I nokre av bøkene er det fleire hovudpersonar, og i mange av bøkene er det dei same. Likevel tel eg med i frå kvar einaste bok.
8 menn/12 damer - som vanlig er det heilt tilfeldig, men denne gongen er den næraste eg har kome likestilling. Har sikker mykje med Patrik i Camilla Läckbergs bøker å gjere. Han er tross alt hovudperson i fire av bøkene eg har lese.
Land etter forfattar
Storbritania:Chris Cleave
USA: Beverly Lewis, Nicholas Sparks
Tyskland: Kerstin Gier
Sverige: Camilla Läckberg, Johan Theorin
Noreg: Anne Cecilie Remen
Land forfattarane tok meg med til
Nigeria, Storbritania, USA, Sverige og Noreg.
Favorittperson:
Erica Falck, Little Bee eller Jamie Sullivan
Bøker eg ikkje fekk lese
Ingen avbrot i mai, fantastisk! Lenge sidan det skjedde.
Mål vidare
Dei står rett nedanfor her, i tillegg til at du kan gå på sida som heiter solskinsmål 2012 for å sjå kva mål eg har. Btw, giveawayen, siste frist i dag til å melde seg på. Som sagt før, de kan vinne sjelekisten av Ann Rosman eller vente på Robert Capa av Susana Fortes.
Nedanfor her er mine solskinsmål
Ha det fint!
ps. alle nådde solskinsmål kjem opp i margen til høgre på bloggen rett under siste tre leste bøker.
Nå er det sommar igjen, og dette året har eg òg tenkt å ha nokre solskinsmål. Eg merka det var gøy i fjor å gjere det, og så veit eg kva eg vil lese. Dette året er det dette eg skal lese.
klasikkarar
stolthet og fordom, Jane Austen vår felles venn, Charles Dickens
Er det ikkje bare herlig med fri av og til. I det siste har eg fått mykje tid til å lese, rett og slett for mange i klassen min har sete med hovudet ned i eksamenspapira, noko eg er ferdig med førebels. Eg hadde matte sist måndag, og i tillegg hadde ikkje dei andre fri då me hadde forbereding til matteeksamen, men me har fri når dei forbereder seg. Alltid veldig gøy å ha fri då. Uansett, den femte og siste fridagen på sei stund. Og med den, boktema hos Anette. I dag er boktemaet boken som ville blitt den perfekte film/TV-serie.
Eg skal ærlig innrømme at film ikkje er mi sterkaste side, og eg er ikkje den som veit kva det siste nye er. I tillegg så er jo min favorittbokserie, Harry Potter, allereie ute på film. Før jeg sovner skal bli film og reisen hjem òg, og det var toppkandidatane, men likevel har eg greidd å finne på noko.
englemakersken av Camilla Läckberg
Som de kanskje har sett har eg kasta meg på Läckberg, og førebels er dette den boka eg likte best, kanskje fordi eg las ho først og synes at eg har møtte på dei same personligdommane i alle dei andre bøkene òg, men under andre namn. Likevel, å sjå denne på film hadde vore storarta. Rett og slett av den grunn at eg ville settt påskebordet som blei forlatt og sjølve huset og alt som skjer i denne boka. Hadde sikkert blitt ein forferdelig spennande, men brutal film. Likevel trur eg han hadde gjort det bra, og eg er sikker på av biletet av bordet som var dekka, men rommet som var heilt tomt for folk, hadde gitt meg skikkelig gåsehud. Det gjorde deg jo då eg las boka òg.
Påsken 1974. En familie forsvinner sporløst fra øya Valö utenfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekket, men alle, bortsett fra ettåringen Ebba, er borte. Er de ofre for en forbrytelse, eller har de forsvunnet frivillig? Gåten blir aldri løst. Mange år senere kommer Ebba tilbake til øya og huset der hennes far med jernhånd har ledet en internatskole. Hun og mannen hennes, Mårten, har nettopp mistet sin tre år gamle sønn, og i et forsøk på å komme over sorgen har de bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte en liten Bed and Breakfast. Men nesten før de får etablert seg, er det noen som forsøker å tenne på huset. Og da de begynner å fjerne gulvplankene i spisestuen, finner de størknet blod under...
Utanom denne kjem eg dessverre ikkje på noko. Eg er redd for at heile magien med Kate Morton og Victoria Hislop hadde blitt broten, viss det hadde blitt laga film. Det speler seg ein film inni hovvuet ditt når du les med dine eigne andlet og dine eigne bilete av stader og personar. Å då lage film øydelegger mykje av magien, og eg er redd for at plutselig så ser du bare bileta i frå filmen når du tenker på boka. Plutselig er det ikkje fantasien din som danner bilete, men ein regisør som har hatt heilt andre bilete.
Derfor lar eg det bli med denne boka.
Og viss nokon lurer så er det to linkar under Anettes innlegg, men den eine er dessverre heilt feil. =P Tydeligvis noko som har hengt seg opp.
Nå er den etterlengta oppfølgaren her, og den skuffar ikkje!
Hva gjør man når man får knust hjertet sitt? Riktig, man ringer til bestevenninnen, spiser sjokolade og velter seg i ulykken i ukevis. Bare dumt at Gwendolyn, som er tidsreisende mot sin vilje, trenger energien sin til helt andre ting. Til å overleve, for eksempel. For trådene som den tvilsomme greven av Saint Germain har spunnet i fortiden, drar seg også i nåtiden sammen til et farlig nett. For å komme på sporet av hemmeligheten må Gwen – om hun har aldri så mye kjærlighetssorg -- ikke bare danse menuett sammen med Gideon på et storslått ball på 1700-tallet, men også kaste seg hodekulls ut i eventyret.Smaragdgrønn er en herlig og etterlengtet avslutning på bestselgende trilogi.Kjærlighet til alle tider-- bøker å forelske seg i!
Heile boka byrjer der safirblå slapp. Gwendolyn er såra over at Gideon som har hevda at han maniopulerte henne til å forelske seg i han. Såra er faktisk mildt sagt ei underdriving. Ho er heilt knust og sender meldingar og ringer til veninna Leslie. Sjølv har Giedon sagt at han framleis vil vere vennen hennar, sjølv om han ikkje er forelska i henne slik som han har hevda tidligare. Vil vennskapet mellom dei overleve og er Gwendolyn villig til å tilgi?
