søndag 8. april 2012

påskemorgon


8. april 2012

Jesus står opp 

Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.  2 Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han.  3 Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.  4 Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.  5 Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, den krossfeste.  6 Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!  7 Skund dykk av stad og sei til læresveinane hans: ‘Han er stått opp frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han.’ – No har eg sagt det til dykk.»
   
  8 Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til læresveinane.  9 Og sjå, Jesus kom imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han. 10 Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.» 

lørdag 7. april 2012

Vi elsker film

The curse on the black pearl


...og skal det vere...

Jonny English reborn (Rowan Atkinson i hovudrolle)

...morosamt...

sett eg på Megamind, the curse on the black pearl eller Johnny English reborn



...tåredryppande... 

set eg på the last song eller a walk to remember. Saras nøkkel er òg nydelig. 



Just my luck

...romantisk...

set eg på a walk to remember, the last song, legally blonde, ever after eller the princess diaries. Freky Friday, a Cinderella story, wildchild, bride wars, just my luck og the perfect man er òg gode romantiske filmar. (just my luck anbefales på det sterkast, på lik linje med bride wars)


...klassikar...

Anne of Green Gables

set eg på Anne of Green gables, a christmas carol eller ein Astrid Lindgren-film



...animasjon...

set eg på ein morosam dreamworks-film som Shrek, Madagaskar, Megamind eller Biefilmen. Disney duger òg!!



...barnslig...

set eg på Postmann Pat eller Ole Brum

Saras nøkkel


...spennande...

set eg på Harry Potter eller pirates of the Caribean. Kanskje Saras nøkkel òg? 



...musical...

set eg på ein Disneyfilm i animasjon med sangar (Lion King) eller High school musical eller sounds of music. 



...underhaldningsprogram på TV...

set eg på the voice, nytt på nytt, popstock, de ukjente, Amigo Grande, skal vi danse og mykje anna som har gått 



...TV-serie...

set eg ikkje på Paradise hotel, one three hill, Grace anatomy, desperate housewifes, vampire diaries, Gossip girl og/eller hellcats. Nei, eg ser på family guy og the Simpsons!!



...krim...

har eg ikkje noko kjekt å sjå på lenger, fordi dei har tatt vekk med hjartet på rette staden. =( Mitt største savn på TV

fredag 6. april 2012

langfredag



6. april 2012

Jesus blir krossfesta, døyr og blir begravd

Så førte dei Jesus bort for å krossfesta han. 32 På vegen møtte dei ein mann frå Kyréne som heitte Simon, og han vart tvinga til å bera krossen. 33 Då dei kom til ein stad som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden – 34 gav dei Jesus vin blanda med galle. Men då han smaka på det, ville han ikkje drikka. 35 Så krossfeste dei han. Og dei kasta lodd om kleda hans og delte dei mellom seg. 36 Sidan vart dei sitjande der og halda vakt over han. 37 Over hovudet hans hadde dei sett ei innskrift med skuldinga mot han: «Dette er Jesus, kongen over jødane.»
   
 38 Saman med han vart to røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på venstre sida. 39 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: 40 «Du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! Er du Guds Son, så frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 41 Like eins spotta overprestane han saman med dei skriftlærde og dei eldste og sa: 42 «Andre har han frelst, seg sjølv kan han ikkje frelsa. Han er då Israels konge; lat han stiga ned av krossen, så skal vi tru på han! 43  Han har sett si lit til Gud; lat no Gud berga han, om han har han kjær. Han har då sagt: ‘Eg er Guds Son.’» 44 Og røvarane som var krossfeste saman med Jesus, spotta han på same måten. 

Frå den sjette timen vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen. 46 Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst: « Elí, Elí, lemá sabaktáni?» Det tyder: « Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?» 47 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Han ropar på Elia.» 48 Og med det same sprang ein av dei fram, tok ein svamp og fylte med vineddik, sette han på ei stong og ville la han få drikka. 49 Men dei andre sa: «Lat oss sjå om Elia kjem og bergar han.» 50 Men Jesus ropa på nytt med høg røyst og gav opp anden.
   
 51 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv, og berga brast. 52 Gravene opna seg, og kroppane til mange heilage som var avlidne, vart reiste opp frå dei døde. 53 Etter Jesu oppstode gjekk dei ut av gravene og kom inn i den heilage byen, og der synte dei seg for mange.
   
