Translate

mandag 20. mai 2013

bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg "en usynlig" slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for "slow crime". Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten  bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var "Kva skjedde no?" Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre. 

onsdag 15. mai 2013

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!
Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så... Sylfest tenkte at det var fri diktning - ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 
døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene

tirsdag 14. mai 2013

bok: den mørke porten av Lars Mæhle

Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.

Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.

God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.

Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.

Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.

Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt

fredag 10. mai 2013

Vil du vere med å lese nynorsk?

Sofia av Sigrid Merethe Hanssen
er ei av dei nye bøkene på nynorsk
Sist veke kom det stort nytt frå komiteen bak bokbloggartreffet i Oslo. No har dei laga ein
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.

Lars Mæhle har hausta både
ros og kritikk for den nye
boka si den mørke porten
"KVA!" tenkjer du kanskje no. Nynorsk? Jepp, det er framleis ei målform. Mange nynorskskeptikarar vil kanskje rynke på nasen og tenkje "aldri om eg les nynorsk", mens andre vil sjå på det som ei utfordring. Personleg synes eg det er heilt naturleg å lese litt nynorsk no og då, og som de kanskje har merka er eg veldig glad i hovudmålet mitt. Det som dessverre er sanninga i dag, er at blesten rundt bøker på nynorsk er veldig liten, i tillegg til at få bokhandlar vil bestille bøker på nynorsk, fordi dei sel så dårleg. Det er her sakas kjerne er: haldninga. Haldninga folk har til nynorsk i dag er at det er ei krevjande, påtvungen målform som nesten ingen har bruk for lenger, fordi det er ut. Ved å lese fleire bøker på nynorsk utgjevne i 2013, er det òg ein større sjanse for at ei nynorskbok blir nominert til bokbloggarprisen. No tvingar eg ingen til å gi prisen til ei nynorskbok, for bøkene som vinn prisen må ha andre litterære kvalitetar òg enn berre vakkert språk.
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.

Sunniva Relling Berg har skrive ny
ungdomsroman som blir utgitt
ette året.
Likevel, det eg ber om er at fleire set seg opp i salen, tvingar vekk alle fordommar mot nynorsk og
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.

Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.

Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!

lørdag 4. mai 2013

bok: verten av Stephenie Meyer

Stephenie Meyer er (dessverre) mest kjent for bøkene sine om Bella Swan og Edward Cullen og kampen mellom "perfekte" blodsugarar og varulvar. Dessverre har eg skrive over her, og det meiner eg òg, for er det ei bok Stephenie Meyer burde vere kjent for er det verten. Dette er den andre omtalen av boka eg skriv på bloggen. Den forrige skreiv eg for to år sidan, men nå har eg lese boka på nytt og vil lage ein litt meir grundig og kanskje betre omtale.

I all hovudsak handlar boka om sjelar frå det ytre rom som innvanderer jorda. Dei har vore på fleire planetar før, og nå har dei teke ein ny. Ein av sjelane er Vandrer. Ho har aldri slått seg ned på ein planet tidlegare og får problem på jorda med at vertskroppen, som høyrer til Melanie Stryder, stritter i mot. Dette merkar lesaren både ved skildringar, dialogar mellom andre sjelar og den indre dialogen som foregår mellom Vandrer og Melanie. Melanie gjer alt for å skjule dei ho har kjær for Vandrer, men ho meistrer det ikkje heilt. Likevle, det ho meisterer, er å få Vandrer til å komme over på "hennar side". Dette er òg grunnen til at Jegeren, som dei kallar henne, ikkje greier å finne dei, når Vandrer legg ut på vandring i ørkenen for å finne Melanies litlebror og kjærast.

Boka er ei veldig typisk science fiction-bok, men har likevel meir enn berre ei oppdikta framtid og nokre sterke fiendtlege sjelar med. Wikipedia definerer Science Fiction som
"en sjangerbetegnelse for bøker, filmer, tegneserier og teater som skildrer en tenkt framtid eller verden med fantastisk teknikk og spennende vitenskapelige fenomener."

Dette passar ganske godt til boka, utanom at det vitenskapelege ikkje tek den største delen, men heller historia og plottet bak. Trass i dette kan me sjå det vitenskapelege i Meyers skildring av andre planetar. Dette vil ikkje seie at planetane som blir skildra i boka finst, men heller at ein dag i framtida vil me kanskje ha så mykje kunnskap om planetane at me veit nesten alt om dei. I tillegg er samfunnet på jorda veldig endra etter at sjelane har overtatt. Dei vel å behalde vertane sine liv, bu i husa og kanskje til og med bu med ektefellen. Det som er forskjellig er prinsippet med pengar. Ingen får løn for arbeidet dei gjer. Vandrer er ein av dei sjelane som har vore flest stader og har bytta vertskropp flest gonger, og derfor underviser ho andre sjelar på universitetet i byen ho bur. Det er ikkje ein jobb, men eit kall i følgje henne sjølv. Dei trenger heller ikkje å betale i butikkane, men kan ta med seg det som er mest nødvendig, og ved å gjere ei teneste for samfunnet gjennom kallet deira, kan dei få alt dei treng for å leve. Om dette samfunnet nokon gong blir ein realietet, kan ingen vite, men det er nokså usannsynleg at det nokon gong vil bli slik. Likevel er prinsippet interessant, og det set tankane til lesaren i gang.
Det vanskelige, det jeg virkelig mislikte - ikke det at jeg noen gang ville fortelle Kyle det, ettersom han alltid var så kjapp til å trekke mine motiver i tvil - var at vi tok så mye uten å gi noe i retur. I San Diego hadde det aldri plagd meg å handle. Der tok jeg det jeg trengte, verken mer eller mindre. Så tilbrakte jeg dagen på universitetet med å gi samfunnet noe i retur gjennom å dele kunnskapen min med andre. Det var ikke et Kall som slet meg ut, men jeg tok det alvorlig. Jeg tok min del av de mindre attraktive pliktene. Jeg stilte opp når det var min tur til å samle søppel og vaske gatene. Det gjorde vi alle.
verten side 512

Mange eg har snakka me har prøvd å lese verten, men har ikkje forstått byrjinga, noko eg forstår. Det er ikkje lett å halde fram, og eg forstod ingenting verken første eller andre gongen eg prøvde, sjølv om andre gongen las eg vidare, og til og med no syntes eg det var vanskeleg å verkeleg forstå innleiinga, men eg har ikkje lese boka på lenge heller då. Likevel, kjem du over den første kneika på eitt eller to kapittel går resten av seg sjølv. Historia river deg med seg. Jegeren blir både Melanies, Vandrers og lesaren sin største fiende frå første augeblink. Ho er farleg og gjer alt for å få kloa i dei menneska Melanie prøver å verne mot Jegeren og dei andre sjelane. Desse menneske er no i ørkenen, saman med leiaren, Melanies onkel Jebb, og der er dei godt skjult for eventuelle farar. Saman prøver Melanie og Vandrer å nå fram til staden, i same kropp. Dei har gått frå hate kvarandre til å utstå kvarandre.

Nokre andre spørsmål boka gir lesaren er om utsjånad har noko å seie for kven ein elskar. Kan Vandrer bli elska, sjølv om ho er ein lite sølvorm bak i hovudet til Melanie, eller er det Vandrer i Melanies kropp dei elskar? Slike spørsmål er aktuelle i dagens samfunn kor utsjånad og kropp gir status, uansett kvar kjendisar prøver å gjere uttrykk for. Det hjelper ikkje at Tone Damli står fram i media og seier at det er kven du er som betyr noko, når ho òg kan gå ut og seie korleis ho har fått den kroppen ho har fått. Det er ikkje berre Damli Aaberge som er slik, men dei fleste kjendisar som har fått bein og gå på og er meir kroppsfikserte enn godt er. Ved å gi Vandrer og dei andre sjelane akkurat namnet sjel, gjer Meyer eit godt grep. Sjel seier noko om kva som er inni ein person, kven personen er, og ikkje korleis han ser ut. Vertskroppen har ikkje noko å seie for korleis sjelane opptrer. Dette er kanskje det beste ved heile boka. Skilje mellom veremåte og kroppen er forskjellige, og sjølv om Melanie lever inni vertskroppen saman med Vandrer kjem dette tydeleg fram på alle måtar.

Boka er fortalt i første person av Vandrer med Melanie som ivrig lyttar til alle tankar. Lesaren blir vitne til dei indre samtalane mellom verten og eigaren av vertskroppen, utan dette svekker boka og gjer det irriterande, men heller styrkar boka. Det er ingen allvitande forteljar her, noko som er med på å byggje opp rundt Vandrers tankar og dårleg sjølvtillit, for ho er usikker på korleis menneska ser på henne. Det er få personar som er sett på spissen. Veldig få, synes eg. Det finst både dårlege og gode sider med alle i boka, og det gir eit perspektiv på alt. Me ser på menneska frå Vandrers synsvinkel, og ho ser på dei som vonde beist og har først fordommar mot dei. Boka reiser mange spørsmål med veremåten vår og kva val me ville tatt i nokre situasjonar. Drepe nokon andre for å redde oss sjølve, eller la vere og drepe for å spare personen og heller sjå korleis det går?

Når eg les denne boka, kan eg ikkje forstå at Meyer har skrive Twilight-bøkene, for dei er direkte lavmåls i forhold.

onsdag 1. mai 2013

1. mai - I'm back


Knapt ein månad har det vore veldig, veldig stille her på bloggen. Eg hadde ein nokså uplanlagd lang pause, kor det enten var skulearbeid, konferanse eller sjukdom som tok tida mi. Trur det ikkje at eg først blei sju søndag for litt over ei veke sidan heilt til onsdag, så hadde mattetentamen og styremøte og ei helg kor eg baka og koste meg, før eg vart sjuk igjen på søndag. To forskjellige sjukdommar på ei veke, då er det ikkje veldig mykje overskot til å blogge av sikkert kjente grunnar.

Siste boka eg blogga om før pausen var det syvende barnet, som eg likte veldig godt. Etter den fullførte eg ikkje ei einaste bok før laurdag sist veke, og då vart eg ferdig med verten av Stephenie Meyer. To bøker lese i april, det er dårleg, dårleg, dårleg...

Einaste grunnen eigentleg til at eg skriv dette innlegget er for å gi eit lite hint om at nå prøver eg å komme tilbake. Litt stress med skule akkurat no, men likevel mange gode langhelger så eg kan lese i, så det blir koooooooos! Eg har blant anna oppdatert "om meg"-sida, viss nokon følte for å bli endå betre kjent med meg. Eigentleg var det vel no eg skulle pusse opp heile bloggen berre for å markere at eg er tilbake, i tillegg til å vere litt nyskapande, men sorry, eg er nøgd med bloggen slik han er. 

Likevel, for dei som ikkje har fått det med seg, har eg eiga facebookside for bloggen som de kan like, viss de vil. De søker berre på Once Upon a Time - ein bokblogg 

Inntil neste innlegg,
ha det fint, og ha ein fin mai månad!


søndag 7. april 2013

bok: det syvende barnet av Erik Valeur

Medan eg las denne boka, tenkte eg fleire gonger: Liker eg det syvende barnet? Er det ei bok eg kan abefale vidare? Som bokbloggar sit ein av og til og berre leitar etter feil i bøker, særleg i bøker på over åtte hundre sider. Ein ser etter det som berre er med for å ha det der, det som eigentleg ikkje trengs, men som forfattaren har spedd på med. Ein ser etter skrivefeila eller eit lite brot i skrivestilen. Ein ser etter lekasjar og stader der forfattaren skriv noko heilt anna enn for hundre sider sidan. Kva så når ein ikkje finn dette?

Året er 1961, året som blir mest vektlagt i Valeurs debut om Kongslund barneheim, ein barneheim i Danmark det i følge denne boka er knytt store mysterie til. Eg elsker jo krim, og då særleg nyskapande krim som skil seg ut og greier å lage eit anna dilemma enn berre ein drepen person utan mordar. Takk og pris klarte Valeur dette, og sjølv om eg har likt å lese Läckberg og Kallentoft, vil eg seie at Valeur verkeleg scorar høgt hjå meg berre ved å tenkje nytt! For sjølve plottet dreier seg ikkje berre om kven som har drepe personen på stranda i nærleiken av barneheimen Kongslund, men saka rundt alle adopsjonane og barna som var på Kongslund i 1961. For på den tida var det sju barn på Kongslund. Forstanderinna på Kongslund, frøken Ladegaard, òg kalla Magna, gjer alt som står i hennar makt for å finne familiar til barna som er passande, men dette året skjer det noko som forandrar alt for barneheimen. Det har i lang tid gått rykte om at mange av barna på barneheimen har fedre som er høgt oppe i samfunnet og at mødrene har blitt tvungne til å adoptere bort barna for alles beste. Magna er dyktig og gjer alt så diskret som mogleg - utan spor.

Det er mange synsvinklar i boka, men ein utmerkar seg. Magna har ei pleiedatter som ho har namngitt Inger Marie Ladegaard, men som berre blir kalla Marie. Sjølve historia blir fortalt frå hennar synsvinkel i første person mykje av tida, samstundes som det er med ein allvitande forteljar som fortel om dei andre karakterane i tredje person. Ein får tilgang på kjenslene til dei fleste, men løyndommane kjem ikkje på samlande band. Utover i boka blir kvar av karakterane si historie så smått om sen fortalt, men ein må vente på avsløringar av den store karakteren. Det største med boka er kanskje måten forfattaren har fortalt historia frå Maries synsvinkel. Ein trur at ein kjenner Marie heilt, men likevel er det ho som sit inne med flest løyndommar og mest som er skjult frå lesaren, utan at ein merker det. Eller, me merkar at ho veit ein del, men ikkje så mykje som det til slutt kjem fram. Det at ho som utleverer mest til lesaren gjennom ein første persons synsvinkel kan halde inne så mykje, det er eit grep få forfattarar meistrar. Valeur har meistra det, og eg er mektig imponert. Dette må vere Danmarks beste debut på lang tid.

Valeur har ikkje berre skrive ei god bok, men ei banebrytande. Han skriv på ein måte og har bygga opp boka på ein måte me sjeldan ser i denne sjangeren. Han tårer å vere utradisjonell heilt til den siste sida, og likevel skriv han så bra at han får prisen for Nordens beste krim. Det er det få debutar som klarer. Mange utradisjonelle krimdebutar skal vere svært gode for å kunne vinne ein pris i det heile teke. For å gjere noko utradisjonels skal du nesten ha eit langt forfattarskap av gode bøker bak deg som kan demme opp for den nye boka, viss ho skulle bli godt motteke, men det er ikkje tilfellet med Valeur.

