torsdag 29. september 2011

Boktema hos Anette Ei bok eg har lese tre gonger eller meir

Denne veka er temaet til Anette Ei bok du har lese tre gonger eller meir. Skriv eit innelegg om boka og legg igjen linken igjen hjå Anette. Lån gjerne logoen hennar. 

Denne gongen kan det vere mange bøker. Eg er så glad i å lese bøker fleire gonger at eg det er heilt sprøtt. Heilt i frå eg var liten har eg likt det og eg gjer det framleis. Alle Harry Potter-bøkene er lese fleire gonger enn eg kan telje og det same med twilight, Pode og bestevenner. Skal eg seie ei av bøkene så må det vere Harry Potter og dødstalismanene. Som mange andre er eg kjempeglad i bøkene (men ikkje blodfan) og denne boka gjer meg like rørt, redd og glad kvar gong eg les henne. Framleis sit eg med hjartet i halsen når eg les om når dei er i Gudriksdal og eg byrjar og grine kvar gong eg kjem til slutten. 
 Mai Lene

ps. Vil bare seie i frå om nokre endringar. Kanskje de har fått med dykk at eg har ein til blogg. I så fall vil eg bare seie at eg flyttar fototriss og himmelsk over herifrå og til den bloggen går. Gå inn på http//mileyhaeak.blogspot.com/ for å sjå han. Første fototriss på den bloggen kjem i dag. 

fredag 23. september 2011

nå reiser eg

Då er det avgårde på leirlederhelga på himmel og hav og eg gler meg skikkelig til dette her!! Skal lære korleis eg kan vere ein god leirledar osv.
Ha ei god helg og kos dykk med bøker (og kanskje laurdagssnop?).

Mai Lene

torsdag 22. september 2011

Boktema hos Anette Den beste boka eg har lese i år

Anette er ferdig med ei yndlingsbok på kvar av bokstavane i alftabetet, men har bytta det ut denne torsdagen mot Den beste boka eg har lese i år.

Eg har lese mange kjempegode bøker i år og overhalvparten av bøkene på topp 10-lista mi er bøker eg nye bøker eg har lese i 2011 og den boka som står øverst er Verten av Stephanie Meyer. Først då eg opna boka tenkte eg: "Kva slags tull er det her?" men så byrja eg å lese og WOW. Beste boka eg har lese i heile mitt liv. Det er ei sånn bok som eg liker. Bra skriven, og bra fantasi (når det er fantasy synes eg ofte forfattaren skiv dårlig sånn at alt er litt uverkeleg, men Stephenie Meyer fekk meg til å tru at dette var sant kvar gong eg dykka ned i boka).


Mai Lene



tirsdag 20. september 2011

bok: rubinrød av Kerstin Gier


Plutselig ein dag befinn Gwendolyn seg i London i ei heilt anna tid. Ho har blitt oppdratt i ein familie med mange løyndommar, men ein ting veit ho: Det er kusina og ikkje ho som har tidsreisegenet. Eller ho trudde i alle fall det heilt til ho blei slengt inn i ei heilt vill historie.

Åååå, fekk så lyst til å vere med henne og ha på meg fine kjolar og hattar og setje opp håret fint. Det høyres litt kjekt ut, men må vere litt stressande òg trur eg.

Innleiinga var bra skriven, men eg trong litt tid for å kome inn i boka, men det var spennande.

Midtdelen var kjempebra og eg kom meir og meir inni boka og fekk så lyst til å vere DER og å oppleve det. Snakk om å leve seg med i ei historie.

Omslaget og baksidetekt og tittel passa og nå gler eg meg til å lese neste bok i serien. Har sett omtalar  skrive av Flukten fra virkeligheten,  Anette og Bokelskerinnen om Rubinrød inni Safirblå. Morosamt og sjå dei der.

Mai Lene

søndag 18. september 2011

tidsreisegenet

Har nettopp byrja på Rubinød av Kersti Gier. Andre gong eg prøver meg på denne boka fordi første gongen blei alt litt for rart for meg, men så fann eg mange gode omtalar av boka og prøvde på nytt og nå har eg lyst på sånn tidsreisegen sjølv.

Eg har funne nokre ting som hadde vore kjekt viss eg hadde hatt eit sånt gen.


