tirsdag 14. juni 2011

Oppsumering halvår 2011

Nå er eg klar for ei oppsumering i frå januar 2011 og til og med juni nå. Fann ut at eg snart måtte gjere det og sidan eg veit klart beste boka i juni allerie så er det bare å byrje med å oppsumere litt. 

januar 2011
Min beste lesemånad i 2011 var januar og då las eg ti bøker. Det verkar kanskje litt lite, men for meg synes eg det er bra å ha kome seg gjennom alle dei. Eg hadde som mål å gjennomføre ti bøker i januar og var godt fornøgd då eg kvelden før 1. februar avslutta den siste boka mi. 
Den beste boka i januar var Nelias Gåte av Gro Fykse. Som ein god nummer to kjem då På kongelig befaling av Charlie Higson og etter den boka har eg fått heilt dilla på Unge Bond. 


februar 2011
I februar blei det bare sju bøker og eg var lite fornøgd då månaden var over, men eg forstod dei neste månadane at det var kanskje ikkje meir å fovente, for etter januar har eg ikkje lese meir enn 7-8 bøker per månad. 
Denne månaden var det Harry Potter and the Goblet of fire som var den beste, men av dei nye som eg ikkje hadde lese før var det kanskje Kokainkongen av Robert Mucharmore eller Silverfinmysteriet av Charlie Higson som var dei beste. 




mars 2011
I mars var det veldig dårlig med bøker og eg las ut mi første heile boka då me hadde kome halvegs. Første halvdelen av månaden las eg ingenting. Det er nesten flaut å innrømme det. Det var ein veldig bra månad og eg greier ikkje å plukke ut ei boka som var den beste den månaden der. Gå inn på bøker 2011 for å sjå kva bøker det var. 

april 2011
I april var det bare sju bøker, men det er ingen tvil om kvifor ei som var den beste. Det var heilt klart Verten av Stepehnie Meyer som er den beste eg har lese noko gong og ligg øverst på topp 10 lista mi. Tredje opptak av Karen Kingsbury var òg ei god bok. 



mai 2011
Denne månaden var det ikkje bra, mendet var konfirmasjon og 17. mai og fødselsdagar og muntlig tentamen og alt anna oppå kvarandre. Her var det ikkje så mange bøker å velje mellom, men eg har ei som likte veldig godt og det var Saras Nøkkel av Tatiana de Rosnay. Eg likte veldig godt å lese den boka og måten den var bygd opp på. 

Juni 2011
Eg kan ikkje forutsjå kor mange bøker det blir denne månaden, men den beste var i alle fall Perfekt kjemi av Simone Elkeles. Likte den veldig godt. Eg satsar på å få lese ti bøker eller fleire denne månaden Eg er allreie godt i gang med fem  og me har nesten kome halvegs i juni så ingen ting er umogleg. 


Føler at eg har hatt eit godt leseår til å ha hatt det så travlelt som eg har. 
Mai Lene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...