Samstundes som boka handler om adopsjon og ein barneheim, handlar ho òg om andre meir djupe spørsmål. Identitet, familie, universet, Gud. Eg syntes kanskje identitet var det mest interessante. Identitet er veldig "in" å snakke om i dagens samfunn. Kven er du? Kjendisar bryr seg om identitet og seier ofte "Eg er berre meg sjølv". For ungdommar er det tøft å lage sin eigen identitet samstundes som dei prøver å gli inn i mengda. Likevel er det ikkje berre slik identiet det er snakk om, men eit identiteten til eit adopsjonsbarn. For dei som ikkje får vite at dei er adoptert, veit dei kven dei er? Er dei seg sjølv? Bør dei få vite sanninga og finne ut kven dei eigentleg er og har adopsjon noko så helst med den du blir å gjere. Marie Ladegaard i boka er for at alle adopterte barn skal få vite kven dei er. Ho skuldar foreldra for å vere løgnarar som ikkje fortel noko. For henne er opphavet noko av det viktigaste, kanskje for det ho ikkje veit noko om sitt eige opphav. For å vere litt personleg kan eg seie at svaret er både ja og nei. Ja, eit adoptivbarn bør få vite så tidleg som mogleg at det er adoptert. Å utsetje det er noko av det dummaste ein person kan gjere. Det beste er kanskje å berre la det vekse opp og vite frå første stund at det er adoptert. Eg trur at då kan forholdet til mor og far bli betre enn viss barnet får vite det på attenårsdagen til dømes. Eg trur òg at identiteten din har noko med foreldre å gjere. Foreldre påverkar barna sine på mange måtar. Meiningane deira til dømes kan òg påverke meiningane til barna. Likevel er det forholdet til adoptivforeldra som er viktigast. "Av same kjøt og blod" trur eg ikkje har så ekstremt mykje å seie. I alle fall ikkje viss du er instilt på at det ikkje har noko å seie. Vektlegg du det veldig vil du automatisk føle meir avstand enn viss du innstiller deg på at ikkje gjer noko.

Nei, over til noko anna. Samla sett ein knakande god debut. Litt treigt i byrjinga av og til, men det vart litt oppstykka med skule og jobb inni mellom, men det er heilt klart ei av dei beste bøkene eg har lese. Storleiken har ikkje noko å seie. Det eg nemnte i byrjinga om delar av boka som ikkje hadde noko med resten å gjere, nja, dei finst kanskje. Mange historier er ikkje nødvendige for oppklaringa av saka, men likevel spennande og interessante. Dei lærer oss å kjenne menneska som Valeur og Marie i godt samarbeid skildrar. Meininga har er der. Det er ikkje meinngslaust, og som de sikkert har forstått er svaret på mitt første spørsmål ja. Ja, eg likte boka utrurleg godt.

Tusen takk til Schibsted forlag for leseeksemplar. Skal bli teke godt i vare på i all framtid ;)

onsdag 3. april 2013

mitt tematips #10: et klapp på skuldra

Kvar onsdag har Geir på bokbloggeir.com ein fast spalte som han kallar "mitt tematips". Formålet er å få gløymte eller usette omtalar fram i lyset. I dag skal me gå ut frå temaet: "et klapp på skuldra". Me skal altså finne eit innlegg på ein annan blogg som me synes er bra og linke tilbake til det. Eg har hatt så mykje å velje i, for det er så mange fantastiske bloggar der ute og så mange fantastiske innlegg!
Likevel er det nokre som har fått meg til å lese nye bøker som kanskje har blitt ein favoritt eller som rørte meg skikkeleg. Andre har skrive omtalar av bøker som eg har lese og som har sett ord på viktige poeng i boka.

Eit av vala mine i dag har falt på Anettes omtale av boka ekstremt høyt og utrolig nært. Etter det innlegget var det berre å springe på butikken og kjøpe boka!

Eit utdrag frå omtalen til Anette:
Boken er skrevet på en utrolig spesiell måte og fikk meg til å tenke på "Boktyven" av Markus Zusak. Ved første øyekast ser boken ut som et sammensurium av tekst, tegninger og bilder, men etterhvert som man leser skjønner man at hver minste detalj har en mening. Jeg må innrømme at jeg et par ganger ikke skjønte noen ting av det jeg leste, men lenger ute i boken kom setningene som gjorde alt forståelig. Fantastisk!!
Anette på Anettes bokboble 17.09.2012

Dette er nokre av setningane eg synes er med på å skildre denn heilt fantastiske boka. Etter å ha lese omtalen til Anette MÅTTE eg berre kjøpe ho. Oskar, som er hovudperson, har vore med i innlegget mitt om den herligaste romankarakteren i eit av tematipsa mine, og dette er òg ein av grunnane for å velje denne omtalen. Å oppdage dennne karakteren har vore heilt spesielt, og slik som eg har sagt før: Hadde eg vore åtte år hadde eg vore forelska i denne guten. Alt han finn på og alt han kan! Sjarmerande, men likevel alvorleg.

