torsdag 21. juli 2011

Harry Potter-veke - Harry Potter og ildbegeret bok/DVD

Harry Potter og ildebegeret er den fjerde boka i serien om Harry Potter og ei av mine sfavorittbøker i frå den serien. I denne boka skjer det så mykje heile tida og eg elsker ho. Alt er så knytta saman og det går ein fin raud tråd gjennom heile forteljinga. Alt skjer i samanheng med hovudtemaet og det er ikkje sånn at du tekjer "Kvifor skulle dei ta med det? Det høyrer ikkje til." Til og med det med at Hermine Grang har oppretta HIKK som kjemper for husnissar har noko å seie. I tillegg er det ein stor dose humor med journalisten Rita Slita og med Malfang som blir transfigurert.

Harry Potter vaknar ein morgon/ei natt av at det verkar i arret på panna igjen og etter det skjer det bare meir og meir som ikkje er som det skal vere. Opprøret på Verdscupen i Rumpeldunk og mørkets merke som viser seg op himmelen igjen for første gong på tretten år. Og at namnet til Harry blir trukke opp av Ildbegeret for at han skal vere med på tretrollmannsturneringa. Harry må i gjennom større prøvelsar enn nokon gong og bare for å få vite at han har hamna u fella til den trollmannen han fryktar mest av alle.

Filmen er ikkje like bra som boka, men den er bra. Eg såg han då eg var elleve trur eg og eg såg den utan problem. Eg forstår ikkje korleis eg greidde det nå, men eg har alltid synes at denne filmen er ein av dei beste i motsetning til mange av dei andre. Halvblodprinsen og Mysteriekammeret er ikkje så bra som denne og Dødstalismanene del 1. 
I dag tar eg med litt bileter under her. 


Midt i spenningsscena på slutten

Fredrik Djervell (Robert Pattinson) i Harry Potter og ildbegeret


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...