 54 Men då offiseren og dei som var med han og heldt vakt over Jesus, såg jordskjelvet og det som hende, vart dei gripne av stor redsle og sa: «Sanneleg, han var Guds Son!»
   
 55 Det var òg mange kvinner der som stod langt unna og såg på. Dei hadde følgt Jesus frå Galilea for å tena han. 56 Mellom dei var Maria Magdalena, Maria som var mor til Jakob og Josef, og mor til Sebedeus-sønene. 

Då det vart kveld, kom det ein rik mann som heitte Josef. Han var frå Arimatea og hadde òg vorte ein Jesu læresvein. 58 Han gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp, og Pilatus gav ordre om at han skulle få han.59 Josef tok Jesu kropp, sveipte han i eit reint linklede 60 og la han i den nye grava han hadde hogge ut til seg sjølv i bergveggen. Så rulla han ein stor stein framfor gravopninga og gjekk. 61 Men Maria Magdalena og den andre Maria var der. Dei sat beint framfor grava. 
Neste dag, dagen etter førebuingsdagen, gjekk overprestane og farisearane saman til Pilatus 63 og sa: «Herre, vi har kome til å tenkja på det som denne forføraren sa medan han levde: ‘Etter tre dagar blir eg reist opp.’ 64 Gjev no påbod om å sikra grava til tredje dagen. Elles kunne læresveinane hans koma og stela han og seia til folket at han har stått opp frå dei døde. Då blir den siste villfaringa verre enn den første.» 65 Pilatus svara: «Her har de vaktmannskap. Gå bort og sikra grava som de finn det best.» 66 Då gjekk dei og sikra grava, både med vakt og med segl på steinen.

torsdag 5. april 2012

Skjærtorsdag

5. april 2012

Det siste måltidet og nattverden

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» 18 Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’»19 Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
   
 20 Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. 21 Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» 22 Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» 23 Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. 24 For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» 25 Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus. 

Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» 27 Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! 28 Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. 29 Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.» 

onsdag 4. april 2012

bok å lese i påsken: glassblåseren fra Murano

Fin, historisk bok om glassblåsarar, Venezia og kjærleik. 



I Venezia 1681 er den venetianske republikkens hovednæring glassblåsing, og venetianske speil er mer verdt enn gull. Glassblåserne på Murano er praktisk talt fanger på øya, strengt bevoktet av det livsfarlige "timannsrådet", Consiglio dei dieci. For å beskytte sin hemmelige datter selger Corradino Manin, glassblåsernes største kunstner, sine forretningshemmeligheter og sin sjel til Ludvig XIV av Frankrike, Solkongen.

Flere hundreår senere flykter hans etterkommer, Nora Manin, fra et ulykkelig liv i London, for å gå i lære som glassblåser i sine forfedres by. I Venezia finner hun en ny tilværelse og ny kjærlighet. Men hun er både temperamentsfull og talentfull, og det berømte etternavnet setter henne i fare når tidløs rivalisering kommer til overflaten i de eldgamle glasshyttene. Og når de forræderske hemmelighetene i Corradinos liv avsløres, blir Noras skjebne uløselig knyttet til forfaderens.
Tekst og bilete frå Vega forlag.

Boka kom litt treigt i gang syntes eg og første kapittel var litt langvarig. I første del av boka likte eg best å lese om Nora, eller Leonora som ho blir heitande når ho kjem til Venezia. Tilbakeblikk til Corradino var litt kjedelige i byrjinga, og eg likte best å lese om Leonora gjennom boka og ikkje Corradino.

Både Leonora og Corradino var det kjekt å bli kjent med gjennom boka og linja i frå Corradino til Leonora er interessant. Det er ei svært romantisk bok også, og den anbefales til å bli lesen i påsken.

Eg har ikkje så god tid nå, men det er ei bra bok som bør lesast. Omslaget er til å forelska seg i og det same er beskrivingane av byen.

tirsdag 3. april 2012

påske er KOS!!

