onsdag 25. januar 2012

bok: et siste farvel av Carol Ann Lee

Første verdenskrig raser, og journaslisten Alex Dyer rapporterer fra Flandern og de redselsfulle forholdene i skyttergravene. Ved krigens slutt tynges han av skyldfølelse for ikke å ha kjempet i første linje sammen med sin kjære barndomsvenn Ted Eden. Enda mer smertefullt er det at Alex ikke makter å komme over de følelsene som tærer ham innenfra; det han føler for Clare. Teds kone - en kvinne de begge har elsket høyere enn selve livet. 
Den 11. november 1920 blir liket av Den ukjente soldat stedt til hvile i Westminster Abby i London, og Alex er til stede ved sermonien. Han har sittet i komiteen som sto for utvelgelsen av soldaten som skulle representere de millioner av menn som døde for fedrelandet. Den døde skulle velges tilfeldig. Men Alex har en æresgjeld til en av de drepte
 Denne dramatiske kjærlighetshistorien tar oss med tilbake til en dyster epoke i Europas historie. Med historisk nøyaktighet og rik fantasi gjennkaller forfatteren slagmarkens inferno og sivilbefolkkningens fortvilelse i en tid der mennesker gikk en usikker framtid i møte. 
Ærlig talt forstår eg ikkje all den skryten dei har gitt denne boka og det som står inni boka. For det første: Eg veit absolutt ikkje kva "historisk nøyaktighet" det er snakk om, men her er det i alle fall ikkje gjort like mykje research som det eg hadde gjort. For meg blir det heilt rart å høyre om ein mann i 1920 som sit i bilen og snakkar i telefonen.

Det andre er det at alt for mykje bytte i frå tredje person og tilbake til første person og så tilbake igjen gir meg heilt fnatt. Det er ein ting at først når hovudpersonen Alex fortel, så fortel han i fortid og i første person som i "eg var." Men då passar det ikkje at neste gong det blir fortalt i fortid, så fortel han i tredje person igjen om akkurat same person.

Nåtida i denne historia foregår i hytta hjå ein som heiter Lombardi. Koselig hytte høyres det ut som, men det landskapet rundt var noko for sg sjølv. Når dei er i hytta, blir alt fortalt i nåtid, og Alex fortel Lombardi om alt han har opplevd under første verdskrig. Mykje av det i første person, fortid. Då blir det rart når alt plutselig kjem som tredje person igjen. (Det har eg sagt før) Men nokre månadar etter det i hytta fortel dei om når Den ukjente soldat bli gravlagd. Kvifor blir det plutselig fortalt i ei heilt anna vinkling i fortid igjen?

Veldig frustrert over det, og det er slikt eg legg merke til med ein gong eg les ei bok. Er det noko eg ikkje kan fordra så er det når dei byttar alt for mykje.
Det er ikkje veldig vanskelig å følge med det for det om, men likevel er det av og til veldig forvirrande, og for folk som les mykje bøker, kan det vere sjukt irriterande.

Hovudpersonane fekk eg heller ikkje mykje sansen for, men eg greidde nå å fullføre boka. Den einaste eg skikkelig likte var Ted Eden, men det var bare for ei lita stund. Elles var det ikkje noko å seie på skrivinga. Gode formuleringar, skildringar og dialogar, men mykje tull med tidspunk, vinlking osv.


1 kommentar:

  1. Oioioi, nå vet jeg i allefall hvilken bok jeg ikke skal lese :) Klem fra Anette :)

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...