Viser innlegg med etiketten font forlag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten font forlag. Vis alle innlegg

søndag 10. februar 2013

bok: flink pike av Gillian Flynn

Kan ein enkel, amerikansk journalist frå USA skrive ein fengande og heilt forferdelig uforutsigbar roman som kan få ein kvar lesar til å grøsse? Ja. 

Nick og Amy var eit nesten heilt vanleg ektepar, og frå utsida kan det sjå ut som om det meste er på stell. Etter å ha vore gift i eitt par år mister begge jobbane i New York og må flytte til Cathage i Missouri, Nicks heimstad. Sjette juli 2012 er Nicks og Amys femte bryllupsdag, men når Nick kjem heim frå jobben i baren er ikkje Amy i huset. Alt ser ut til at nokon har bortført kona hans, og av gammal vane mistenker nesten alle ektemannen.

Boka er skriven frå ein autoral synsvinkel, men likevel i første person. Både Amy og Nick får fortelje, og annankvart kapittel er frå Nicks synsvinkel og annankvart frå Amys. Dette gjer at perspektivet på alt blir betre og det er lettare å følgje fleire side av historia. Dette er eit genialt trekk frå forfattaren si side, for det gjer at denne boka, som mange vil seie er ein krim, skil seg ut frå andre bøker i sin sjanger. Det er få bøker kor lesaren får eit så godt innblikk i alt som skjer, men likevel er kjempespent på neste trekk.Sanninga lar vente på seg, men ulikt andre krimbøker er det ikkje berre gjerningsmannen som er fokuset, men òg motivet, noko som gir alt eit meir psykologisk preg.

Suksessfylte forfattarar har mange gonger ein tendens til å kopiere den største suksessboka og gjerne debutromanen. Victoria Hislop og Kate Morton er gode eksempel på dette. Du kan nesten alltid vite på førehand korleis bøkene er bygga opp. Ofte er det ei autoral framstilling i Hislops bøker. Det byrjar med ei historie frå nåtida der nokre fortel ei historie frå fortida om ei historisk hending, og hovudpersonen får alltid eit nytt perspektiv på livet. Kate Mortons bøker går mange gonger likedan, men likevel med meir frå nåtida. Her kjem alltid historia frå fortida fram gjennom vitne, brev og rykte. Noko av det som kanskje har gitt Flynn mest suksess er det at ho gjer det motsette. Kvar bok er som ny. Handlinga er uforutsigbar og ingen av bøkene er ein kopi av den forrige. Likevel kjenner ein igjen dei geniale særtrekka med gjennkjennelege personar og svart humor. Det er veldig lite som er sett på spissen i desse bøkene, og hovudpersonane er ikkje heltar eller skurkar. Alle er vanlege personar i miljø som ein kan kjenne seg igjen i på mange måtar, men som likevel er langt frå normalen. Om personane er normale kan ein òg diskutere. Ingen personar er like, og karakterane i Flynns bøker er like ulike som personar i den verkelege verda. Me kan kjenne dei igjen, sjølv om dei kanskje ikkje gjer det me vil sjå på som normalt. Me kjenner igjen typane, men det er overraskande trekk med alle, og psykologien og karakterane er noko av det mest intense og spennande i Flynns forfattarskap.

Men, kan den svarte humoren bli for svart? Kan det bli for grovt? Er dette på grensa? Eg elsker bøkene på grunn av alt det overraskande og intense. Dei er uvanlege, men ein kjærkomen forandring i ei rekke av bøker som har mange av dei same trekka. Flynn burde få sin eigen sjanger kalla opp etter seg. Krim er ikkje eit ord som er dekkande nok, for det er så mykje krim som er dårleg og rett og slett så forutsigbar at det blir kjedeleg. Humoren er ikkje for svart. Den passar bra, men det er likevel veldig avgrensa og aldri overdrive. Karakterane blir ikkje for utruverdige. Det meste er perfekt. Eg skal innrømme at då eg opna boka vart eg veldig overraska aller først, fordi det verka litt utypisk Flynn, men dette er Flynn i stor dose. Historiene bit seg fast, du blir ikkje kvitt dei. Dei er ikkje berre behagelege. Kven som helst kan byrje å grøsse når dei les og ser kor dette går hen. Av og til kan det verke som om heile slutten skal bli eit antiklimaks og femti sider utan store hendingar. Nei, det er spenning og intensitet fram til siste slutt du finn i desse bøkene.

Flink pike er så ulikt alt anna ho kan få blitt. Eg las ein stad at dei fleste forfattarane som er populære i Noreg er meir kjente her enn i heimlandet og at få er nasjonale bestselgjarar. Her er Flynn eit unntak. Ho er ikkje bare eit norsk fenomen som haustar skryt i Noreg. Ho er eit amerikansk òg, og flink pike skal ha vore årets krimsensasjon i USA. Gillian Flynn, ho kan ingen slå!

Boka er eit leseeksemplar frå Font forlag

mandag 17. september 2012

bok: mørke rom av Gillian Flynn

Alle menneske er forskjellige, og alle har noko unikt med seg i "bagasjen" i livet. I den litterære verda, er Libby Day ein av desse. Libby er kanskje den mest mutte, negative sjalu dama i Kansas City. Ein skal vere forsiktig med kva ein seier til Libby Day. Kritikk, ros, formaningar, same kva. Ho er noko for seg sjølve, og det mest fascinerande er at ein greier ikkje å vere på eit anna lag enn hennar.

