Viser innlegg med etiketten Aschehoug. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Aschehoug. Vis alle innlegg

søndag 25. august 2013

Lines lesesirkel-1001 bøker: Drep ikke en sangfulg av Harper Lee

Har utsett denne omtalen lenge, for no i det siste har eg ikkje hatt den store motivasjonen til å blogge om bøker. Eg las ferdig Drep ikke en sangfugl for mange veker sidan, og no er eg heilt fortapt i The Mermaids Singing av Val McDermid, så heilt ærleg er det einaste eg har lyst til å setje meg ned med boka igjen og nilese! Men eg har teke meg saman og skrive denne omtalen her då...

Harper Lee er på mange måtar ein eineståande forfattar. Ho gir aldri intervju, snakkar aldri med fans og har skrive berre ei bok, men til gjengjeld er denne boka ein populær bestseljar som i tillegg har kome inn på lista over 1001 bøker-lista. Det er ekstraordinært. Ei bok skal vere tåleg bra om det er den einaste forfattaren har skrive og likevel blir ho så kjent! Eg må seie at boka var ikkje heilt som forventa, men heilt klart god.

Mitt eksemplar var frå 1970-talet, då det nesten ikkje var luft mellom linjene, alle bokstavane var veldig små og kapittel slutta og byrja på same side, så eg syntes boka var litt vanskeleg - rett og slett - å komme seg gjennom på grunn av skrifta, men det er trass i alt kvaliteten på det som var inni som skal vurderast. Boka handlar om Scout (Småen) og broren Jem som bur i Alabama i depresjonstida. Faren Atticus French er advokat og tek seg tid til å diskutere viktige spørsmål med barna. Handlinga i boka føregår rundt ein av faren sine rettssakar der han forsvarar ein mørk person som det blir sagt har valdteke ei jente, og lesaren får lese både om klasseskilje og om "rett og gale" i Alabama i depresjonstida.

På mange måtar er dei ei godt skriven bok, og det er ein klassikar. Likevel synes eg at forfattaren kjem veldig seint til poenget. Eg visste kva boka skulle handle om, men syntes ikkje ho var på langt nær så spennande som eg hadde trudd, rett og slett fordi store delar handla om noko anna enn det som stod på baksida. Første delen handlar i stor grad om Småen og Jem og somaren før Småen byrjar i første klasse. Dei får besøk av ein gut fråå Mississippi og prøver blant anna å få naboen til å komme ut, fordi ingen har sett han på fleire år. Når nesten hundre sider går med på noko anna enn det du forventar, mister eg litt tålmodet. Det er ikkje alltid det hjelper at historia er "søt" eller "idyllisk" eller at det er ein klassikar. Det kan bli litt treigt i lengda.

Skildingane som Lee bruker er gode, og mange av personane ser ein for seg. Dei er litt stereotype, men ikkje meir enn at du kan tåle det, for er det noko mange klassikarar har, er det stereotype folk. Likevel er det noko humorsiktisk med mange av dei stereotypiane som kjem fram gjennom bøker som dette. Sladrekjerringene og nabokonene og misjonsforeininga. Det er mest som om du kjenner det igjen utan at det blir ein klisjé ut av det. Det e rein stor styrke med boka. Til vanleg plar eg å slå hardt ned på stereotypiar, og i allefall i meir moderne litteratur, for der er dei ofte meir uverkelege og dårleg laga enn i klassikarar.

Det er ei interessant tid boka foregår i, og eg er veldig interessert i raskeskilje og sørstatane på den tida dei skilde mellom dei mørkhuda og lyshuda. Eg syntes ikkje boka fekk desse kontrastane godt nok fram. Me fekk sjå dei i slutten, og rettssaken sa ein del. Likevel ville eg ha vist eit tydelegare skilje, ikkje berre i spesielle settingar som rettssaka, men i kvardagslivet i sørstatane. Det hadde kanskje vore vel så interessant, for det fortel noko om korleis dei hadde det kvar dag. Rettssaka er ein god måte å få fram klasseskiljene på, men ikkje betre enn at Lee kunne ha skrive endå meir om det.

