Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjærleik. Vis alle innlegg

onsdag 13. november 2013

Bok: Ekornene i Central Park er triste på Mandager

No har eg lese ferdig den foreløpig siste boka i Katherine Pancols serie om den franske kvinna Joséphine. No har det kome så langt at det er vanskeleg å lage ein omtale utan å røpe for mykje, men eg har i alle fall skrive ned baksideteksten, som òg er ein del av boka.

Noen ganger leker livet gjemsel.
Det gjemmer edelstener og diamanter og kostbare gaver i gamle skur, under en brukt bussbillett, bak ukjente blikk på trikken.
Det som er viktig er detaljene. Detaljer er akkurat som de småsteinene som viser veien hjem. brutale og travle mennesker, de som møter livet med boksehansker og knuser småstein under aggressive skohæler, mister sansen for detaljer. de tror de kaster bort tiden når de bøyer seg ned og betrakter en mynt, et gresstrå, en manns skjelvende hånd.
Men den som bøyer seg, kan stoppe tiden og bli var de vakre diamantene i en fremmeds skjelvende hånd.
Og livet blir aldri mer trist. Verken på lørdag eller søndag eller mandag.

Det beste med bok tre i serien er dei korte avsnitta. I tillegg synes eg at den autorale synsvinkelen er fordelt på ein veldig bra måte. Ein blir på ein måte endå betre kjent med alle karakterane, og utviklinga skjer med stormskritt her. Det er 807 sider med kvardagsdramatikk.  Hendingane i boka føregår i alt frå Paris til London til New York. Kjærleiken er sentral, men ikkje dominerande.

Det beste med Katherine Pancols bøker er den lite overforklarande forteljarstilen. den er meir essayisitisk. Med det meiner eg undrande og reflekterande. Gjennom denne måten å skrive på set ho i gong lesarane sine tankar rundt dei ulike temaa. Det er kanskje difor bøkene er så lette å falle for, rett og slett fordi dei ikkje er tanketomme kjærleikshistorier. I tillegg er det ikkje berre kjærleikshistorier mellom menn og kvinner i denne boka, men den viser òg kjærleiken mellom foreldre og barn, veninner og søsken. Boka gir tankevekkande innblikk i ulike relasjonar.

Kva har ei veninne å seie? Kva har sjølvtillit å seie? Går det an å leggje bak seg barndommen og leve vidare, eller må ein leve med det? Korleis skal ein leve livet? Skal ein vere ambisiøs og brøyte seg fram og gjere det ein vil, eller skal ein føye seg etter andre? Det er så utruleg mange spørsmål i boka, og den er så full av gode sitat at skulle eg ha notert all ville eg ha brukt eit år på å lese boka. Eg synes nesten at berre første linje i baksideteksten opnar for refleksjonar av tusen ulike slag. Noen ganger leker livet gjemsel.

Ein skulle kanskje tru at karakterane var lite truverdige i slike bøker. Dei er truverdige, på grunn av relasjonane og karakterane viser sterke og svake sider ved kvarandre, gjennom måten dei samhandlar på. Forventningar er eit godt ord for å beskrive det. I sosiologisk samanheng blir forventningar definert som: Oppfatningar av korleis ein bør oppføre seg og korleis samhandling bør føregå. Dette er ein viktig del av boka. Karakterane sine forventningar til kvarandre og til seg sjølve gir sterke og svake sider til kvarandre, og her hjelper òg den autorale synsvinkelen, ved at ein veit kva alle forventar av seg sjølv og dei rundt.

Hortense er akkurat som i dei andre bøkene ein viktig karakter. Eg må seie at eg ser litt opp til henne på grunn av den ambisiøse veremåten og sjølvtilliten. Det skal utruleg mykje til for at ho mister trua på seg sjølv, men likevel utruleg lite. Ho brøyter seg fram og vil vise igjen overalt. A shining star. Samstundes er ho lite klar over sine eigne kjensler, og på mange måtar er ho umenneskeleg. Ho stenger ute alle kjensler som kan verke negativt og er redd for å overgi seg. Ho må vere uavhengig.

Boka vart litt langtrukken. Den kjente eg veldig på medan eg las. Det gjekk lang tid frå eg las den første sida til den siste sida, og eg blanda av og til saman handlinga med det som skjedde i Skilpaddens langsomme vals fordi det meste verka så lenge sidan. Likevel gjekk slutten fort, og eg skulle no ønske at det var endå fleire sider, for eg vil ikkje vere ferdig. Eg kjenner meg ikkje klar til å ta farvel med desse fantastiske karakterane eg har hatt i livet mitt den siste månaden. Då eg skreiv om dei norske ungdomsromanane, skreiv eg at det var akkurat som om du berre følgde etter ein person, ikkje som om du var personen, at dei berre gav eit inntrykk av overvaking. Desse bøkene er det motsette. Eg føler at eg er i Paris, at eg er i London, at eg er i New York.

Fotnotane nedst på sidene var òg veldig distraherande. Dei skulle referere til dei andre bøkene, når det var snakk om handling frå dei. Likevel fekk eg ikkje med meg fotnoten, men berre at det sto noko med lita skrift nedst på sida, og då måtte eg sjå etter det vesle teiknet på sida, for å ikkje irritere livet av meg. Fotnotar er noko som eg ikkje liker i det heile, men det er meg. Det har eigentleg ikkje mykje å seie for den litterære kvaliteten på boka.

