søndag 8. januar 2012

Bok: Øya av Victoria Hislop


"Min datter er svært interessert i sin historie. Det er forståelig, men jeg har funnet det nesten umulig å fortelle henne noe som helst. Dine øyne og ører var vitner til alt sammen, og jeg tror du kan gi henne en sannere betretning enn jeg noen gang vil klare. Mal et bilde av alt for henne, Fotini. Hun vil være deg evig takknemlig." 
Alle som har lese boka kjenner nok den gode og fengande måten forfattaren skriv på. De har fenga mange andre og nå fenga den meg! Fantastisk bok, fantastisk skriving og ikkje minst fantastisk handling som var lett å kome inn i.

Først trudde eg det kom til å bli ei lang bok å kome gjennom, sidan begynnelsen hinta frampå om at ein av personane kom til å fortelje heile den lange historia. Eg blei ikkje skuffa då det tok ein heilt annan vending, og måten historia blei fortalt på var mykje bedre enn det dei hinta frampå om i begynnelsen.

Heile dagen har vore klistra til boka, utanom den litle perioden eg irriterte meg over at Justina Kowalzcyk vann i Val di Fiemme, og det har vore interessant å vere med på den lange "reisa" boka bydde på.

Hovudpersonane i bøkene var spennande heilt i frå oldemora, Eleni og til hennar oldebarn, Alexsis. Dei som fenga meg mest var vel Anna og Maria, døtrene til Eleni som var så forkjellige at dei kunne kome frå to forskjellige galaksar. Den eine rolig og fatta, den andre vill og temperanmentsfull.

Det var ikkje så mykje negativt med boka. Ho var kanskje litt langdryg i periodar og eg hadde ei kjensle av at eg hadde høyrt alt før av det dei sa om Spingalónga (som eg overlet til dei som skal lese å finne ut kva er) og om det som skjedde. Festane blei beskrivne veldig likt mange gonger, og eg hadde ei kjensle at eg vissta kva kvar fest innebar, sidan beskrivinga hadde eg lese tiligare når festar var omtalt.

Kort oppsumering: Litt langdryg av og til, mange av dei same beskrivingane, men godt skriven eller, god handling, spennande personar å bli kjent med, ei fantastisk bok. Plussida heilt klart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...