Kort oppsummert var boka grei, men det var ikkje slik at ho var like god som forventningane var store. Eg veit andre har rost boka opp i skyene, men den rosen får ikkje boka hos meg. Ein litt over middelmådig klassikar. 

mandag 15. juli 2013

Bok/biografi: Det vi kan stå for av Geir Lippestad

Geir Lippestad har heilt sidan 23. juli 2011 vore eit kjent andlete i Noreg. Etter at han påtok seg oppgåven som forsvararen til Anders Behring Breivik har han fått mykje merksemd. I periodar var han nesten på nyheitene kvar dag. I mars 2013 kom boka hans, Det vi kan stå for ut. Boka er både om han, men òg om verdiar og den styrken rettstaten er for Noreg. "En klok bok om verdier" skreiv Stian Bromark i Dagsavisen. Det er eg einig i.
Da jeg bestemte meg for å skrive denne boken, var det verken for å gi Anders Behring Breivik, de andre aktørene i 22. juli-saken eller meg selv mer oppmerksomhet. Vi er alle eksponert så det holde; i halvannet år gikk det knapt en dag utan at noen av oss ble omtalt i et eller annet medium et eller annet sted i verden.
Som forsvarere for terroristen sto vi midt i stormen og måtte balansere flere hensyn enn noen andre - ikke minst av hensynet tilde verdiene som Breivik ville ødelegge, men som han selv like fullt var omfattet av. Hvordan vi lyktes, får andre vurdere. Selv har jeg en følelse av at vi til slutt kom helskinnet fra det. 

Dette er måten Lippestad opnar boka på, og eg trur dei fleste får stor at det ikkje er merksemda som får han til å gi ut boka. Under heile rettssaken gjekk han med ein gul post-it-lapp i lomma kor det stod:
Verdikommunikasjon=
- Rettssikkerhet
- Demokrati
Mykje av boka handlar om nettopp verdikommunikasjon. Korleis kan me bringe vidare dei viktige verdiane i samfunnet? Kvifor er dette viktig? Han skriv bra om å kunne formidle verdiar vidare til barn og unge. I staden for å ta frå ekstremistane ytringsfridommen meiner han at ein kan kjempe mot desse verdiane ved å gi dei unge kunnskap. Han gir òg tydeleg uttrykk for at det var rettstaten han forsvarte, då han forsvarte Breivik, og ikkje meiningane til Breivik. Dette trur eg er noko me alle forstod på måten han opptredde på i media. Han er langt frå nokon høgreekstremist, han er faktisk medlem av AP, og han det han sa var klart og tydeleg det Breivik meinte og ikkje det han sjølv meinte. Han skriv i boka at mange gonger fekk han kjeft for kva han sa, men slik som han skriv var det hans oppgåve å ivareta Breiviks interesser på ein ansvarleg måte og å opptre ærleg. Eit viktig prinsipp for Lippestad var at han ikkje trengte å seie heile sanninga, men at det han sa skulle vere sant.

Han fortel òg om danninga av forsvarsteamet deira. Dei var fire personar som jobba i hop, alle med juridisk kompetanse. Dei hadde ingen kommunikasjonsrådgjevar, av fleire grunnar. Blant anna at ein kommunikasjonsrådgjevar ikkje kunne få innblikk i alt Breivik sa, og difor ikkje kunne vere med på å velje kva dei skulle seie. Verdikommunikasjonen kom òg inn her, for prinsippet deira var å halde fast på at verdikommunikasjon var det viktigaste. Lippestad fekk i forkant mykje kritikk for å ha utlevert Breivik. Eg finn ingen grunnar til å kritisere han for det. For det første var det ikkje mykje overraskande som kom fram. Det meste Lippestad skreiv om Breivik er slik eg har gjetta meg til sjølv, og kven synes det er utleverande å seie at han fekk pizza og cola underavhøyra? Det var nytt for meg. Han hadde òg fått lov til å skrive om det av Breivik, og balansegangen var fin mellom det me fekk vite, og det som me ikkje fekk vite. Trass i alt er det ikkje ei bok om Breivik, men mest om verdiane Lippestad synes det er viktig å oppretthalde. Trass i alt er det den største og mest alvorlege straffesaka i Noreg sidan krigen, og  det at den er så annleis gjer at det kan vere viktig med bøker som dette i etterkant, der verdiane blir diskuterte.

