Sider

lørdag 4. august 2012

"boktema hos Anette - min sommerlesning 2" og ein framtidig favoritt

Hallo igjen. Nå har eg vore eit par herlige dagar på sørlandet hos farmor, kor me hadde besøk i frå Amerika. Alle tiders, og kjempebra vêr i går. Fekk litt bruk for engelskkunskapane mine då, så det er jo alltid gildt. Møtte mange frå familien: grandtanter og tremenningar og pappas søskenbarn. Kjempeflott.

Ein liten ulempe med feriar er jo alltid at det ikkje blir så mykje blogging. Og lesinga går litt seint når du er i selskap og med familien. Likevel er det litt deilig å sleppe å tenke på ting som å legge ut innlegg osv.

Som de sikkert ser over her, har eg lagt til to spaltar i eit innlegg, boktema hos Anette, som er laga av Anette på Anettes bokboble, og framtidige favorittar som er laga av Bokelskerinnen. Kanskje det blir eit litt langt innlegg, men la gå.



Etter ein lang sommarferie i juli er Anette endelig tilbake med boktema hos Anette. Nå har eg ikkje fått mange nye følgarar denne sommaren, men viss det er nokon som bare er på ein liten snarvisitt inne på bloggen, er altså dette ein spalte som kjem ut kvar torsdag, kor me fåt eit tema og skriv ut i frå det. Veldig gøy.

Denne sommaren har det blitt ein del lesing, men ikkje som i fjor. Likevel har eg kome godt i land med alle mål (nokre braut eg, for bøkene var KJEDELIGE), og lese litt ekstra. Nå er det slik at eg har sett datoen 29. august til å vere ferdig med alle bøkene eg vil lese denne sommaren, og eg har bare to igjen, så GOE TID som ein kamerat av meg seier.

Dei bøkene som er under her er dei eg har hatt som mål og greidd å lese før i dag.


historiske romanar


fantasy

ungdomsromanar

klassikarar

"fra virkeligheten"

engelske bøker

Nå har eg bare igjen bitte litt, litt under to bøker, noko som skal gå fint før den fastsette datoen. Kva eg har igjen, kan de sjå på sida mål og vidare lesing

Eg har òg lese nokre bøker som ikkje stod på lista mi over bøker eg skulle lese. 



Sånn samla sett synes eg at eg har kome godt i gang med sommarlesinga.

Og så over til den framtidige favoritten eg vil presentere for dykk.

sin mors datter av Joy Fielding

Et krypende, snikende og uhyggelig drama.
Amanda Travis er 28 år og forsvarsadvokat i Palm Beach. Hun trives som vellykket karrierekvinne i sin moderne, helhvite leilighet med havutsikt - gjerne med et glass god vin for hånden. Fortiden og minnene vil hun helst være foruten. Moren som hun har kuttet all forbindelse med, faren som er død, to eksmenn, en stormende kjærlighet som en gang fortærte henne og utallige en-nattshistorier tilhører den forhatte fortiden. Helt til den dagen hun får en telefon fra sin første mann. Han ber henne innstendig om å komme hjem til Toronto for å bistå moren som etter sigende har skutt og drept en mann hun hevder at hun ikke kjenner. Amanda vegrer seg og har liten lyst til å se igjen sin barndomsby og bli nødt til å kjenne på alle de vonde minnene hun har begravd der. Men hun skjønner at hun må dra, og blir igjen et hjelpeløst vitne til den mørke, underlige makten som moren hennes ser ut til å ha over alle.
Med barndommens kjælenavn - Dukkeliten - som et illevarslende ekko i ørene, må Amanda til slutt se fortiden i øynene for å komme løs fra demonene som holder henne fast.
Denne boka hadde eg hatt i hylla, hadde det ikkje vore for at butikken eg bestilte bøker av på mammutsal ikkje hadde denne boka inne, så nå skal eg snart få lese henne. Må nok låne ho på biblioteket, for ho er så gammal at ho er utgitt på Damm forlag, som blei Cappelen Damm for nokre år tilbake sidan. (rundt 2007 trur eg?)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare