lørdag 12. mai 2012

bok: skumringstimen av Johan Theorin

Nervepirrande!



Og først nå får guttens mor Julia Davidsson høre om Nils Kant, som en gang satte skrekk i folk på øya. Han forsvant lenge før Julias sønn. Likevel hevder flere at de har sett Nils Kant – at han iblant vandrer omkring på det ölandske alvaret i skumringstimen.
Hva skjedde egentlig den tåkefylte høstdagen for tjue år siden? På mesterlig vis ruller Johan Theorin opp en historie der fortiden kaster skygger over nåtiden.
Då er det ei lita stund sidan sist bokomtale, men slik får det bare bli i desse tider. Uansett har eg hatt ei veldig spennande og nervepirrande leseoppleving.


Heile komplottet og settinga i boka verka spennande på meg, då eg las om boka første gong. Eg var ho så heldig å vinne denne boka og nattefokk hjå Elida på my first, my last my everything. Å lese denne boka var i alle fall suksess, sjølv om det har gått litt ekstra lang tid.

Eg lurer på kva det er med svenske krimromanar som gjer dei så gode? Mons Kallentoft, Johan Theorin og Camill Läckberg, dei tre store. Og endå fleire som eg ikkje kjem på, men som òg er i frå Sverige. Lisa Marklun skriv vel òg krim.

Tilbake til boka, så spennande og nervepirrande bok opplever me sjeldan. Eg kjente det langt inne. Det er noko eige med bøker som dette, og når dei i tillegg tar med litt "spøkelser" og gamle historier i frå Öland i forteljinga (sjølvsagt oppdikta), så blir det ekstra bra.

Eg likte absolutt alt med denne boka. Strukturen, den autorale forteljarvinkelen og hoppa tilbake i tid. Det er slikt som fengar og gjer ein god krim til nettopp det, ein god krim. Om du ikkje har prøvd Theorin sine bøker tidligare, så anbefales det å gjere det nå.

Både Gerlof og Julia var gilde personar å bli kjent med. Litt spesielle kanskje, og mange av personane verka som folk som tok ting i sine eigne hender. Veldig lite samfunn der alle kjenner alle, men likevel ikkje kjenner kvarandre sånn kjempegodt. (Veit ikkje om de forstår kva eg meiner)

Eg sit igjen med både gode og litt småtriste kjensler etter ei slik bok. Den hadde både ei god og ei dårlig side, og den dårlige sida likte eg absolutt ikkje. Litt sur blir eg alltid når ting ikkje går som eg har tenkt, men likevel kan eg ikkje alltid få viljen min.

Noko av det beste var at han brukte verkemiddelet med ein nesten altvitande lesar. Altså at me visste alltid litt meir enn personane i boka. Då er det spennande å vente på kor tid og korleis noko skjer, når me veit at det kjem.

Til slutt min vanlige reklame: giveawayen min her! De kan vinne enten vente på Robert Capa eller sjelekista. Det er sponsa av Bazar forlag. 

fredag 11. mai 2012

Mai Lene på kjøkkenet - morosamme ting

Viss de vil ha litt underhaldning, bør de lese dette. Viss eg skal få folk til å le, er det med ein gong kjøkkenkunnskapane mine eg dreg fram. For å seie det på den måten, dei er ikkje heilt på topp. Not at all.
For å trekkje fram ei historie.

Seinast for ti eller femten minutt sidan skjedde det siste. Ganske morosamt. Eg byrja å lage oreokake rundt tre i dag. Og eg har ikkje kome lenger enn til det andre laget endå. Hehe. Til vanlig så lager me oreokake rett på fatet, så  det gjorde eg i dag òg. Eg la alle dei knuste oreokjeksa på fatet som vanlig, etter å ha blanda dei i smør. Det var akkurat som om dei ikkje ville forme seg skikkelig som den botnen eg pleier å lage, så eg blei litt usikker og tenke eg skulle vente til mor kom heim. Så laga eg då ostekremen til oreokaka, noko som tek si tid, og tenke at mor kjem nok heim i løpet av den tida der, men nei. (kø på apoteket, langt i frå mor sin feil) Etter eg var ferdig med kremen då ringte eg og spurte om hjelp til den her botnen. Jo, då fekk eg vite at eg hadde gløymt den runde forma rundt. Sånn rundform. Følte det var noko eg ikkje hugsa på, men kva? Så var det rundforma eg hadde gløymt. Hehe

Viss du ikkje kan læ av dæg sjølv, går du glipp av møje lått!
(Viss du ikkje kan le av deg sjølv, går du glipp av mykje morosamt)
Dette er då eit ordtak eller sitat i frå ein på Jæren som eg ikkje hugsar namnet på. Kanskje det er ukjent? Hugsar ikkje, men det har i alle fall sett seg fast. =)

Viss oreokaka blir ferdig, er ho meint til å sjå slik ut. =)

framtidige favorittar - eventyr

Framtidige favorittar er ei spalte laga av bokelserinnen der du skriv om kva bøker du trur du kjem til å like i framtida. I dag har eg valt å dra fram bøker inspirert av eventyr, eller med ein eventyrfigur med i tittelen.



En liten pike forsvinner på sentralstasjonen i Stockholm og faren blir raskt mistenkt. I en annen del av Sverige lever en ung kvinne i skjul, redd for å bli funnet av mannen som hun først trodde var den prinsen og befrieren hun hadde ventet på helt siden barndommen. Hun vet bedre enn noen andre hvorfor piken på toget er forsvunnet, og enda en gang forbereder hun seg på å flykte. Etterforskningen ledes av den legendariske politimannen Alex Recht, den ivrige kriminalbetjenten Peder Rydh samt den sivilansatte etterforskeren Fredrika Bergman.
Svensk krim er veldig bra har eg funne ut, og alltid når eg ser namnet Askepott på ei bok blir eg veldig nysgjerrig. Sjølv om det sikkert ikkje direkte er inspirert av eventyret er likevel tittelen nok til å gjere meg skikkelig nysgjerrig.

Askepott har alltid vore den store favoritten, helst ikkje Disney, men historia om då Askepott går til mora si grav og så kjem fuglen og hjelper henne. På film er Jetlag productions versjon best.
(hint hint)








Eg såg mykje på skjønnheten og udyret då eg var lita, om det fæle monsteret og den søte prinsessa som til slutt levde lukkeleg alle sine dagar. Denne boka er ei gjenforteljing av eventyret i frå udyret si side. Gler meg til å lese denne.

Ever wonder what it was like for the Beast?  
Find out in this contemporary retelling.
Høyres ut som ei kjekk bok.


Eg har alltid likt historia om Tornerose og her kjem ho i moderne form av Alex Flinns bok a kiss in time. Kjempestilig
 What did you do on your summer vacation?Jack found a 300-year-old princess!A Kiss in Time, a modern Sleeping Beauty (HarperCollins, April, 2009)
Dette var då mine framtidige favorittar i dag. Minner alle om giveaway der de kan vinne enten vente på Robert Capa av Susana Fortes eller sjelekisten av Ann Rosman. Meld dykk på i rafflecopter-funksjonen her så er det med i konkurransen. Hugs at for kvar gong det kommenterer ein annan stad på bloggen kan de legge det inn og få eit til "lodd."

Lukke til alle saman!




torsdag 10. mai 2012

I have a dream


Tidligare på bloggen har eg lagt ut litt av det eg har skrive. Mykje av det har eg ikkje haldt fram på. Mykje av det er bare dårlig planlagde kladdar. Likevel lever framleis draumen om at eg ein dag blir forfattar. Sjølv om eg har fortalt litt, har eg langt i frå fortalt alt om draumen min. 

Heilt sidan eg var liten har eg elska å skrive forteljingar. Eg byrja med å skrive om jenter som hadde fødselsdagar der dei fekk kattar, hundar og kaninar, helst alt på ein gong. I tillegg blei eg alltid veldig inspirert av eventyr og skreiv mykje om høna som blei kidnappav reven, for så å komme tilbake. I tillegg var Susanne som kom i klørne på ei trollkjerring ei eg skreiv om. Det gjekk i frå dette til å skrive meir om mobbing, storebror og litelesøster og frisørar. 

Eg hugsar ei av historiene eg skreiv. Den handla om ei jente som ville bli frisør og friserte ein vilt framand mann og lærerinna si, etter å ha prøvd seg på sauene heime. Det gjekk ikkje så veldig bra, men etter nokre år blei ho frisør og alt blei betre. Ei novelle?


Kvar gong me har fått skriveoppgåver på skulen, heilt sidan eg var liten, har eg elska det. Eg har skrive og skrive og skrive, og ein gong skreiv eg over tjue handskrivne A5 sider på ei skuleoppgåve. Det var vel i femte eller sjette klasse trur eg. Det høyres ikkje mykje ut for meg nå, men då var det mykje, og i alle fall til å vere på skulen. Fullt med slurvefeil sjølvsagt og ei heilt horibel handskrift som eg fekk då eg skreiv. Då me seinare fekk beskjed at me skulle skrive forteljinga inn i det me kalla literaturboka måtte eg spørre om eg kunne skrive bare litt av forteljinga inn i boka, for viss ikkje hadde eg sete der i ei veke og skrive inn med fin løkkeskrift. 

Den største nedturen var då me skulle skrive ei historie om Paris, og så fekk me ikkje bruke meir enn fem A5-sider. Umogleg, hadde vore alt for lite på ungdomsskulen. Korleis får du ned eit tjuveri av Mona-Lisa på fem A5-sider. Til og med i dag kunne eg ikkje laga noko betre, for fem sider er alt for lite. Det blei ei heilt elendig forteljing i mine auge, akkurat som alle andres, men ei fantastisk forteljing i andres auger. Uff og huff, Nedtur. 

Då eg byrja i sjuande trur eg det var, byrja eg for alvor å planlegge bøker, lange bøker. Dei første kladdane var urealistiske og kjedelig forsøk på noko som skulle likne ei bok. Då eg gjekk på barneskulen var heile planen å bare skrive for barn og ungdom. Den planen behaldt eg heilt til i vinter. Nå er planen å ikkje skrive for ei spesiell aldersgruppe, men skrive ned det eg vil skrive om. 


Det høyres kanskje gørr kjedelig ut å skrive, når du kan lese det andre har skrive. Nei, absolutt ikkje. Eg har alltid hatt lyst til å vere ein av dei som får sjå "mursteinane" sine i butikkvindauget. Noko av det gøyaste med ei forteljing er at det ikkje er di historie. I alle fall ikkje for meg. Det betyr at ein kald vinterdag på Jæren, kan eg forsvinne til ein varm sommardag i Kristiansand ved å bare ta fram papira mine. Eg kan lage den historia eg vil i frå den tida eg vil og i frå den staden eg vil. Det betyr at sjølv om eg sit her ein kald vinterdag på Jæren, kan eg lage ei historie i frå 1990 i frå Kreta på sommaren. 

Noko anna er hovudpersonane. Å lage ein person er fantastisk morosamt og spennande. Ikkje bare skal du vite om utsjånaden og lage til den, men du kan òg bestemme kva personen føler, kva interesser personen har, og kva negative og positive sider personen har. Til tross for personane eg lager sine feil og manglar er eg veldig glad i dei. Det høyres kjempesprøtt ut, vere glad i ikkje-eksisterande personar. Saka er den at det er veldig lett å bli glad i ein person du bare diktar opp. Du skal kjenne ein person så godt før du byrjer å skrive, at du skal kunne kjenne igjen personen viss den går på gata eller viss du ser bilete. Eg går så langt at viss eg hadde kome inn på eit kontor eller i eit hus skulle eg gjenkjent det som huset eller kontoret til ein av mine personar. Eg veit kva mine hovudpersonar har på skrivebordet og nattbordet. Eg veit kva dei har på topp ti av mat, musikk, drikker og bøker. 

Det siste er fridommen. Du kan leike deg med verb, adjektiv og substantiv som du vil. På fritida treng eg ikkje å tenke på at det skal vere både subjekt og verbal i ein stening. Leddsetningar kan stå for seg sjølv! Det er gøy, fridommen til å skriva kva og korleis eg vil.

Bare for å reklamere litt, giveaway på bloggen her. Viss du melder deg på i rafflecopteren her, er du med i trekninga av vente på Robert Capa av Susanna Fortes eller sjelekisten av Ann Rosman. Hugs på at kvar gong du kommentere på eit anna innlegg enn på giveawayen kan du registrere det i rafflecopteren og få to lodd til. I tillegg får du lodd av å følge meg på twitter, dele det på twitter, kommentere på innlegget om giveawayen. Viss du i tillegg skriv om giveawayen på din blogg og legg igjen link får du 25 lodd. Meld dykk på!

boktema hos Anette - min favorittforfattar på G

Først og fremst, det går litt treigt framover her med lesinga. Eg har planalgt ein del detaljar og slikt til det eg skal byrje å skrive på om forhåpentligvis ikkje så alt for lenge. Derfor går lesinga litt treigt kan du vel seie. Det kjem sikkert ikkje til å gå så veldig raskt seinare heller dessverre, for det einaste eg kan sjå når er store blinkande bokstavar rett framfor augene. Og dei bokstavane former ordet  EKSAMEN!
Uansett, for å glede dykk litt, har eg starta ein giveaway på bloggen, så viss de vil vere med den, trykk på biletet over innlegget eller her. Då kan de vinne ei bok av enten Susana Fortes eller Ann Rosman. De melder dykk på i rafflecoptaren ved å skrive inn namn og epostadresse eller logge inn med facebook. 