Forresten, nokon som veit om det skal komme fleire bøker i serien? Det er eg veldig usikker på. Eg har veldig lyst til at det skal vere slutt no, fordi det var ein fin og verdig avslutning, samstundes som eg gjerne vil lese meir om Joséphine, Hortense, Zoe og dei andre folka frå bøkene til Pancol.

tirsdag 29. oktober 2013

Bok: Utrygg havn av Tana French

VG gav ein femmar på terningen, og eg kan ikkje anna enn åt tru at den terningen har blitt trilla feil. Utrygg havn (Originaltittel: Broken Harbour) skulle vere ein spennande kriminalroman rost opp i skyene av alle og einkvar, og for all del, det var ein kriminalroman, men det var ein dryg kriminalroman som kunne vore langt meir spennande om French hadde kutta ned på eit par hundre sider, lagt til fleire mistenkte og ikkje hatt endelause monlogar og dialogar.

Ein familie på fire blir funne knvistukne i eit nesten aude nabolag, og berre mora er endå i live, hardt skada. Mick Kennedy får oppgåva om å løyse krimgåta saman med assistenten Richie Curran. Først kan det sjå ut til at heile saka er slik som alle andre familietragedier: Familiefaren har myrda resten av familien og til slutt seg sjølv, men så kjem det prov som peiker i ein annan retning.

Typisk kriminalroman, typisk plott, typisk bok som krimelskarar ville synes høyrtes interessant ut. No er det ein gong slik, at det finst dårlege kriminalforfattar der ute. Eg var inne og snakka med Astrid Terese på biblioteket, medan eg endå helt på med boka, og ho fortalte om eit litt kjipt møte med forfattaren gjennom ei lydbok. Eg tenkte at den gode byrjinga som boka hadde - og sjølvsagt dei par hundre sidene eg hadde lese til då - tyda på noko heilt anna enn dårleg litteratur, og eg tenkte med meg at alle forfattarar har kanskje nokre bøker som ikkje er veldig gode, og det er litt "smak og behag". Problemet var at då eg kom lenger ut i boka, var den langt frå god lenger. Den vart langdryg, heile plottet vart øydelagt og det var ikkje spennande lenger. Boka hadde verkeleg ei god byrjing. For det første vart eg veldig glad, då eg såg at boka er fortalt i første person, og i tillegg vart boka opna med tankar og refleksjonar frå ein etterforksar eg tenkte at eg kom til å like. Eg trur eg hadde tenkt akkurat det same om igjen. Hovudkarakteren er ein karakter eg kunne ha laga sjølv: Kynisk og praktisk anlagt. Mick Kennedy vil alltid velje den lettaste løysninga, og rår makkaren sin Richie Curran til å gjere det same. Kva er den enklaste forklaringa?
Boka utviklar seg på ein heller negativ måte. Det blir færre tankar og refleksjon og mest synsing, dialog og monolog. Eg trur eg vil påstå at vel hundre til to hundre sider av boka går med på å diskutere om det var noko dyr i huset til familien som vart myrda, om mannen vart gal på grunn av dyret, om kvifor ingen andre høyrte dyret og kva dyret var. Det kunne likså godt vore ei bok om eit monster under senga!

Vår alles kjære Agatha Christie skreiv kiminalromanar kor det berre var eit visst antal mistenkte, fordi det skjedde på eit avgrensa område, avgrensa tid eller det er få som har hatt moglegheit. Akkurat som Chrstie har French avgrensa det veldig, men i motsetning til Christie får det ikkje denne effekten. Snarare tvert i mot blir det kjedeleg av at det er så få mistenkte, og utanom familien er det berre nokre få andre som blir avhøyrt. Den første arresterte personen blir avhøyrt i det uendelege, og det er ektremt keisamt med spørsmål om det var denne personen eller den andre personen.
Oppi alt dette kjem òg Kennedys familiære problem inn, og dei er skildra veldig bra, og eg skulle ønske at French hadde prøvd seg på ein annan sjanger. Søstera slit veldig psykisk og meistrar ikkje livet, og Kennedy går stadig tilbake til minner frå sommrane på feriestaden Broken Harbour, som òg er der offerfamilien bur.

Eg vart òg skuffa over alt det hovudpersonen føretok seg etter som sidene vart lesne. Eg liker veldig lite å bli så irritert på hovudpersonen som eg vart no. Eg vart oppgitt over forfattaren som kunne lage ein slik hovudperson. Det er heilt fint å vere litt kritisk til korleis hovudpersonen oppfører seg, ueinig med dei i religiøse eller fundamentale spørsmål, men det å ikkje like utviklinga til karakteren og etterkvart at karakteren, som du eigentleg likte, ikkje oppfyller forventningane og absolutt ikkje forlbir den same, det var negativt.

Språkleg sett var boka bra, og utgangspunktet for plottet var veldig ordinært, men spennande og noko som abslutt kunne blitt bra hadde French meistra sjangeren. Ho beherskar språket, og ho kan det med skjønnlitterære verkemiddel, men likevel sviktar ho heilt totalt, når det gjelder sjanger og det å utvikle plottet til å bli spennande. Noko eg ikkje forstår, når det gjelder forlaget, er at dei har skrive feil fornamn på nettsida. Det kan hende hovudkarakteren heitte noko anna først, men då eg skulle sjekke at eg hugsa riktig, var det eit heilt ukjend namn på nettsidene til Cappelen Damm.

Alt i alt, ikkje les boka, og til slutt, mitt eksemplar er lånt på skulebiblioteket. 

søndag 27. oktober 2013

Bok: Skilpaddens langsomme vals av Katheirne Pancol

Når eg sit og skriv om denne boka, og ser på sjangaren, namnet, handlinga, utrdag frå omtalar i franske tidsskrifter, karakterane, forfattaren, omslaget og baksideteksten, har eg ei kjensle av at dette er ei bok som eg ikkje skulle ha likt. De spør dykk kanskje kvifor, og eg veit ikkje heilt sjølve, men det er kanskje det at Chick Lit-bøker høyres litt bleikt ut, og kanskje litt umoralsk, klisjéaktig ut, slikt som ingen anmeldarar med hjerne i hovudet ville ha rosa Likevel, eg kjenner at alt stig eit par hakk, når eg ser at Krøger, anmeldaren i Dagbladet, roste den første boka utan spor av kritikk og negative ord. Då føler eg at døra er open for å rose Pancol og bøkene hennar litt.