I tillegg så er det eit stort problem at Gideon og Gwendolyn skal på ball hjå greven saman, og Gwenny har framleis ikkje greidd å tilgi han for måten han har oppført seg på. På toppen av alt er ho stuptrøyt, og i tillegg har ho nattlige besøk hjå ein person i fortida ho er veldig tett knytta til. Kan han gi henne svar?
Charlotte er òg eit stort problem. Ho går stadig rundt i huset og snokar og prøver å finne løyndommen til Gwenny og personen frå fortida. Korleis skal Gwenny greise seg gjennom alle tidsreisene, bevare løyndommen sin og i tillegg vere vaken nok til å vere observant?
Lucy og Paul, Gwennys kusine og mannen, er framleis viktige nøkkelpersonar, og begge hevdar framleis at ringen ikkje bør bli slutta og at kronologen ikkje bør innehalde alles blod. Skal Gwenny, Gideon og dei andre voktarane tru på dei? Er det kanskje greven, som hevdar at når ringen er slutta kan dei få eit middel til å kurere alle sjukdommar, som har rett? Kven skal dei stole på?
Stadig fleire puslebetar kjem opp for dagen, men er dei mange nok til å danne seg eit klart bilete av kva som skjer? Samstundes som Gideon og Gwenny er travelt opptattt med konfliktar i fortida skjer det nye oppdagingar i samtida som er meir personlig for Gwenny enn noko ho hadde drøymt om.
Å starte opp rett etter den forrige boka er ein genistrek, og ein av grunnane til at eg byrja på denne boka var sjølvsagt at eg ikkje fekk ein skikkelig slutt i den forrige. Likevel var det vanskelig å setje seg inn i boka igjen, for det er tross alt over eit halvt år sidan eg las dei to forrige, men det var lett å setje seg inn i handlinga og personane igjen. Måtte bare ha litt tid på meg.
Xemerius gir bare krydder til boka. I byrjinga av safirblå syntes eg han bare var iriterande, men no kan eg ikkje tenke meg serien utan ein demon som svever rundt Gwenny. I tillegg er dei personlige problema ikkje for storre, og dei tek ikkje for stor plass, så den verkelege handlinga kjem godt fram. Eg var litt nervøs før eg byrja på om dei personlige problema blei så framtredande at det andre ikkje vart synlig nok, men det var ein fin balansegang i boka.
Som dei andre er denne boka fengane og velskriven. Komplottet er kjempebra lagt opp. Eg som elles ikkje er veldig begeristra for fantasy har elska denne triologien om Gwenny og Gideon og Charlotte og Leslie og Lucy og Paul og Greven og voktarane. Storarta. Kjærlighet til alle tider - ein serie som til og med ikkje-fantasy-elskande personar kan bli fenga av!!
Sist, nydelig omslag. Den norske utgåva har eit betre enn den tyske som har dette:
Eg synes i alle fall dette. Dette ser meir ut som ei tragisk kjærleikshistorie. Det omslaget som er på den norske ser mystisk ut og er på ein heilt annan måte valt ut i frå handlinga.
Omtalen min av rubinrød er her, og omtalen av safirblå er her.
Viss du vil legge boka til goodreads-lista di kan du gå her, og vil du legge den til bokelskerlista kan du gå her.
Her kan du lese ein smakebit Bokelserinnen hadde i frå boka.
Dette er då eit "Läckberg spesial-innlegg" der eg presenterer tre av Läckbergs krimbøker. To av dei er i serien om Patrik Hedström, og den siste er om Martin Molin, ein liten pocketutgåve som er veldig Agatha Christie og bare på litt over 150 sider. Eg tar det etter kva bok eg las først og fram til den eg gjorde ferdig i dag. Seinare vil det òg komme innlegg om smaragdgrønn av Kerstin Gier.
snøstorm og mandelduft
En snau uke før jul samles familien Liljecrona til slektstreff på øya Valö utenfor Fjällbacka, og Martin Molin ved Tanumshede politistasjon må følge med sin venninne Lisette Liljecrona. De er samlet på oppfordring av familieoverhodet Ruben, som styrer slekten med jernhånd. Men forbindelse til fastlandet blir brutt av en kraftig snøstorm, og da Ruben faller død om under middagen, tvinges Martin som politimann til å gripe inn. Han konstaterer raskt at Ruben er blitt drept, og at alt tyder på at noen har forgiftet ham. Ettersom de er isolert på øya, må den skyldige være å finne i familien. Men hvem? Kortromanen Snøstorm og mandelduft er et lukket rom-mysterium i ekte Agatha Christie-ånd.
Ja, boka er kanskje i ekte Agatha Christie-ånd, utan at eg kan uttale meg om det, sidan eg aldri har lese noko av henne, men andre seier det at høyres veldig Agatha Christie ut. Etter det eg har høyrt om henne synes eg òg det. Boka er langt i frå like velskriven som dei andre, men det er jo forståelig med tanke på andtal sider. Kanskje det går an å legge på eit lite antal med det, for så å skrive betre, men lengre. Litt over 150 sider er rett og slett litt for lite, sjølv om det bare utspelar seg over nokre får dagar. Komplottet og mysteriet var betre. Der synes eg ho fiksa det, og til tider var det veldig spennande. Läckberg kan krim.
Martin Molin er med kjærasten Lisebette til øya, og sjølvsagt kjem det ein snøstorm. Ikkje akkurat veldig gøy kan me vel seie, men slik er det. Samstundes døyr det ein person, overhovdet i familien Rune. Han skal ha vore grisk og ha hatt for høge forventningar og ambisjonar til barn og barnebarn.
Andre som er samla er Lisebettes foreldre, bror, onkel, tante og søskenbarn. Alle har kvar sin personligdom, og med det kvar sin måte å takle ting på. Nokre taklar det betre enn andre.
