Dayne og Katy er endelig saman igjen for å planlegge rettsaka når Dayne får dårlig nytt. Han er klar for å bryte alle band til Katy Hart og prøve å elske Kelly Parker. Katy reiser heim til Bloomington heilt knust over vendinga dette har tatt.
Baxter - familien har endelig eit etterlengta familietreff, og John har endelig funne den førstefødte sonen, men kan han fortelje om det til barna sine. Og kva skjer når tornadoar rammar Bloomington og Ashley Baxter får veer og må føde mitdt i?
Boka er veldig bra. Ho har dei vanlige "Kingsbury - trekka" og handlar om alt det viktige i livet som mange av dei andre bøkene til Kingsbury. Ho tar oss med inn i Baxter - familien, Dayne og Katy si verd og på grunn av måten det er skrive på kjenner du deg nærare personane og historia. Mykje av historia er realistisk og me kan kjenne oss igjen i kjensler og andre ting som kjem i fram i denne fantastisk boka av Karen Kingsbury. Ho greier å fenge oss som leser på ein heilt spesiell måte og det overraskar ikkje meg at ho er ein av dei mestselgande forfattarane I USA.
Mai Lene