mandag 26. august 2013

Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)

Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.

The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?

Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden  har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.

Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at "Tony Hill is pykolog with education from Manchester". No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.

På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår  mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.

Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: "Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein." I andre bøker tenkjer du: "What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren." I nokre få bøker sit du og tenkjer: "Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!" Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen  med den kjensla etter å ha lese krim.

McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar. 

søndag 25. august 2013

Lines lesesirkel-1001 bøker: Drep ikke en sangfulg av Harper Lee

Har utsett denne omtalen lenge, for no i det siste har eg ikkje hatt den store motivasjonen til å blogge om bøker. Eg las ferdig Drep ikke en sangfugl for mange veker sidan, og no er eg heilt fortapt i The Mermaids Singing av Val McDermid, så heilt ærleg er det einaste eg har lyst til å setje meg ned med boka igjen og nilese! Men eg har teke meg saman og skrive denne omtalen her då...

Harper Lee er på mange måtar ein eineståande forfattar. Ho gir aldri intervju, snakkar aldri med fans og har skrive berre ei bok, men til gjengjeld er denne boka ein populær bestseljar som i tillegg har kome inn på lista over 1001 bøker-lista. Det er ekstraordinært. Ei bok skal vere tåleg bra om det er den einaste forfattaren har skrive og likevel blir ho så kjent! Eg må seie at boka var ikkje heilt som forventa, men heilt klart god.

Mitt eksemplar var frå 1970-talet, då det nesten ikkje var luft mellom linjene, alle bokstavane var veldig små og kapittel slutta og byrja på same side, så eg syntes boka var litt vanskeleg - rett og slett - å komme seg gjennom på grunn av skrifta, men det er trass i alt kvaliteten på det som var inni som skal vurderast. Boka handlar om Scout (Småen) og broren Jem som bur i Alabama i depresjonstida. Faren Atticus French er advokat og tek seg tid til å diskutere viktige spørsmål med barna. Handlinga i boka føregår rundt ein av faren sine rettssakar der han forsvarar ein mørk person som det blir sagt har valdteke ei jente, og lesaren får lese både om klasseskilje og om "rett og gale" i Alabama i depresjonstida.

På mange måtar er dei ei godt skriven bok, og det er ein klassikar. Likevel synes eg at forfattaren kjem veldig seint til poenget. Eg visste kva boka skulle handle om, men syntes ikkje ho var på langt nær så spennande som eg hadde trudd, rett og slett fordi store delar handla om noko anna enn det som stod på baksida. Første delen handlar i stor grad om Småen og Jem og somaren før Småen byrjar i første klasse. Dei får besøk av ein gut fråå Mississippi og prøver blant anna å få naboen til å komme ut, fordi ingen har sett han på fleire år. Når nesten hundre sider går med på noko anna enn det du forventar, mister eg litt tålmodet. Det er ikkje alltid det hjelper at historia er "søt" eller "idyllisk" eller at det er ein klassikar. Det kan bli litt treigt i lengda.

Skildingane som Lee bruker er gode, og mange av personane ser ein for seg. Dei er litt stereotype, men ikkje meir enn at du kan tåle det, for er det noko mange klassikarar har, er det stereotype folk. Likevel er det noko humorsiktisk med mange av dei stereotypiane som kjem fram gjennom bøker som dette. Sladrekjerringene og nabokonene og misjonsforeininga. Det er mest som om du kjenner det igjen utan at det blir ein klisjé ut av det. Det e rein stor styrke med boka. Til vanleg plar eg å slå hardt ned på stereotypiar, og i allefall i meir moderne litteratur, for der er dei ofte meir uverkelege og dårleg laga enn i klassikarar.

Det er ei interessant tid boka foregår i, og eg er veldig interessert i raskeskilje og sørstatane på den tida dei skilde mellom dei mørkhuda og lyshuda. Eg syntes ikkje boka fekk desse kontrastane godt nok fram. Me fekk sjå dei i slutten, og rettssaken sa ein del. Likevel ville eg ha vist eit tydelegare skilje, ikkje berre i spesielle settingar som rettssaka, men i kvardagslivet i sørstatane. Det hadde kanskje vore vel så interessant, for det fortel noko om korleis dei hadde det kvar dag. Rettssaka er ein god måte å få fram klasseskiljene på, men ikkje betre enn at Lee kunne ha skrive endå meir om det.

Kort oppsummert var boka grei, men det var ikkje slik at ho var like god som forventningane var store. Eg veit andre har rost boka opp i skyene, men den rosen får ikkje boka hos meg. Ein litt over middelmådig klassikar. 

tirsdag 20. august 2013

På an igjen!

Kanskje litt få innlegg dei neste vekene frå meg, fordi no er det skule som gjelder. Må komme inni rutinen med lekser og soving og skule og endå meir lekser. Likevel kjenner eg at eg har valt veldig riktige programfag. Rettslære er allereie eit interessant fag, og eg har sett gjennom kva tema me skal ha, som i seg sjølv verker spennande. Internasjonal engelsk er eit programfag eg kjem til å trivst veldig med, og sosiologi kan eg berre håpe at blir gøy! Historie er endå eit nytt fag dette året, og på toppen av alt: Berre tre mattetimar i veka. Slik "enkel" matematikk.

Håpar på å få lagt ut nokre bokomtalar snart. Har lånt litt bøker på skulen og på Sølvberget inni Stavanger. Gler meg til å halde fram med The Mermaids Singing av Val McDermid.

fredag 16. august 2013

Bok: Charliblogg av Eldrid Johansen

Dei siste veken har det vore mange debattar rundt bokbloggin, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.

Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er "stå-framfor-klassen-og-presenter-deg."
Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (...) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er detsom kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (...) Jeg mumler "hallå" og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare "hei"?
- Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn. 
- Ja begynner jeg. Stemmer min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. - Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan...
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. - Eh...
- Vi kommer også fra Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene. 
Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker - og filmar - og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette veltar heile inntrykket deira av henne og hennar intrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestening og mobbing, og slik held det fram resten av boka òg.  Boka er velskriven, og eg trur ho vil nå ut til mange ungdommar, særleg jenter, som har blitt mobba, baksnakka eller har dårleg sjølvtilit. Sjølvsagt til dei som ikkje har slike problem òg, men det er i alle fall ei viktig målgruppe som kan kjenne seg igjen i boka.

Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda.
Hva er det med folk (les: J) som virker så overlegne og selvsikre at alle tror de er penere enn det de er? De (les: J) kan se så random ut som bare det, men fordi de (les forstsatt: J) har masse cash som de kjøper venner med, og folk som dilter etter seg, ser alle på dem ikke bare som en leder, men som en smellvakker leder. Dette er egentlig ren hjernevask, men jeg vet at det er no som skjer overalt. 
J, som Charlotte skriv om i dette blogginnlegget, er Josefine, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verker veldig stereotyp. Gjennom heile boka er Josefine den same, utan å vise svake tegn, noko eg synes er urealistisk, og i tillegg veldig lite spennande. Det å gjere henne litt mindre stereotyp, og gi henne nokre sider som gjer at lesaren synes synd på henne eller kan sjå litt meir positivt på henne, kunne ha trekt opp boka.
Endelig er jeg framme, setter meg på den ledige stolen og sender et lite smil mot nabopulten. Idet jeg trekker stolen inntil pulten, skyver Josefine sin pult et par centimeter vekk fra min, snur seg demonstrativt vekk og fester blikket på noe tilsynelatende veldig interessant utenfor vinduet
Første skuledag i ny klasse, og me aner allereie kva type Josefine er, og betre er ikkje mora - inspetøren - som òg er ein stereotypi.
Inspektøren snur seg med det samme jeg setter foten på det nederste trappetrinnet. Hun stirrer olmt mot meg. Snurper munnen sammen som om hun har tenkt å spytte. Jeg gjør meg så liten jeg klarer. Presser meg mellom de voksne mens jeg mumler:
- Unnskyld.
- Unnskyld ha. Det bør du virkelig si, tordner inspektøren.  - Komme her og skvise ut Josefine.
- Hva? Jeg stopper opp og snur meg med en hånd på dørhåntaket.
- Ikke nok med at du tok rollen hennes. Inspektøren peker mot Kari som sakte kommer mot oss. - Nå er du jammen i gang med å stjele bestevennene hennes også!