Eg sa i omtalen av englemakersken at personane var alt for stereotype. Det er dei i alle fall her. Eg synes at dei var dårlig laga, og heile skildringane var bare teite. Var du dum, var du skikkelig dum. Var du snill, ja, så var du snill. I tillegg var det veldig klisjé av og til, og ho kunne brukt mange av sidene med unyttige opplysningar til å gjere boka betre. I tillegg var løysninga sånn rask utveg som var alt for enkel. Heile avslutninga blei feil i boka. Sorry, Camilla Läckberg, dette var skuffande. (men den er kort, så det går ikkje meir enn eit par timar å lese ut, så det er lov å prøve)
ulykkesfuglen
Marit Kaspersen rørte aldri alkohol. Likevel har hun en promille på 6,1 da hun blir funnet død i bilen sin etter en utforkjøring. Hun har også noen uforklarlige blåmerker og rester av tape rundt munnen. Patrik Hedström og kollegene hans på Tanumshede politistasjon oppdager etter hvert at det har vært liknende tilfeller andre steder i Sverige, og skjønner at de står overfor en morder som får det til å se ut som om offeret har omkommet på grunn av rattfyll. En avrevet side fra eventyret om Hans og Grete er alltid etterlatt i nærheten av den drepte. Like etter Marits død blir en av deltakerne i reality-serien Fucking Tanum, som spilles inn i Fjällbacka, funnet myrdet i en søppelcontainer. Har denne saken noen sammenheng med de andre drapene?
Denne fenga heilt i frå byrjinga. Innleiinga, med handling i frå ein stad som me ikkje visste noko om, var veldig Kallentoft i skrivestil, men samstundes veldig Läckberg. Kjempeflott. I tillegg kan ho det med å byrje ei bok med ulykka som skjer og ikkje med noko heilt anna. Det gjer at du slepp å tenke på om det snart skal skje noko i boka.
Hanna er den nye arbeidaren på politistasjonen i Tanumshede. Etter litt påpeik frå øverste hald har Mellberg endelig ansatt ei jente for å vege opp litt på kjønnsfordelinga. Allereie før ein time på stasjonen har gått er ho og Patrik ute og ser på ei bilulukke. Som det står over, Marit Kaspersen er offeret og kraftig berusa, sjølv ho aldri har rørt alkohol. I tillegg til dette er det andre merkelige skadar på kroppen hennar.
Avhøyra byrjer og Patrik, Martin, Hanna og alle dei andre må byrje å nøste opp trådane i mysteriet. Samstundes kjem bryllupet til Patrik og forfattaren Erica Falck nærare, og Patrik jobbar stadig. Blir dei ferdige i tide?
Unektelig spennande og veldig velskriven. Det var tydelig at boka var populær og tydelig lesen mange gonger. Den var brun og hadde eit preg av å vere lesen ekstremt mange gonger, noko som er veldig forståelig. Eg elsker heile komplottet og alt. Og i tillegg, litt skryt til meg sjølve, eg fann ut før politiet kven det var, haha, ikkje på grunn av dårlig skriving, men fordi eg alltid tenkar nøye gjennom det. Mange andre les og ser kva som skjer, eg må tenke òg når eg les krim, og av og til treff eg det som er korrekt.
Denne boka er heilt klart ei av dei beste i mai.
steinhuggeren
En hummerfisker finner liket av ei lita jente i en av teinene sine. Politiet tror først at det dreier seg om et ulykkestilfelle. Men obduksjonen av syv år gamle Sara viser at hun har ferskvann i lungene. Noen har tatt livet av henne og siden kastet henne på havet. Og noen må ha fôret henne – med aske? For Sara har aske i munn, mage og lunger. To andre barn utsettes senere for forsøk på askemating. Asken har en lang og makaber historie og er nøkkelen til mysteriet. Drapet har en forbindelse med Agnes Stjernkvist. Hennes historie begynner i Strömstad på 1920-tallet og får tragiske følger i nåtid. Det er en historie om hvor langt man kan være villig til å gå for å få det man ønsker seg.
Nettopp ferdig med denne triste, men nervepirrande boka. Tenkt å drepe eit barn på den måten! Det er rett og lett heilt bortanfor min forstand at nokon kan gjere noko slikt. Patrik og dei andre i politiet får denne gongen ei veldig vanskelig nøtt. Her er ikkje personane så stereotype lenger heller. Det gler meg stort at dei ikkje er det.
Paralelt med historia om Sara og politietterforskinga får me òg høyre om Agnes og Steinhuggaren Anders som levde på 20-talet. Det er historie om kjærleik og å vere grådig. Det skal snart vise seg at denne historia har noko å seie for nåtida.
Eg har sagt det før, skrekkelig vanskelig å skrive omtale av krim. Håper eg ikkje røper noko for dykk, så derfor skriv eg heller noko om kor god denne boka var. Den var kanon, med unntak av løysinga. Det eg tippa på at var rett denne gongen var dessverre ikkje rett. Det merkeligaste i heile boka er ein nabofeide midt opp i alt det andre. Det synes eg er veldig morosamt, men samstundes litt sånn: "FÅ GANG PÅ ETTERFORSKINGA!!" Det gjer at alt blir endå meir nervepirrande. Gled dykk til å lese denne, om de ikkje allereie har gjort det då.
Nå er dette innlegget slutt, og eg avsluttar med songar i frå Eurovision. Sverige vann, og eg er superglad, for eg heia nemlig på Loreen. Nydelig sang!! I tilegg hadde Island ein veldig fin.
Torsdag igjen og eit fantastisk vêr ute. Eg tenkte eg skulle unne meg ein tur inn til Stavanger og få meg lånekort på Sølvberget i finvêret. 25 grader og strålande sol og bare bitte litt vind, sjeldan på Jæren. Uansett, til det dette innlegget skulle handle om, boktema hos Anette. I dag er temaet min favorittforfatter på bokstaven H.
Det var ikkje veldig vanskelig, sidan eg føler at dei fleste forfattarar plutselig fekk eit fornamn eller etternamn på H. (plutselig hm? Dei hadde det i frå før av òg)
Victoria Hislop
Vicotira Hislop er blei født i 1959 og er ein engelsk forfattar. Ho debuterte med roman i 2005, øya, om leprakolonien på Spinalonga rett ved Agios Nicholaos på Kreta. I 2008 kom hjemkomsten ut, ei bok som skildrar den spanske borgarkrigen. I 2011 kom ho òg ut med ei flott novellesamling (en aften på Kreta) og dette året kjem nok ein roman kalla tråden.