Utdraga frå franske tidsskifter, som høyres ut som magasin, utan at eg veit heilt, er utelukkande positive. Når det er britiske eller amerikanske avsier det er snakk om, plar eg å prøve å finne utdraget som står på boka på nettsida til avisa, men når det er på fransk, trur eg at eg skal halde meg borte frå det. Mine kunnskaper innanfor det språket avgrensar seg til Hei, Takk og Farvel. Om det er det at eg er litt sjarmert av Frankrike som gjorde at eg plukka opp bøkene av forfattaren veit eg ikkje, men det eg veit, er at det er ikkje veldig mykje "typisk fransk" slik ein turist ville ha sett på det. Det er ingen tur til Eifeltårnet, ingen kyss under Triumfbogen eller tur til Notre-Dam. Det er bøker om eit normalt, unormalt kvardagsliv i Paris.

Joséphine er ei dame som ikkje hadde blitt skildra som bestemt, høg på pære eller noko i nærleiken. Tvert i mot er ho ei dame som lenge har latt seg undertrykt av mora Henriette og søstera Iris. I første boka braut ho på ein måte opp, men no i bok to er det nye ulukker og gleder. Eldste dottera, Hortense studerer i London. Yngstedottera, Zoe, er igjen i Paris og har problem med både utsjånad og korleis ho trur andre ser på henne. Besteveninna, Shirley, har vendt tilbake til London saman med sonen, Gary, ei besteveninne med ei eventyrleg fortid. Iris er innlagt på klinikk grunna dårleg psykisk helse. Mannen hennar, Philippe, og sonen deira, Alexandre har òg flytta til London. Mora, Henriette, som ho føretrekk å bli kalla, har hevntankar, og mannen hennar, stefaren til Joséphine, Marcel Grobz, har flytta inn saman med kjærasten og den nyfødte sonen, i ein alder av sekstisju år. Midt oppi dette står Joséphine i ny bustad i Paris, med ein kjærast ho ikkje er sikker på lenger og ein eksmann som heimsøker henne.

Alle bøkene mine i denne serien er kjøpte, og då eg hadde kjøpt første boka, Krokodillens gule øyne i innbunden form, bestemte eg meg for at alle bøkene skulle vere innbundne. Eigentleg er eg ikkje veldig kresen på det, men akkurat her, ja alle måtte vere innbundne. Det er ikkje alltid like lett å få tak i bøker, som er nokre år gamle, i innbunden form, noko dei fleste sikkert har erfart. Eg leita og leita, og der ein dag, fann eg den andre og tredje boka på Norli på Kvadrat, og den eine på tilbod. Kven måtte kjøpe bøkene? Eg trur du har gjetta rett, og kvifor måtte dei absolutt vere innbundne? Ikkje berre fordi eg syntes det såg fælt ut i bokhylla med ei innbunden, ei pocket, ei innbunden, ikkje berre fordi pocket-bøker blir stygge, når ein les dei og har lita skrift, men på grunn av baksideteksten. Noko av magien med bøkene var baksideteksten. Eg visste ingenting eigentleg, då eg byrja på første boka, og då eg byrja på Skilpaddens langsomme vals, visste eg ikkje meir enn at det var ei fortsetjing av det som byrja i Krokodillens gule øyne, noko som var nok i seg sjølv til å lese neste. Problemet med pocket-bøkene, var at dei gjengav handlinga som i ei heilt normal bok, noko som gjorde at litt av magien var borte. Eg ville at, viss nokon skulle finne bøkene i bokhylla mi, skulle dei ha same oppleving som den eg fekk. Så lite for så mange penger ekstra, tenkjer du kanskje. Så mykje magi for så lite penger, tenkjer eg! Du vil kanskje vite kva baksideteksten var? Her e den:
Denne boken er et stormkast av et liv … 
En het omfavnelse fra den eneste man absolutt ikke må omfavne … To armer som slynger seg rundt eller som dreper … En foruroligende, men samtidig utrolig sjarmerende mann … En kvinne som skjelver og har et brennende håp … En mann som er en mester i å lyve … En kvinne som tror hun har kontrollen, men mister den fullstendig … Unge som er mer oppegående enn de voksne … En mann som spiller gjenganger … En far, der oppe blant stjernene … som mumler i øret til sin datter … En hund så stygg at man trekker seg unna når man treffer på den … Karakterer som urokkelig beveger seg fremover i livet … som små sta skilpadder …. som lærer å danse sakte, sakte … i en altfor rask og voldsom verden.
 Litt poetisk, og seier det på ein måte som gjer at dei som har lese første boka kan ane nokre konturar. Det som fascinerer meg med bøkene er at det er kvardagen eg les om, det er noko heilt normal eg les om. Likevel er det ein litt uvanleg kvardag, og forfattaren bles det litt opp. Samstundes som det er kvardagen legg ho inn litt overnaturlege, morosamme, fryktelege hendingar. Til dømes ein eittåring som snakkar, ei kvinne som blir forheksa, ein seriemordar. Ho har lagt inn kjærleik, krangling, skilsmisse, men ikkje til ein føler at alt berre blir klisjé, klisjé, klisjé. Ho stoppar rett før det blir klisjé. I tillegg fortel ho på ein måte som gjer at alt er noko heilt anna enn kvardag. Når eg snakkar om kvifor eg liker å lese, plar eg å seie: "Då kan eg flyta bort frå ein travel og hektisk kvardag". I desse bøkene flyktar eg frå kvardagen til kvardagen.

