søndag 1. april 2012

palmesøndag

bibeltekst 01. april 2012

Jesus rid inn i Jerusalem

Då dei nærma seg Jerusalem og var komne til Betfage ved Oljeberget, sende Jesus to læresveinar i veg  2 og sa til dei: «Gå inn i den landsbyen som ligg framfor dykk! Der skal de straks finna eit esel som står bunde og har ein fole hos seg. Desse skal de løysa og leia til meg.  3 Og om nokon kjem med spørsmål, då skal de svara: ‘Herren har bruk for dei.’ Då sender han dei hit med ein gong.»  4 Dette hende for at det skulle oppfyllast, det som er tala gjennom profeten:
        
   
  5  Sei til dotter Sion:
           Sjå, kongen din kjem til deg,
           audmjuk er han og rid på eit esel
           og på folen til eit trekkdyr.
 6 Læresveinane gjekk av stad og gjorde som Jesus hadde sagt.  7 Dei henta eselet og folen. Så la dei kappene sine på dei, og han sette seg oppå.  8 Mange i folkehopen breidde kappene sine på vegen, andre hogg greiner av trea og strødde på vegen.  9 Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
           Hosianna, Davids son!
           Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
           Hosianna i det høgste!
10 Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» 11 Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.» 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...