Øya (debutromanen)
Morens hemmelige fortid på KretaI det hun er i ferd med å ta en avgjørelse som vil forandre hennes liv, ønsker Alexis Fielding å finne ut mer om morens fortid. Men alt moren Sofia vil vedkjenne seg om sin fortid, er at hun vokste opp i en liten landsby på Kreta før hun flyttet til London.Da Alexis bestemmer seg for å reise dit, får hun med seg et brev fra moren, som hun må levere til en av hennes gamle venner. Alexis ankommer byen Plaka Hun blir forbløffet over at byen bare ligger et steinkast unna den bitte lille, forlatte øya Spinalonga Hellas tidligere koloni for spedalske. Deretter finner hun mors gamle venn Fortini og får endelig høre historien moren har skjult hele sitt liv. En familie rammet av tragedie, krig og lidenskap Historien om hennes oldemor Eleni og hennes døtre. Hun oppdager hvor nært hun er knyttet til øya, og hvordan øyas hemmeligheter holder alle i sitt kraftige grep.
Førebels har eg bare lese ei bok av henne, men ho har ein veldig fin skrivemåte og fortel veldig fengande. Ho er ein amerikansk forfattar som blei født og vaks opp i Collegeville i Penselvania. Ho har skrive ei bok som på engelsk har same tittel som øya av Hislop på Engelsk, nemlig the Island. På norsk er Hilderbrands bok kalla sommerøya. I tillegg denne har ho òg skrive et sommereventyr. Begge bøkene er gitt ut av Cappelen Damm.
sommerøya
Birdie Cousins er travelt opptatt med forberedelsene til datteren Chess’ bryllup. Birdie har ord på seg for å være svært grundig og forberedt på absolutt alt, men hun kan ikke forutse den nattlige telefonsamtalen fra datteren der hun forteller at hun har hevet forlovelsen og at bryllupet må avlyses. Nesten før støvet har lagt seg kommer enda verre nyheter som sender Chess inn i den dypeste fortvilelse. Birdie mener hun trenger en forandring. Hun kontakter også den yngste datteren Tate og den eksentriske søsteren India, og sammen reiser alle fire til sommerøya Tuckernuck Island utenfor kysten av Nantucket, der familien har tilbrakt sommeren i generasjoner. Ingen telefoner, ingen fjernsynsapparater – et sted uten forstyrrelser der de kan flykte fra vanskelighetene sine. Men når søstre, døtre, ekskjærester og familiehemmeligheter samles på en øde øy, kan mye skje. Dramatiske sannheter kommer for en dag, og gammel kjærlighet blir som ny.
Om Hagerup er det alt for mykje å seie til at eg kan skrive noko, for det er så mykje og så veit eg ikkje kva eg skal utelata. Likevel, han er ein enormt dyktig forfattar som har skrive Markus-bøkene og fleire andre. To av dei som har fascinert meg mest er nok høyere enn himmelen og Markus og karaokekongen. Markus og karaokekongen fordi den er veldig morosam, og høyere enn himmelen pga meininga bak boka og den fantastiske forteljinga om to gretne folk som får seg ein ven i kvarandre, men likevel, nå skriv eg mest om Karaokekongen fordi det der den boka eg kan hugse å først ha lese av Klaus Hagerup.
Markus og karaokekongen
I denne blir Markus med faren Mons på langtur. De drar til Kanariøyene i tre måneder, blant annet for å feire Mons' 50-årsdag, men først og fremst for å oppleve Eventyret. For dette er et nytt sted med nye muligheter, og de finner raskt ut at her kan de gjøre ting de aldri hadde tort å gjøre hjemme. Men hvordan skal Markus klare seg så lenge uten sin gode venn Sigmund - eller gjør han det?
Omslaget er i tillegg kjempestilig. Uanett, bør eg avslutte nå? Okay.
Viss du lurer på kva boktema hos Anette er så er det Anette som driv bloggen Anettes bokboble som kvar torsdag gir oss eit tema me kan skrive ut i frå. For å vere med går du inn på bloggen hennar kvar torsdag, ser kva dagens tema er, før du lager eit innlegg om det og legger linken inn i linkfunksjonen under innlegget til Anette. Her er dagens innlegg.
ei utrulig velskriven bok av ein flott krimforfattar
Påsken 1974. En familie forsvinner sporløst fra øya Valö utenfor Fjällbacka. Middagsbordet er sirlig dekket, men alle, bortsett fra ettåringen Ebba, er borte. Er de ofre for en forbrytelse, eller har de forsvunnet frivillig? Gåten blir aldri løst. Mange år senere kommer Ebba tilbake til øya og huset der hennes far med jernhånd har ledet en internatskole. Hun og mannen hennes, Mårten, har nettopp mistet sin tre år gamle sønn, og i et forsøk på å komme over sorgen har de bestemt seg for å pusse opp det gamle huset og starte en liten Bed and Breakfast. Men nesten før de får etablert seg, er det noen som forsøker å tenne på huset. Og da de begynner å fjerne gulvplankene i spisestuen, finner de størknet blod under...
I 30 grader og steikande sol har eg sete ute (på Jæren!!!!!!) i dag og lese englemakersken av Camilla Läckberg. Utrurlig bra bok som har halt bilkket mitt nagla fast til sidene konstant. Det var nedtur då eg måtte legge frå meg boka då det var middag. Likevel, på tross av at eg av og til ufrivillig måtte legge frå meg boka, fordi eg tok på meg solbrillene, (og ikkje greier å lese utan mine andre briller), så blei eg ferdig.
Ein forfattar som Erica som hovudkarakter var verkeleg noko som gjorde at eg blei fenga. Eg synes forfattarar, politi of journalistar er dei mest spennande hovudpersonane i ein krim, og i denne boka gav Läckberg meg alt. Her var alle yrker med.
Det er skikkelig vanskelig å skrive omtale av krim, for det er vanskelig å ikkje røpe noko, men eg kan seie at det var både fengane, spennade og overraskande. Patrik, Erica, Ebba, Mårten og Anna var personar det var kjekt å "bli kjent med." Sjølv om boka skildrar forferdelige tragediar, så er det òg dosar av ordinært familieliv, og litt mindre ordinært familieliv. Litt stereotype personar kanskje, og kanskje litt svart-kvitt og klisjé, eit litt negativt punkt, men er det ikkje slik det skal vere då?