Eg trur mykje av boka delvis er symbols, og sjølv om nokre av karakterane er sett på spissen på mange måtar, øydelegger det ikkje dimensjonane i boka. Hovudkarakteren er ei antiheltinne med to døtre, ei som foraktar alt kjensler, tårer og forelsking, og ei som er på stadiet mellom barn og vaksen. Ho er ikkje flink til å seie frå, bestemme seg, ta æra for noko ho har gjort eller ta i mot kompliment. Ho er ein anti-helt i ei verd som beveger seg alt for fort framover.

Det som irriterte meg mest med boka var feil i teksten. Nokre gonger, då dei ikkje snakka, var det talestrek, og nokon gonger, då dei snakka, var det ikkje talestrek. Dette er ikkje forfattaren, men forlaget. Det burde ha blitt gjort betre. For folk som er sjukeleg opptekne av grammatikk, er slikt irriterande. Eg er ein grammatikknerd på mange måtar, som gremmer seg berre ho ser orddelingsfeil eller opplagte kommafeil.

Omtalen har blitt mykje om meg, litt om boka, men noko som er viktig, les serien frå bok ein til bok tre. Viss ikkje kan du ikkje lese tidlegare bøker. Det er blir berre feil! Dette var omtalen min av den første boka i serien. Her er eit intervju med forfattaren, og dette er ein mindre positiv omtale skriven av Marianne på Ebokhyllami.

Til slutt, det finaste sitatet frå boka:
"- Hvem er helt "normal", Joséphine? 
Hvem er ikke normal? 
Who Knows? 
Og hvem setter normen?"
Skilpaddens langsomme vals av Katherine Pancol, side 646

onsdag 11. september 2013

Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir "action" hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!

mandag 26. august 2013

Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)

Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.

The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?

Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden  har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.

Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at "Tony Hill is pykolog with education from Manchester". No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.

På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår  mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.

Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: "Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein." I andre bøker tenkjer du: "What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren." I nokre få bøker sit du og tenkjer: "Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!" Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen  med den kjensla etter å ha lese krim.

McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar. 

tirsdag 30. juli 2013

Bok: Krokodillens gule øyne av Katherine Pancol

Eit nytt stjerneskot har slått gjennom i Frankrike, og òg i Noreg. Katheirne Pancol har inntatt trona som Bazar forlags neste store franske forfattar, og saman med Tatiana de Rosnay, som blir utgitt på same forlag, inspirerer dei norske lesarar til å lese franske bøker. Til no vil eg seie at Rosnay kanskje gir ut meir alvorlege bøker, som har litterær kvalitet på sin måte, sjølv om dei er litt svekka på nokre punkt, medan Katherine Pancol har brukt kjensler for å nå fram til lesaren. Ho vil ha oss til å gråte og le, og ikkje minst kjenne oss igjen i karakterane. Det er vel lov å seie at ho gjer det på ein genial måte.

Eg hadde høyrt litt om bøkene då eg plukka denne opp på Norli på M44 ein dag. Eg hadde lese bakpå Ekornene i Central Park er triste på mandager, eg hadde høyrt namnet på forfattaren og visste at det nok handla om to søstre. Likevel visste eg ikkje at ho skreiv så bra. Baksideteksten seier veldig lite om handlinga, men mykje om boka på heilt andre måtar, og det var kanskje det som fekk meg til å plukke henne opp på M44:

Katherine Pancol
Foto: Bazar forlag
Denne romanen foregår i Paris. Og likevel møter man på krokodiller. Denne romanen handler om mennesker. Og kvinner. Dem vi er, dem vi ønsker å være, dem vi aldri kommer til å bli, dem vi kanskje en gang kan bli. Denne romanen er historien om en løgn. Men også en historie om kjærlighet, vennskap, svik, penger, drømmer. Denne romanen er full av latter og tårer. Denne romanen handler rett og slett om livet.
 Det kan høyrast ut som noko filosofisk vrøvl, eller rett og slett ein hjernedød Chick Lit-historie for kvinner. Ja, eg kan seie at boka er mest for kvinner, for dei fleste karakterane er kvinner, og eg trur ikkje at det er så mange menn som ville kjent seg igjen i boka. Boka handlar i all hovudsak om dei to søstrene Joséphine og Iris. Joséphine har gifta seg med Antonio, eller Tonio som han liker å bli kalla, og han har ein god jobb i eit firma, medan ho er ekspert på fransk historie frå 1100-talet. Hennar største problem ser ut til å vere at det er så få som er interesserte i denne delen av den franske historia. Eg kan ikkje seie at eg klandrar dei for det akkurat, sjølv om eg historieinteressert. Likevel fekk eg sterk medkjensle med Joséphine, og den auka berre endå meir då ho i byrjinga av boka finn ut at mannen har ei elskerinne og ho kastar han ut. Det er her boka startar, og igjen sit ho med to døtre, den eine ein tverr tenåring og den andre ein nysgjerrig tiåring, nesten utan pengar. Mannen reiser med elskerinna til Kenya for å drive ein krokkodillefarm.

