Satus Skjærtorsdag 2013: glad for å ha ferie! Likevel har eg hatt dårleg tid til å skrive på bloggen dei siste dagane Eg har jobba mellom seks og åtte timar kvar dag sidan laurdag (utanom Palmesøndag), og sjølv om det berre er ein (enkel?) butikkjobb, kan det vere nok i seg sjølv. Særleg sidan me har ein halvtime med pause og butikken er på Kvadrat. Ikkje missforstå meg, det er kjempegøy å anbefale bøker og pakke inn gåver, men du får ikkje tid til så mykje elles i tillegg til litt lang reiseveg tilbake frå jobb. Men det har vore gøy, det har det. All jobbinga har resultert i at det ikkje blei skrive noko i går, for kvar onsdag har Geir på bloggen bokbloggeir.com ei spalte på bloggen han kallar for mitt teamtips. Det går ut på at me skal tipse om omtalar bøker som andre ikkje har sett eller gått glipp av. Samstundes får me mange nye boktips, noko som er veldig positivt, sjølv om stabelen med uleste bøker plutseleg kan vekse frå fem til ti.
Denne veka er temaet "en god påskekrim." Eg har lese så mykje krim det siste at det er nestne det einaste som står i hovudet på meg. Held for tida på med det syvende barnet av Erik Valeur, men har ikkje kome så veldig langt sidan eg les boka paralellt med monkeys with typewriters. Påskekrimen eg skal tipse om nå er ei bok eg las nå i mars for nokre veker sidan, nemleg den femte årstiden av Mons Kallentoft. Boka var enormt bra. Kallentoft er min favorittforfattar og eg byrja på å lese serien i fjor før påske (riktignok bok #2 og bok #4 først, og så bok #3 i mai), så haldt eg fram dette året. Den femte årstiden er kanskje den beste boka bortsett frå sommerdøden spør du meg. Eit lite utdrag frå omtalen:
Ha ei fin påskeveke vidare!

Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde "snakkar" til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.Dessverre har eg ikkje fått kommentert så mykje i det siste, og eg er dessverre alt for dårleg til akkurat det! Eg skal prøve å bli betre til å kommentar hod dykk og svare på alle dei fine kommentarane de legg inn på denne bloggen!
Ha ei fin påskeveke vidare!