen, Erica høggravid og lei av å vere heime, og Patrik travelt opptatt på jobb. Og sidan det er sommar kjem det òg gjester til huset deira for å nyte Fjällbacka "in summer," noko som kan vere både slitsamt og kjedelig.

Heldigvis dreier ikkje heile boka seg om dette. Nå var eg så dum at eg byrja på fyrvokteren på skulen her ein dag, for eg gløymte å ta med meg predikanten, og derfor rota bøkene seg litt saman, men det gjekk fint, og eg fekk nok fullt utbytte for denne boka.

Ei laaaaaaaaaang stund trudde eg eg visste kven som var mordaren. Trudde. Dessverre var eg ikkje like god til å gjette denne gongen som dei andre gongene, men i havfruen veit eg kanskje kven det er.

Uansett, litt liten omtale, men eg er så dårlig på å skrive omtalar av krim at det er heilt fælt. Du kan ikkje røpe for mykje, men så må du pirra lesarane, og den balansegangen er VANSKELIG!

ein smakebit på søndag 10. juni

Heihei! Som alltid er siste dag i veka søndag, og med den dagen kjem en smakebit på søndag, og for min del litt eksamensnerver, sjølv om eg ikkje veit kva eg har kome opp i. Veldig spent.

I dag kjem min smakebit i frå denne boka:


Magnus Kjellner, lykkelig gift og far til to, forsvinner sporløst i Fjällbacka. Tre måneder senere blir han finnet myrdet, fastfrossen i isen. 

En av vennene hans, Christian Thydell, har fått anonyme trusselbrev i over ett år. Christian står foran sitt store gjennombrudd som forfatter, og på lanseringsfesten for romanen havfruen får han en ny trussel. Han bryter sammen og viser brevene til Eriva, som har hjulpet ham med manuskriptet. 

Christian vil ikke gå til politiet, men Erica smugler med seg et brev og viser det til Patrik. Hun er urolig for hva som kan skje. 

Patrik aner at det finnes en sammenheng mellom brevene og drapet på Magnus, og at sporene fører bakover i tiden. 

Eg gler meg skikkelig til å lese vidare i boka, og eg har blitt STOR fan av Läckberg. Dette blir det gildt å følge med på vidare.

Min smakebit i dag:
Først skjønte han ikke hva som hendte. Det var som om noen plutselig hadde satt opp en usynlig vegg rett foran ham. Han ble hengende med føttene i luften. Så tippet han framover. Instinktivt tok han seg for med hendene for å bremse fallet, og idet håndflatene traff bakken, forplantet smerten seg gjennom armene og helt opp til skuldrene. Etter det kom det en annen form for smerte. En sviende og brennde som fikk ham til å snappe etter luft. Han kikket ned på hendene. Begge håndflatene var dekket av et tykt lag med glasskår.
havfruen av Camilla Läckberg, side 220


Slå opp boka du les nå og finn eit lite stykke du kan dele med lesarane av bloggen din. Ikkje røp for mykje, men det er jo lov å gjere det litt spennande. Det er Mari på bloggen flukten fra virkeligheten som har laga det, og for å vere med kan du legge igjen linken på hennar blogg. For å sjå dagens smakebitar må du trykke på biletet ovanfor
Dessutan er alle som er med i dag med i trekninga om miraklenes tid eller en vannmelon, en fisk og en bibel. Heng dykk på!


