torsdag 23. juni 2011

Bok: Matched, Cassias valg av Ally Condie

Cassia stoler på systemet i verda ho bur i. Funksjonærane bestemmer alt og ingen har så mange val utanom å følge deira reglar. Alt i frå arbeid, klede, mat, kor tid du skal døy og kven du skal elske blir bestemt av funksjonærane. 
Kvar person blir matcha med den dei passar best saman med og Cassia er heldig med matchen sin: hennar beste ven. 
Samfunnet som fungerar bra på alle områder vil aldri innrømme at dei har gjort feil og i byrjinga så stoler Cassia på samfunnet. Heilt til den dagen ho finn ut at ho er forelska i ein annan enn matchen sin. Ein samfunnet har bestemt ho aldri kan få. 

Boka var svært god. Du føler at du blir dratt med med ein gong du opnar boka og byrjar å lese. Den er kjempegodt skriven og eg liker å lese om den typen framtid. Alt i frå forteljinga til matchbanketten til det litt meir morosame som at dei har fottur som ein aktivitet dei må melde seg på er så bra skrive at bare får lyst til å lese meir meir meir. Du sit heile tida og venter på spenningsscena og har ikkje lyst til å legge i frå deg boka når du les. Omslaget var perfekt. Det viser heile poenget i historia synes eg med at ho er fanga i ei boble (?) ho ikkje kjem seg ut av.
Boka anbefales. Mai Lene

Tittel: Matched: Cassias valg
Orig. Tittel: Matched
Forfattar: Ally Condie
Utgivningsår: 2011
Forlag: Mangschou
Sidetal: 192
Baksidetekst

I SAMFUNNET ER DETE FUNKSJONÆRENDE SOM BESTEMMER. Hvem du skal elske. Hvor du skal arbeide. Når du skal dø. 

CASSIA HAR ALLTID STOLT PÅ SYSTEMET. Ingen høy pris å betale for et langt liv, en perfekt jobb, den ideelle ektefelle. Så da bestevennen viser seg på skjermen som hennes match, er hun ikke i tvil om at han er den rette for henne. Ikke før et annet ansikt, et kort øyeblikk, dukker opp på skjermen før den går i svart. Snart stilles Cassia ovenfor umulige valg, mellom Xander og Ky, mellom den trygge tilværelsen hun kjenner, og en vei ingen annen har vågd å gå før - et valg mellom lojalitet og lidenskap. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for kommentaren din! :) Velkommen tilbake seinare

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...