Plutselig ein dag befinn Gwendolyn seg i London i ei heilt anna tid. Ho har blitt oppdratt i ein familie med mange løyndommar, men ein ting veit ho: Det er kusina og ikkje ho som har tidsreisegenet. Eller ho trudde i alle fall det heilt til ho blei slengt inn i ei heilt vill historie.
Åååå, fekk så lyst til å vere med henne og ha på meg fine kjolar og hattar og setje opp håret fint. Det høyres litt kjekt ut, men må vere litt stressande òg trur eg.
Innleiinga var bra skriven, men eg trong litt tid for å kome inn i boka, men det var spennande.
Midtdelen var kjempebra og eg kom meir og meir inni boka og fekk så lyst til å vere DER og å oppleve det. Snakk om å leve seg med i ei historie.
Omslaget og baksidetekt og tittel passa og nå gler eg meg til å lese neste bok i serien. Har sett omtalar skrive av Flukten fra virkeligheten, Anette og Bokelskerinnen om Rubinrød inni Safirblå. Morosamt og sjå dei der.
Mai Lene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare