tirsdag 12. juli 2011

Bok: Theodore Boone: advokatspire av John Grisham


Theodore Boone er tretten år, men likevel allereie godt opplært i korleis rettsystemet fungerar. Han er advokat og rådgjevar for sine klassekamemeratar og han har to foreldre som driv advokatfirmaet Boone&Boone.
Akkurat nå i den byen han bur i er det ei stor rettsak som omhandlar eit mord og Peter Duffy er hovudmistenkt for mordet på kvinna. Rettsaka går mot slutten og alt ser ut til å vere greit heilt til ein kammerat i frå skulen dukkar opp hjå Theodore og fortel han om eit ukjent vitne.

Boka var bra og du får god innsikt i det amerikanske rettssytemet. Det er veldig morosamt å følge med på Theo (Theodore) og det han gjer for dei andre på skulen og det er morosamt å høyre på han. Han lyder som ein litt nedete trettenåring spør du meg.

Innleiinga var veldig bra og eg likte måten heile historia starta på. Eit lite besøk hjå advokatane før skulen og skildring av foreldra.

Midtdelen var òg bra, men det var litt lite som skjedde synes eg. Det burde vore litt meir spenning enn bare ein rettsak og eit ukjend vitne. Det er ikkje noko skikkelig spenningspunkt og eg syntes det var litt rart  slutten av midtdelen.

Avslutninga var òg litt kjedelig. Løysninga kom jo for så vidt, men eg likte den ikkje så godt for det om. Det var ei heilt grei bok, men eg har lese mange som er betre enn denne.

Mai Lene


tittel: Theodore Boone: advokatspire
orig.tittel: Theodore Boone: Youn Lawyer
forfattar: John Grisham
utgitt 2011
Forlag: Cappelen Damm
Sidetal: 256
Baksidetekst:
ET PERFEKT DRAP
ET VITNE UTEN ANSIKT
KUN ÈN LOVENS FORKJEMPER VET HELE SANNHETEN.
OG HAN ER BARE TRETTEN ÅR
BLI KJENT MED THEODORE BOONE
DEN STORSELGENDE FORFATTEREN
JOHN GRISHMAM
HAR SKREVET ET SPENNENDE RETTSDRAMA
FOR EN NY GENERASJON LESERE.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...