tirsdag 8. januar 2013

bok: the casual vacancy av J. K: Rowling

Etter suksessen med Harry Potter-bøkene som heile verda gjekk rundt og las på 90-talet i i byrjinga av 2000-talet (og heldigvis les framleis) kom J. K. Rowling ut med ny bok i haust etter fem år sidan sist utgitt bok. Etter denne boka håpar eg ho skriv bøker for vaksne like fort som Harry Potter, for historia og spenninga i the casial vacancy er eineståande.

Boka fekk ikkje veldig god kritikk i verken Storbritania eller andre land før ho kom ut på norsk. Dagbladet skreiv i slutten av september at mange syntes at all mediegalskapen rundt denne boka ikkje var nødvendig, og boka blei stempla som lite spennande og keisam. Alyson Pearson skreiv i the Telegraph: "The casual vacancy breaks Harry Potter's spell." Idag, som sikkert mange andre gonger må eg vere ueinig med dei som omtaler bøker på profesjonelt nivå. The casual vacancy tek Rowlings forfattarskap til nye høgder.

Pagford er ein småby i England kor sladdar og baksnakking kunne vore ein hobby, så mykje som menneska i denne boka driv med det. Det er nærast ulovleg å ikkje vere misfornøgd med måten byen blir styrt på. Dette trass i Barry Fairbrother, som er både populær og imøtekommande. Han er leiar for Pagford Parish Council, og nokre av sakane han har kjempe mest for har vore at the Fields skal tilhøyre Pagford og ikkje nabobyen Yarvil. The Fields er ein bydel kor flesteparten går på sosialstønad eller bruker dop. Mange besøker Bellchapel Clinic jevnlig for å få behandling for rusmisbruken sin. Bellchapel har eit viktig program som Faribrother har kjempa for i lang tid, og for mange rusmisbrukarar er det eit val mellom liv og død.

Derfor er det ikkje bare fare for at Bellchapel clinic skal bli nedlagd, men òg at livet til mange av bebuarane i The Fields blir øydelagde når Barry Fairbrother brått døyr frå kone og fire barn. Plutseleg er det ein tom leiarstol i Pagfor Parish Council, og det blir hard kamp om denne plassen. Ein av dei som gjerne vil ta over er Miles Mollison. Nå vil han kjempefor å få leiarstillinga, og faren Horward Mollison har stor påverknad i den litle byen. Attpåtil er det mora, Shirley, som er administrator for nettsida til Pagfor Parish Council. Horward og Miles Mollison står for alt det Barry Fairbrother var i mot. Horward er av den oppfatninga at folka i the Fields har skuld i si eiga ulukke, og at alle er sin egen lykkes smed, noko som bare viser kor dømmande vanlege eller velståande folk kan vere mot dei som slit. Etter hans oppfatning har dei sjølve valt å leve eit elendeg liv, og om dei ville hatt noko meir kunne dei berre kjøpe seg det. Han og Miles er òg veldig for å leggje ned Bellchapel Clinic, for dei synes det er ein unødvendig økonomisk utgift.

Nokre av dei som vil bli råka viss denne klinikken blir lagt ned, er Crystal Weedon, mora Terrie Weedon og litlebroren Robbie Weedon. Mora Terrie går til behandling på klinikken og har ikkje alltid greid å halde seg borte frå dop og narkotika. Derfor er det Krystal som må dra det tunge lasset og passe på at treåringen Robbie får på seg klede og kan gå til the nursery. På mange måtar kan me seie at Krystal er hovudpersonen i boka, for ho er den som kan bli mest råka av dei fleste slutningane, noko som berre viser at det er dei rikaste og mest velståande som plar vinne og få alt til sin fordel. Kay Bawden er sosialarbeidar og har nettopp flytta til Pagford frå London med dottera Gaia, for å bu hjå Gavin, den nye kjærasten. Gavin ser ikkje på henne som ein kjærast, men meir ei han kan trenge av og til når llivet på veg nedover og han ikkje vil vere aleine. Derimot er han ikkje interessert i maktkampane i Pagford og heller ikkje i Kays kamp for Weedon-familien og Bellchapel Clinic. Crystal veit at viss mora byrjar å bruke, og viss Kay får snusen i at Obbo, ein narkoman kjeltring som sel drop, går inn og ut av dørene i huset deira, er det over for henne og Robbie. Ingen står henne nærare enn enn Robbie, men det kan sjå ut til at dei tek han frå henne.