Iris er derimot vellukka. Ho studerte film i USA og hadde ei kort kjærleikshistorie der, før ho reiste heim og gifta seg med advokaten Philippe og fekk ein son. Dei har så mange pengar at ho kan vere heime og berre nyte livet, vere med veninner og menge seg med andre rikfolk. Ho både beundrar og misliker Joséphine. Du kan vel seie at dei er litt på kollisjonskurs. I tillegg til Iris har du Henriette, òg kjent som "tannpirker'n", som misliker yngstedottera Joséphine, både på grunn av karriereval og val av mann. Sjølv har ho gifta seg til penger gjennom Marcel, som òg har sine eigne løyndommar. I tillegg til desse har du Hortense, Joséphines eldste dotter, som har same oppfatning av mora som Iris, og Zoé, som elskar mora og er nysgjerrig på livet. Shirley og Gary er òg ein del av denne friske og fargerike historia, og rundt alle desse personane skjer det så og seie ein del meir enn det vanlege.

Eg har hatt litt fordommar mot Chick Lit-bøker, men Katherine Pancol har skrive ein sjarmerande roman, med verken for få eller for mange klisjéar. Det er tydeleg at forfattaren vil ha lesaren til å gråte av både latter og sorg, og ho prøver å lokke fram kjensler hjå lesaren med språket sitt. Eg trur ho vil greie det hjå dei fleste, fordi ho har laga karakterar som både er ukjente, fordi dei er litt fargerike og me blir sjarmerte, men som me òg kan kjenne igjen i personar rundt oss eller i oss sjølv. Boka er på 568 sider, noko som for nokre er langt og for nokre er kort. Det som gjer at boka verker kortare enn ho er, er det lette språket og den gode flyten i historia. Eg var heilt sikker på at boka var på 578 sider, men då eg kom til side 568 og bladde om, var det ikkje meir. Det er trist, når det einaste du vil er å lese meir.


Katherine Pancol har gitt ut to oppfølgarar i serien: Skilpaddens langsomme vals (#2) og Ekornene i Central Park er triste på mandager (#3)

Denne boka er kjøpt på Norli

søndag 28. juli 2013

Bok: Barsakh av Simon Stranger

Etter eit litt ublidt førstemøte med boka, for eit par år sidan, har eg no prøvd å gjere det bra igjen, ved å Barsakh. Denne gongen fullførte eg det, og eg er no god ven med Strangers skrivestil og karakterane i boka hans. Neste møte med forfattar Stranger blir Verdensredderne, og han har blitt kjent for bøker som innheld både god bodskap, moral og kjærleik. Er det nokre bøker ungdommar bør lese, er det desse!
 byrje på

Eg byrja innlegget med å skrive om mitt venskap med boka og Strangers skrivstil, og det er nettopp venskap boka er om. Det er om eit uvanleg venskap i ein situasjon mange ikkje ville vore i. For kva gjer du viss ein båt flyktningar kjem til synes medan du er i Syden på Gran Canaria? Kva gjer du med ein gut som har flykta frå heimlandet sitt, for å få det betre i eit anna land? Kva gjer du, viss det nesten er ulovleg å hjelpe menneske som han? Emilie i boka kjem oppi ein slik situasjon, når ho møter Samuel, som har kome med båt frå Afrika, for å få ei betre framtid. Sjølv sliter Emilie med "spiseforstyrrelse" (Kva er det på nynorsk? Skriv det på bokmål eg, sjølv om det nesten gjer vondt i hjarta!) og vil ikkje ete skikkeleg.

Ungdommar i dag trenger bøker som fortel om slikt som dette. Om ungdommar i dag er sjølvopptekne eller ikkje, kven veit? Vil berre seie at me er forskjellige, men eg trur denne boka vil appellere mest til dei som liker å "bry seg" om litt større spørsmål enn billig sprit. Kanskje ei bok for alle som er med i eit ungdomsparti eller aktiv i ein annan organisasjon som har noko med dette å gjere? Stranger bruker eit språk som ungdommar vil like, utan at han prøver å nytte ungdomsspråk likevel. Det er få ord som brukes i daglegtale av ungdommar, men språket er langt frå tungt og vanskeleg. Det er målretta mot aldersgruppa. På den andre sida kan alle lese denne boka. Det er ei bok eg trur mange vaksne òg gjerne ville ha syntes var interessant. Stranger har brukt kjelder, og dei to avsnitta i slutten av boka syntes eg var flotte. Der skreiv han kor mange flytkningar som reiser frå Afrika i båt i året, og kor mange ungdommar i Noreg som slit med "spiseforstyrrelsar." Ikkje berre har han laga ei underhaldane og spennande bok, men òg ei bok med eit anna fokus enn mange andre ungdomsromanar.

Boka er ikkje på mange sidene, noko mange ungdommar vil glede seg over. Det er akkurat som om talet 150 får dei til å miste pusten og nesten få hjarteinfart. Kanskje til og med talet hundre, for dei som synes det er heilt uoverkommeleg. Ja, eg har respekt for dei der ute med skrive- og lesevanskar og dysleksi, men dei som ikkje har det kan mange gonger få ei betre innstilling spør du meg. Det er alt for mange ungdommar der ute som burer seg inne framfor TVen og trur at TV-seriar, med tonnevis med klisjéar, er meir underhaldande enn bøker som dette. Dessverre. For dette er ei bok eg ville ha gitt alle ungdommar. Hadde eg vore bibliotekar på eit skulebibliotek hadde eg anbefalt lærarar å lese boka høgt i samfunnsfagen, under temaet migrasjon i tiande klasse. Utdrag frå boka på tentamenar kunne òg vore noko, viss ungdommar skulle ha skrive ein tekst ut frå eit utdrag. Mange utdrag plar desseverre å vere så som så.