Lippestad skriv òg om familien sin, og mest om den eldste dottera Rebekka som var sjuk under heile rettsaka. Han skriv om kor viktig det har vore for hanå kunne ha henne der, for ho minner han om kor skjørt livet er. Lippetads dotter døydde dessverre for ein månad sidan, og det var då han kom med dei vakre orda:
"Himmelen har fått en ny engel. Rebekka har reist."
(NRK 14. juni 2013)

Barndommen hans blir òg nevnt i boka, og eg forstår at den hendinga han skriv om har sett djupe spor i han, og han skriv at dette er ein av grunnane til at han valte å studere juss. Dette er ein del av kapittelet "En forsvarer blir til" kor han òg fotel om avgjerda han tok då han fekk spørsmålet om å vere Breiviks forsvarar. Å forsvare og oppretthalde den norske rettstaten er viktig for Lippetad, og fleire gonger i løpet av rettssaka var utanlandske media overraska over korleis den norske rettstaten fungerte. Berre det at Breivik fekk taletid var for dei heilt annleis og utenkjeleg.

Ulik mange andre biografiar er Lippetads lett å kome gjennom. Den er på rundt to hundre sider. Språket er lett og flyt fint gjennom heile boka. Mange vil nok seie at det er for mykje om sjølve rettssaka, men eg likte det slik. Trass i alt skal eg ta Rettslære til hausten, og denne boka gjorde meg endå meir nøgd med det valet. Lippestad poengterer at samfunnsfaget er eit av dei viktigaste ungdommar kan ta, for det formidlar vidare kunnskapen og verdiane rundt demokratiet. Eg kunne ikkje vore meir einig!

søndag 13. januar 2013

bok: gjenferd av Jo Nesbø

Denne veka kom nyheitene om at Nesbø nok ein gong skulle gi ut ei ny bok om Harry Hole i serien sin, og denne veka las eg sist utgjevne bok om politihelten, gjenferd. Boka er full av groteske scenar, og narkotikamiljøet i Oslo står sentralt. Alt i alt er heile boka ei historie om vald, rus og mord.

Sjølv har eg bare lese barnebøkene til Nesbø før, men etter denne boka har eg kome framt til at eg kanskje bare skal halde meg til barnebøkene førebels, for dei er skumle nok. Helten doktor Proktor er mindre truverdig enn Harry Hole, men desto meir koseleg. Likevel, eit fellestrekk har desse to: Dei er meir sprø enn dei fleste andre menneske.

Harry Hole vender tilbake frå Thailand når han får vite at Oleg, sonen til den tidligare kjærasten, Rakel, er mistenkt for drapet på ein gut som heiter Gusto. Gusto blei funnen skoten på ein bustad i Oslo, og alt peikar mot at Oleg har gjort det. Men Harry vil ikkje tru at guten som har vore nesten som ein son for han kan ha drepe nokon. Derfor sett den tidligare politimannen igang si eiga etterforskning og bruker tidligare kontaktar for alt dei er verdt. Etter litt "research" finn han ut at den nye store "helten" i narkotikamiljøet i Oslo blir kalla Dubai. Dubai er kjent for å selje stoffet Fiolin som tilsynelatande blir laga i Noreg.

