lørdag 8. september 2012

bok: det blå rommet av Susan Henderson

Juritzen forlag 2012
322 sider
up from the blue: A novel

Det blå rommet av Susan Henderson er både trist, god, fengande og opprivande. Å sjå ei forteljing i frå synsvinkelen til eit barn er utruleg lærerikt og og meir spennande enn du skulle tru, fordi tankane til eit barn er så forkjellige i frå ungdommar og vaksne sine. Tankane og kjenslene eit barn kan ha rundt forskjellige foreldre, korleis dei er, oppfører seg og kor tilstadeverande dei er kan vere så mange, og hjå Tillie møter du eit barn som har nok å stri med.

Tillie elsker mora si. Ho elskar når mora kjem inn til henne på kveldane med ein kopp varm drikke på senga og breier over henne. Mora med raudt hår og fargerike idear er ufeilbarlig for Tillie. Derfor er det trist for Tillie at ingen andre liker henne. Ikkje naboar, ikkje kollegaen til far, Anne og til og med ikkje resten av familien. I alle fall ikkje like mykje som Tillie.

Tillie, faren, mora og Phil flyttar frå huset dei bur i til Washington, fordi faren til Tillie driv med noko viktig innanfor forsvar og navigasjon. Men i mellomtida, mens dei andre pakkar og flytter seg sjølve og sakene til Washington DC må Tillie vere hjå Anne. Ho liker ikkje Anne, som skal prøver å vise Tillie kor flink faren hennar er, kor viktig det er at Tillie er snill pike og ander saker som Tillie synes er uviktige. Noko av Tillies motstand til Anne grunnar òg i at Anne heile tida prøver å anstrenge seg for at Tillie skal ha det bra, prøver å vere oppmerksam og vise omsorg.

Når Tillie kjem til Waschington er ikkje mora der. Faren og Phil er der, i god forfatning, men ikkje mora. Tillie spør og grev, ho utforskar huset saman med veninna Hope og ho prøver å tenke gjennom kva som er sannsynlig. Ingenting er viktigare enn å finne mora, og ein dag gjer ho det, men ting er ikkje alltid som ein trur først.

Mange år seinare er Tillie gravid. Ho er har rier, ringen faren og kjem seg til sjukehuset. Inne på sjukehuset kjem minner frå barndommen tilbake. Minner om mora, barndommen, faren og Phil. Det er bare tre eller fire kapittel som føregår i "nåtida," men likevel synes eg at det avgjerande for om boka var god eller ikkje. Korleis Tillie hadde det etter dei traumatiske opplevingane i barndommen er på mange måtar viktig.

Tenk deg at ein forfattar skriv ei bok om ein som blir mobba, tenker på sjølvmord og har eit vanskelig liv. Viss denne personen på ein eller måte blir redda før sjølvmordet skjer, er det ikkje då litt greit å vite korleis han eller ho har det kanskje ti eller tjue år etter? Har dei det framleis vanskelig? Har dei kome over det? Går dei til psykolog? Har dei familie eller ikkej? På mange måtar seie dette kor påverka ein person har av fortida, og det liker eg i boka. Derfor synes eg at dei få kapitla med Tillie som vaksen var noko som krydra boka meir enn ein skulle trudd.

Boka er veldig lett skriven. Sidene er litt over tre hundre, og det skal ikkje meir enn nokre dagar til for å komme seg gjennom, viss det ikkje er nokre veldig travle dagar vel og merke. I og med at nesten heile boka er skriven frå synsvinkelen til eit barn er orda lette og ordforrådet er ikkje det beste, men det gjer ikkje noko. Eit barn høyrer ikkje til å bruke vanskelige ord, og derfor er det meir verkeleg med enkle ord og eit litt mindre enn normalt ordforråd.

