torsdag 25. august 2011

klar for noko nytt

Nå er eg endelig ferdig med leksene for i dag og har tid til å blogge litt. For tida held eg på med to bøker, men eg rett for at den eine går i vasken når eg har byrja på den andre, for endelig fekk eg tak i Hannahs håp av Karen Kingsbury og nå har eg fått byrja på den. Kanskje ikkje verdas beste, men grei nok.

Eg har hatt for vane å skrive ned bøker eg finn på bokhandlar på notatet på mobilen, men då den gamle mobilen min blei full av kjøttkakesaus på TMF (ikkje spør!!) så "døydde" den saman med notatet om alle bøkene eg hadde tenkt å lese i haust så eg lurte på om nokon hadde nokre gode boktips for meg. Hadde vore kjempekjekt med litt nye boktips som er litt kjekke nå som me snart har kome til hausten. Eg er veldig obs på å seie at det er ikkje haust før etter 29. august for då kan eg seie at eg har bursdag på sommaren. =)

Men har de nokre tips så kom med dei. Eg er svolten på nytt lesestoff.


Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...