Samstundes er alle personar  miljøet truga. Seier dei litt for mykje er det slutt. Oleg blir nesten drepen i fengsel og må flytte til skjult adresse. Fleire av personane i miljøet blir funne henretta på dei mest grusomme måtane ein kan tenkje seg. Dubai skyr ingen drapsmetode når han skal dekke over bevisa. Dette gjer at boka er full av vald, blod og mord. Denne boka er dessverre ikkje nok til at eg klarer å omfamne Nesbø og invitere han inn i varmen saman med andre flinke krimforfattarar. Inntil vidare får han stå på dørkarmen og kikke inn. Kva som er så sensasjonelt med Harry Hole og krimbøkene til Nesbø har eg ikkje heitl forstått etter denne boka. Eg ser at det er høgt nivå på krimmen, men det er likevel veldig typisk norsk krim. Kanskje derfor dei i utlandet liker det så godt? Eg liker engelsk krim.

(litt kort omtale, men det får gå)

lørdag 6. oktober 2012

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas' løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: "Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien" I tillegg er det setningar som "akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp" eller "tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang." Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale...

fredag 4. mai 2012

bok: på direkten av Anne Cecilie Remen

strålande godt fortalt. Til å leve seg inn i!

Oslo, desember 2011. Den populære nyhetsankerkvinnen i TV24, Maria Bergstrøm, blir drept under en direktesending på TV. Førstebetjent Christina Fiori Mørk får ansvaret for etterforskningen, og mistanken faller raskt på journalistkolleger. Maria Bergstrøm var en profilert TV-stjerne som mange misunte og noen fryktet.
Christina Fiori Mørk støter på uventede utfordringer, ikke minst da det viser seg at Maria Bergstrøm var på sporet av et kunstmysterium med Edvard Munch i sentrum.

"På direkten" er en krimroman fra journalistmiljøet i Oslo. Den skildrer et miljø stint av intriger, hensynsløse maktkamper og hemmelige kjærlighetsforhold. Men finnes det virkelig folk med så store ambisjoner at de er i stand til å utrette hva som helst for å sette seg selv i front - selv drap?
Boka er fengande heilt i frå byrjinga, i frå du byrjar å lese dei første setningane i kursiv, og til siste side, der det står SLUTT med blokkbokstavar.

Dei første sidene går med på å presentere ein person som me ikkje får vite namnet på før på slutten av boka. Du har ikkje aning om kven det er, og det gjer det ekstra spennenda. Så kjem drapet. Journalistdrap er kanskje noko av det mest spennande ein kan lese om i ein krim, for det kan vere så mange motiv og så mange personar.

Mange spørsmål surra rundt i hovudet på meg mens eg las, og det var spennande å følgje etterforskar Christina på reisa i frå mysteriet kom opp og til slutten. Nervepirrande og engasjerande.

Eg liker ikkje å seie så alt for mykje om krim som dette, men eg kan fortelje at eg var hekta. På skulen i dag låg boka i sekken, og eg var freista til å ta henne opp og lese under pulten, men det gjorde eg ikkje. Likevel las eg i ho då eg var hjå tannlegen, og sjølvsagt måtte han rope opp namnet mitt to gonger for å få meg ut av boka.

Kanskje ikkje vanskelig å forstå at eg anbefaler denne til alle krimelskarar der ute. Ikkje typisk "norsk klisjé" som eg kallar det, men ei skikkelig krimbok for alle. Vel verdt eit forsøk.

onsdag 2. mai 2012

bok: little Bee av Chris Cleave

Rørande og rystande, men vakker historie om kjærleik og tillit
Et ungt engelsk ektepar, Sarah og Andrew, reiser til Nigeria for å prøve å gjenopplive et skrantende forhold. En dag våger de seg utenfor ferieparadisets bevoktede område og møter to søstre på vill flukt fra soldatene som har utslettet landsbyen deres. Sarah og Andrew befinner seg plutselig i en situasjon der de må ta et umenneskelig valg.

