tirsdag 1. oktober 2013

Mai Lenes nye bok: Korleis ete variert mat på ferie - ei bok om McDonalds og schnitzel

Ikkje ta tittelen seriøst, den er veldig ironisk meint. Slik som eg skreiv før eg reiste på tur, skulle eg altså på skuletur med masse sterke opplevingar og vere på busstur og shoppe. No har eg vore på tur, så det er difor det ikkje har vore nokre hjernedøde innlegg dei siste vekene, og heller ingen bøker er leste. Det er litt trist, men eg hadde ikkje behov for bøker, sidan eg opplevde veldig mykje. I dette innlegget tar eg ikkje for meg konsentrasjonsleirane og minnestadane etter andre verdskrig, rett og slett fordi det vil eg spare til neste innlegg. Eg tenkte å lage eit lita liste med høgdepunkta bortsett frå leirane, med litt bilete og slikt. Stasi-fengselet kjem kanskje for seg sjølv, eller kanskje aldri.

Gå rundt i Kraków - Kraków er ein heilt fantatisk by, ein av dei finaste europeiske byane eg har vore i, når du ser bort frå Firenze og Berlin. Den ligg på linje med dei, rett og slett fordi det er ein veldig roleg, oversiktleg by, som ikkje er veldig stor. Det gjore jo litt at me budde i sentrum av Kraków. I tillegg likte eg marknadsplassen Rynek Glowny der Mariakyrkja og marknadshallen var. Eg og ei veninne gjekk rundt siste ettermiddagen i Krakow og gjekk på marknad, kjøpte marshmellows med mjølkesjokolade rundt, ho kjøpte seg tøfler og eg posta eitt av fire kort. Ooops, hadde ikkje kontantar og postkontoret hadde ikkje kortterminal, så tre av fire får ikkje postkorta, men slik er det, når avsendaren er litt distré.
Utsikta frå balkongen på hotell Wyspianski



Kyrja på Rynek Growny

Fontenta på Rynek Growny
Sightseeing i Berlin - Visste du at folk, som jobbar i det som tidlegare var Aust-Berlin, berre tener 85% for same jobben, som dei som jobbar i tidlegare Vest-Berlin har? Visste du at Noreg slo Tyskland i bronsefinalen i fotball-VM i Tyskland 1936? Visste du at muren var dobbel? Både i Sachsenhausen og i Berlin hadde me ein same guiden, som var veldig flink, hadde god kontakt med oss og la inn pausar slik at me kunne tenke. Og ho kunne utruleg mykje. Plutseleg byrjar ho å snakke om fotball-VM i Tyskland, som det har vore nokre av, og ho kunne mykje om det òg.
Bernauer Strasse som var delt i to. Denne merkar kor noko av muren gjekk. 
(Gedenktstätte des Mauer)

Bernauer Strasse


Den doble muren

Den doble muren

Berlin - byen i mitt hjarte!

Meg framfor ein del av muren. I slutten fjerna dei piggtrådane
øvst på muren og laga ein rundt kant slik at, viss nokon prøvde å rømme
sklei hendene, då dei tok øvst på muren. Muren vart breiare, høgare og meir sikker
for kvart år som gjekk. 

Minnestad for Holocaust. Det ligger nokså midt i Berlin ikkje langt
frå Brandenburger Tor, og den skulle vise det håplause.
Mange jødar, sigøynarar og homofile frå konsentrasjonsleirar
gjekk kvar dag gjennom befolka område i stripete klede, utan
at nokon regerte eller såg. Dei høge "søylene" er eit bilete
på dette. 

Minnesstad for Holocaust i bydelen Mitte i Berlin. 
3. Shopping i Kraków - Korleis er det å bu berre fem minutt frå Galeria Krakówska, det store kjøpesenteret i Kraków. Ein kan trygt seie at det vart ein del handling av det. New Yorker, Reserved, Pull and Bear og fleire andre butikkar med billige og fine klede. Det vart ein del tjukke gensrar og jakkar til vintaren. I tillegg kjøpte eg ei bukse, eitt par tskjorter og ei treningstrøye. Ingen bøker dessverre.
Shopping shopping shopping. Ute i ny genser og alt
og med posane i handa. 
Ete på restaurantar - Sjølv om overskrifta er litt negativ til sjølve maten eg har ete på tur, er det å ete på restaurantar veldig kos, sjølv om det er schnitzel eller McDonalds-mat. Det er ikkje berre på grunn av maten eg liker restaurantar, men på grunn av atmosfæren og det å kunne setje seg ned å snakke med andre. På den eine restauranten i Polen var det til og med folklore, polsk folkedans, noko som var veldig spennande og gøy å vere med på. Det gjorde heile middagen meir spennande! Me åt òg på hotella mange gonger i tillegg til Hard Rock Café siste kveld i Kraków og pizzarestaurant i Berlin. Og så gjekk det jo litt i Starbucks. McDonalds-mat fire gonger på rad er berre når nauda er stor, og sidan McDonalds finst overalt! Den beste middagen var forresten på Kiel-ferja, for der fekk eg laks. Pizzaen i Berlin og burgaren på Route 66 var heller ikkje galen. I Polen fekk me òg fantastisk mange gode supper til forrett.
Maten på hotellet i Kraków

