onsdag 20. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og fangen fra Azkaban

Harry Potter og fangen fra Azkaban er den tredje boka i serien om Harry Potter. Eg vil eigentlig ikkje seie så mykje om kva den handlar om og alt det der fordi eg synes det skal forbli hemmelig for alle dei som ikkje har lese Harry Potter -bøkene eller sett filmane. Rett og slett for alle dei som bare git blaffen i Harry Potters univers. Sånn som meg for fem eller seks år sidan. Harry Potter var ein person som eg ikkje brydde meg om å kjenne til, men nå skulle eg gitt alt for å få brevposten med Harry Potter på som me gidde til ein for mange år sidan. Eller ikkje alt, men det hadde vore kjekt å hatt. (men kva skulle eg brukt brevposten til i desse e-post tider?) 


Boka er i alle fall bra og eg forstår dei som synes at dette er den beste (inkludert Daniell Radcliffe). Eg er kanskje ikkje heilt einig i denne vurderinga og liker best Harry Potter og dødstalismanene og Harry Potter og ildbegeret.

Nå går eg litt utanfor temaet her, men det eg skulle seie var at denne er mykje betre enn dei to første som eg allereie har skrive om og det var meir spenning i denne boka rundt det som skjer.

Filmen er bra. Sjølv om den held seg veldig til boka denne òg skjer det litt meir overraskande ting og den er ikkje like langtrukken som Harry Potter og mysteriekammeret.

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...