To år senere banker den ene av søstrene, Little Bee, på ekteparets dør i England. Igjen konfronteres Sarah og Andrew med den dagen de så døden i hvitøyet, den dagen som forandret livet deres fullstendig.
Tekst frå Aschehoug.no  

I denne boka får me høyre historia om Little Bee frå to sider. Little Bees side forteljer om ei tragsik forteljing om to år på eit interneringssenter i Storibritania etter rystande episodar i heimlandet. Ho forteljer om landsbyen, om søstera, om tankar og om sjølvmordsstrategiar viss "mennene" kjem.

Den andre sida i historia er Saras. Redaktøren i motemagasinet fortel om reisa til Nigeria saman med mannen, om utruskap og om to jenter ho ikkje klarer å gløyme. Historia til Sara er fullt av rikdom og kjærleik, men òg av svik og ei strand langt borte der den tragiske hendinga skjedde. Det ho aldri gløymer.

Desse to historiene utgjer ei i denne boka. Dei krysser kvarandre og veves saman. Då eg las boka sat eg med open munn. At folk kan vere så fæle og tankelause, det er nesten ikkje mogleg. Denne boka rysta meg skikkelig. Eg gråt ikkje då eg las, sjølv om eg hadde skikkelig lyst. Eg vart sint og kjente meg forferdelig. Eg hadde mest lyst til å "hoppe inn" i boka og stoppe dei forferdelige hendingane eg som lesar var vitne til.

Det var både godt språk og god handling. Boka var fengande og for å ikkje røpe for mykje, vil eg ikkje seie meir. Bare les boka, så ser du. Dette må vere ei bok for alle, uansett kjønn og aldar. Chris Cleave har laga eit mirakel av ei bok.

tirsdag 28. februar 2012

Bok: blomstenes hemmelige språk av Vanessa Diffenbaugh


Victoria har tilbrakt hele barndommen i forskjellige fosterfamilier og har aldri latt noen få komme nært innpå seg. Blomstene og deres betydning er blitt hennes måte å kommunisere med verden på. Som 18-åring bor hun i en liten avsidesliggende park i byen, der hun har skapt sin egen hemmelige hage. En dag møter hun blomsterhandleren Renata som blir imponert over Victorias  kunnskaper om blomsterspråket og evne til å sette sammen vakre talende buketter. Hun tar Victoria med til blomstermarkedet, der Victoria møter en mystisk ung mann som skal vise seg å ha forbindelse med fortiden hennes. Snart må Victoria ta et farlig valg - tør hun å satse alt for å finne lykken?
Vanessa Diffenbaughs roman er en rørende og medrivende historie om kjærlighet, tilgivelse og forsoning - og den fir et fascinerende innblikk i det viktorianske blomsterspråket. Boken ble allerede før utgivelse solgt til 27 land, gikk rett inn på bestselger listene og er blit lovprist av et unisont internasjonalt anmelderkorps. 20th Century Fox har kjøpt filmrettighetene til boken. 
Blomstenes hemmelige språk begynte eg på i går kveld og vart ferdig med nå nettopp, og sagt rett ut: Den er herlig, fin, ei perle, og eg bare elsker denne boka. Blomar får alltid fram litt romantikk, og særleg i denne. Eg synes det er dyktig å skrive denne romanen. Sjølv visste eg bare at raude roser var teikn på kjærleik og gule roser er noko som, viss du tenker på betydninga, ikkje bør gi vekk, for det tydar utroskap.

Dette er heilt klart ein av dei beste bøkene eg har lese dette året, og alt i frå omslag til skrivemåte til personane fengar meg. Veldig kjekt å kunne leve seg inn i denne boka, og det var ein interessant måte ho var oppbygd på. Me blei tatt med ni år tilbake i tid til då Victoria kom til Elizabeth i ein av fosterheimane og til det som skjedde der, samstundes som at me får høyre om alt som skjedde då ho blei atten og byrja å sove ute og møtte Renata.

