Nok ei krimbok er lesen, og denne gongen var det X av Helge Thime-Iversen, som fekk den æra å bli lesen. Etter å ha sett Geirs omtale av boka, som var veldig positiv, måtte eg lese boka sjølv. Geir kallar boka for ein X-tremt spennende debut. Ja, den er spennande, og det er god gjort å meistre krimsjangeren slik på første forsøk, men om den er x-tremt spennande, det er ei anna sak.
Njaal Natland jobbar i Kripos - noko som er uvanleg for dagens krimheltar, som til vanleg har ein vanleg politijobb i eit distrikt eller er journalist - der han har utmerka seg som ein filnk etterforskar. Likevel, alle politimenn kjem ein eller annan gong utfor ei vanskeleg sak, og det gjer Njaal i denne boka. X, eller Fingermorderen som han blir kalla i avisene, er laus. Fleire norske byar blir offer for personen. Han har òg sitt eige varmerke, noko namnet Fingermorderen går etter, og det er at på kvar åstad ligg fingaren til offeret igjen. Dette går det òg an å sjå på forsida av boka, som på ein måte er fantasilaust, men òg litt spennande. Uansett, Njaal gjer alt for å løyse saka, men sjølv om gjerningsmannen - X - etterlet seg mange spor, er det nesten umogleg å ta han. Kompanjongen til Njaal Natland heiter forresten Johnny Vang (ikkje Jonny Vang som i filmen med Aksel Hennie), noko som skaper litt humoristiske scenar i boka.
Eg er veldig glad i krim som de veit, men ikkje all krim. Jo Nesbø, til dømes, fenga meg ikkje heilt, og eg er heller ikkje veldig glad i krim kor det er snakk om eit større spel som inneber terror, store narkotikabandar eller slike spel. Eg liker det litt meir i det små, med ein gjerningsmann som handlar på eigne vegne, slik som i en usynlig av Pontus Ljunghill. På denne måten var òg Thime-Iversens bok noko for meg. Dette er ingen spoilar, for det går ikkje lang tid før ein forstår at her er det ein person som handlar. Noko anna eg likte var at det var ein litt original norsk krim. Boka er veldig ambisiøst lagt opp med mord som skjer i fleire byar i Noreg. Det er vanskeleg å etterforske like mordsaker i Bergen, Trondheim, Vardø osv. Å legge opp til ein seriemordar som driv på i ulike fylker er mildt sagt veldig, veldig, veldig ambisiøst. Derfor er det bra når forfattaren meistrar dette ambisiøse oppdraget. Kripos er jo sjølvsagt eit verkemiddel. Det hadde vore meir vanskeleg med ein politietterforskar i Vardø som hovudperson, for då hadde jo denne personen berre ansvaret for Vardø-saka og ikkje tilgang på fleire bevis enn som så. Det er jo nettopp der med bevis det blir ambisiøst. Du skal ha ein person eller to som reiser rundt overalt og samlar bevis og veit om alt. Likevel, dette greier Thime-Iversen på ein heilt genial måte.
Eg skreiv i første avsnitt at boka var spennande, men ikkje ekstremt spennande. Det skal mykje til for at ein krim ikkjer spennande. Då er forfattaren verkeleg amatørmessig, og det er ikkje Thime-Iversen. Han er veldig flink, men i motsetning til mange andre krimbøker følte eg ikkje det gjekk lang tid før ein fekk vite kva som skjedde. Han var ikkje ein meister på å halde lesaren på pinebenken. Nokre få gonger haldt han lesarane så lenge på pinebenken at me gløymte heilt at det faktisk skjedde, og då tråden blei plukka opp igjen, var det ikkje like spennande. Andre gonger, alt for mange, gjekk det litt for raskt. Eg fekk ikkje tid til å bli spent på svaret. Nokre få gonger greidde han å halde meg på pinebenken slik at eg måtte vente litt, men ikkje for lenge. Dei gongene funka det utmerka, men boka kunne ha vore betre ved å lage det til slik fleire gonger. Språket etterlot ikkje mykje til fantasien. Det var fengande, og det er ikkje utan grunn at eg las dei siste 250 sidene i dag. Språket i seg sjølv er dessverre ikkje veldig spennande, og nokre gonger kunne Thime-Iversen ha korta ned på veldig lange skildringar av personar og i staden fokusert på andre viktige moment i boka. Som då han skildra ein politimann i Bodø eller ei kontordame i Oslo. Eg veit ikkje heilt kva det var med språket som ikkje gjorde boka så x-tremt spennande, men det var i alle fall ikkje ein viktig faktor for dei spennande kapitla som var i boka.
Juritzen kan vere glade for å ha denne krimforfattaren med på laget! Han kan skrivekunsten, og ved nokre få betringar, kan bøkene hans bli x-tremt spennande. Viss det kjem fleire bøker, skal eg heilt klart lese dei!
(boka var eit leseeksemplar frå Juritzen forlag)