Eg forstår ikkje kvifor dei største krimforfattarane kjem i frå Sverige (sjølv om me har Jo Nesbø og Anne Cecilie Remen). Kallentoft, Theorin og Läckberg. Det neste eg skal ta til med er Kerstin Gier, men så blir det meir Läckberg, Theorin og Kallentoft, og kanskje litt andre forfattarar òg.
Nå skal eg kose meg med smaragdgrønn resten av kvelden og håpar at den siste boka i serien er minst like bra som dei andre.
Søndag igjen og ein smakebit på søndag igjen. Ein smakebit på søndag er ei spalte Mari på flukten fra virkelighetenhar kvar søndag, og for å komme til dagens innlegg trykkar du på biletet.
Nå er eg nettopp ferdig med a walk to remember av Nicholas Sparks, men har ikkje fått starta på ei ny, så smakebiten i dag kjem i frå denne boka.
Landon Carter would never have dream about of asking Jamie Sullivan out, but a twist of fate throws them together. In the months that follow, Landon breaks down Jamie's natural reserve and begins to get to know her - and to fall in love. But then he discovers that Jamie has a reason for not letting people close - a secret that will break his heart.
Min smakebit:
I eventually reached Psalms, but somehow I knew this was what I was looking for. Everyone has heard the Twenty-thhird Psalm, which starts, "The Lord is my Sheperd, I shall not want," but I wanted to reas the others, since none of them were supposed to be more important than the others.
Kanskje litt rar smakebit, men eg hadde lagt ein hugselapp på den sida, så då fann eg noko derifrå i staden for å leite vidare.
Eg har bestemt meg for at dette kan bli omtalen av boka og bare skrive litt kva eg syntes om henne i dette innlegget.
Ho var svært bra og hadde ei handling med meining og som er veldig hjartevarm. Eg elsker Jamie, jenta som er ein av hovudpersonane i boka. Ho verkar så livlig, men likevel så stille og rolig. Nicholas Sparks har verkeleg lagt ei perle av ei bok her.
Hehe, heihei. Det blir litt lite blogging på denne tida, og denne gongen har eg verkeleg ein GOD grunn. Eg har eksamen på måndag, matte. Siste valet (ikkje at me fekk velje, men ville heller opp i norsk eller engelsk), så det blir litt lite blogging og lite lesing, men mykje pugging.
Og først nå får guttens mor Julia Davidsson høre om Nils Kant, som en gang satte skrekk i folk på øya. Han forsvant lenge før Julias sønn. Likevel hevder flere at de har sett Nils Kant – at han iblant vandrer omkring på det ölandske alvaret i skumringstimen. Hva skjedde egentlig den tåkefylte høstdagen for tjue år siden? På mesterlig vis ruller Johan Theorin opp en historie der fortiden kaster skygger over nåtiden.
Då er det ei lita stund sidan sist bokomtale, men slik får det bare bli i desse tider. Uansett har eg hatt ei veldig spennande og nervepirrande leseoppleving.
Heile komplottet og settinga i boka verka spennande på meg, då eg las om boka første gong. Eg var ho så heldig å vinne denne boka og nattefokk hjå Elida på my first, my last my everything. Å lese denne boka var i alle fall suksess, sjølv om det har gått litt ekstra lang tid.
Eg lurer på kva det er med svenske krimromanar som gjer dei så gode? Mons Kallentoft, Johan Theorin og Camill Läckberg, dei tre store. Og endå fleire som eg ikkje kjem på, men som òg er i frå Sverige. Lisa Marklun skriv vel òg krim.
Tilbake til boka, så spennande og nervepirrande bok opplever me sjeldan. Eg kjente det langt inne. Det er noko eige med bøker som dette, og når dei i tillegg tar med litt "spøkelser" og gamle historier i frå Öland i forteljinga (sjølvsagt oppdikta), så blir det ekstra bra.
Eg likte absolutt alt med denne boka. Strukturen, den autorale forteljarvinkelen og hoppa tilbake i tid. Det er slikt som fengar og gjer ein god krim til nettopp det, ein god krim. Om du ikkje har prøvd Theorin sine bøker tidligare, så anbefales det å gjere det nå.
Både Gerlof og Julia var gilde personar å bli kjent med. Litt spesielle kanskje, og mange av personane verka som folk som tok ting i sine eigne hender. Veldig lite samfunn der alle kjenner alle, men likevel ikkje kjenner kvarandre sånn kjempegodt. (Veit ikkje om de forstår kva eg meiner)
Eg sit igjen med både gode og litt småtriste kjensler etter ei slik bok. Den hadde både ei god og ei dårlig side, og den dårlige sida likte eg absolutt ikkje. Litt sur blir eg alltid når ting ikkje går som eg har tenkt, men likevel kan eg ikkje alltid få viljen min.
Noko av det beste var at han brukte verkemiddelet med ein nesten altvitande lesar. Altså at me visste alltid litt meir enn personane i boka. Då er det spennande å vente på kor tid og korleis noko skjer, når me veit at det kjem.
Til slutt min vanlige reklame: giveawayen min her! De kan vinne enten vente på Robert Capa eller sjelekista. Det er sponsa av Bazar forlag.
Viss de vil ha litt underhaldning, bør de lese dette. Viss eg skal få folk til å le, er det med ein gong kjøkkenkunnskapane mine eg dreg fram. For å seie det på den måten, dei er ikkje heilt på topp. Not at all.
For å trekkje fram ei historie.
Seinast for ti eller femten minutt sidan skjedde det siste. Ganske morosamt. Eg byrja å lage oreokake rundt tre i dag. Og eg har ikkje kome lenger enn til det andre laget endå. Hehe. Til vanlig så lager me oreokake rett på fatet, så det gjorde eg i dag òg. Eg la alle dei knuste oreokjeksa på fatet som vanlig, etter å ha blanda dei i smør. Det var akkurat som om dei ikkje ville forme seg skikkelig som den botnen eg pleier å lage, så eg blei litt usikker og tenke eg skulle vente til mor kom heim. Så laga eg då ostekremen til oreokaka, noko som tek si tid, og tenke at mor kjem nok heim i løpet av den tida der, men nei. (kø på apoteket, langt i frå mor sin feil) Etter eg var ferdig med kremen då ringte eg og spurte om hjelp til den her botnen. Jo, då fekk eg vite at eg hadde gløymt den runde forma rundt. Sånn rundform. Følte det var noko eg ikkje hugsa på, men kva? Så var det rundforma eg hadde gløymt. Hehe
Viss du ikkje kan læ av dæg sjølv, går du glipp av møje lått!