Kva mor oppfører seg slik? Kva inspektør oppfører seg slik? Det er veldig sjeldan, eller aldri, at slikt skjer "in real life", og difor synes eg at Johansen har laga for mange stereotypiar i boka om Charlotte. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett. Slik sett er det ei bok eg trur norsklærarar kunne ha brukt i klassa, for så å diskutere bodskap, karakterar og handling etterpå. Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Heilt ærleg likte eg ikkje henne veldig godt, sjølv om me fåt vite om dei negative og positive sidene hennar. Eg òg ville nok ha tenkt at ho var ei typisk byjente hadde eg møtt henne, og hadde me blitt kjent er det tvilsamt at me hadde vore nære vener. Likevel unnskylder ikkje det dei andre karakterane i denne boka, men det at Charlotte både er eit mobbeoffter og ein mobbar - over nettet - gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore. 

onsdag 14. august 2013

Bok/biografi: Bra nok! av Lene Alexandra Øien

I anledning bokbloggarprisen fann eg òg ut at eg ville lese nokre norske biografiar, og blant dei var denne boka av Lene Alexadra Øien, vinnar av Skal vi danse (2008), deltakar på Robinson-ekspedisjonen og Idol. I denne boka fortel ho om ei turbulent ungdomstid og jakta på mediamerksemd seinare, då ho slo gjennom med låta My boobs are ok, som sikkert dei fleste av oss har høyrt, frivillig eller ufrivillig.

Det står klart for meg etter å ha lese denne boka at Øien har opplevd langt meir enn det eg hadde trudd, etter å ha blitt både utsett for gruppevaldtekt og prøvd ulike rusmiddel. Ho skriv om dårleg sjølvtilig, "spiseforstyrrelser"og andre alvorlege hendingar i livet. Likevel er det noko litt distansert over det. Eg trur det er få lesarar som sit med lommetørkler og snytepapir. Det er ikkje nødvendigvis detaljar om absolutt alt eg vil ha, men eit språk med fleire kjensler. Det er ikkje noko veldig personleg over språket, sjølv om ho viser til nokre av dei mest personlege hendingane i livet hennar, noko som er litt kræsj.

Det er ikkje veldig mykje refleksjon. Det er faktisk minimalt med refleksjon og spørsmål til ettertanke. Litt er det sjølvsagt, men det er meir ei forteljing som ikkje stiller spørsmål. Det verker som om forfattaren prøver å skrive ned alt på fortast mogleg måte utan å dvele ved noko. Det går veldig raskt, og sjølv om boka er om henne og på litt over 150 sider, går alt frå side 95 på mental trening, trening og kosthald, og lesarane les jo for å vite meir om Øien og ikkje om mental trening. Mental trening kan vere sunt, og ho skriv mykje bra om sjølvtilit, men alt gjekk så frykteleg fort, og i slutten kom det noko eg aldri hadde lese om det stod i ei bok for seg sjølv. Sjølvsagt kan det vere forskjell på lesarane, men etter mi meining kunne ho ha skrive meir om livet og seg sjølv enn å vie over 1/3 av boka til mental trening.