Gaia Bawden, Kays dotter, misliker Pagford og vil tilbake til London så snart som mogleg. Andrew Price beundrer hennne og sender henne stadige blikk i timane. Andrew er son av Simon og Ruth Price, og somme stunder ønsker han å ta livet av den egoistiske og temperementsfulle faren. Bestevennnen til Andrew er Stuart Wall, eller Fats som dei fleste kallar han. Han er sonen til rektoren, Colin (òg kalla Cubby), og mora jobbar òg på den lokale skulen St. Thomas. Tessa Wall er bekymra for forholdet mellom far og son, men føler ikkje ho har nok kontroll på Fats og venane på skulen. Colin Wall er ein av dei som vil kjempe for plassen som leiar for Pagford Parish Council, for han var ein av Barrys beste vener og vil i lojalitet til vennen kjempe for sakene som låg han på hjartet, sjølv om det kanskje ikkje er hans eigne viktigaste saker. To andre personar som òg gjerne vil ha plassen i rådet er Simon Price og Dr. Parminder Jawanda. Dotter til Dr. Jawanda, Sukhvinder Jawanda, er eit mobbeoffer og får jevnlige meldingar på facebook frå Fats Wall. Fats har ei meining om at livet skal levast utan samvit og ansvarskjensle innblanda, og mykje av dette går utover Sukhvinder som kuttar seg sjølv og drøymer om sjølvmord. 

Personregisterert er mildt sagt stort, men det er lett oversiktleg. Historia er fortalt frå ein allvitande synsvinkel, og lesaren veit som oftast meir enn karaterane. Noko av det beste Rowling kanskje har fått til er å knyte liva til desse personane så mykje saman at alle handlingar og slutningar råkar nokre, mens dei er til fordel for andre. Ingen av karakterane er stereotype, og det er lett å tru i byrjinga at nokre er gode og nokre vonde, men etter kvart som du les forstår du at alt er ikkje bygga opp så enkelt. I løpet av dei litt over fem hundre sidene får du eit innblikk i liva til alle som er med i boka, og du får eit klart inntrykk av alt ikkje er slik som førsteinntrykket skulle tilseie. Terrie Weedon, til dømes, ser ut til å vere rota til alt det vonde som skjer med Krystal og kanskje mykje elles òg, men me får òg vite kva hennar historie er, og synet på henne kan bli endra. Gavin ser ut til å utnytte Kay, og ein skulle tru han var ein simpel løgnar og playboy, men den gong ei. Noko anna bok fekk kritkk for av Alyson Pearson i the telegraph var umoral. "It feels as if the author has unleashed all the swearing, sex and vitriol that have been off-limits to her since Harry Potter and the Philosopher’s Stone was published in 1997", skriv ho. På ein måte kan eg vere einig, for det er meir banning og i alle fall meir sex enn det det var i Rowlings bøker om Harry Potter. Likevel hjelper dette til å fram litt av miljøet både i Pagford og i The Fields. 

Alt i alt er eg veldig fornøgd med denne romanen. Den er sår og trist og viser oss eit bilete av England dei fleste aldri har lese om før. Det er vanskeleg å plassere boka i nokon spesiell sjanger, men ho er heilt klart noko for seg sjølve. Samstundes er det mykje humor, og boka viser vanskane med å falle utanfor eit samfunn og å vere relativt fattig slik Krystal er. Ho viser òg ein maktkamp på ein usedvanleg bra måte kor nesten alle i boka blir påverka. Om det er ein samfunnskritisk roman veit eg ikkje, men i så fall har Rowling gjort ein svært bra jobb. Boka var òg godt skriven, og skrivemåten minner meg litt om skrivemåten i bøkene om Harry Potter, men er ikkje heilt lik. Eg fekk mange kommentarar då eg la ut smakebit frå boka om at dei ville lese henne, mens andre var meir usikre eller ville ikkje lese henne. Uansett kvar du har tenkt før, trur eg dette er ei bok for dei fleste. Du treng ikkje like Harry Potter for å lese denne boka, sjølv om dei fleste vaksne Harry Potter-fans truleg vil like denne boka òg. 

4 kommentarer:

  1. Dette er vel den tredje bloggomtalen jeg har lest av boken og alle var grundige og positive. Jeg ble litt skeptisk av alle de lunkne anmeldelsene den fikk i starten i utenlandsk presse, man blir litt redd for å gi en forfatter man er så glad i en ripe i lakken eller noe. Jeg fikk boken til bursdagen og nå gleder jeg meg enda mer til å lese den:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg òg var litt skeptisk før eg las omtalen på Lines Bibliotek, og få fekk eg skikkeleg med motivasjon til å lese boka. Ho var veldig god, og ikkje minst fengande!! :)

      Slett
  2. Takk for god og grundig omtale. Jeg synes boka var fantastisk og har skrevet om den her: http://knirk.no/2012/12/the-casual-vacancy-j-k-rowling/

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg såg det, men fekk dessverre ikkje kommentert. Veldig god omtale :)

      Slett

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...