søndag 3. april 2011

VALG, dårlig og ikkje med! :D

Det eg skreiv i dag er kanskje ikkje det beste og eg må heilt klart finpusse det lit, men det er bare første utkast. Håpar det liker det. For å lese meir kan de gå inn på sida som heiter VALG. Eg strekk meg etter sekken som har kome langt under stolen min. Den ligg langt under og armen min er for kort. Eg strekk ut fingrane og armen så langt at det nesten gjer vondt. Til slutt får eg tak rundt hempa og greier å flytte den bort til meg. Når eg løftar den opp høyrer eg noko slamre mot noko anna. «Shit,» mumlar eg - utan å tenke på kor eg er – og opnar sekken litt. Det er vassflaske mi. Korken har tydeligvis gått opp i løpet av turen og alt vatnet har rent utover i sekken. Eg set sekken forsiktig oppå knea og tek opp vassflaska. Den er blaut av alt vatnet den har sleppt ut. Eg lirkar forsiktig opp pakka med papir-lommetørkle og ser fortvila at dei òg er blaute. For at det ikkje skal skje nok ei ulukke sikrar eg vassflaska, før eg røskar uforsiktig nedi sekken og ser at nesten alt er blaut. Fotografiet av Ingrid, boka om Percy Jackson og lyntyven, toalettveska, reisepapira, passet... Absolutt alt. Eg strekk meg etter mobilen. Det er då eg kjem på det. Den er der oppi. Oppi sekken min. Med fullt i blaute ting. Eg røskar nedi sekken. Den ligg nederst. Fuktig og blaut...og daud. Nei, det kan den ikkje vere. Den kan ikkje vere daud, tenker eg. Den er bare avskrudd. Eg skrudde den jo av på flyturen seier eg til meg sjølv. Eg kan akkurat no ikkje huske om eg hadde den på flymodus eller ikkje. Men den kan jo vere utlada, seier eg til meg sjølv. Eg trykker på på-knappen og håpar på at det skjer noko. Ingenting. Ingen lys om viser at den er på. Ingen liten melodi som kjem...Eg trykker ein gong til.-..to gonger til...tre...fire...Det er umogeleg. Den viser ikkje teikn til å vere i orden. Eg legg hovudet i hendene..Kva er det som skjer? Eg høyrer raske skritt og ein person dultar borti knea mine så sekken dett ned.Eit stort dump høyres i det den treff golvet. Eg veit kva som kjem til å skje. Alle tinga flyt bortover golvet. Eg ser jenta eg snakka med tidligare vere på rask veg bort i frå meg. Det var ho! Auga mine følger ho mens ho går over golvet. Ho gjorde det med vilje. Det er eg sikker på. Viss blikk kunne drepe... Kroppen min legg seg ned på alle fire, og eg forbannar meg sjølv for å alltid å vere så veldig dum og tankelaus. No ligg eg her på golvet på ein flyplass i Minneapolis og har ikkje mobil eller noko aning om kor tid pappa, Emily og Cally vil komme og hente meg. Eg er einsam og har ingen å snakke med. Lommeboka ligg begravd nederst i kofferten og eg kan ikkje gå ut i tilfelle dei kjem i mellomtida. «Do you kneed som help?» Stemma er kjent. Den spør om eg trenger hjelp. «JA!» vil eg rope. Eg ville ha skrike det ut hadde det ikkje vore for at eg er så utrulig glad for kven stemma tilhøyrer. Eg ser opp på den høge skikkelsen som bøyer seg over meg. Andletet mitt gjenspeiler seg i brillene hennar. Bak dei er det gjømte nokre sjokoladebrune auge som er så kjente. Håret hennar er feste i to lyse fletter som rekk heilt ned til livet hennar. Munnen hennar er liten og raud og eg står så nøre at eg kjenner de gode dufta av parfymen hennar i frå her. «Cally!» ropar eg. «Endelig. Eg har venta så lenge!» Eg reiser meg opp i frå golvet og børstar av knea før eg gir ho ein lang klem. Eg er så glad for å sjå besteveninna mi at eg nesten ikkje kan vente til eg får snakka med ho. Spurt om korleis folk har det, kva som har forandra seg på det året sidan eg møtte ho sist... «Det ser ut som om du treng litt hjelp her,» seier ho omsider og trekk seg vekk i frå klemmen. «Ja, det skal vere sikkert og visst,» samtykker eg og fortel raskt kva som skjedde. Cally følger nøye med mens ho plukkar opp tinga og legg dei i sekken min. Ho er rask til å plukke opptinga og høyrer nøye etter på meg. Til slutt gir ho sekken til meg. «...og no funkar ikkje mobilen min heller,» avsluttar eg og tar i mot den. Cally ser på meg og er tydeligvis glad for at det ikkje er ho som har vore utfor alt dette. «Kom,» seier ho. «Far din ventar rett utfor her.» Eg lar ho trekke meg over golvet og ut av flyplassen. Endelig. Eg er ute. Sjølv om det er kaldt er eg ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...