søndag 17. april 2011

VALG, midten og slutten av scene 3, kapittel 1

Eg er veldig fornøgd med det sist eg har skrive på dette. Målet er å blir ferdig med kapittel ein i dag! :) Liker kommentarar på kva de synes var bra/ikkje bra! :)



Plutselig ser eg noko kjent over skranken i resepsjonen: Kort, kvitt hår med masse rosa prikkar i. Nei, det kan ikkje vere ho som er her. Ikkje Evanna frå flyplassen. Nei, det må vere nokre andre. Eg set meg godt til rette i stolen og tar opp boka i frå veska og prøver å skyve vekk alle tankane på om det kan vere den brå og uhøflige jenta. For ho kan då ikkje vere her? Eg prøver å konsentrere meg om Percy Jackson som skal få has på lyntjuven og bringe lynkjelda tilbake til Olympos. «Nei, men hei.» Ei kjend stemme rungar gjennom resepsjonen og gir meg lyst til å springe vekk. Eg ser meg om. Det er ingen utveg. Eg kan ikkje late som eg ikkje høyrte henne. Det er jo ingen andre her. Ingen andre enn meg og ho og ein høg mørkhåra mann borta ved skranken. «Hei, Evanna. Eg såg deg ikkje,» lyg eg. Eg kikkar opp i frå boka. Om ho skilte seg ut på flyplassen var det ingenting i mot nå. Ho har på seg ein lysegrøn kjole som er så utringa at ingen kunne unngått å legge merke til det. I tillegg så er det ingenting som kunne vore styggare til det håret. «Me fekk ikkje snakka så mykje tidligare i dag, Elisabeth. Du virkar ikkje som ei som er i frå Norge. Du snakkar jo flytande engelsk. Ikkje sånn dumt meint altså, men burde du ikkje ha gått i strikkegenser eller noko eller kanskje hatt med deg skia dine.» Eg bit tennene saman for å ikkje seie noko stygt til ho. Sinnet kokar inni meg. Med beherska stemme seier eg: «Det er ikkje alle som er like i Norge heller då. Og uansett så er eg ikkje i frå ein av dei kaldaste stadene i Noreg.» «Nei, men korleis kan du snakke så godt engelsk.?» «Eg budde dei tre første åra av mitt liv i USA før mor og far blei skilt og eg og mor flytta til Noreg. Eg har to morsmål.» «Ja, tenkte eg det ikkje, så far din bur her.» «Ja,» seier eg mellom samanbitne tenner. Evanna set seg ned på sida av meg. Ho gjer ein rar rørsle med handa før ho ser på meg igjen med eit interessert blikk. Mannen som stod borte ved skranken kjem bort til oss. Ho flyttar blikket i frå meg og bort på han. «Dette er min søte kjærast Bryan,» smilar ho, «og Bryan, dette er mi gode veninne i frå flyplassen, Elisabeth.» Eg sperrar auga opp når eg høyrer ordet «god venn.» Eg er glad når eg høyrer det litle klikket i frå døra bak meg som tydar på at Cally er tilbake i frå toalettet. Med eit utbrytar Evanna: «Og dette må då vere veninna di. Presenter ho for meg.» Cally ser forundra opp. «Ehm, Evanna, dette er mi beste veninne i frå USA, Cally Morgans.» Evanna smilar eit falskt smil til Cally før ho seier til henne: «Cally, dette er då min kjærast Bryan. Me dreiv akkurat på å snakke om han då du kom. Han har jo nettopp vore på konferanse i Chicago der dei kjempar for at det skal bli lettare å ta abort, for tidligare ultralyd og slikt.» Ho klenger seg til armen til Bryan og ser opp på han med eit smiskete smil. «I tillegg så er han leiar her i Minnesota for organisasjonen som hjelper abortklinikkar og slikt.» «Å, for eit samantreff,» ler Cally. «Mi beste veninne i Luverne er leiar for organisasjonen i Minnesota for organisasjonen som er mot abort. Kanskje du kjenner ho.» Cally ser spørjande på Bryan. «Ho heiter Nicole Hale.» Eg drar Cally i armen. Ho bør ikkje seie meir om dette. Eg er allereie sint nok som det er og har heller lyst til å få eit tønne med hundedrit over meg enn å halde fram med samtalen. Den er i ferd med å røre seg ut på djupt farvatn. Bryan kremtar litt. Eg har allereie byrja å mislike den mørkhåre mannen med den «kjempeviktige» jobben. «Ja, det er vel nokon som må vere i mot meg òg reknar eg med,» humrar han. Han ser ut som om han vil bort fortast mogeleg. «Ja, Bryan har massevis av folk som er i mot han,» skyt Evanna inn. «Masse viktige folk faktisk. Dei jobbar jo for at det skal bli enklare for unge mødre å ta abort. Både før og etter hjelper abortklinikken dei med å forberede seg på det som skal skje.» Ho tar ein liten pause og pustar djupt inn før ho held fram: «Men det er jo dessverre ein del mødre som ikkje vil hjelp av oss òg sjølv om dei hadde tronge det.» «Bra det i alle fall er nokre fornuftige folk då,» seier eg kaldt. Evanna ser ikkje ut til å ha høyrt det siste og held fram: «Også hjelp me folk som gravide med born med Downs syndrom. Det er mange som er glade for det. Sånne ungar er jo ei ekstra belastning for både foreldre og samfunnet. Tenk på alle dei ekstra--» Lenger kjem ho ikkje. Eg kjenner det velkjente sinnet stige opp i meg som alltid kjem når folk kritiserer folk med Downs syndrom. Folk som Ingrid. «Korleis vågar du?» ropar eg. «Korleis vågar du å rakke ned på folk med Downs syndrom?» Heile kroppen min ristar. Eg kjenner at eg nesten er ute av kontroll. Det er som om det er eit raudt lag over auga mine. Som om Evanna er tyrefektaren og eg oksen. Ho står der med eit raudt flagg som gjer meg så sint at eg får lyst til å ryke på henne. Med eit kjenner eg ei varm hand på olbogen min; Cally. Ho stryk handa lett opp og ned. Eg prøver å puste djupt inn og ut eit par gonger før eg ser på Evanna igjen. Eg er framleis irritert, men eg nå har eg fått kontroll over sinnet. «Sa eg noko gale?» spør Evanna. Cally stirar på ho med eit giftig blikk som seier: «Kva trur du?» «Kom Evanna. Me går.» Det er Bryan. Han vil tydeligvis vekk i frå samtalen. Eller vekk i frå meg. Tanken får meg til å grøsse. Med raske skritt går dei ut av resepsjonen. Rett før dei kjemt til døra snur Evanna seg og sender meg eit lite smil. «Går det bra med deg, Beth?» Cally ser på meg med ein bekymra mine. «Ja. Det går betre nå.» Eg set meg rolig ned i stolen igjen. Cally tar den andre. «Du veit, eg blei så sint når dei kritiserte Ingrid på den måten,» kviskrar eg. «Det fekk meg til å bli så irritert at eg ikkje kunne sjå klart.» Cally nikkar. Ho forstår meg. Ho forstår at eg ikkje vil snakke om det. Når pappa kjem ned i resepsjonen sit med å snakkar igjen om heilt kvardagslige ting. «Nå, mine skjønne damer. Er de klare for ein tur på byen eller.» Me ler og særleg Emily.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...