mandag 20. februar 2012

Bok: sommerøya av Elin Hilderbrand

Birdie Cousins er travelt opptatt med forberedelsene til datteren Chess’ bryllup. Birdie har ord på seg for å være svært grundig og forberedt på absolutt alt, men hun kan ikke forutse den nattlige telefonsamtalen fra datteren der hun forteller at hun har hevet forlovelsen og at bryllupet må avlyses. 
Nesten før støvet har lagt seg kommer enda verre nyheter som sender Chess inn i den dypeste fortvilelse. Birdie mener hun trenger en forandring. Hun kontakter også den yngste datteren Tate og den eksentriske søsteren India, og sammen reiser alle fire til sommerøya Tuckernuck Island utenfor kysten av Nantucket, der familien har tilbrakt sommeren i generasjoner. Ingen telefoner, ingen fjernsynsapparater – et sted uten forstyrrelser der de kan flykte fra vanskelighetene sine.
Men når søstre, døtre, ekskjærester og familiehemmeligheter samles på en øde øy, kan mye skje. Dramatiske sannheter kommer for en dag, og gammel kjærlighet blir som ny. 
Dette er då Cappelen damm sin omtale av boka og viss du vil sjå meir fakta om boka kan du gå her.

Denne boka handla om ei tid så stikk motsatt av årstida nå. Her eg er nå er det snø (og yr) utanfor vindauget, og det å lese ei litt meir sommarlig boka var forfriskande, men eg kjenner at eg saknar skikkelig sørlandssommar.

I denne boka blir me kjent med ein familie, to søskenpar og fleire konfliktar om kjærleik og kjensle av skyld.

Her møter me Birdi Cousins, skilt dame i midten av femtiåra og familens samlepunkt. Ho verkar som ei hønemor som vil passe på at alle har det bra, men likevel er forholdet til dottera Chess ikkje heilt på topp, men i løpet av boka får me oppleve at det betrar seg. Sjølv var ikkje Birdie akkurat favorittpersonen min. Eg synes ikkje det var så kjekt å lese om ei som meiner skilsmisse er vegen til det frie livet, som byrjar å røyke og LIKER det i ein aldar av 57 år og som spør eksmannen om fleire tusen dollar for ei flytande øy i hagedammen sin. (riktig nok i dottera sitt bryllup, men Likevel)

Så er det India, Birdies eksentriske søster, enke og røykar som ein skorstein. India er den som i byrjinga har mset problem med å vere på Tuckernuck utan kontakt med omverda, men etter ei stund finn til og med ho ut at ho kan trenge det. Ho minnes dagane med Bill, den tidligaren mannen, sønene og dei siste dagane på PAFA, eit kunstuniversitet trur eg det var. India var heller ikkje nokon favorittfigur. Eg må seie at ei dame som røyker som ein skorstein, kan drikke elleve glas vin til kvedsmaten, er så eksentrisk som henne og som brukar partydop ikkje er min favorittperson i ei bok.

Tate er ei jente eg liker betre. Trening, livsglad, datageni og guttejente, og etter mi meining, skikkelig stilig., Kvar morgon på Tuckernuck joggar ho ein runde rundt øya, tek fleire sit ups og er livlig og glad, men til og med for henne kan problema kom. Likevel er det ikkje bare andre som har problem å stri med, og Tate har sine eigne.

Chess er i denne boka deprimert etter brotet med kjærasten og tidligare minne og ei kjensle av skyld. Ho er òg ei av dei eg likte, men ho er litt apatisk og ikkje livsglad, litt for mykje missmot.

Nå vil eg ikkje røpe meir, men dette er dei fire i hytta på sommarøya, Tuckernuck, som alle bruker tida på øya til å tenke, gjenoppta kjærleik og bryte nokre reglar om total isolasjon. Til og med Birdie og India, som skal vere familiens forsørgarar og faste haldepunkt på øya, kan slite litt med reglane om "ingen kontakt med omverda."

Boka var veldig bra skriven, men ein del verka litt rart, ting gjekk av og til litt raskt og kjærleiskforhold blomstra litt for raskt til at eg kunne tru på det, men det var godt å ha ei boka som eg kunne drøyme meg litt vekk i. Det er lenge sidan eg har lese noko anna enn historiske romanar, og det var godt med litt avveksling.

Sjølv om boka ikkje var typisk vinter, fin å lese, og til sommaren, her er boka å lese i sola og på stranda. Elin Hildrebrand har skapa ei fantasiverd og ei sommerøy (Tuckernuck finnes!!) med idyll som det var fint å vere på i nokre dagar.

3 kommentarer:

  1. Fin omtale:)Missunne hun som går på stranden på bokomslaget. Heldigvis ikke så alt for lenge til sommeren:)

    SvarSlett
  2. Det var spennende å lese din omtale av de ulike personene i boken. Det var en fin omtale som ga meg lyst til å lese den! Takk for tips!

    SvarSlett
  3. Har denne liggende i bokhyllen min og nå gleder jeg meg til å lese den:-)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...
Det oppstod en feil i denne gadgeten