"Velskrive" er ikkje ordet eg ville brukt om sjølvbiografien, dessverre. I motsetning til Lippestads biografi har Øiens ikkje den same fengane skrivemåten, og det er ein veldig oppsumerande måte å skrive på.
Jeg avbrøt stadig i timene, og dessuten hadde jeg problemer med å sitte stille. Jeg var rastløs og utålmodig - og likte at det hele tiden skjedde ting. Dessuten elsket jeg som sagt oppmerksomhet. 
Bra nok! av Lene Alexandra Øien, side 19
På desse tre setningane blir dessuten gjennteke to gonger, og det var slik at eg reagerte veldig på det, og hadde eg skrive dette i ein norsktekst hadde eg fått beskjed av læraren min om å variere språket meir og ikkje bruke same ord ofte. Slik var det òg andre stader i boka, og mange setningar startar med jeg. Dette gjer språket langt mindre fargerikt og variert, og som eg sa, det gjer det veldig oppsummerande. Likevel har Øien laga ein veldig oversiktleg biografi, og det er greitt å følgje med på namna til personane, sidan det ikkje er så mange namn, og du forstår nesten alltid, ikkje heilt alltid, kor i historia du er. Ein bruker ikkje lang tid på å komme seg gjennom boka, og viss ein synes at boka er tvers gjennom dårleg, noko eg ikkje gjorde, er det ikkje slik at du trenger å vere redd for å "bruke opp tida" på denne. Bra nok! er delt opp i kapittel og "underkapittel", slik at det stadig er nye overskrifter. Kvar gong det er eit heilt nytt kapittel er det pryda med eit bilete av forfattaren og eit engelsk sitat som har noko med sjølvbilete å gjre. Det er sikkert gjort i beste meining, men det er noko med det som gjer at eg synes dei kunne ha hoppa over bileta til kapitteloverskriftene. Saman med dei engelske sitata er det noko tenåringsaktig over det, som for meg trekker ned. 

tirsdag 13. august 2013

Facebooksida til bloggen

Heisann.
Eg trur mange har fått det med seg allereie, men bloggen min har fått seg facebookside, og den er det berre å besøke. De kan gå inn her for å komme til sida. Eg skreiv om det i eit innlegg tidelgare òg heilt på slutten, men tenkte at for dei som endå ikkje hadde fått det med seg, kan dei få det med seg no. :)

Eg er dessverre veldig lite flink til å oppdatere heile tida, men eg skal prøve å bli det, så snakkes me seinare. Har nett lese ut Drep ikke en sangfugl, og har teke til på Bra nok! av Lene Alexandra Øien. Eg er litt spent på den boka, for eg har eigentleg ikkje eit forhold til henne frå før av, så det skal bli interessant.

søndag 11. august 2013

"Man skal ikke plage andre, men skal være grei og snill og for øvrig kan man gjøre som man vil" ?

Eg har merka meg at dei siste dagane har diskusjonen rundt seriøsitet, habilitet og truverd. Eg laga òg eit innlegg om dette i fjor rett etter bokbloggartreffet som eg kalla "Kva er ein god bokbloggar?" Mykje av det eg skreiv om utvikling er eg framleis einig med meg sjølv i, og det at me har forskjellige meiningar er eg òg einig i. Likevel er det nokre tankar som eg har endra på, og noko eg er ueinig med meg sjølv i. Så kvifor har eg ikkje sletta innlegget? Hm, rett og slett fordi eg har vore viss på at ein dag vil det kome eit nytt innlegg om det der eg kanskje skriv på ein annan måte og viser fram andre meiningar. Å slette det innlegget kan verke feigt osv, og eg har heller tenkt å legge igjen linken til dette under slik at dei som les det forstår dei meiningane eg no har om temaet. Litt snuoperasjon, ja, men det er lov å ombestemme seg litt, berre ein er ærleg om både tidlegare meiningar og det ein meiner no.
Eg burde kanskje ha laga eit innlegget om dette tidlegare, sidan det er litt lang tid sidan eg har endra meiningar om saker og ting, men eg har prøvd å skrive litt om det i nokre blogginnlegg, utan å seie heilt tydeleg at noko av det eg skreiv den gongen, ville eg ha skrive i dag. No skriv eg det!
God litteratur, men ikkje
heilt min smak.