Ha ein fin søndag vidare alle saman!!


lørdag 9. juni 2012

ei meiningsfull barnebok: Pelle og de to hanskene av Kari Vinje


Pelle har sorg, han har mistet lillesøsteren sin. En morgen lå hun i senga si og var død. Boka forteller hvordan Pelle kommer seg gjennom vanskelige dager og blir glad igjen. Ja, for det er lov å være glad selv om man har mistet lillesøsteren sin.
Denne boka las me mykje då eg og litlesøstera mi var små. Ho er verkeleg fin og eit ekte verk av Kari Vinje. Pelle og de to hanskene er om guten Pelle som har ein familie som består av mamma Malla, pappa Kalle og litlesøster Susanne. Dei har det ganske fint, sjølv om Pelle synes at Susanne kan vere litt plagsom av og til.
I tillegg til mamma, pappa og Susanne har Pelle ein kamerat som heiter Jonatan, og i tillegg er han Pelles nabo. Mora til Jonatan, fru Finkentopp er veldig god til å bake boller, og endå betre til å snakke om Jesus og forklare Pelle ting som står i bibelen.

Kvar søndag står Pelle opp tidligare enn mamma og pappa. Dei liker å sove litt ekstra lenge på søndagar, og derfor har han ikkje lov å vekke dei. Likevel veit han korleis han får dei opp av senga, nemlig ved å vekke Susanne, for viss Susanne vaknar, så må ein av dei komme og trøyste henne.
Når Pelle vil vekke Susanne klyp han henne eller kitlar henne. Det gjer han ein søndag i mai òg. Til vanlig liker ikkje Susanne at Pelle vekker henne, men denne gongen skrik ho ikkje. Ho ligg heilt stille.

Susanne er død, og Pelle veit ikkje korfor. Kva har skjedd? Kløyp han henne for mykje? Var det derfor ho døydde? Og er det lov å vere glad når Susanne er død? Og kor er ho? På sjukehuset eller i himmelen? Og kvifor seier ei dame til mamma at Susanne skal leggast nedi jorda?

Her blir spørsmål om himmelen og gravferdar besvart, og hjelpemidlet er to hanskar.

Dette er boka for barn som har mista nokon dei er glade i, og som undrar seg over kva som eigentlig har skjedd. Verkeleg nydelig og tankevekkande barnebok med meining. 

torsdag 7. juni 2012

bok: tyskerungen av Camilla Läckberg

Hvorfor har Erica Falcks mor tatt vare på en tysk medalje fra andre verdenskrig? Erica finner medaljen i en gammel kiste på loftet sammen med morens dagbøker og en liten barnegenser med flekker av blod. Spørsmålet gjør henne urolig, og til slutt oppsøker hun en pensjonert historielærer som har spesialisert seg på nazismen, for å få vite mer. Men mannen svarer unnvikende og oppfører seg underlig. Ikke lenge etter blir han funnet død, drept av et kraftig slag mot hodet. Da Erica til slutt bestemmer seg for å lese dagbøkene, oppdager hun at moren kjente mannen, og at de to en gang hadde felles venner. Kan hennes møte med mannen ha satt i gang et hendelsesforløp som førte til drap? I Tyskerungen er det Erica Falcks egne familiehemmeligheter som avsløres, samtidig som politiet på Tanumshede politistasjon må prøve å klare seg uten Ericas makker Patrik Hedström, som har pappapermisjon.Camilla Läckberg (f. 1974 i Fjällbacka) debuterte som krimforfatter i 2003 og har siden skrevet fem romaner om Erica Falck og Patrik Hedström. To av disse, Predikanten(2005) og Steinhuggeren (2006), er blitt nominert til Årets bästa svenska deckare. Camilla Läckbergs bøker er solgt i over to millioner eksemplarer bare i Sverige og er filmet av svensk TV.
tekst og bilete frå Gyldendal.no

Eg skal innrømme at eg syntes denne boka var SKIKKELIG treig i byrjinga. Det skjedde liksom ikkje så mykje. Men heldigvis tok ho seg opp, og det blei ei fin leseoppleving til slutt, om kanskje ikkje så god som dei andre bøkene av Läckberg, så god.

Det at det denne gongen er nærare til hovudpersonane gjorde det litt meir spesielt, for då forstår du veldig godt grunnen for å finne ut av det. Likevel var det ikkje det mest spennande mysteriet. For å skryte litt (igjen) fann eg ut før polititet kven det var, eller eg hadde mine mistankar, og dei blei bekrefta i slutten.

Nå må eg ikkje seie kven eg mistenkte, men la meg seie at etter å ha lese ein del bøker av denne forfattaren har eg forstått kven det var mange gonger. Likevel greier eg aldri å forstår heilt kvar som har skjedd, sjølv om eg veit kven som har gjort det. Veldig bra skrivemåte av Läckberg som røpar nok til at me kanskje kan finne gjerningsmannen, men ikkje nok til å vite alt. Du sit med undrande spørsmål om boka. Kva skjedde eigentlig? Kvifor skulle han/ho gjere det? Det er bra!

Som sagt boka var ikkje så god som dei andre av Läckberg, men likevel bra. Eg har ein stor kjærleik til svensk krim etter at eg las Kallentoft i mars og april, og nå har byrja på Läckberg og Theorin. Läckberg har løfta heile interessen betraktelig, og til hausten skal eg byrje på Marklund sine bøker, bare for eg elsker Läckberg sine bøker.

Tyskerungen har absolutt ikkje fått meg til å miste interessa for Läckberg. Tvert i mot. Nå sit eg og les predikanten og etterpå skal eg til på havfruen og boka som kjem etter den.

Så, ei god bok, men ikkje like god som dei andre av Läckberg.



søndag 3. juni 2012

smakebit på søndag 3. juni

Nå er det sommar, i alle fall i følge datoen. Og kanskje i følge vêret òg. I dag skal eg ikkje klage, for det trass i alt varmare enn det var veka som var.

Og med søndag kjem ein smakebit på søndag.

I dag kjem smakebiten min i frå denne boka.


Hvorfor har Erica Falcks mor tatt vare på en tysk medalje fra andre verdenskrig? Erica finner medaljen i en gammel kiste på loftet – sammen med morens dagbøker og en liten barnegenser med flekker av blod.


Hun oppsøker en pensjonert historielærer som har spesialisert seg på nazismen. Men mannen svarer unnvikende og oppfører seg underlig. Ikke lenge etter blir han funnet død. Hvorfor? I Tyskerungen er det Erica Falcks egne familiehemmeligheter som avsløres.
Til nå har boka vore litt spennande, men langt i frå dei andre bøkene av Läckberg sine opningar. Det har gått litt treigt, men nå byrjer det å få fart på seg.



Min smakebit i dag:

"Jeg forstår. Jeg forstår det veldig godt. Tro meg, ingen vet bedre enn jeg hvor viktig det er med røtter. Selv om det er døde ting som utgjør den forankringen. Og Erik forsto difinitivt det. Alle de tingene han samlet på- Alle fakta. For ham var de ikke døde. De levde, fortalte en historie, lærte oss noe."
tyskerungen av Camilla Läckberg, side 96


Slå opp boka du les nå og finn eit lite stykke du kan dele med lesarane av bloggen din. Ikkje røp for mykje, men det er jo lov å gjere det litt spennande. Det er Mari på bloggen flukten fra virkeligheten som har laga det, og for å vere med kan du legge igjen linken på hennar blogg. For å sjå dagens smakebitar må du trykke på biletet ovanfor


Ha ein fin søndag vidare!! 


fredag 1. juni 2012

vinnar av giveaway!!

Bare sånn i byrjinga av innlegget så MÅ eg få annonsert kven som vann giveawayen min:


a Rafflecopter giveaway

Sidan Lene ville vinne sjelekisten får ho den. GRATULERER!! Og GRATULERER!! til Isabella med vente på Robert Capa. 


Blei litt dårligare oppslutning rundt giveawayen enn først tenkt, men slik er det. Er det noko som burde bli gjort betre? Eit anna program for å melde seg på eller noko slikt?

Gratulerer til begge!! Send meg ein epost med adressa dykkar til mileyhaeak@live.no