Maten på Hotel Fero kor me var på Folklore

Eg på restaurant Bohema i Kraków

Starbucks under byvandringa i Praha. Have a nice day,
Mai Lene

Frappucino med sjokoalde utan kaffi. Med kaffi er jo
ekstra godt
Køyre i buss - Det høyres utruleg kjedeleg ut å køyre lenge i buss, sove og i tillegg gjere det ti dagar på rad. Men det er veldig sosialt, og i tillegg var det veldig gode vegar i Tyskland og Polen og Tsjekkia, og då gjekk det jo veldig fint! I tillegg kan eg byrje å forske på sovestillingar i buss. Det finst utruleg mange spesielle sovestillingar. Me måtte òg stoppe ein del fine stadar på vegen, som Olomuc i Tsjekkia og Dresden i Tyskland.
Stoppet vårt i Olomuc. Nei, det er ikkje meint til å
vere skjult reklame for busselskapet

"Vår Frues Kirke" i Dresden. Søker de på kyrkja på
google i tillegg til 2. verdenskrig, ser de korleis ho
såg ut etter at Dresden vart bomba

Alt som ikkje er svart vart bomba vekk under
2. verdeskrig

Dresden Academy of Arts. Alt det svarte er etter brannar 
som oppstod, når amerikanarane bomba Dresden
under 2. verdskrig
Bortsett frå dette var det veldig gøy å shoppe i Berlin, og eg hadde jo vore i Kurfürstendam før. Det som var litt dumt var at dei hadde sett opp eit stort, stygt stilas rundt Kaiser Wilhelm Gedächtniskirche. Men må kyrkja restaurerast, så må den restaurerast. I det minste kjente eg meg igjen og det er ikkje så verst. Praha var òg ein veldig spesiell by, og første kvelden var veldig morosam, sidan me sto og fjolla og lo på Karlsbrua. Den vart opna år 1357 9. 7. 5:31. Det er deg eg hugsar frå den guida turen vår i Praha. I tillegg til at det skulle blåse ein heilt del oppe på borga. I verste fall var det eit lite vindpust. Det blåste ingenting der oppe. Var så varmt at eg måtte ta av meg jakka.
Karlsbrua om natta

Praque by night

Oppe på borga

Utsikta frå borga over ambasadeområdet

Utsikta frå borga

Praha om dagen - utsikt frå Karlsbrua

Bogen over Karlsbrua. Karlsbrua var lenge stengt for
jødar med mindre dei betalte. Og det var i mellomaldaren

Karlsbrua om dagen

Ein fyr eg ikkje hugsar kven var. Nokon som følgte godt
med under guidinga i Praha her ja...

Slik vil eg ha foreldra mine til å måle huset vårt. Nokon andre?

Den astronomiske klokka, eller gaukuret som nokre kjenner det som


Kaufhaus des Westen, KaDeWe

Det stygge tilaset rundt den gamle kyrkja

Måtte ha med Merzedes-skiltet på sida av
kyrkja

Ampfelmann
Det beste med heile turen var folka eg reiste med. Jenta eg sat på sida av på bussen, jentene som sat framfor oss på bussen, leiarane på bussen, venene som eg var ute og åt med, lærarane som arrangerte det, dei eg var med under gudstenesta i sjømannskyrkja fredag kveld, personen som bar handleposen min, då eg gjekk rundt og halta og alle andre folk som var med på turen. Det har gjort eit usletteleg inntrykk, og det hadde aldri vore det same å shoppe, ete på restaurantar, vere på sightseeing i Berlin, gå rundt i Kraków og gjordt alt det andre med desse personane!

1 kommentar:

  1. Et fint innlegg! Og ikke minst mange flotte bilder! Jeg har vært i disse byene for mange, mange år siden. (Faktisk på interrail). Men spesielt Krakow kunne jeg tenke meg å reise tilbake til.

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...