Den gongen skreiv eg at me burde ha rett til å meine kva me ville om ei bok, og at ingen kunne skrive
at noko litteratur var av dårleg kvalitet, for det var opp til kvar enkelt. Jo, ein skal ha rett til å meine kva ein vil om bøker. Eg kan sjå på meg sjølv nokre gonger at eg har lese ei dårleg skrive boka, og at eg har reagert på skrivemåte, historie, struktur eller noko anna, men likevel likt boka og difor latt vere å skrive om det negative og nærast framstilt det som god litteratur. I ettertid har eg tenkt at finn eg feil i boka, uansett kor godt eg liker henne, må eg skrive om det, for det er forskjell på gode leseopplevingar og god litteratur. Ein må kunne klare å skrive ærleg om ei bok og skilje mellom litteraturkvalitet frå leseopplevinga. Sjølvsagt er me ikkje alle einige om kva som er god og dårleg litteratur, der òg er det sprik, men viss eg ikkje eg liker ei bok, men likevel merker at ho velskriven og dette er av god kvalitet, kan ikkje eg dra boka ned i søla for å vere heilt forferdeleg dårleg. Då blir det meir truverdig at ein faktisk skriv at det ikkje er etter vår smak, men likevel poengterer dei gode sidene ved boka. Leseoppleving henger veldig ofte saman med kvaliteten, men ikkje alltid, som til dømes i Rileys bøker, som eg dessverre har skamrost fleire gonger, og difor trur eg at ein skal prøve å tenkje litt før ein postar ein omtale om det var noko som svekka eller styrka boka trass i at me likte henne eller ikkje.

Eg skreiv òg om å utvikle seg som bokbloggar, og eg har tru på at alle har godt av litt konstruktive kritikk av og til. Sjølvsagt skal ein ikkje høyre på kritikk som er direkte angrep og useriøs, men av og til trur eg at ein kan  ha godt av å høyre på lesarane når det gjelder konstruktiv kritikk. Det har ingenting med at me ikkje kan skrive på vår eigen måte å gjere. Det er ingen som fråta oss det unike ved oss, men kanskje heller betre det. Om ein skriv korte eller lange innlegg, har med litt om forfattaren eller ikkje, skriv mest om handlinga eller om dei litterære kvalitetane eller leseopplevinga, kan me alltid vere open for nye tankar frå andre, og eg trur snarare dei vil gjere ein betre enn å trekke ein ned i søla. Useriøs kritikk utan grunnlag er slik som ein ikkje skal ta til oss. Dei som berre kritiserer for å provosere og trekke oss ned er heilt andre folk, og til no har eg ikkje opplevd ein einaste bokbloggar som gjer det. Det har eg til gode. Alle kan utvikle seg og forbetre seg. Me kjem aldri heilt i mål på alle område, trur eg. Og viss ein skal sjå seg sjølv om ferdige me å betre seg sjølv ein dag, og at ein har nådd målet, kan me jo hugse på det Aristoteles sa:
Står man ved målet, angrer man ikke reisens møye og besvær
 Og som Yogi Berra sa:
Vær forsiktig hvis du ikke vet hvor du skal, for det er ikke sikkert at du kommer dit.
 Når det er sagt synes eg at dette med useriøse og seriøse bloggar, og elitebloggar og lågkvalitetsbloggar, er noko ein skal passe seg for. Eg skreiv om dette med forskjellen på god leseoppleving og god litteratur over her, og eg ser sjeldan bloggarar som går i den fella at dei blandar dette saman, sjølv om det hender, og eg har gjort det fleire gonger. Det med useriøse bloggar er det òg mange forbinder med for gode kontaktar med forlag, og eg vil seie til alle bloggarar der ute at uansett kva bøker ein les, og om det er frå forlag eller om ein har kjøpt det sjølv, bør ein vere ærlege, og det trur eg dei alle fleste er òg. Saka er den at forlaga spør i epostar kva slags bøker ein er interessert i, og i tillegg kan bloggarar velje ut sjølv dei synes verker interessante, og mange får kanskje tilsendt heilt rett bok då, som dei falt veldig for. Til no har eg ikkje motteke mange bøker frå forlag. Eg får litt epostar frå nokre med ei liste over bøker, men til vanleg kan det vere at eg spør dei etter eit spesielt leseeksemplar, noko som heller ikkje hender veldig ofte. Eg plar å skrive, når eg spør om desse leseeksemplara, at eg kjem til å skrive ein ærleg omtale av boka ut frå mine synspunkt. Likevel plar dei fleste bøkene eg les å vere frå biblioteket eller butikken, og ikkje frå forlag. Eg føler meg ikkje knytta til noko spesielt forlag i det heile, sjølv om eg synes nokre generelt sett gir ut betre bøker enn andre. På mange måtar liker eg at eg ikkje er ein sv dei mest profilerte bokbloggarane, for eg synes allereie at tilboda byrjar å bli mange, og eg misunnar ikkje dei som får fleire spørsmål enn meg. Eg føler meg veldig fri frå forlaga på denne måten. Når det gjelder andre bloggarar, som har koblingar til ulike forlag, synes eg personleg at det er greit dei er ærlege om dette, men eg synes det er betre at dei spør meir "rutinerte" bloggarar om kva dei synes om slike habilitetsspørsmål, for eg er så lite inni det at eg veit ikkje korleis eg ville ha forholdt meg til det, sjølv om eg meiner at bøker dei er sjølv er med på å utgi trenger dei ikkje å omtale.