Jaja, no er eg verken lærar eller bibliotekar, men det er ei bok ungdommar bør få med seg og som er aktuell. Eg kan ikkje greie å slutte å tenkje på at kanskje akkurat no er det nokon som sit i ein båt mellom Afrika og Europa, for å få eit betre liv, men så berre blir sendt rett tilbake, og kanskje til og med behandla på ein respektlaus måte! Eg greier ikkje å slutte å tenkje på at det er ei skeiv fordeling mellom landa, når ein ser forskjellane mellom Emilie og Samuel. Den eine kan ikkje få i seg nok mat, medan den andre ikkje vil ha mat i det heile. I tillegg gav boka meg inspirasjon. Eg kom til å tenkje på at det er nokon der ute som ikkje vil utrydde fattigdom. Og det er dei som driv med menneskehandel. Dei tener på at fattige vil bort frå der dei bur, for å få eit betre liv. Dei veit om Pull and Push. Dra og skyv. Det er noko på staden der dei vil som dreg dei dit, og noko der dei bur som skyv dei ein annan stad. Arbeidsløyse kan vere ein Push-faktor, og stort behov for fleire arbeidarar ein Pull-faktor. Menneskehandlarar veit dette, og tener dermed på å få dei over til staden der dei vil. Ved å kjempe mot fattigdom og få eit betre system i u-landa, kjemper ein òg mot menneskehandel! (Mine tankar etter å ha lese boka) Det er ei bok eg heilt klart vil anbefale vidare, og som inspirerer og sett tankane i sving!

tirsdag 16. juli 2013

Bok: The Vanishing Point av Val McDermid

Eg veit ikkje kor mange av dykk som har høyrt om den skotske forfattaren Val McDermid. Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om henne, før eg såg eit intervju med henne i Stavanger Aftenbladet rett før påske. Likevel for dei som ikkje veit kven ho er, her er ein kort presentasjon:
Val McDermid debuterte med Report For Murder i 1987, som vart første bok i serien om den lesbiske journalisten Lindsay Gordon. Etter det skreiv ho fire bøker til i serien, før ho laga serien om privatetterforskaren Kate Brannigan, og så ein om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan. I tillegg har ho skrive fleire enkeltståande krimbøker, som til dømes The Vanishing Point, som kom ut på norsk i 2013.

The Vanishing Point har eit fargerikt omslag, og spesielt ein setning utmerkar seg:
It's every parent's worst nightmare...
Ein kan jo lure på kva det er, for bakpå omslaget står eit lite utdrag frå boka:
For a split second, Stephanie couldn't believe what she was seeing. The man was leading a complian Jimmy away from the security area towards the concourse.
"Jimmy," she shouted. "Jimmy, come back here." Her voice rose in pitch but it was deadened by the Perspex enclosure.
Neither the man nor the child broke step. Stephanie banged on the side of the box.
"My kid," she shouted. "Someone's taken my kid." 
Stephanie og Jimmy er på veg gjennom tryggleikskontrollen i Chigago, når ein framand mann går opp til Jimmy og fører han bort frå området. Det har de sikkert forstått allereie, og allereie då er lesaren inne i historia, for den frykta som Stephanie kjenner er godt skildra, og lesaren vil - om ikkje kjenne seg igjen i situasjonen - kanskje kjenne seg igjen i den lammande frykta. Det er ikkje kvar dag at nokon leier bort barnet ditt heilt utan vidare, og grunnen har ei historie. Stephanie må fortelje til agent Vivian McKuras om hennar og Jimmy bakgrunn, for kva kan ligge i forsvinningsnummeret? Kven vil dei vondt? Og det er her den verkelege historia byrjar, den som gjer at lesaren har tapt og må lese vidare, for McDermid skriv på ein slik måte at det er umogleg å legge frå seg boka, når den verkelege historia først har byrja. Det ser ut til at Stephanias i venskap med Scarlett Higgins, tidlegare TV-stjerne, kan ha noko å seie for forsvinninga, men kva?

Eg vil seie at boka ikkje berre er ein kriminalroman, men òg ein psykologisk thriller. Måten mysteriet blir nøsta opp på er unikt. I dei fleste kriminalromanar er det politiet eller journalisten som har hovudrolla. Her er det Stephanie som er ramma, og det er ikkje gjennom eiga etterforksing, men gjennom historia ho fortel at politiet får hint til kva som kan ha skjedd. McDermid snur og venner på alt. Lesaren kan tru han har ei lita aning om kva som skjer, men så kjem det eit vendepunkt som gjer at lesaren plutseleg ikkje har peiling på kva som kan ha skjedd. Då eg trudde eg byrja å forstå kva som hadde skjedd, og såg konturane, vart eg likevel overraska. McDermid veit korleis ho skal gjere lesaren skremt, rørt, glad og veldig, veldig forbausa og overraska.

I mange andre kriminalromanar slutta mange kapittel med eit nytt hint som gjer at lesaren byrjar å forstå at no kan snart gjennombrotet komme. Her sluttar kapitla med ein ettertanke eller eit spørsmål, som peikar litt framover mot kva som skal komme og som får lesaren til å lure veldig på kva Stephanie eigentleg meiner. Eg syntes det var noko som styrka boka veldig og gjorde ho endå betre. McDermid er ei som veit korleis ho skal formulere seg. Ho kan skrivekunsten til gagns og brukar både humor og alvorlege hendingar for å fenge lesaren. Dette er ikkje berre ei spennande krimbok, men òg rørande som tek opp større spørsmål enn berre kven som har gjort det. Til dømes: Kor mykje er eit venskap verdt? Kor langt strekker foreldrekjærleiken seg? Kva har fortida å seie for notida? Kva kan kjendisstatusen gjere med ein person. Fremst i boka er eit temmeleg treddande sitat av Oprah Winfrey:
If you come to fame not knowing who you are, it will define you.
Eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir, i frykt for å røpe alt for mykje. Boka er på 434 sider (den engelske versjonen), og når du først har starta, går det raskt å lese henne ut. Eg sat på flyplassen i Nice heile natta og las. Det er vanskeleg å sovne på ein flyplass på harde stolar, men eg var endå lengre frå å sovne, då eg byrja å lese denne midt på natta. 

lørdag 13. juli 2013

Bok: Before I Met You av Lisa Jewell

Jewell er ein britisk forfattar frå Middlesex i London. Ho har skrive fleire bøker, blant anna The Making of US, Thirtynothing og Before I Met You. Tidlegare har eg berre lese The Making of US, men til gjengjeld likte eg boka svært godt. Denne gongen var det andre boka av Jewell som stod for tur, som er like fengande og god som den forrige.

