torsdag 17. november 2011

Bok: Heaven av Christoph Marzi

Om boka:
Det er natt i London. David tar snarveien over takene og snubler over eit jente. Hun heter Heaven. Hun er vidunderlig. Og hun hevde at to menn har stjålet hjertet hennes. Skåret det ut av kroppen med kniv.

Bli med på en nervepirrende reise gjennom London. Urban fantasy på sitt beste!

Mi meining:
Boka var veldig godt skriven og det er verkeleg ei bok å leve seg inn i, og det kan jo vere positivt bare du ikkje er heilt vettskremd. Eg liker når bøkene er skrivne sånn at du ser det for deg og kanskje kjenner deg litt igjen, men då eg las denne fekk eg bare ei ekkel kjensle. Alt blei for verkeleg og det likte eg ikkje då eg las om ånder som blei vekte til live, ein fillemann og ein mann som gjekk under forskjellige namn alt etter kor han var og skar ut hjartet til folk. Denne blei så skummel og nervepirrande at det mest ikkje var kjekt, men eg kom meg gjennom. Handlinga var jo litt annleis, men fantasy er vel ikkje heilt mi greie. Nå tenkjer de kanskje: "Men ho liker jo Harry Potter." Ja, eg elsker Harry Potter, men den serien har ein heilt annan måte å uttrykke det på. På Galtvort er det spøkelser overalt, men det beskrives som vanlig, og dei er absolutt ikkje skumle. I denne boka fekk eg aldri heilt den der "Nå-er-eg-heilt-hekta-kjensla," men eg fekk lese ho feridig.

Noko eg likte med boka var at du blei godt kjent med personane som var med. Særlig Heaven og David, og det var jo kjekt. Baksideteksten var likevel ikkje noko særlig. Den setninga "Hun er vidunderlig" øydela heile baksideteksten. På kva måte? Kvifor skal eg vite det då? Og eg likte ikkje den beskrivinga, men noko som gav masse pluss var det herlige omslaget som var på og den fine tittelen.

Sånn samla sett var boka ok, men viss det kjem ei til boka, kjem eg ikkje til å lese henne.



tirsdag 15. november 2011

surrete

Til vanlig skjer det nesten ingenn ting i mitt nokså vanlige liv, men eg er svært distré og det kan føre til nokre veldig morosamme situasjonar. Som til dømes i dag. Eg skal fortelje dykk heile historia.

På tysdagar har me alltid gym i siste time og derfor syklar eg heim i gymkleda og skifter heime som regel. Annan kvar tysdag har me noko som heiter K2i kyrkja og ca. ein halvtime etter at eg kjem heim då, må eg sykle opp til kyrkja. (K2 er på ein måte vidareundervisning frå konfåret). Men i dag gjorde eg det same, skulle skifte i frå gymklede og til vanlige. Og eg skifta, skulle pusse tennene, såg meg i spegelen og såg den STOOOOOOOORE tabben eg hadde gjort. Eg hadde tatt på meg den rosa Hello Kitty-nattasen min istaden for dei andre kleda og var så og seie fiks ferdig til å legge meg. Men eg fekk skifta tilbake og det var ut i gangen med riktige klede og pianonoter. (går på piano etter K2) Eg kom meg ut døra og alt var med...pluss litt meir. Akkurat då eg hadde låst døra merka eg at eg hadde hengt på meg skulesekken og den var det ikkje nødvendig å ha med. Dermed måtte eg låse meg inn, legge den i frå meg, gå ut og låse på nytt. Då eg hadde kome halvvegs over grusen framfor huset hugsa eg på noko nytt. Eg hadde gløymt hjelme. Då bar det bort til døra igjen, eg låste opp, henta hjelmen og låste og hadde nå veldig dårlig tid. Å få sykkelen ut av garasjen var ikkje akkurat det vanskeligaste, men kvifor ei retning. Hmmm. Fortauet utanfor gata vår er stengt pga arbeid, men det var der eg skulle til å svinge inn, men innsåg i siste liten at eg hadde sykla feil og måtte sykle tilbake. Til slutt kom eg meg opp og nå sit eg og leir av heile greia.