Eg kjenner blant anna at eg ikkje er heilt der at eg vil like å lese bloggen til Cappelen Damm, Forlagsliv. Eg synes det kan bli veldig mykje Cappelen Damm der, og veldig mykje deira bøker. Likevel er det nokre gode innlegg med heilt andre saker enn Cappelen Damm, og dei er interessante nok. Det er flott at forfattarar bloggar og slikt, men at Cappelen Damm skal samle ein gjeng slik for å blogge for forlaget er noko anna, for då er ikkje forfattarne uavhengige på same måte, og habilitetsspørsmålet blir eit heilt anna, spør du meg.

Dette er mine meiningar om bokblogging. Kort sagt:
- Det er forskjell på ei god leseoppleving og god litteratur
- Alle bloggarar kan utvikle seg og har godt av å få kontruktive tilbakemeldingar
- Ein skal passe seg for å sortere bloggarar i grupper som "seriøse" og "useriøse" (Det er noko anna med forskjellen på useriøse og seriøse innlegg, men det kan forekomme hos alle og seier ikkje noko om heile bloggen)
- Ein skal passe seg for å ha for gode kontaktar med eit forlag, og viss ein er med på å vurdere for forlaget eller noko liknande, bør ein vere ærlege om det og ikkje skrive om bøker ein sjølv har vore med på å vurdere.

Heilt til slutt, viss nokon har kommentarar til dette innlegget eller spørsmål dei ikkje vil legge igjen i kommentarfeltet er dei velkomne til å sende ein epost til bokverdami@outlook.com Elles er eg glad for tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Det er mange sider i denne saka, og eg har ingen intensjonar om å såre nokon, men synes at truverd er viktig når ein driv på med dette. Mange meiner at me vil ta frå dei lese- og bloggegleda, men det er ikkje min intensjon, og eg trur heller ikkje det er noko andre sin. Ein vil ikkje ta frå andre deira stil, men konstruktiv kritikk må vere noko ein kan komme med. Eg håpar eg har gjort det tydeleg og klart. Det er utruleg mange flinke bloggarar der ute. Eg er dårleg på å kommentere, men eg les det dykk skriv! Og ta til dykk komplimentene de får, for de er unike!

torsdag 8. august 2013

Vanlege lesarar - kva er det?

Line, som står bak den flotte bloggen Lines Bibliotek skreiv tysdag denne veka innlegget Hva er en vanlig leser?