Då, slutt med reklame og over til det innlegget skulle handle om. Torsdag igjen og tid for boktema hos Anette  og i dag er temaet min favorittforfattar på


Min favorittforfattar på G trur eg er Gro Fykse, forfattaren bak Nelias gåte, nelias natt og nelias sorg.


I dag fekk eg tak i den siste boka ho har skrive om Nelia, og det har eit nydelig omslag. Var veldig spent på omslaget, sidan dei ikkje hadde lagt det ut sist eg sjekka.

Lilla er alltid kult.

Og så ei med eit etternamn som byrjar på G, og som eg har lese ei veldig god bok av:

Philippa Gregory. Eg har bare lese søstrene Boleyn til nå, men ho skreiv ei kjemegod bok for alle som lurte.

Kva er din favorittforfattar på bokstaven G?

tirsdag 8. mai 2012

solskinsgiveaway


Nå sit eg og smiler litt ironisk for meg sjølv, når eg kallar denne giveawayen for ein solskinsgiveaway, for på Jæren regner og bles det som bare juling (og "smarte" Mai Lene "gløymte" regnbukse då ho skulle til skuklen i dag). Grunnen til at eg kallar det for solskinsgiveaway er for at på denne tida begynner eg å publisere solskinsmåla mine på bloggen på ei eiga side. Liste kjem til å bli oppdatert litt etter kvart heilt fram til første juni. For at andre òg skal få litt kjekt lesestoff i sommar har eg derfor bestemt meg for å ha ein giveaway.

Eg er kjempeheldig og har blitt sponsa av Bazar forlag som har gitt ut blant anna pimtallenes ensomhet av Paolo Giordano,  Saras nøkkel, bummerang og huset du elsket av Tatiana de Rosnay og sist, men ikkje minst før jeg sovner, så det er ingen tvil om at forlaget gir ut mange gode bøker.

Bøkene eg har blitt sponsa med er desse:

vente på Robert Capa av Susana Fortes


En roman om forholdet mellom krigsfotografene Robert Capa og Gerda Taro.
Paris i 1930-årene er full av flyktninger fra Sentral- og Mellomeuropa på flukt fra de framvoksende fascistiske regimene. Blant flyktningene er den ungarske fotografen André og den unge polsk jødiske kvinnen Gerta. Mellom dem oppstår snart et lidenskapelig kjærlighetsforhold, som også vil prege deres karrierer. André kjemper for å få fotfeste som fotograf, men det er først da Gerta oppnevner seg som hans manager at karrieren skyter fart. Et ledd i omskapingen av André fra anonymiteten til verdensberømmelse er et navnebytte: Robert Capa blir født. Samtidig skifter Gerta navn til Gerda Taro (som likner litt på Greta Garbo, Gertas store heltinne). Men viktigere enn navnebytte er deres nyskaping: fotojournalistikken.

Robert Capa reiser til Spania og dokumenterer den spanske borgerkrigen, og snart følger Gerda etter. De oppsøker fronten og spesielt Gerda Taro utfordrer alle sikkerhetshensyn - også i forhold til kjærligheten.


Vente på Robert Capa er en intens roman om kjærlighet, krig og kunst – og en hyllest til dem som risikerer livet for å dokumentere historiens omveltende øyeblikk.
Susana Fortes er blant de yngre, men er allerede veletablert i Spania med flere prisbelønte romaner bak seg.

