tirsdag 6. september 2011

Bok: slangens gåve av Lene Kaaberbøl


Dina møter ein framand. Ein som ho aldri har sett før. Han er skremmande og det skjer skremmande ting rundt han. Når mora høyrer om han bestem ho seg for å rømme.Ho veit kor farlig han er, men korleis kan dei rømme i frå ein med slangens gåve?

Innleiinga er kjempebra. Dei er på marked og me får bli litt kjend med hovudpersonane, men likevel byrjar boka rett på igjen i frå sist bok.

Hovuddelen er så spennande at det ikkje går ann å legge boka i frå seg. Eg måtte bare lese, lese, lese for å finne ut meir. I alle fall første gongen. Detter er andre gongen eg les boka og framleis får eg eit lite "kick" mens eg les. Det er kjempebra fortalt.

Avslutninga er på ein måte open, men på ein annan måte kunne alt bare slutta der. Eg kan ikkje seie meir viss det er nokre som framleis ikkje har lese denne boka.

Omslaget er bra og mystisk og du blir veldig nysgjerrig på kven mannen her er. I tillegg er det nokre få illustrasjonar bak på som eg liker kjempegodt.

Eg skriv ikkje meir informasjon om boka nedanfor her, men viss de vil ha det så kan de gå inn her. 

Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...