Tjuefem år før Libby Day er der ho er når boka byrjar, blir familien hennar mydra. Både mora og dei eldre søstrene, Michelle og Debbie, blir brutalt drepne. Libbys storebror Ben blir peika ut som drapsmann, og Libby er med og reiser tiltale mot han. Dømt til fengsel som femtenåring blir storebroen sin skjebne.

Tilbake i nåtida til den trettieinårige kvinna på ein meter og femti centimeter, held plottet fram. Libby blir kontakta av ein klubb med eit så "passande" namn som the kill club. Trur i alle fall den heiter det, tilgi meg om namnet vart feil. Klubben består av personar som er besett av eldre drapssakar, og fleire av dei er påtrengande og direkte. Libby merkar at sjalusien aukar når ho ser at folk er interesserte i andre drapssakar enn bare hennar, sjølv om klubben har eigne folk som jobbar med drapssaka frå 1985.

Det er ei stor samling av menn og nokre kvinner som jobbar for å få Ben fri, i alle fall mange av dei gjer det, og for å oppklare saka ein gong for alle. Libby, som er i ein trang økonomisk situasjon, let seg ikkje overtale til å jobbe med saka før ho er sikker på at ho får nok pengar for det. Sjølve er ho sikker på at det var Ben, og det oppstår eit anspent forhold mellom Libby og dei fleste i klubben som jobbar med hennar sak.

Å gi seg i kast med noko så stort som ei drapssak er verkeleg vågalt. Mange amatører og eit offer som har stått midt i det til å oppklare noko er kanskje ikkje det mest smarte trekket menneska har gjort. I nåtida følgjer ein med på kva Libby tar seg til å for "oppklare" saka og sjå om Ben er uskyldig. Ho tar oppgjer med frykt og sinne, men er likevel ein veldig spesiell og kravstor person. Ho ber boka med seg, og ein forfattar som får lesarane til å føle sympati for ein slik person, skriv verkeleg godt.

Boka vekslar mellom Libby Days synsvinkel i første person frå nåtida og Patty Day, Libbys mor, og Ben Day, Libbys bror i fortida. Annankvart kapittel i frå nåtida og annankvart i frå fortida. I tillegg er annankvart kappitel i fortida med Ben, og annankvart med Patty, noko som gjer at boka har ein lett struktur å forholde seg til.

Skal eg seie noko negativt om kapitla i frå fortida, er det at kapitla om Ben kanskje er litt overdrivne eller kleine. Han er ein gut på femten med ein stor dose vilje til å gjere opprør mot familien. Mange drastiske val blir tatt, og han distanserar seg meir og meir frå familien og stiftar nye bekjentskap med dop, røyk, alkohol og "feil" vener. Litt romantikk er det òg i boka, i den grad du vil kalle ein sta og sjefete kjærast for ein romanisk person. Mange i det verkelege livet seier kanskje at jenta er guten i forholdet og omvendt. Dette kan ein få eit klart bilete av i boka. Diondras sterke vilje og måten ho styrer Ben på er kanskje ikkje veldig romantisk, samstundes som det er eit sterkt verkemiddel for å få lesarane nysgjerrige. Kva skjer med Ben? Korleis går det med han og Diondra? Kvifor let han Diondra kontrollere seg på den måten?

Det er mange tilbakeblikk på intime scenar i desse kapitla med Ben, og det er òg mange intime scenar i det som skjer "nå" i 1985. Eg tenker at nokre av dei kanskje er litt overdrivne eller unødvendige, men det er ikkje sikkert at alle andre synes det. Ein kan òg seie at Ben er ein forholdsvis svak karakter i forhold til litlesøstera si. Han har ein sterk vilje til å distansere seg frå familien, men tilknyttinga til Diondra gjer at han ikkje greier å halde på den sterke viljen ovanfor henne.

Patty er ei stressa firebarnsmor. Kapitla kan verke stressande av og til, og somme gonger drøyer dei kanskje litt vel lenge utan at det er så mykje som skjer. Derfor har nok kapitla om Ben ei sterka forteljingsevne enn kapitla om Patty. Me blir meir nysgjerrige på kapitla om Ben enn dei om Patty, sjølv om kapitla om Patty tar seg opp i løpet av boka.

Språket er det ikkje noko å seie på, og måten å fortelje på er fengande og gir ein lyst til å lese vidare. Noko eg likevel vil peike litt på er at drapsmetodane er litt overdrivne, og om noko slikt hadde skjedd i det verkelege livet er kanskje tvilsamt. Nå veit ein aldri, men for meg verka både drapsvåpen og drapsmetodar i boka veldig oppdikta og uverkelege. Likevel er det ikkje noko som gjer at leseopplevinga blir mindre. Dette er bare ein lite detalj ut frå det store bilete med konfliktar, drap, oppklaringar og andre saker som skjer i boka.

På ei viss tid kan ein føle at det skjer for mykje, men rett før det er i ferd med å bikke over grensa "for mykje" tar det seg inn igjen og lesaren vil puste letta ut over at det ikkje blir endå meir å forholde seg til. Boka er psykologisk veldig intensens for somme, og den kan vere både grotesk og fæl i visse delar. Viss du er litt var blod og drap og groteske handlingar, er ikkje dette boka eg først og fremst ville anbefale. Likevel, for dei som tåler slike ting, er dette er bok som bør lesast. Den tar deg med inn i ei forteljing som har fleire faktorar og ein løysning på ei sak du ikkje kunne funne ut utan å lese boka frå perm til perm.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...