(Viss du ikkje kan le av deg sjølv, går du glipp av mykje morosamt)
Dette er då eit ordtak eller sitat i frå ein på Jæren som eg ikkje hugsar namnet på. Kanskje det er ukjent? Hugsar ikkje, men det har i alle fall sett seg fast. =)
Viss oreokaka blir ferdig, er ho meint til å sjå slik ut. =)
Framtidige favorittar er ei spalte laga av bokelserinnen der du skriv om kva bøker du trur du kjem til å like i framtida. I dag har eg valt å dra fram bøker inspirert av eventyr, eller med ein eventyrfigur med i tittelen.
En liten pike forsvinner på sentralstasjonen i Stockholm og faren blir raskt mistenkt. I en annen del av Sverige lever en ung kvinne i skjul, redd for å bli funnet av mannen som hun først trodde var den prinsen og befrieren hun hadde ventet på helt siden barndommen. Hun vet bedre enn noen andre hvorfor piken på toget er forsvunnet, og enda en gang forbereder hun seg på å flykte. Etterforskningen ledes av den legendariske politimannen Alex Recht, den ivrige kriminalbetjenten Peder Rydh samt den sivilansatte etterforskeren Fredrika Bergman.
Svensk krim er veldig bra har eg funne ut, og alltid når eg ser namnet Askepott på ei bok blir eg veldig nysgjerrig. Sjølv om det sikkert ikkje direkte er inspirert av eventyret er likevel tittelen nok til å gjere meg skikkelig nysgjerrig.
Askepott har alltid vore den store favoritten, helst ikkje Disney, men historia om då Askepott går til mora si grav og så kjem fuglen og hjelper henne. På film er Jetlag productions versjon best.
(hint hint)
Eg såg mykje på skjønnheten og udyret då eg var lita, om det fæle monsteret og den søte prinsessa som til slutt levde lukkeleg alle sine dagar. Denne boka er ei gjenforteljing av eventyret i frå udyret si side. Gler meg til å lese denne.
Ever wonder what it was like for the Beast?
Find out in this contemporary retelling.
Høyres ut som ei kjekk bok.
Eg har alltid likt historia om Tornerose og her kjem ho i moderne form av Alex Flinns bok a kiss in time. Kjempestilig
What did you do on your summer vacation?Jack found a 300-year-old princess!A Kiss in Time, a modern Sleeping Beauty (HarperCollins, April, 2009)
Dette var då mine framtidige favorittar i dag. Minner alle om giveaway der de kan vinne enten vente på Robert Capa av Susana Fortes eller sjelekisten av Ann Rosman. Meld dykk på i rafflecopter-funksjonen her så er det med i konkurransen. Hugs at for kvar gong det kommenterer ein annan stad på bloggen kan de legge det inn og få eit til "lodd."
Tidligare på bloggen har eg lagt ut litt av det eg har skrive. Mykje av det har eg ikkje haldt fram på. Mykje av det er bare dårlig planlagde kladdar. Likevel lever framleis draumen om at eg ein dag blir forfattar. Sjølv om eg har fortalt litt, har eg langt i frå fortalt alt om draumen min.
Heilt sidan eg var liten har eg elska å skrive forteljingar. Eg byrja med å skrive om jenter som hadde fødselsdagar der dei fekk kattar, hundar og kaninar, helst alt på ein gong. I tillegg blei eg alltid veldig inspirert av eventyr og skreiv mykje om høna som blei kidnappav reven, for så å komme tilbake. I tillegg var Susanne som kom i klørne på ei trollkjerring ei eg skreiv om. Det gjekk i frå dette til å skrive meir om mobbing, storebror og litelesøster og frisørar.
Eg hugsar ei av historiene eg skreiv. Den handla om ei jente som ville bli frisør og friserte ein vilt framand mann og lærerinna si, etter å ha prøvd seg på sauene heime. Det gjekk ikkje så veldig bra, men etter nokre år blei ho frisør og alt blei betre. Ei novelle?
Kvar gong me har fått skriveoppgåver på skulen, heilt sidan eg var liten, har eg elska det. Eg har skrive og skrive og skrive, og ein gong skreiv eg over tjue handskrivne A5 sider på ei skuleoppgåve. Det var vel i femte eller sjette klasse trur eg. Det høyres ikkje mykje ut for meg nå, men då var det mykje, og i alle fall til å vere på skulen. Fullt med slurvefeil sjølvsagt og ei heilt horibel handskrift som eg fekk då eg skreiv. Då me seinare fekk beskjed at me skulle skrive forteljinga inn i det me kalla literaturboka måtte eg spørre om eg kunne skrive bare litt av forteljinga inn i boka, for viss ikkje hadde eg sete der i ei veke og skrive inn med fin løkkeskrift.
Den største nedturen var då me skulle skrive ei historie om Paris, og så fekk me ikkje bruke meir enn fem A5-sider. Umogleg, hadde vore alt for lite på ungdomsskulen. Korleis får du ned eit tjuveri av Mona-Lisa på fem A5-sider. Til og med i dag kunne eg ikkje laga noko betre, for fem sider er alt for lite. Det blei ei heilt elendig forteljing i mine auge, akkurat som alle andres, men ei fantastisk forteljing i andres auger. Uff og huff, Nedtur.
Då eg byrja i sjuande trur eg det var, byrja eg for alvor å planlegge bøker, lange bøker. Dei første kladdane var urealistiske og kjedelig forsøk på noko som skulle likne ei bok. Då eg gjekk på barneskulen var heile planen å bare skrive for barn og ungdom. Den planen behaldt eg heilt til i vinter. Nå er planen å ikkje skrive for ei spesiell aldersgruppe, men skrive ned det eg vil skrive om.
Det høyres kanskje gørr kjedelig ut å skrive, når du kan lese det andre har skrive. Nei, absolutt ikkje. Eg har alltid hatt lyst til å vere ein av dei som får sjå "mursteinane" sine i butikkvindauget. Noko av det gøyaste med ei forteljing er at det ikkje er di historie. I alle fall ikkje for meg. Det betyr at ein kald vinterdag på Jæren, kan eg forsvinne til ein varm sommardag i Kristiansand ved å bare ta fram papira mine. Eg kan lage den historia eg vil i frå den tida eg vil og i frå den staden eg vil. Det betyr at sjølv om eg sit her ein kald vinterdag på Jæren, kan eg lage ei historie i frå 1990 i frå Kreta på sommaren.