Eg siterer innlegget hennar for at de som ikkje har lese det skal få vite kva det går i:

"Hvis man skal forsøke å finne ut noe om vanlige lesere ved å lese norske bokblogger, vil man fort bli forvirret. Norske bokbloggere er en gjeng på ca 150 glade lesere, der majoriteten av dem er selvutnevnte vanlige lesere. Nivåforskjellene mellom disse bloggene er imidlertid enorme, fra de som knapt kan stave sitt eget navn til de som møysommelig har stavet seg gjennom hele James Joyces Ulysses og attpåtil kan si at det fantes øyeblikk da de fikk noe ut av den. Så hvis bloggere på hvert sitt ytterpunkt av skalaen og alle som befinner seg mellom dem er vanlige lesere, som skriver for andre vanlige lesere, hvordan i all verden skal man kunne si noe spesifikt om hva som kjennetegner en vanlig leser?"
Hva er en vanlig leser?, Lines Bibliotek tysdag 06/08/13

Lines stiller her eit veldig relevant og godt spørsmål. Kva er ein vanleg lesar? Slik som ho seier er mange av oss bokbloggarar sjølvutnevnte vanlege lesarar, og eg er ein av dei. Viss eg skal forklare litt om kva eg meiner med at eg er ein såkalla vanleg lesar, er det dét at eg har inga utdanning innanfor litteratur som gjer at eg slenger om meg med avanserte faguttrykk. Eg har inga anna utdanning enn det eg har lært i norsktimen og det eg har fått av å lese bøker. På mange måtar kan me seie at vanleg lesar blir eit feil uttrykk å bruke, for finst det verkeleg vanlege lesarar. Eg kan heller seie at eg er ein bokomtalar utan utdanning innanfor området. Det er mykje meir komplisert, men er meir spesifikt og seier meir.

Jørn Lier Horst
har til no ikkje skrive nokre bøker
eg har klart å kome meg gjennom, tvers
i at eg liker krim. Andre skryt
han opp i skyene.
Finst det noko slikt som vanlege lesarar, spurte eg over her. Det er eit veldig interessant spørsmål, og det er lett å gå i den fella å kalla folk for vanlege eller uvanlege lesarar. Er ein vanleg lesar ein lesar som les alle bestseljarane og dei mest populære bøkene? Er ein vanleg lesar ein lesar som les bøker innanfor den aldersgruppa han sjølv går innanfor? I så fall er ikkje eg ein av dei. Er ein vanleg lesar ein lesar som les meir enn over gjennomsnittet, men likevel berre les for å få underhaldning? Ingen av lesarane som ikkje går under desse kategoriane er uvanlege lesarar, og dei eg har nemnt er heller ikkje vanlege lesarar, for spør du meg finst ikkje vanlege lesarar, berre unike lesarar, for alle som les bøker har heilt eigne interesser innanfor området.

Eg er veldig altetande på mange måtar, men synes likevel at gode thrillarar og kriminalromanar er gøy å Krokkodillens gule øyne, men liker ikkje Chick Lit som berre er laga for underhaldning. Innanfor krimområdet har eg heilt eigne meiningar om kva som er bra, og det er vanskeleg å forklare kva eg synes er bra innanfor det, men eg merkar at eg synes at mykje krim er heilt elendig, og ordet krim er ikkje eit kvalitetsmerke. Tvert i mot må ein leite etter dei
Eg har eigentleg litt
fordommar mot Chick
Lit, men denne boka
var bra. Det er eg einig
med andre i.
kriminalromanane som verkeleg tek deg på senga, fordi det er så utruleg mange å velje mellom, og mange av dei fell ikkje i smak hjå meg. Eg er òg ein person som liker Harry Potter, og synes at han er ein heilt genial karakter for ein bokserie, men eg misliker fantasy, fordi det er så utruleg mykje dårleg fantasylitteratur. Samstundes finst det andre lesarar og bokbloggarar der ute som har sin eigen heilt unike smak. Ingen lesarar er fullstendig einige i ALT! Du finn ingen lesar som deler alle dine meiningar. Bøker eg synes er gode, synes andre er dårlege. Bøker eg synes er forferdelege, kan andre seie at dei elskar. Altså, i følgje meg, finst det ikkje vanlege eller uvanlege lesarar, men unike lesarar. Eg har ikkje svart på alle spørsmåla Line hadde i slutten av innlegget sitt, men her er mitt svar på kva eg meiner om temaet.
lese. Eg liker òg Chick Lit med meining, slik som

Takk til Line for at ho tok opp dette temaet. 

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...