Alt med denne romanen var fascinerande og spennande. Handlingsgangen og skrivemåte og særleg Victoria. Sidan det med fostarheimar er noko eg synes er spennande og sånn desse barna/tidligare forsterbarna føler det, var det kjekt å lese om korleis Victoria hadde blitt etter alle åra med bytte i frå fosterheim til fosterheim og kor uvant ho var med å bli rørt og elska av andre. Sjølv vil eg bli barnevernspedagog, og eg håpar på å ikkje bli som Meredith, som hadde ansvar for Victoria. Formaningar, formaningar og formaningar før ho leverte henne. Ho får ikkje til mykje på skulen, ho er ulydig, dette kjem ikkje til å vare lenge. Rett og slett eit svært følelseslaust menneske.

Renata var ein betre person og eg likte vermåten hennar og alt ho gjorde for Victoria. Ho var snill og roste henne og var kanskje starten på kontakten med dei andre personane i boka. I tillegg står det om en mystisk ung mann på bakside, og den historia er det bare å glede seg til. Mykje spenning i heile boka, om så ikkje pistolar og politijakt og biljakt, så ein annan spenning som eg kanskje vil definere som psykisk. Kva vel Victoria? Gjer ho det rette? Les boka så finn du det ut.

Smakebitar i frå boka:
Astrid Terese
Anette

Andre omtalar
Astrid Terese
Anette
Bokelskerinne
Beathe

mandag 10. oktober 2011

bok: ærlighetsminuttet av Bjørn Sortland


Frida har ein alvorlig augesjukdom og vil sjå verda før alt blir mørkt, Ho reiser ned til Firenze, kunsthovudstad i Europa, der ho treff Jakob. Han lærer ho og sjå med nye auge på kunsten.

Fantastisk fantastisk fantastisk. Andre gong eg les boka og eg blir absolutt aldri lei. Formuleringar, skrivemåte! WOW!! Når eg skal byrje og skrive for alvor har eg verkeleg noko og sjå opp til.

Innleiinga går rett på sak og er så og seie ei av dei beste eg veit om. Rett på noko av det boka handlar mest om og så blir det betre og betre. Eg er ikkje så alt for glad i innleiingar som liksom dryg og alt blir k j e d e l i g allereie i byrjinga fordi forfattaren ikkje kjem til saka før i kapittel 5. Dette er langt i frå slik.

Hovuddelen er så god at eg sat klistra til boka (sjølv om det er 2. gong eg les boka) og alt i frå historia om Jakob og Frida til kunsten til alt Frida tenkjer på er kjempebra skrive og boka anbefales verkeleg. Eg las ho for første gong i fjor då eg var på ferie i Berlin og når du har så mykje og gjer på i ein storby skal det noko til og lese ei bok på 548 sider ut på fem dagar, men det gjorde eg og det har ikkje bare med og gjere at eg er ein lesehest. Og etterpå rosa eg boka så mykje at både mor og far las ho. Hehe, kanskje dei ikkje var like betatt, men eg trur meg er einige om at det er ei bra bok.

Avslutninga kan eg vel ikkje seie så mykje om utan at det liksom ikkje sluttar heilt der boka sluttar. Eg kan neste dikte litt vidare sjølv. Det er det eg kan seie utan å avsløre for mykje om alt.

Omslaget er fint og passar til boka og heile handlinga. Det er litt sånn me får sett på hovudpersonen Frida i denne boka. Litt forskremt av og til, kanskje litt dårlig sjølvtilit, men eg blei verkeleg glad i hovudpersonen og i boka stiller dei spørsmål som me sjølv kanskje av og til stiller oss.

Boka reflekterer mykje over kristen tru, Jesus, oppstoda og kunst. Det er bra og skrive så ope om noko som mange har ei meining om. Hovudpersonane Frida og Jakob snakker mykje om temaet og bibelforteljingar knytta fint inn i romanen.

Nå når eg har lese boka for andre gong er eg klar for å flytte den lenger opp på topp 10-lista mi, Den sida  som heiter på topp er ikkje oppdatert, men får eg tid ein eller annan gong i livet skal eg få ordna på den.