Kvikk Lunsj, hytterur med snø, gul pynt, påskeegg av sjokolade fullt med kvit luftig krem og kos. Det er påske. Nå har eg nettopp kome heim i frå ein kort ferie på onkel og tante si hytte. Det var kos å vere saman med to tanter, ein onkel, lillesøss og søskenbarn på hytta. Johnny English, skiturar, sjokolade og millionær. Det er vel for mange slik påsken skal vere. Dessverre må eg ærlig innrømme, at sjølv om det var god påskestemining der oppe, appelerer ikkje hyttelivet veldig til meg. Kaldt å gå på do, spare på vatnet og å bruke fleire timar på å varme opp hytta. Har ikkje tolmod til det. (har funne ut at feriehus på Gotland passar for meg)
Uansett, nå er eg heime igjen og klar for å gjere meir i påsken. Har prøvd snøbrett for første gong og har sabla mange blåmerker på kroppen. I tillegg var det skare og ploging hjelpte ikkje mykje på festet.  I går måtte eg kaste meg rett ned på hard snø for å ikkje kjøre over søskenbarnet mitt og litlesøstera mi. På snøbrettet trur eg det var viljen min som styrte meg vidare, for litt knall og fall må ein rekne med når ein kjører ned ein humpete bakke utan vern av noko slag. Var ikkje i trekket, men rett utanfor hytta. På ski var eg meir forsiktig, for eg har gått såpass mykje på ski at eg greier å bremse. Derfor bar eg skia ned til parkeringsplassen då me skulle heim. Med ei veske på magen (med to verdifulle bøker) og ein sekk på ryggen var eg litt meir forstiktig.

Nå gler eg meg til resten av veka og satsar på ein fin påskeferie vidare. Og så har eg fått åtte nye krimbøker i bokhylla. Dei venta på meg då eg kom heim saman med ein pakke godteri og to søte påskekort . TUSEN TAKK! Nå har eg lektyre utover våren i alle fall i tillegg til ei bok eg fekk til jul av ei besteveninne som eg må få lese. (hehe)

For å minne på noko anna med påsken legg eg ut eit bibelvers eller delar av eit bibelvers i frå Matteus eg synes er nydelig. Det er ein offisar som seier dette om Jesus når døyr og det er skikkelig fint sagt. es dette:

«Sanneleg, han var Guds Son!»
<3<3<3<3<3

mandag 2. april 2012

bok å lese i påsken: 13 gode grunner av Jay Asher

Ei sterk bok om sjølvmord, minner og skyldkjensle


Du kan ikke stoppe framtiden. Du kan ikke spole tilbake fortiden. Den eneste måten å avsløre hemmeligheten på er å trykke play ... På vei hjem fra skolen finner Clay Jensen en pappeske med kassetter utenfor trappa si. Kassettene er fra Hannah Baker, en jente i klassen hans som døde 14 dager før. Han vil ikke ha noe med disse kassettene å gjøre. Hannah er død. Og hemmeligheten hennes bør bli begravd med henne. Men så hører han Hannas stemme si at han er en av de 13 grunnene til at hun er død. Gjennom hele natten lytter Clay til Hannas stemme, han blir guidet rundt i den lille hjembyen ... og oppdager på veien noe som forandrer livet hans for alltid

Eg gråt ikkje då eg las boka. Eg snufsa ikkje og kjente ikkje at det sveid bak augelokka. Det var ikkje den typiske grineboka der tårene mine renner. Eg grin lett og særleg med ei bok eller ein film, men denne gongen gjorde eg ikkje det. 

Likevel var historia veldig godt fortalt. Me høyrer Hannas stemme gjennom heile boka, mens me i mellomtida òg veit kva Clay gjer og høyrer hans kommentarar til det ho seier. Spenninga er i heile boka, på kvar side, kvart avsnitt, kvar setning og kvart ord. Det er ei litt uhyggjelig spenning, men samstundes er ho god. Når du les denne boka får du den der kjensla av at dette er bra, dette er eg inni, dette er noko eg vil lese vidare på. 

Både Clay, Hanna og alle dei andre boka er om er det interessant å lese om og "bli kjent med." Det var god påskelektyre og ei bok som er til ettertanke. Banneorda hopa seg absolutt ikkje opp i det heile tatt og i motsetning til andre ungdomsromanar har denne eit veldig viktig bodskap som får tankegangen til å ta ein anna veg enn dei typiske ungdomsromanane. Det er sunt med bøker som dette, heilt sant. Ungdommar treng noko anna enn alkohol, sex, festar, kjærastar og banning å tenke på. Dette er ei bok utanom det vanlige.

Vil ikkje kalle det for krim, meir ein psykologisk thriller. Får tankane til å kverne! 