Boka foregår i to forskjellige delar av 1900-talet. Arlette de la Mare (trur det staves slik) flyttar i 1919 frå øya kor ho har budd heile livet og til London. Ho har aldri før vore borte frå øya, og London er nytt og spennande. På dagtid jobbar ho i butikken Liberty, og eit møte med kunstnaren Gideon gjer at ho òg blir introdusert for nattelivet i London. På 1990-talet reiser Arlettes "barnebarn" Betty til London frå den same øya som Arlette reiste frå. Ho har inga aning om at Arlette nokon gong har vore i London, men har bestemt seg for å leite etter eit namn som dukka opp i Arlettes testament, Clara Pickle.

Eg såg denne boka på ein bokhandel i flyplassen på Amsterdam og vart veldig nysgjerrig, sidan eg har lese ei bok av denne forfattaren før. Ja, det var ein spennande bokbutikk. Dei hadde ikkje mange bøker på engelsk, men dei hadde Politi av Jo Nesbø på nederlandsk
og fleire andre krimbøker av han på engelsk eller nederlandsk. Likevel, det som fekk meg til å ta opp boka av Jewell var først og fremst namnet på forfattaren, men òg framsida. Eg elskar dette omslaget. Det er fleire andre fine omslag òg som de kan sjå til venstre i dette innlegget. Eg greier ikkje å bestemme meg for det finaste, men dei har laga noko som pirrar lesarane veldig, og viss dei ikkje kjenner igjen forfattarnamnet er det stor sjanse for at boka blir plukka opp likevel!

Historia er òg god. Den stiller spørsmål rundt kjærleik og kven ein eigentleg er. Personleg syntes eg at Betty var den mest interessante karakteren. Ho vil kjenne mora til stefaren, eller bestemor som ho kallar henne. Ho trudde ho visste alt om Arlette, men når ho finn ut at dei kan ha flyttinga til London til felles verkar det
som om ho identifiserer seg meir med bestemora, og i tillegg leitar ho etter Clara Pickle. Betty flyttar inn i bydelen Soho, og ikkje berre leitar ho etter Clara Pickle. Ein kjendis bur rett ovanfor der ho bur. Lisa Jewell er flink på å finne på søte historier, der det ikkje verken er vald eller skyting som skapar spenning, men rett og slett utviklinga til karakterane og kva dei bestemmer seg for til slutt. Det er det aller beste med hennar bøker!

Arlette i fortida skapar endå meir spenning, og ein kan sjå fleire parallelar mellom historiene til Arlette og Betty, sjølv om det er i to forskjellige tiår. Dei er nokså like begge to. Nysgjerrige på livet, men likevel med ein sterk tilknytting til der dei kjem frå. Boka er skriven i tredje person, men det er berre Arlette og Betty som fortel. Dette er eit sterk verkemiddel, for å gjere lesaren nysgjerrig synes eg. Du får berre vita kva dei tenkjer og kan sitje og lure i det uendelege på kva dei andre karakterane tenkjer. Det skaper endå meir spenning rundt dette med bestemmelsar og val. Likevel manglar boka det litle ekstra. Nokre gonger blir det litt klisjéfylt, spør du meg, og eg ville ikkje gitt boka terningkast seks, heller fem, fordi det er noko ubestemmeleg som manglar med boka, og ikkje alle trådane er plukka opp i slutten. Men det er god somarlektyre, for dei som trenger noko lett å lese i somar. Og så har du jo tre omslag å velje mellom. Kva liker du best? Eg greier ikkje å bestemme meg i det heile teke!

torsdag 11. juli 2013

Bok: The Light Behind the Window (Norsk utgåve: Lavendelhagen) av Lucinda Riley

50% på alle bøker på Ark er ikkje dårleg. Det er då du plukkar ut ei bok til litt over seksti kroner på engelsk og tek med deg. Og om boka var verdt den norske prisen, på litt over tre hundre, skal godt gjerast!

Tidlegare har eg lese to bøker av forfattaren Lucinda Riley, som eg har skrive positive omtalar om. Derimot kan dette bli ein litt annan omtale, for Riley har ofte med noko eg vil kalla irriterande moment og er i tillegg forutsigbar og gir meg akkurat det eg ønsker meg. Byrjinga av boka varer i evige tider, og det er negativt. Ho kjem aldri skikkeleg i gang! Franske Emilie, hovudpersonen i notida (1998) vurderer om ho skal selje husa som more har etterlatt henne då ho døydde, men eit møte med Sebastian og fleire veker med tenking gjer at ho bestemmer seg for å ikkje selje, men heller pusse opp den historiske bustaden i Gassin i Frankrike.

I fortida er det Sebastians bestemor som står i fokus og er hovudpersonen. Constance Carruthers reiser frå England til Frankrike som agent for Storbritannia, men uventa hendingar gjer at ho må bu hjå Edouard de Martines, Emilies far.