Mai Lene

ps. I boka hadde dei bilete av alle bilda eller kunstverka som dei såg på turen sin. Skal legge ut dei kunstverka eg likte best av dei. Og viss de vil lese meir om forfattaren så gå her. (bla nedover på sida forbi Anette Münch)

fredag 2. september 2011

Bok: Nelias natt av Gro Fykse


Nelia har blitt sendt ut i skogen for å løyse gåta ho fekk av Hedyn, men korleis skal ho gjere det? Og kven er eigentlig farligast, skgnmfene eller skogfolket? Nelias forstår at ho ikkje å stole for mykje på nokon akkurat nå, men bare løyse gåta og vere på vakt for kva som venter henne.

Wow, kjempebra. Som vanlig når eg les ein serie eg synes  er bra er eg litt redd for å lese neste bok viss ho er veldig dårlig. Det er akkurat som å fly og så finn du ut at du manglar vinger og dett ned igjen på jorda. (fekk sikkert i meg ein skrekk etter å ha lese dei to første bøkene i the immortales series, den andre var skikkelig dårlig) Men denne boka var ein kjempebra oppfølgar som eg likte kjempegodt. Det var knallgode skildringar, godt språk og sist, men ikkje minst: Ein god dose spenning!

Innleiinga var veldig bra. Det var ikkje noko tilbakeblikk på sist bok sjølv om denne starta midt i noko som skjedde. Sist bok slutta liksom sånn midt i der andre bøker har sjølve hovuddelen. Her haldt det fram rett på og eg elsker det. Denne måten å fortelje på gjer at eg vil vite meir meir meir!!

Hovuddelen er det bare ein ting å seie om: WOW! Superbra. Eg elsker den. Nelia som er ute i skogen og alt det mystiske som lurar og som ikkje er til å kome utanom. Vanvittig bra. Skognymfer, skogfolk osv. Det er sånn det skal vere.

Eigentlig er det ikkje noko avslutning i desse bøkene. Dei sluttar midt i hovuddelen så du får lyst til å lese neste bok. Det er ikkje noko sång alt-går-bra-til-slutt greier, men ein veldig brå slutt som om alt bare er eit kapittel. Det er kanskje noko av det beste med heile serien.

Omslaget passar til tittelen av boka. Det er mørkt og mystisk og passar til tittelen Nelias natt. 


Baksideteksten blei kanskje litt vell kort i forhold til kva eg kunne tenkt meg, men den gjer at eg får kjempelyst til å lese vidare.

Boka kjem ikkje heilt opp på topp 10 lista kanskje fordi eg synes at dei andre er endå betre, men Nelias natt er ikkje langt i frå! Og ein bra ting til: Endelig ein forfattar som forstår det går ann å lage spenning utan at personane må banne heile tida. Av og til så øydelegg banning mykje av bøkene etter mi meining.

Mai Lene


lørdag 28. mai 2011

bok: super av Endre Lund Eriksen




Eg om boka:
Julie lurer seg unna leiren denne gongen og vil heller vere heime. Det er slutt på å vere snill jente som sit heime og ser på nytt på nytt og beat for beat på fredagskveldane. Den nye jenta skal klatre på brua, ta tatoveringar, drikke seg full, kysse nokon (om så ei jente). Den nye Julie er brå og skal ikkje henge saman med "Kristen-Silje." Ho skal styre livet sitt sjølv.
Dette er i korte trekk det denne boka handlar om. Dette og guten som heiter Jomar. Guten som Julie treff på og som det er noko mystisk med. 


onsdag 2. februar 2011

bok: nelias gåte av Gro Fykse

Å lese denne boka var som å bli tatt med til ei heilt anna verd! Ei vanlig jente som Nelia kan plutselig ikkje gå på skolen og møter folk ho aldri har møt før i sitt liv, men som kjenner ho nesten ut og inn. Skummelt. Du kjenner liksom at du synes skikkelig synd på jenta. For kven skal ho stole på? Linus eller Seth? Eller kanskje endå meir på Kin, Linus bror? Denne anbefales på det sterkaste

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...