tirsdag 12. februar 2013

strøtankar: Kven vs. kvifor (gjerningsmann vs. motiv)

Kva er det store formålet med ein krim? Alle som elsker den klassiske krimmen vil seie at det er å finne ut kven som har gjort noko. Kven har begått ugjerninga? Dette er det spørsmålet dei fleste av oss liker å sitje igjen med. Likevel synes eg eit til spørsmål er så vel så viktig for at boka skal bli bra: kvifor?

Ei av Läckbergs forutsigbare bøker.
Har problemstillinga noko med det å gjere?
I nesten all krim, Läckberg, Kallentoft, Nesbø, Remen og Holt, er kven det store spørsmålet. Er det ein av dei næraste, er det nokon pengegriske mennekse? Kven har drepe, kidnappa eller lurt? Dette er ei problemstlling nærast alle krimforfattarar, og til og med andre forfattarar tyr til når dei skriv. Problemstillinga er enkel. Ei rekkje trådar førar fram til svaret, og ofte er det òg eit svar, og ikkje alltid uventa. Dei fleste legg her opp til at ein av karakerane som du ikkje skulle tru har gjort noko, gjorde det. Det er sjeldan at dei karakterane som verkar verst i byrjinga har gjort det i slutten. Det skjer berre i Nancy Drew. Hjernen min går alltid for fullt under slike bøker, og dessverre gjettar eg ofte riktig. Mange meiner at Läckbergs bøker er uforutsigbare, men dei er rett og slett veldig forutsigbare, i alle fall dei første, og nøtta er ikkje vankskeleg, trass i alle middel ho tar i bruk for å skjule det.

Problemstillinga kven har gjort det?  er så klassisk at i alle fall eg synes at det byrjar å bli kjedeleg å lese slike bøker. All krim er "vanleg" i forhold til det beste. Nesten all krim går ut på det same. Hovudpersonen er politi eller journalist og er aktiv i yrke og prøver å grave fram noko. Somme gonger er det fleire hovudpersonar, og då er det eit fleirtal i yrkesgruppene politi, forfattar og journalist. Mange har ei autoral framstilling i tredje person og skrivemåten er ordinær. Forfattarane er opptekne av å sleppe litt og litt av sanninga fram gjennom fleire karakterar.

Krimbøker med ny retning.
Ei problemstilling eg ofte saknar er kvifor gjorde nokon dette? Nå seier eg ikkje at dei går bort frå dette. Tvert i mot, dei prøver å finne ein grunn for at ein av karakterane i boka skulle ha drept ein annan. Likevel er det ikkje hovudfokusk i mesteparten av krimbøkene som blir utgitt i dag. Viss dette hadde vore hovudfokus i fleire bøker enn det det er i dag, hadde krimsjangeren blitt nyare. Den klassiske påskekrimmen skal ikkje forsvinne sjølvsagt. Det kan vere bra å setje seg ned med noko klassisk òg av og til, slik som Läckberg. Det eg er ute etter er meir variasjon. Gillian Flynn, ein forfattar eg har rost opp i skyene før, har gjort noko stort. Ho skriv krim med hovudfokuset kvifor i staden for kven. Karakterane er ikkje berre journalistar med eit objektivt syn på saka og som er litt nygsjerrige. Nei, hovudpersonane er ofte direkte råka, sjølv om dei høyrer til ei yrkesgruppe som er ordinær i krimsjangeren. Det psykologiske er meir framtredande. Framtillinga er ikkje nødvendigvis i tredje person sånn som i mange andre krinbøker. Her er det karakterane som er viktig, det er deira tankar og motivet til den som har gjort noko som er det viktige.

Nå etterlyser eg ikkje akkurat krim som er lik Flynns, men kanskje ein form for krim som er litt nyskapande og som skil seg meir ut frå mengda enn mykje anna. Nye yrkesgrupper, ei anna tilnærming og andre løysningar. Kvifor ikkje? Ny tenkning kan vere svært sunt, sjølv i litterær samanheng. Nå seier eg ikkje at berre kvifor kan vere problemstillinga som er i hovudfokus. Nokon som tek utfordringa på kor eller kva?

1 kommentar:

  1. Interessant innlegg. Jeg har ingen løsninger/forslag å gi deg, men er til dels enig. Jeg skal lese Gillian Flynns "Fling pike" nå, og er spent på denne, ikke minst etter ditt innlegg. Skal bli fint å se om du får svar på utfordingene dine.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...