tirsdag 13. september 2011

bok: Afrodite og ulykkesfuglen av Ritta Jackobsen


Ditte skal reise med kjærasten Alexander til mormora hans og ha ein rolig og avslappande ferie. Mormora bur i ein liten bolig rett på sida av ein Herregård der ho arbeidar. Men det er noko mystisk med den Herregården og Ditte vil finne ut kva. Kven er jenta i vindauget og kven har rota i Aleksanders mormors redskapsbod? På tross av åtvaringar i frå kjærasten og mormora hans bestem Ditte at ho skal finne det ut.

Puh, kjedelig innleiing når det gjeld Afrodites del.  Måtte lese hundre sider før det i det heile tatt skjedde noko som kanskje var så spennande (ironisk) at hunden til Ditte sprang inn i Herregården og Ditte henta henne igjen. Fekk i alle fall ikkje den gode kjensla eg får når eg les god krim. Når det gjaldt å sjå alt i frå Nadjas synspunk blei alt meir interessant og det var då eg sat mest klistra med auga til boka då ho fortalte.

Midtdelen om Ditte var heilt grei. Det var litt sånn frølen Detektiv bare mindre spennande. Eg er meir for unge Bond viss det ikkje blir for voldsomt. Ditte ser nokre mystiske ting, men det skjer jo nesten ingenting for det om.
Nadjas hovuddel var òg heilt grei. Det skjedde ikkje så alt for mykje, men nok til at eg ville lese boka.

Avslutninga var sånn passe og eg hadde venta litt meir kanskje enn bare ei oppsumering og oppramsing av det som skjedde.

Omslaget er spennande og det gir deg lyst til å lese boka. Det same gjer skrifta bak på, men tittelen er noko heilt anna. Eg forstår ikkje kvifor den heiter det. Neste gong bør forfattaren finne noko litt betre.

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...