Noko anna er hovudpersonane. Å lage ein person er fantastisk morosamt og spennande. Ikkje bare skal du vite om utsjånaden og lage til den, men du kan òg bestemme kva personen føler, kva interesser personen har, og kva negative og positive sider personen har. Til tross for personane eg lager sine feil og manglar er eg veldig glad i dei. Det høyres kjempesprøtt ut, vere glad i ikkje-eksisterande personar. Saka er den at det er veldig lett å bli glad i ein person du bare diktar opp. Du skal kjenne ein person så godt før du byrjer å skrive, at du skal kunne kjenne igjen personen viss den går på gata eller viss du ser bilete. Eg går så langt at viss eg hadde kome inn på eit kontor eller i eit hus skulle eg gjenkjent det som huset eller kontoret til ein av mine personar. Eg veit kva mine hovudpersonar har på skrivebordet og nattbordet. Eg veit kva dei har på topp ti av mat, musikk, drikker og bøker.
Det siste er fridommen. Du kan leike deg med verb, adjektiv og substantiv som du vil. På fritida treng eg ikkje å tenke på at det skal vere både subjekt og verbal i ein stening. Leddsetningar kan stå for seg sjølv! Det er gøy, fridommen til å skriva kva og korleis eg vil.
Bare for å reklamere litt, giveaway på bloggen her. Viss du melder deg på i rafflecopteren her, er du med i trekninga av vente på Robert Capa av Susanna Fortes eller sjelekisten av Ann Rosman. Hugs på at kvar gong du kommentere på eit anna innlegg enn på giveawayen kan du registrere det i rafflecopteren og få to lodd til. I tillegg får du lodd av å følge meg på twitter, dele det på twitter, kommentere på innlegget om giveawayen. Viss du i tillegg skriv om giveawayen på din blogg og legg igjen link får du 25 lodd. Meld dykk på!
Først og fremst, det går litt treigt framover her med lesinga. Eg har planalgt ein del detaljar og slikt til det eg skal byrje å skrive på om forhåpentligvis ikkje så alt for lenge. Derfor går lesinga litt treigt kan du vel seie. Det kjem sikkert ikkje til å gå så veldig raskt seinare heller dessverre, for det einaste eg kan sjå når er store blinkande bokstavar rett framfor augene. Og dei bokstavane former ordet EKSAMEN! Uansett, for å glede dykk litt, har eg starta ein giveaway på bloggen, så viss de vil vere med den, trykk på biletet over innlegget eller her. Då kan de vinne ei bok av enten Susana Fortes eller Ann Rosman. De melder dykk på i rafflecoptaren ved å skrive inn namn og epostadresse eller logge inn med facebook.
Min favorittforfattar på G trur eg er Gro Fykse, forfattaren bak Nelias gåte, nelias natt og nelias sorg.
I dag fekk eg tak i den siste boka ho har skrive om Nelia, og det har eit nydelig omslag. Var veldig spent på omslaget, sidan dei ikkje hadde lagt det ut sist eg sjekka.
Lilla er alltid kult.
Og så ei med eit etternamn som byrjar på G, og som eg har lese ei veldig god bok av:
Philippa Gregory. Eg har bare lese søstrene Boleyn til nå, men ho skreiv ei kjemegod bok for alle som lurte.
Nå sit eg og smiler litt ironisk for meg sjølv, når eg kallar denne giveawayen for ein solskinsgiveaway, for på Jæren regner og bles det som bare juling (og "smarte" Mai Lene "gløymte" regnbukse då ho skulle til skuklen i dag). Grunnen til at eg kallar det for solskinsgiveaway er for at på denne tida begynner eg å publisere solskinsmåla mine på bloggen på ei eiga side. Liste kjem til å bli oppdatert litt etter kvart heilt fram til første juni. For at andre òg skal få litt kjekt lesestoff i sommar har eg derfor bestemt meg for å ha ein giveaway.
Eg er kjempeheldig og har blitt sponsa av Bazar forlag som har gitt ut blant anna pimtallenes ensomhet av Paolo Giordano, Saras nøkkel, bummerang og huset du elsket av Tatiana de Rosnay og sist, men ikkje minst før jeg sovner, så det er ingen tvil om at forlaget gir ut mange gode bøker.
Bøkene eg har blitt sponsa med er desse:
vente på Robert Capa av Susana Fortes
En roman om forholdet mellom krigsfotografene Robert Capa og Gerda Taro.
Paris i 1930-årene er full av flyktninger fra Sentral- og Mellomeuropa på flukt fra de framvoksende fascistiske regimene. Blant flyktningene er den ungarske fotografen André og den unge polsk jødiske kvinnen Gerta. Mellom dem oppstår snart et lidenskapelig kjærlighetsforhold, som også vil prege deres karrierer. André kjemper for å få fotfeste som fotograf, men det er først da Gerta oppnevner seg som hans manager at karrieren skyter fart. Et ledd i omskapingen av André fra anonymiteten til verdensberømmelse er et navnebytte: Robert Capa blir født. Samtidig skifter Gerta navn til Gerda Taro (som likner litt på Greta Garbo, Gertas store heltinne). Men viktigere enn navnebytte er deres nyskaping: fotojournalistikken.
Robert Capa reiser til Spania og dokumenterer den spanske borgerkrigen, og snart følger Gerda etter. De oppsøker fronten og spesielt Gerda Taro utfordrer alle sikkerhetshensyn - også i forhold til kjærligheten.
Vente på Robert Capa er en intens roman om kjærlighet, krig og kunst – og en hyllest til dem som risikerer livet for å dokumentere historiens omveltende øyeblikk.
Susana Fortes er blant de yngre, men er allerede veletablert i Spania med flere prisbelønte romaner bak seg.
Vente på Robert Capa er
• Solgt til 15 land
• Filmrettighetene solgt til Michael Mann /Columbia Pictures
• Vinner av the Premio Fernando Lara 2009
En skoleklasse på tur gjør et uhyggelig funn ved den gamle Offersteinen i Marstrand: De finner et hodeløst kvinnelik kledd i middelalderdrakt. Kvinnen har tilhørt en gruppe som driver med rollespill. Kort tid etter får en av byens eldre damer sitt livs sjokk når hun oppdager et kvinnehode på en gjerdestolpe i hagen.