  1. Reist tilbake til 1700 talet og kanskje gått på ball i sånn svær kjole saman med fullt i andre folk. Det høyres morosamt ut
  2. Eg har kjempelyst til å reise tilbake til Kristiania 1829 (17. mai faktisk) og sjå det aller første 17. mai-toget som har vore. Det må ha vore så spennande. 
  3. Hadde vore spennande å vere der då Noreg fann ut at dei var fri i frå Sverige i 1905. 
  4. Det hadde òg vore kjekt å vore i Eidsvollsbygninga 16./17. mai 1814 for å sjå då grunnlova blei vedtatt. 
  5. Og så eit heilt sprøtt ønske: Eg har skikkelig lyst til å reise tilbake i tid til 1900-talet til Canda til den tida då Anne fra Bjørkely er henta i frå og gått i sånne kjolar og kanskje eg kunne lært korleis eg sett håret mitt opp så fint. 
Mai Lene

lørdag 17. september 2011

bok: miraklenes tid er forbi av Kari Sverdrup


Jonas har endelig kapra drømmedama: Katarina, men på sommaren skal dei vere kvar for seg og som me kanskje veit, avstandsforhold er ikkje alltid like lett. Katarina er ikkje så veldig fornøgd med det tettte forholdet mellom Jonas og stesøstera Linda som òg er med på ferien til Jonas. Korleis går dette?

Wow, så mykje betre enn den første. Eg sat klistra til boka i dag til morgonen og ville vite korleis dette gjekk. Alt var kanonbra i forhold til sist bok og skrivemetoden er betydelig betre sjølv om det er i same serie. Nå ser eg fram til  å lese frem og tilbake er dobbelt langt som er tredje boka i serien.

Dette blei litt kort, men eg skal snart "ut på vift," (Nærbø kristelige ungdomslag) God helg alle saman.
Mai Lene

fredag 16. september 2011

himmelsk

Ny fredag og nytt innlegg med himmelsk.

Denne gongen har eg fleire bilete i frå i sommar.




(viss de er nokre som såg første veka av gøy på landet dette året, er det i frå Audnedal desse bileta er)

Mai Lene

torsdag 15. september 2011

bok: vinnaren tar alt av Kari Sverdrup


Jonas har ein bestevenn. Eller ein han trudde var bestevennen hans. Og han har møtt Katarina. Ei jente som han synes er utanom det vanlige, men det einaste han firbindar med å møte henne er KATASTROFE.

Litt for enkel bok etter mi meining. Alt var for enkelt. Enten er ho veldig dårlig skriven ungdomsbok eller så er ho for dei som er litt mindre. Eg trur på det første fordi det var tydelig at her var det litt herming på gang etter andre ungdombøker.

Omslaget var stilig med mange fargar og det vekkar interesse.

Mai Lene

tirsdag 13. september 2011

bok: Afrodite og ulykkesfuglen av Ritta Jackobsen


Ditte skal reise med kjærasten Alexander til mormora hans og ha ein rolig og avslappande ferie. Mormora bur i ein liten bolig rett på sida av ein Herregård der ho arbeidar. Men det er noko mystisk med den Herregården og Ditte vil finne ut kva. Kven er jenta i vindauget og kven har rota i Aleksanders mormors redskapsbod? På tross av åtvaringar i frå kjærasten og mormora hans bestem Ditte at ho skal finne det ut.

Puh, kjedelig innleiing når det gjeld Afrodites del.  Måtte lese hundre sider før det i det heile tatt skjedde noko som kanskje var så spennande (ironisk) at hunden til Ditte sprang inn i Herregården og Ditte henta henne igjen. Fekk i alle fall ikkje den gode kjensla eg får når eg les god krim. Når det gjaldt å sjå alt i frå Nadjas synspunk blei alt meir interessant og det var då eg sat mest klistra med auga til boka då ho fortalte.

Midtdelen om Ditte var heilt grei. Det var litt sånn frølen Detektiv bare mindre spennande. Eg er meir for unge Bond viss det ikkje blir for voldsomt. Ditte ser nokre mystiske ting, men det skjer jo nesten ingenting for det om.
Nadjas hovuddel var òg heilt grei. Det skjedde ikkje så alt for mykje, men nok til at eg ville lese boka.

Avslutninga var sånn passe og eg hadde venta litt meir kanskje enn bare ei oppsumering og oppramsing av det som skjedde.

Omslaget er spennande og det gir deg lyst til å lese boka. Det same gjer skrifta bak på, men tittelen er noko heilt anna. Eg forstår ikkje kvifor den heiter det. Neste gong bør forfattaren finne noko litt betre.

Mai Lene

søndag 11. september 2011

fototriss

Klar for ny fototriss og denne gongen er temaet skuggar. Eg synes det var eit spennande og litt krevjande tema, men tar me i bruk hjernen så skal det gå.

Her er mine tre bilete:

Dette bilete blei tatt i sommar då me var i Kolmården dyrepark i Sverige. I denne taubana i vognene sat me og såg ned på løver og bjørnar og elgar osv. Her på dette bilete ser me taubana i frå ein plass i skuggen der ho ser ut som konturar mot himmelen.

Eg fann ei  skugge som eg synes ser ut som ei palme kanskje på ei øy der det bles litt for mykje akkurat i dag. =)

rawr=)
It`s hungry...

Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...