mandag 17. oktober 2011

fornøgd

Vil bare legge ut ein liten smakebit på noko eg byrja på nå nettopp. Veldig fornøgd med alt og har tenkt og skrive vidare på det så snart eg fåt tid. Og jenta i forteljinga er absolutt ikkje meg. Eg lar meg kanskje inspirere av andre personar eller hendingar, men her gjer eg ikkje det.


Ein

Eg pustar djupt inn og djupt ut. Prøver å roe meg heilt ned. Hjartet mitt bankar ikkje så hardt at eg merkar det – endå, men eg er pitle meg meir nervøs enn eg treng å vere. Eg treng bare å trykke fingeren på mobilen min ein gong. Ein gong. Han ligg på benken og ventar på at eg skal gjere det. Eg veit eg må gjere det. Det tar to timar og ta toget heim til meg. To sekunder og få tak i mormor. Eg veit kva eg kjem til å velje. Lenge før eg gjer det. Eg har kome meg her. Kan ikkje gå tilbake. Neste tog går ikkje før om fleire timar og ute regner det. Her inne, i venterommet på stasjonen, er ikkje omnen slått på og dei tomme veggane skrik mot meg. Eg kan ikkje vente lenger.

Fingeren min trykker på ringeknappen. Og så på høytalarknappen. Den høge, skjærande tonen blir ekstra høg og skjærande i dette rommet. Mens eg venter på at ho skal ta han, går eg rundt i rommet. Stryk handa over treveggane. Prøver å kome på kvifor eg gjorde dette. Reiste hit meiner eg. Nå kunne eg vore heime på rommet mitt. Kanskje drukke vatn og vore på facebook. Eller ute og gått eller jogga. Eg kunne vore heime og venta på at mor skulle kome heim i frå festen med alt for mykje innabords, venta på at ho skulle kjefta på meg for kvar minste ting. Venta på å hjelpe ho opp i senga. Når eg ser på den sida av det tenkjer eg at det er bra eg er her. Eg har litt dårlig samvit for å bare reise i frå henne. Bare legge igjen ein grøn post it lapp og reise. Men av og til må eg ta hensyn til meg sjølv, sjå det i auga; livet eg lever består bare av drit. Eg trampar hardt i golvet og lyden er øyredøyvande i dette rommet. Nesten så høg at eg ikkje høyrer mormor si stemme: «Hallo, Sara, er det deg?»

«Hei, mormor.»

«Sara, er det noko? Du høyres så trist ut.»

Eg nøler. Bør vere rett på sak. Seie det rett ut.

«Eg har rømt. Heimanfrå. Er her på Audnedal stasjon nå.»

Det er stille i andre enden. Lurer på om mormor har kome borti ein knapp så ho har lagt på. Ho er ikkje så god på mobilar. God på mykje anna som å bake skillingsbollar med ekstra mykje kanel, løyse kodekryssord, lese eventyr og strikke gode, varme genserar. Men ikkje på mobilar. Eg skal akkurat til og gå bort for å sjå om ho har lagt på, når eg høyrer stemma hennar igjen.

«Sara, er det sant? Har du tatt toget heilt hit.»

«Ja, mormor. Kan du hente meg?»

«Kva har skjedd? Kvifor er du her?» Ho høyres ikkje motvillig eller sint ut. Eg veit ikkje kvifor eg brukte tjue minutt på å manne meg opp på å ringe. Mormor er der. Ho er ikkje sint, bare overraska.

«Kan me ta det seinare? Bare kom og hent meg.»

«Ja, eg er på butikken nå. Kan vere der om femten minutt etter å ha kjøpt alt et treng og så kjem eg. Venterommet er vel låst opp?»

«Ja, eg er her nå. Snakkes.» Eg legg på. Orkar ikkje meir spørsmål. Vil bare sjå ho. Få ein god klem. Bli fortalt at alt går bra, at eg ikkje skal vere redd. Men eg er redd. Redd for at ho skal sende meg heim igjen til mor og Kevin. Dei er alltid fulle nesten. Så fulle at dei er farlige og slår rundt seg, veit ikkje korleis eg har det, bryr seg ikkje om meg. Dei er farlige. Mor mi er farlig. Orda har eg gjenteke så mange gonger inni meg at eg er lei av dei. Kan ikkje forstå kva gale eg har gjort som gjer meg fortent til dette. Eg sig ned på benken. Ser meg rundt. Vil bare at ho skal kome snart. Veggane her er så nakne. Alt for nakne til at eg liker det. Rommet kjennes klamt og innestengt.

Håpar det liker det. 

Audnedal stasjon er ein verkeleg stasjon og her er eit bilete av han.
butikken blir så vidt nemnt, men eg har med eit bilete av han. Kanskje alt blir meir verkeleg då viss de ser nokre av bileta som er knytt til det eg skriv.


Ser for meg det er her ho ville jogga, nemlig min favorittplass for jogging. Litt har me felles då.
Kanskje eg skal fortelje litt om hovudpersonen?

Eg synes det er litt koselig og søtt på ein måte med litt låge personar (som meg) så ho er 1.60 (ikkje at det er så veldig lågt). Ho har raudt hår (matchar temparementet), har alkoholisert mor og kjærasten til mora òg er slik så ho har ikkje hatt veldig god oppvekst dessverre. Ho har gått på Tryggheim ungdomsskule etter ønske frå mormora som òg betalte skulegangen. Når denne forteljinga byrjar er ho på veg til å bli seksten i november (16. november for å vere nøyaktikg) Ho går ikkje på skule fordi det er krevjande heime. Som interesser liker ho LESING (då kan ho kome til ei verd der verken mora, kjærasten til mora eller alt det andre er), baking og piano. I tillegg bur faren i Milano og han er absolutt ikkje som mora. Dette har ei viktig rolle seinare.

På sørlandet har ho ei mormor (morfaren er død) og mormora hjelper ho mykje. Ho har òg ein onkel som nettopp har skilt seg for tredje gong i ein alder av tjueni år. Han er litlebror til mora. Tanta (søstera til mora) er meir lik mormora og bur i nabohuset til mormora så Sara har to kusiner og ein fetter som er mange år mindre. (Mora til Sara fekk henne då ho var seksten med sin dåverande kjærast) Eigentlig er livet til Sara veldig rotete og korleis løysninga blir røper eg ikkje nå, men det kan vere eg gjer det seinare ved å skrive meir.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...