Det andre innlegget eg vil trekke fram, er eit som de sikkert har lese før, men som likevel var viktig for at eg las akkurat denne boka.

Line på Lines bibliotek var den som verkeleg fekk meg til å ville sjå kva som skjulte seg bak omslaget på the casual vacancy.

Eit lite utdrag frå omtalen:

The Casual Vacancy er – som tittelen lover – en politisk roman. Rowling har lært mye av både Jane Austen og Charles Dickens, og hun kombinerer elegant og vittig satire med grim, usensurert sosialrealisme når hun viser hvordan klasseskiller fungerer i praksis, og hvordan fattigdom reproduserer seg selv og sprer seg i et samfunn. Den Austen-inspirerte satiren appellerer til leserens intellekt og kritiske sans. Den Dickens-liknende sosialrealismen henvender seg til leserens følelser, og da først og fremst barmhjertigheten. En moderne variant av “Please sir, I want some more.”
Omtalen er bra frå ende til annan. Line har skrive kjempemange supre omtalar som har gitt meg lyst til å lese bøkene eller som forstår at denne boka treng eg ikkje byrje på ein gong. Den bloggen er verdt eit besøk!!

For å sjå fleire anbefalingar om boktomtalar kan de gå her

torsdag 28. mars 2013

Mitt tematips #9: "en god påskekrim"

Satus Skjærtorsdag 2013: glad for å ha ferie! Likevel har eg hatt dårleg tid til å skrive på bloggen dei siste dagane Eg har jobba mellom seks og åtte timar kvar dag sidan laurdag (utanom Palmesøndag), og sjølv om det berre er ein (enkel?) butikkjobb, kan det vere nok i seg sjølv. Særleg sidan me har ein halvtime med pause og butikken er på Kvadrat. Ikkje missforstå meg, det er kjempegøy å anbefale bøker og pakke inn gåver, men du får ikkje tid til så mykje elles i tillegg til litt lang reiseveg tilbake frå jobb. Men det har vore gøy, det har det. All jobbinga har resultert i at det ikkje blei skrive noko i går, for kvar onsdag har Geir på bloggen bokbloggeir.com ei spalte på bloggen han kallar for mitt teamtips. Det går ut på at me skal tipse om omtalar bøker som andre ikkje har sett eller gått glipp av. Samstundes får me mange nye boktips, noko som er veldig positivt, sjølv om stabelen med uleste bøker plutseleg kan vekse frå fem til ti.

Denne veka er temaet "en god påskekrim." Eg har lese så mykje krim det siste at det er nestne det einaste som står i hovudet på meg. Held for tida på med det syvende barnet av Erik Valeur, men har ikkje kome så veldig langt sidan eg les boka paralellt med monkeys with typewriters. Påskekrimen eg skal tipse om nå er ei bok eg las nå i mars for nokre veker sidan, nemleg den femte årstiden av Mons Kallentoft. Boka var enormt bra. Kallentoft er min favorittforfattar og eg byrja på å lese serien i fjor før påske (riktignok bok #2 og bok #4 først, og så bok #3 i mai), så haldt eg fram dette året. Den femte årstiden er kanskje den beste boka bortsett frå sommerdøden spør du meg. Eit lite utdrag frå omtalen:
Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.
Dessverre har eg ikkje fått kommentert så mykje i det siste, og eg er dessverre alt for dårleg til akkurat det! Eg skal prøve å bli betre til å kommentar hod dykk og svare på alle dei fine kommentarane de legg inn på denne bloggen!

Ha ei fin påskeveke vidare!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

følg bloggen på epost