Vente på Robert Capa er
• Solgt til 15 land
• Filmrettighetene solgt til Michael Mann /Columbia Pictures
• Vinner av the Premio Fernando Lara 2009
tekst frå Bazar forlag



sjelekisten av Ann Rosman



En skoleklasse på tur gjør et uhyggelig funn ved den gamle Offersteinen i Marstrand: De finner et hodeløst kvinnelik kledd i middelalderdrakt. Kvinnen har tilhørt en gruppe som driver med rollespill. Kort tid etter får en av byens eldre damer sitt livs sjokk når hun oppdager et kvinnehode på en gjerdestolpe i hagen.
Kriminalinspektør Karin Adler og hennes kolleger frykter at de står overfor flere bestialske mord når det viser seg at hodet og kroppen ikke hører sammen. Snart får de nyheten om enda et makabert funn – en kvinnekropp uten hode. Også denne kvinnen hadde tilknytning til rollespillmiljøet. Karin og hennes kolleger ser et mønster. Men hvem er det som vil kvinnene til livs? Og hvorfor med en slik brutalitet?
Sjelekisten er andre, frittstående bok om politiinspektør Karin Adler og Marstrand.
tekst frå Bazar forlag

  • konkurransen varer heilt til slutten av mai
  • eg trekk vinnar første eller andre juni. Det vil bli publisert på bloggen. Vinnaren får epost. 
  • for å vere med melder du deg på i rafflecopterfunksjonen under med namn og epost eller facebook-profilen din. 
Du melder deg på i rafflecopterfunksjonen ved å skrive inn namn og epost eller bruke facebook-brukaren din. Då kjem du inn til fleire alternaltiv som "Leave a blogpost coment" eller "skriv om giveawayen." Viss du trykker på alternaltivet "skriv om giveawayen" så må du legge igjen linken til blogginnlegget kor du skriv om giveawayen til dømes. Vel du "leave a blogpost coment" skriv du ein kommentar under og evt. svarer på eit spm eg har skrive på denne funksjonen. 


Lukke til!!!!



a Rafflecopter giveaway

fredag 4. mai 2012

bok: på direkten av Anne Cecilie Remen

strålande godt fortalt. Til å leve seg inn i!

Oslo, desember 2011. Den populære nyhetsankerkvinnen i TV24, Maria Bergstrøm, blir drept under en direktesending på TV. Førstebetjent Christina Fiori Mørk får ansvaret for etterforskningen, og mistanken faller raskt på journalistkolleger. Maria Bergstrøm var en profilert TV-stjerne som mange misunte og noen fryktet.
Christina Fiori Mørk støter på uventede utfordringer, ikke minst da det viser seg at Maria Bergstrøm var på sporet av et kunstmysterium med Edvard Munch i sentrum.

"På direkten" er en krimroman fra journalistmiljøet i Oslo. Den skildrer et miljø stint av intriger, hensynsløse maktkamper og hemmelige kjærlighetsforhold. Men finnes det virkelig folk med så store ambisjoner at de er i stand til å utrette hva som helst for å sette seg selv i front - selv drap?
Boka er fengande heilt i frå byrjinga, i frå du byrjar å lese dei første setningane i kursiv, og til siste side, der det står SLUTT med blokkbokstavar.

Dei første sidene går med på å presentere ein person som me ikkje får vite namnet på før på slutten av boka. Du har ikkje aning om kven det er, og det gjer det ekstra spennenda. Så kjem drapet. Journalistdrap er kanskje noko av det mest spennande ein kan lese om i ein krim, for det kan vere så mange motiv og så mange personar.

Mange spørsmål surra rundt i hovudet på meg mens eg las, og det var spennande å følgje etterforskar Christina på reisa i frå mysteriet kom opp og til slutten. Nervepirrande og engasjerande.

Eg liker ikkje å seie så alt for mykje om krim som dette, men eg kan fortelje at eg var hekta. På skulen i dag låg boka i sekken, og eg var freista til å ta henne opp og lese under pulten, men det gjorde eg ikkje. Likevel las eg i ho då eg var hjå tannlegen, og sjølvsagt måtte han rope opp namnet mitt to gonger for å få meg ut av boka.

Kanskje ikkje vanskelig å forstå at eg anbefaler denne til alle krimelskarar der ute. Ikkje typisk "norsk klisjé" som eg kallar det, men ei skikkelig krimbok for alle. Vel verdt eit forsøk.

torsdag 3. mai 2012

annleis boktema hos Anette

Hei, i dag er det valfritt kva me vil skrive om i boktema hos Anette.   Eg har lurt litt på kva eg skulle velje, for det er litt vanskelig å tenke ut noko heilt av seg sjølve synes eg. Eigentlig alt for vanskelig. Derfor kom eg på at eg kanskje kunne begynne litt på "solskingsmåla" mine dette året. Eg veit ikkje om nokon hugsar at eg i fjor hadde noko som eg kalla for solskinsmål. Det er mål for kva bøker eg vil lese på sommaren. I fjor klarte eg vel gjennom dei fleste måla utanom eit, og det var Hannahs håp av Karen Kingsbury.