I det store og heile er boka ulik dei to andre på mange måtar. For det første har Riley aldri skrive om ein fransk hovudperson før, og ho har heller ikkje skrive så detaljert om andre verdskrig som ho gjer i denne romanen. Riley veit kva ho skal gi lesaren. Eg føler at ho gir meg akkurat det eg vil ha. Sjølv om mange seier at dei ikkje er romantisk anlagt og ikkje faller for det romantiske tullet mange forfattarar skriv om, er det vanskeleg å ikkje falle for kjærleiken som Riley skriv om, for ho skildrar han fint, og ofte får hovudpersonen sine draumeprins i slutten. Det går an å falle for slikt og håpe litt. Likevel liker eg ikkje at ho gir meg det eg vil ha. Det høyres rart ut, men nei. Det er ikkje noko overraskande med det. Du sit ikkje igjen med spørsmål i hovudet. Det er det som er det store minuset med Rileys bøker. Ho greier ikkje å overraske. Ho kan ikkje sjokkere lesaren skikkeleg. Ho vel enklaste løysning, som får haugar av damer til å elske bøkene!

Bøkene er klisjéaktige. Det har mykje med det eg skreiv ovanfor. Eg elskar når forfattarar sjokkerer meg, gjer meg frustrert, rørt og sint. Det at dei drep personar eg har blitt glad i gjennom skildringane gjer meg sint akkurat i den augeblinken og eg spør kvifor det måtte gå slik, men ser i ettertid effekten av dfet. Du hugsar boka i ettertid. Riley skriv så lite utfordrande at du umogleg kan hugse boka etter tre år. Syntes ho greidde å gjere at hugsa slutten i Jente på klippen, fordi eg vart trist og det var uventa. I denne boka køyrer ho verkeleg på den sikre linja.

Boka var ikkje av god litterær kvalitet. Ho skildrar karakterane ved å fortelje og utfordrar heile "Show, don't tell"-prinsippet som eg liker veldig godt. Språket er keisamt i staden for fargerikt og boka tek ikkje opp nokre viktige moralske eller etiske spørsmål.

Likevel vart eg så totalt fenga av historia, fordi ho gav meg det eg ville ha.

Korleis er det mogleg?

Her er nokre andre omtalar av boka:
Elikkens bokhylle (Seier litt av det same som meg, dessverre appelerer boka)
Elida på My first, my last, my everything (positiv omtale)
Kathrine Krøger, Dagbladet.no (Som meg og Ellikken)
Bok-Karete (positiv)

Andre bøker av Lucinda Riley:
Jenta på klippen
Orkideens hemmelighet

Irske Lucinda Riley lagar i tillegg ei bok no der delar av handlinga skal foregå i Noreg. Til no har ho fenga mange lesarar over heile verda og det skal bir morosamt og spennande å sjå kva ho får inn i boka frå Noreg.

Boka mi er kjøpt på Ark bokhandlel.

søndag 30. juni 2013

bok: lydløs trompetisme av Marit Persheim

Ei bok om å spele trompet, kjøpe vaskepulver, vere i eit sambuarforhold og bli sett som er skriven på  lydløs trompetisme av Marit Persheim. Persheim jobbar eigentleg som kundebehandlar på sida av forfattaryrket, men det er ingen tvil om at ho er eit  forfattartalent.
ein lett og humoristisk måte. Alle som vil lese ei litt "light", kort og god bok bør lese

Margit og Otto har vore saman evig lenge, og nå bur dei i same hus. Otto jobbar, mens Margit er arbeidslaus og går på jobbsøkingskurs hos NAV, noko ho synes er veldig frustrerande. Ikkje berre må ho stå opp for å gå på kurset annan kvar måndag, ho må òg sitje og høyre på Vera, som legg ut om søknadar og CVar, og sitje på sida av "Teppedama." Det er ikkje måte på kor mange utfordringar som skal blande seg inn i livet hennar, og i tillegg blir pengane ho får frå NAV brukt opp med ein gong. Alt ser ut til å løyse seg når Margit ser eit tilbod i vindauget til musikkforretninga. For tre tusen kroner kan ho få seg ein trompet og ti gratis speletimar med ein musikklærar. Claes i musikkforretninga har sjarm, og med eit intenst håp om at han skal kunne lære henne å spele trompet, tek Margit i mot tilbodet og byrjar å spele trompet, men ikkje hjå Claes. Otto er ein både tålmodig og utålmodig type som liker å lese bøker og aviser og elles vil at Margit så snart som mogleg skal få kjøpt vaksepulver i butikken, men ho brukte jo pengane på trompeten. Ikkje berre er Margit ein smule implusiv og sprø, men òg kreativ, noko me som lesarar får sjå ein del til i løpet av boka.

Det er duka for mange festlege kapittel og scenar i boka, og ein kan sjå at Margit er ein karakter som vil at andre skal sjå henne. Ho finn på litt vel merkelege måtar for å få dette til, og i tillegg er det store målet å spele på kulturskulen si somaravslutning, sjølv om dei andre som deltek er ein del yngre enn henne.Språket i boka flyt lett, og Persheim kan verkeleg skrive. Skrivestilen står til personane og handlinga. Det er både lett og morosamt, og det at ein ler høgt ein del gonger i boka kan førekomme.

Det blir fortalt om festar, ferietur til Piza og morosamme situasjonar ein berre kan drøyme om. Eg forstår ikkje at dette er ei såkalla sjølvpubliseringsbok, for Persheim har eit stort potensiale som forfattar. Ho kan skrivekunsten, og eg synes at eit større forlag burde gitt henne tilit. Å avvise denne boka ville eg sett på som eit stort feilgrep.

Boka er eit leseeksemplar frå forlaget

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...