Kriminalinspektør Karin Adler og hennes kolleger frykter at de står overfor flere bestialske mord når det viser seg at hodet og kroppen ikke hører sammen. Snart får de nyheten om enda et makabert funn – en kvinnekropp uten hode. Også denne kvinnen hadde tilknytning til rollespillmiljøet. Karin og hennes kolleger ser et mønster. Men hvem er det som vil kvinnene til livs? Og hvorfor med en slik brutalitet?
Sjelekisten er andre, frittstående bok om politiinspektør Karin Adler og Marstrand.
eg trekk vinnar første eller andre juni. Det vil bli publisert på bloggen. Vinnaren får epost.
for å vere med melder du deg på i rafflecopterfunksjonen under med namn og epost eller facebook-profilen din.
Du melder deg på i rafflecopterfunksjonen ved å skrive inn namn og epost eller bruke facebook-brukaren din. Då kjem du inn til fleire alternaltiv som "Leave a blogpost coment" eller "skriv om giveawayen." Viss du trykker på alternaltivet "skriv om giveawayen" så må du legge igjen linken til blogginnlegget kor du skriv om giveawayen til dømes. Vel du "leave a blogpost coment" skriv du ein kommentar under og evt. svarer på eit spm eg har skrive på denne funksjonen.
Oslo, desember 2011. Den populære nyhetsankerkvinnen i TV24, Maria Bergstrøm, blir drept under en direktesending på TV. Førstebetjent Christina Fiori Mørk får ansvaret for etterforskningen, og mistanken faller raskt på journalistkolleger. Maria Bergstrøm var en profilert TV-stjerne som mange misunte og noen fryktet. Christina Fiori Mørk støter på uventede utfordringer, ikke minst da det viser seg at Maria Bergstrøm var på sporet av et kunstmysterium med Edvard Munch i sentrum.
"På direkten" er en krimroman fra journalistmiljøet i Oslo. Den skildrer et miljø stint av intriger, hensynsløse maktkamper og hemmelige kjærlighetsforhold. Men finnes det virkelig folk med så store ambisjoner at de er i stand til å utrette hva som helst for å sette seg selv i front - selv drap?
Boka er fengande heilt i frå byrjinga, i frå du byrjar å lese dei første setningane i kursiv, og til siste side, der det står SLUTT med blokkbokstavar.
Dei første sidene går med på å presentere ein person som me ikkje får vite namnet på før på slutten av boka. Du har ikkje aning om kven det er, og det gjer det ekstra spennenda. Så kjem drapet. Journalistdrap er kanskje noko av det mest spennande ein kan lese om i ein krim, for det kan vere så mange motiv og så mange personar.
Mange spørsmål surra rundt i hovudet på meg mens eg las, og det var spennande å følgje etterforskar Christina på reisa i frå mysteriet kom opp og til slutten. Nervepirrande og engasjerande.
Eg liker ikkje å seie så alt for mykje om krim som dette, men eg kan fortelje at eg var hekta. På skulen i dag låg boka i sekken, og eg var freista til å ta henne opp og lese under pulten, men det gjorde eg ikkje. Likevel las eg i ho då eg var hjå tannlegen, og sjølvsagt måtte han rope opp namnet mitt to gonger for å få meg ut av boka.
Kanskje ikkje vanskelig å forstå at eg anbefaler denne til alle krimelskarar der ute. Ikkje typisk "norsk klisjé" som eg kallar det, men ei skikkelig krimbok for alle. Vel verdt eit forsøk.
Hei, i dag er det valfritt kva me vil skrive om i boktema hos Anette. Eg har lurt litt på kva eg skulle velje, for det er litt vanskelig å tenke ut noko heilt av seg sjølve synes eg. Eigentlig alt for vanskelig. Derfor kom eg på at eg kanskje kunne begynne litt på "solskingsmåla" mine dette året. Eg veit ikkje om nokon hugsar at eg i fjor hadde noko som eg kalla for solskinsmål. Det er mål for kva bøker eg vil lese på sommaren. I fjor klarte eg vel gjennom dei fleste måla utanom eit, og det var Hannahs håp av Karen Kingsbury.
Eg tenke derfor å presentere ei bok i kvar sjanger som blir ein del av mine solskinsmål dette året:
klassikar
stolthet og fordom av Jane Austen
Eg har lova meg sjølv av eg skal komme gjennom minst ei bok av Charles Dickens, Jane Austen eller Agatha Christie, så då har eg valt meg Jane Austens stolthet og fordom til å lese i sommar. Fleire klassikarar skal det bli. Eg gler meg, for eg har høyrt mykje bra om engelske klassikarar.
fantasy
flukten av Ally Condie
Eg las Matched: Cassias valg i fjor og blei kjempeklar for bok nummer to, og etter nesten eit år med venting er ho her. Endelig! Den skal bli lesen. Heilt klart noko eg må få med meg.
ungdomsroman
brennende hjerter av Simone Elkeles
Denne har eg hatt lyst til å lese sidan eg først såg ho skulle bli gitt ut. Etter ei kjempebra førstebok og nesten like bra andrebok i serien er eg klar for bok nummer tre av Simone Elkeles.
krim
åpne sår av Gillian Flynn
Av alle bøkene eg har vunne på giveawayar er det denne eg er mest spent på. Kjempeklar for å lese Gillian Flynns krimbok, så denne står klar i hylla. Einaste grunnen til at eg ikkje har tatt fatt på boka tidligare er at eg sparer som oftast det beste til slutt.
engelsk
the last song av Nicholas Spark
Sidan eg såg filmen har eg hatt lyst til å lese denne boka om Veronica (Ronnie) som motvillig tilbringer ein heil sommar saman med faren og litlebroren. Denne skal visst vere veldig sterk, og det trur eg på etter filmen.
historisk roman
jente på klippen av Lucinda Riley
Utgivinga er nok ein gong utsett, eller i alle fall er datoen skyven fram etter det som står på Cappelen Damms nettsider. Derfor gler eg meg til å endelig få lese denne boka som blir ein av sommarens historiske romanar.