Eg tenke derfor å presentere ei bok i kvar sjanger som blir ein del av mine solskinsmål dette året:

klassikar
stolthet og fordom av Jane Austen


Eg har lova meg sjølv av eg skal komme gjennom minst ei bok av Charles Dickens, Jane Austen eller Agatha Christie, så då har eg valt meg Jane Austens stolthet og fordom til å lese i sommar. Fleire klassikarar skal det bli. Eg gler meg, for eg har høyrt mykje bra om engelske klassikarar. 

fantasy
flukten av Ally Condie

Eg las Matched: Cassias valg i fjor og blei kjempeklar for bok nummer to, og etter nesten eit år med venting er ho her. Endelig! Den skal bli lesen. Heilt klart noko eg må få med meg. 

ungdomsroman
brennende hjerter av Simone Elkeles

Denne har eg hatt lyst til å lese sidan eg først såg ho skulle bli gitt ut. Etter ei kjempebra førstebok og nesten like bra andrebok i serien er eg klar for bok nummer tre av Simone Elkeles. 

krim
åpne sår av Gillian Flynn

Av alle bøkene eg har vunne på giveawayar er det denne eg er mest spent på. Kjempeklar for å lese Gillian Flynns krimbok, så denne står klar i hylla. Einaste grunnen til at eg ikkje har tatt fatt på boka tidligare er at eg sparer som oftast det beste til slutt. 

engelsk
the last song av Nicholas Spark

Sidan eg såg filmen har eg hatt lyst til å lese denne boka om Veronica (Ronnie) som motvillig tilbringer ein heil sommar saman med faren og litlebroren. Denne skal visst vere veldig sterk, og det trur eg på etter filmen. 

historisk roman
jente på klippen av Lucinda Riley

Utgivinga er nok ein gong utsett, eller i alle fall er datoen skyven fram etter det som står på Cappelen Damms nettsider. Derfor gler eg meg til å endelig få lese denne boka som blir ein av sommarens historiske romanar. 

onsdag 2. mai 2012

bok: little Bee av Chris Cleave

Rørande og rystande, men vakker historie om kjærleik og tillit
Et ungt engelsk ektepar, Sarah og Andrew, reiser til Nigeria for å prøve å gjenopplive et skrantende forhold. En dag våger de seg utenfor ferieparadisets bevoktede område og møter to søstre på vill flukt fra soldatene som har utslettet landsbyen deres. Sarah og Andrew befinner seg plutselig i en situasjon der de må ta et umenneskelig valg.

To år senere banker den ene av søstrene, Little Bee, på ekteparets dør i England. Igjen konfronteres Sarah og Andrew med den dagen de så døden i hvitøyet, den dagen som forandret livet deres fullstendig.
Tekst frå Aschehoug.no  

I denne boka får me høyre historia om Little Bee frå to sider. Little Bees side forteljer om ei tragsik forteljing om to år på eit interneringssenter i Storibritania etter rystande episodar i heimlandet. Ho forteljer om landsbyen, om søstera, om tankar og om sjølvmordsstrategiar viss "mennene" kjem.

Den andre sida i historia er Saras. Redaktøren i motemagasinet fortel om reisa til Nigeria saman med mannen, om utruskap og om to jenter ho ikkje klarer å gløyme. Historia til Sara er fullt av rikdom og kjærleik, men òg av svik og ei strand langt borte der den tragiske hendinga skjedde. Det ho aldri gløymer.

Desse to historiene utgjer ei i denne boka. Dei krysser kvarandre og veves saman. Då eg las boka sat eg med open munn. At folk kan vere så fæle og tankelause, det er nesten ikkje mogleg. Denne boka rysta meg skikkelig. Eg gråt ikkje då eg las, sjølv om eg hadde skikkelig lyst. Eg vart sint og kjente meg forferdelig. Eg hadde mest lyst til å "hoppe inn" i boka og stoppe dei forferdelige hendingane eg som lesar var vitne til.

Det var både godt språk og god handling. Boka var fengande og for å ikkje røpe for mykje, vil eg ikkje seie meir. Bare les boka, så ser du. Dette må vere ei bok for alle, uansett kjønn og aldar. Chris Cleave har laga eit mirakel av ei bok.

Giveaway hjå Anettes bokboble

I andledning hundre følgarar på bloggen arrangerer Anette nå ein giveaway. Du kan vinne huset du elsket eller fortellingen i fiolinen. For å finne ut meir kan du gå her. Vil du vere med?


søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...