Det var dessverre ikkje noko klimaks i boka, men det trengtes ikkje. Boka var spennande nok i seg sjølv. Og så er omslaget så NYDELIG og spesielt og på ein måte litt einsamt. Bitte litt trist og søtt. Eit omslag som kunne fått meg til å plukke opp boka bare pga det. ANBEFALES!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

søndag 1. april 2012

palmesøndag

bibeltekst 01. april 2012

Jesus rid inn i Jerusalem

Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg  2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg.  3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.»  4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:
        
   
  5  Sei til dotter Sion:
           Sjå, kongen din kjem til deg,
           audmjuk er han og rid på eit esel
           og på folen til eit trekkdyr.
 6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.  7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.  8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen.  9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
           Hosianna, Davids son!
           Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
           Hosianna i det høgste!
10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 


fredag 30. mars 2012

krim å lese i påsken: vårlik av Mons Kallentoft

Ny spennande, men hjarteskjærande krim av Mons Kallentoft. Den får deg til å tenke. 


Vårsolen skinner over Linköping og de vinterbleke menneskene som har våget seg til uteserveringene rundt torget. Svalene kretser over dem, fargerike tulipaner lyser fra bedene og en mor med to små barn går mot minibanken. Men plutselig rives idyllen i filler av en kraftig eksplosjon. Etterforsker Malin Fors er på vei til et syn hun aldri kommer til å glemme. Knust glass og ødelagte blomster overalt. En liten barnesko. En due som pikker i noe rødt i den øredøvende stillheten.
I byrjinga av denne boka møter me mora og dei to små barna som går mot minibanken. Det er vår og våren er plar vere det som vitnar om noko nytt og noko med liv, men dessverre blir det ikkje slik dette året. Malins mor er død, ho står ved grava saman med faren og dottera Tove og prøver å føle savn eller lengsel eller kva som helst som binder henne til mora. Likevel greier ho det ikkje, og ho forbinder bare masse arbeid og ting som må ordnast med dødsfallet. Slik som faren har ho ei kjensle av skyld for den lettelsen ho føler på seg nå som mora er død.

I mens skjer det skjebnesvangre, det som forandrar våren i byen. Ei tragedie på torget, rett ved minibanken. Ei mor og to døtre har blitt drepne. Kven var angrepet retta mot? Banken, familien eller var det for å skremme? Kven gjorde det? Islamistar? Høyreekstremistar? Nokre som var i mot banken?

Politiet i Linköping er inne i ein ny periode med konfliktar, løgner og nye mord. Dei koplar inn Tryggleikspolitiet (Sikkerhetspolitiet på bokmål), men samarbeidet går ikkje heilt slik som det burde. Media er ville etter nytt og borgarane i Linköping tårer så vidt å gå ut. Svenska bankar blir stengde på grunn av eit mogleg trusselbilete og på sjukehuset ligg mora og kjemper for livet.

Malin må nok ein gong prøve å lytte til stemmene som leiar henne på riktig veg, og nok ein gong gjer ho alt for å finne ut av det. Samstundes tar hennar privatliv nye vendingar og frykta for å miste Tove heng som ei grå sky over henne.

Greier Malin og politiet å finne mordarane og kva skjedde? Les boka så får du sjå.

Eg er veldig nøgd. Synes ikkje det var fullt så mykje diskriminering i denne boka som i sommerdøden. Boka startar ikkje med at hovudpersonen blir full (takk og pris) og den startar ikkje med ei sex-scene. Rett og slett ein mykje betre start. Hendingane i boka er sjølvsagt heilt forferdelige og denne er på ein måte mykje mørkare enn den andre med alle løgnene og løyndommane. Bokstavelig talt òg med undergrunden i Stockholm og arestasjonar om natta. Spenninga held seg oppe til siste setning og det er ekte krim.

Språket i boka er bra utanom alle banneorda. Har forfattaren dårlig ordforråd? Synes det burde gå an å uttrykke seg på andre måtar, men deg var ikkje veldig overraska, sjølv om det verka som om banneordforrådet til forfattaren har eksplodert.

Viss du vil lese ein god krim så anbefales vårlik på det sterkaste. Og særleg i påsken, for med den tittelen bør boka passe for denne årstida.

Oppsumering: Litt for mykje banning og stygt språk, men ein vaskeekte krim!!

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...