Eg synes at forholdet mellom Tillie og dei andre i familien er ganske spennande. Faren verkar på ein måte fråverande, sjølv om det ikkje står med reine ord nokon stad i teksten. Han er veldig ordentlig på ein måte som gjer at me, gjennom Tillie sine tankar, mislikar han litt. Phil er den som skal tilfredsstille faren. Han er rolig, gjer som han får beskjed om og protesterer aldri. Likevel er overflata bare løgn, for temperemantet kjem tydelig til uttrykk av og til. Særleg når mora blir nemnt eller Tillie rosar mora. Tillie har eit nokså bra forhold til både faren og broren. Kanskje ikkje veldig sterkt, men faren slår henne ikkje, broren mobbar ikkje og sånn sett er livet bra.

Det som gjer at alt dette får ein skugge over seg og det høyres litt verre ut enn det er, er det at Tillie lengtar etter mora. For henne gjorde ikkje mora noko gale. Dei mørke sidene til mora blir lyse og positive for Tillie når ho er frå mora. Kjærleik gjer blind er vel noko som heng saman med dette. Og når alt dette "positive" mora gjorde mot Tillie, er alt som er forksjellig i frå dette "negativt" for henne. Faren og broren greier ikkje å fylle opp plassen mora har, og dette utgjer ein viktig faktor for at boka skal bli bra.

Mange av personane blir framstilt veldig stereotype, men for ein gongs skuld er det postivit. For når du skriv gjennom synsvinkelen til eit barn, skal du "tenke som eit barn." Barn sorterer ofte i dum og grei. Kanskje du har fått litt meir perspektiv på ting når du er sju år, men det er framleis ein alder der dei du ikkje liker er dumme og det bare er negative sider du forbind med dei, mens dei du liker har bare positive sider. Særleg om du har opplevd mykje tidligare i livet. Dei einaste som ikkje blir heilt svartmåla er faren og broren, mens Anne, kollegaen til far, er "dum" og mora er "grei" for Tillie.

Boka har ikkje noko spesielt spenningspunk, det er ikkje noko klimaks, men eg saknar det ikkje så veldig heller. Kanskje litt, men du ser kva som kjem på ein måte, men på ein annan måte ikkje. For korleis går det med Tillie, kvar skjer mellom henne, faren og Phil, kva tenker ho når ho blir eldre?

Dette er ei bok om tankar som er heilt naturlige for barn når ein av foreldrene plutselig blir borte. Spørsmåla Tillie sit inne med er eg heilt sikker på at andre barn òg av og til vil spørje om. Sjølv om barn på sju, åtte, ni år er flinke til å forstå, kan spørsmål som dette vere vanskelige. Alle normale barn lurer på kva som skjer når ein forelder blir borte, men dei er ikkje dumme som ikkje forstår. Likevel trur eg at noko av feilen dei vaksne i denne boka gjer er at dei ikkje fortel Tillie noko. Tillie skal vere uvitande. Ho tåler det ikkje. Eg trur barn må få høyre sanninga, om enn ikkje den brutale og absolutt alt, så ein liten del, for viss ikkje blir dei gåande rundt og gruble på kva som skjer.

5 kommentarer:

  1. Denne har jeg lånt på biblioteket, men ikke kommet igang med enda.

    SvarSlett
  2. Flott omtale:) Tror jeg må få lest denne:)

    SvarSlett
  3. Flott omtale, aldri hørt om denne boka:)

    SvarSlett
  4. Interessant bok, høyres det ut som. Takk for tipset -eg legg den på lista mi.

    SvarSlett
  5. Dette synes jeg var en grundig og utrolig god omtale. Du har virkelig gått dypt inn i boken og analysert den godt. Jeg har ikke egentlig tenkt at dette var en bok jeg skulle prioritere å lese, men nå fikk jeg faktisk lyst. Jeg har veldig sans for bøker hvor synsvinkelen er hos et barn, og den siste setningen din er jeg veldig enig i!

    Takk for en omtale som gjorde at jeg følte at jeg lærte noe nytt!

    SvarSlett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...