mandag 25. april 2011

påskelesing

Hei. Nå er eg tilbake og har ikkje lenger påskeferie i frå bloggen. Har faktisk fått lest litt i påsken sidan eg tok meg ferie her i frå, og eg har nå tenkt å skrive om det, men før det kjem vil eg bare seie litt om det nye på bloggen. Under der de kan legge dykk til som følgarar ved å bruke google-kontoen dykkar kan de nå følge bloggen via e-mail. I tilllegg har det nå kome ny meiningsmåling same stad som før. Bare å stemme. :)


Så var det bøkene. Ei av dei har eg lese før! Me byrjar i frå den første eg las og fram til siste.


DOBLE ELLER DØ AV CHARLIE HIGSON

Dette er den tredje boka i serien om Young Bond eller James Bond. Det er langt i frå den beste for det er den heilt siste. (Den las eg først) Likevel sat eg med hjartet i halsen nesten heile tida mens eg las denne boka her. Skikkelig glad for at eg fann denne serien her.

Boka handlar om kodar, ein forsvunnen professor og to farlige brødre. Den er svært god og denne gongen har James Bond bare ei helg på seg til å få løyst mysteriet. Anbefales



TREDJE OPPTAK AV KAREN KINGSBURY

Bare elser denne boka her. Alt gjek slik eg ville. Det går bedre for Keith Ellison og Chase Ryan som driv med filmar og sånn, men livet tar likevel ein brå vending for Chase og han sluttar i filmselskapet for alltid. Eit medlem av Baxter-familien blir med og dei held fram.

Bailey Flanigan er framleis usikker på istt forhold til Tim Read og sine kjensler for Cody Coleman og romeveninna Anadi Ellison (dottera til Keith Ellison) er inneslutta og slit med ting. Korleis går det med dei? Boka anbefales.




ANNE FRA BJØRLELY AV LUCY MAUD MONTGOMMERY



Anne Shirley er eit barn som verken har foreldre eller anna slekt og er i frå eim barneheim kjem til søskenparet Marilla og Matthew Cuthbert i Avonlea på Bjørkely. Her bringer ho liv og glede inn i heimen. Marilla blir ofte lei av snakket og fantasien til Anne og hennar lyst til å ha alt somer vakkert og pynte med for mykje inne i huset, men kor mykje Ann ebetyr for henne finn ho ikkje ut før Anne er i ferd med å bli eldre.


Eg elsker desse bøkene om denne jenta og mange treng sikkert ikkje å vite det som står ovanfor her om boka fordi dei har lest den sjølve. Anne of Green Gables er ein av dei beste klassikarane me har etter mi meining og den rauhåra, livlige jenta med så god fantasi har sjarmert dei fleste.


Dei andre bøkene i serien:

Anne som frøken

Anne drar fra Bjørkely

Annes drømmehjem

Anne og regnbuedalen

Anne og Marilla

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...