Og ein ting til. Eg er med på ein konkurranse på Marita sin blogg om å vinne filmane dear john og a walk to remember. 

Mai Lene


mandag 14. november 2011

det går t r e i g t

Ja, det går fryktelig treigt. Eg har alt for mykje å gjere og eg er trøyt og boka eg held på med er så lang og ikkje den kjekkaste eg har lese. Tenkte å setje meg til i dag med boka og sjå kva Christoph Marzi har å gi meg av leseglede vidare, Heaven er vel ikkje akkurat favorittboka mi, men det kan jo endre seg viss eg gidde å lese bitte litt meir.

Men eg kan ikkje love at eg får lese og blogga så mykje. ALLE helgene i desember er "opptatte." Og i tillegg må eg sitje å strikke på ei hue til kunst og handverken. Det er litt kjekt å strikke når du først kjem i gang, men eg har så lyst til å lese ei skikkelig bok. Eg har så alt for mange liggande som eg vil ta opp og lese, MEN eg har bestemt meg for å lese Heaven først.

Snaxx

mandag 7. november 2011

Tematrio - serier

På bloggen Lyrans noblesser er det kvar veke noko som heiter tematrio der du laga er ei liste på tre ting etter eit tema. Denne veka er temaet seriar.


Før syntes eg det var kjempekjekt å lese seriar, men nå trur eg eg liker meir enkeltståande bøker, men framleis har eg nokre favorittseriar. Sidan (eg trur) eg har hatt veldig mykje om Harry Potter før og sikkert nesten alle veit at det er min absolutt favoirttserie, går me litt vekk i frå den og over på andre seriar.


  1. Eg syntes at Skammarserien var skikkelig bra og fengande. Lene Kaaberbøl skriv verkeleg bra og eg var heilt med gjennom alle bøkene. 
  2. Twilight var ein serie som fenga meg. I byrjinga var det den beste serien eg kunne tenke meg og eg var heilt på hekta på bøkene gjennom heile 7. trinn og mykje av 8. Nå liker eg ikkje twilight like mykje lenger, men eg har tenkt å sjå den siste filmen. 
  3. Den tredje på lista er ein serie som eg ikkje er like glad i nå lenger fordi eg synes ikkje dei er like gode som det eg syntes før, men eg var skikkelig hekta på frk. Detektiv og Nancy Drew. I alle fall dei eldste bøkene. Eg er ikkje like glad i dei nye bøkene som har kome der det er i 1. person Og eg liker ikkje dei som Nancy Drew som ung, fordi dei er for enkle. Nei, den aller beste Nancy Drew boka var den første eg las som eg ikkje hugser kva heiter lenger. =(
Mai Lene

Kva synes du om å lese bøker på nynorsk


Sjå på det her. Det her må høyres heilt rart ut, men ikkje nokon gong har så mange stemt på ei meiningsmåling. Spørsmålet var korleis dykk likte å lese nynorsk.  Og resultatet blei godt likt. Bare ein person (9%) svarte at dei ikkje greier Nynorsk i det heile. Dessverre for deg, vil eg nok halde fram med å skrive nynorsk på bloggen min her. Det var tre som svarte at dei ikkje syntes at det var det kjekkaste og tre som syntes det var heilt greit. (27%) på kvar, og så var det FEM som synes det er kjempekjekt å lese nynorsk og at de er bra. 45 % altså. Eg kan ikkje anna enn å vere enig med dykk!! Skal legge ut ny meiningsmåling snart. =)





It´s Monday! What are you reading #18

This is a weekly meme hosted by Sheila onBookjourney. In this meme bookbloggers get together to share what they read last week, what they are currently reading and planning to read this week. Join in!


Since I didn´t write anything last week I write for two weeks now. 


Read the last two weeks

  • Harry Potter and the deathly hallows by J. K. Rowling
  • Bumerang by Tatiana de Rosnay
  • Rapport fra et sandkorn by Kjersti Wold
  • Frem og tilbake er dobbelt så langt by Kari Sverdrup
  • Heaven by Christoph Marzi
  • The Bible 

Finished the last two weeks

  • Harry Potter and the deathly hallows by J. K. Rowling
  • Bumerang by Tatiana de Rosnay
  • Rapport fra et sandkorn by Kjersti Wold
  • Frem og tilbake er dobbelt så langt by Kari Sverdrup
Read now
  • Heaven by Christoph Marzi
  • the Bible
  • Homeworks =( so I haven´t musch time left for other books 
Going to read
Yes, what am I going to read. I have borrowed some books from the library. I think I borrowed Heksesot by Kari Sverdrup and Minus meg by Ingelin Røssland and Nødinngang by Charlotte Glaser Munch and Utfor by Sunniva Relling Berg. And I have to continue on Heaven by Christoph Marzi. The book is a little bit special, but very good too. Good written, but what the book is about, was a little bit stranger to me. Nevertheless, I´m going to finish it, but neither my homework nor dance and other spare time activities have taken more time than now. It´s barely a day I can relax and only read.  


fredag 4. november 2011

Boktema hos Anette min favorittforfattar på A

Det er fredag og denne veka er boktema litt forsinka, men det kom. Temaet denne veka er Din favorittforfattar på A. Eg har to som eg liker veldig godt.

Den eine er ei som alle bør ha høyrt om, nemlig forfattaren som laga forteljingar om Pippi, Ronja røverdatter, Brødrene løvehjerte og barna i bakkebygrenda. Eg har likt Astrid Lindgren så lenge eg kan hugse og då me hadde Astrid Lindgren-veke på barnekulen i sjette klasse og eg kunne gå ein dag på skulen som Madicken var eg kjempefornøgd. Når det gjeld Astrid Lindgren greier eg ikkje å plukke ut nokon abosolutt favorit, men eg skal innrømme at eg framleis synes det er koselig å sjå på filmane som er basert på bøkene.

Den andre er Ally Condie, forfattaren av boka Matched. Likte boka kjempegodt. Sjølv om det er den einaste boka eg har lese av ho, synes eg at måten ho forteljar på go historia om Cassia er fasinerande og spennande.


torsdag 3. november 2011

Nå har jeg registrert meg på Bloggurat.=) Prøver å få litt gang på sakene med fleire følgarar osv.

Mai Lene

onsdag 2. november 2011

Tematrio Halloween

Nokre av bokbloggarane har kvar veke ei liste på tre punkt over noko med bøker, og eg tenkte eg skulle prøve meg og sjå korleis det er. Denne veka er det Halloween som står for tur og me skal fortelje om tre skremmande romaner/noveller etc.

1. Hugsar at då eg las Isfuglen av Lene Kaaberbøl var eg av ein eller annan grunn vettskremd nestenm. Dei to første bøkene var kjempespennande og så kom den siste, og den var skikkelig nervepirranda. Eg hugsar ikkje så mykje av boka eigentlig utanom at eg var kjemperedd då eg las ho.








2. Var kjemperedd då eg las om trollet som kom seg inn på Halloween i den første Harry Potter-boka. Sat og tenkte: "Korleis går dette?" Harry Potter-bøkene er vel veldig Halloween, særlig bok nummer ein, og toder dei møter eit troll og er på 500 års dødsdag.









3. Heaven av Christoph Marzi er vel ei typisk bok å lese rundt Halloween. Har så vidt fått byrja, men nå skal eg prøve å lese ho så får me sjå, men til nå er det ei typisk "Halloween-bok."

tirsdag 1. november 2011

Bursdags giveaway hjå Anette

Ny giveaway hjå Anettes bokboble og denne gongen er det på bursdagen hennar (18. november) det skal trekkast vinnar. (Giveawayen er i anledning hennar bursdag) Så gå inn og sjekk kva det dreier seg om.




søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...