Viser innlegg med etiketten sjølvlaga. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjølvlaga. Vis alle innlegg

torsdag 10. mai 2012

I have a dream


Tidligare på bloggen har eg lagt ut litt av det eg har skrive. Mykje av det har eg ikkje haldt fram på. Mykje av det er bare dårlig planlagde kladdar. Likevel lever framleis draumen om at eg ein dag blir forfattar. Sjølv om eg har fortalt litt, har eg langt i frå fortalt alt om draumen min. 

Heilt sidan eg var liten har eg elska å skrive forteljingar. Eg byrja med å skrive om jenter som hadde fødselsdagar der dei fekk kattar, hundar og kaninar, helst alt på ein gong. I tillegg blei eg alltid veldig inspirert av eventyr og skreiv mykje om høna som blei kidnappav reven, for så å komme tilbake. I tillegg var Susanne som kom i klørne på ei trollkjerring ei eg skreiv om. Det gjekk i frå dette til å skrive meir om mobbing, storebror og litelesøster og frisørar. 

Eg hugsar ei av historiene eg skreiv. Den handla om ei jente som ville bli frisør og friserte ein vilt framand mann og lærerinna si, etter å ha prøvd seg på sauene heime. Det gjekk ikkje så veldig bra, men etter nokre år blei ho frisør og alt blei betre. Ei novelle?


Kvar gong me har fått skriveoppgåver på skulen, heilt sidan eg var liten, har eg elska det. Eg har skrive og skrive og skrive, og ein gong skreiv eg over tjue handskrivne A5 sider på ei skuleoppgåve. Det var vel i femte eller sjette klasse trur eg. Det høyres ikkje mykje ut for meg nå, men då var det mykje, og i alle fall til å vere på skulen. Fullt med slurvefeil sjølvsagt og ei heilt horibel handskrift som eg fekk då eg skreiv. Då me seinare fekk beskjed at me skulle skrive forteljinga inn i det me kalla literaturboka måtte eg spørre om eg kunne skrive bare litt av forteljinga inn i boka, for viss ikkje hadde eg sete der i ei veke og skrive inn med fin løkkeskrift. 

Den største nedturen var då me skulle skrive ei historie om Paris, og så fekk me ikkje bruke meir enn fem A5-sider. Umogleg, hadde vore alt for lite på ungdomsskulen. Korleis får du ned eit tjuveri av Mona-Lisa på fem A5-sider. Til og med i dag kunne eg ikkje laga noko betre, for fem sider er alt for lite. Det blei ei heilt elendig forteljing i mine auge, akkurat som alle andres, men ei fantastisk forteljing i andres auger. Uff og huff, Nedtur. 

Då eg byrja i sjuande trur eg det var, byrja eg for alvor å planlegge bøker, lange bøker. Dei første kladdane var urealistiske og kjedelig forsøk på noko som skulle likne ei bok. Då eg gjekk på barneskulen var heile planen å bare skrive for barn og ungdom. Den planen behaldt eg heilt til i vinter. Nå er planen å ikkje skrive for ei spesiell aldersgruppe, men skrive ned det eg vil skrive om. 


Det høyres kanskje gørr kjedelig ut å skrive, når du kan lese det andre har skrive. Nei, absolutt ikkje. Eg har alltid hatt lyst til å vere ein av dei som får sjå "mursteinane" sine i butikkvindauget. Noko av det gøyaste med ei forteljing er at det ikkje er di historie. I alle fall ikkje for meg. Det betyr at ein kald vinterdag på Jæren, kan eg forsvinne til ein varm sommardag i Kristiansand ved å bare ta fram papira mine. Eg kan lage den historia eg vil i frå den tida eg vil og i frå den staden eg vil. Det betyr at sjølv om eg sit her ein kald vinterdag på Jæren, kan eg lage ei historie i frå 1990 i frå Kreta på sommaren. 

Noko anna er hovudpersonane. Å lage ein person er fantastisk morosamt og spennande. Ikkje bare skal du vite om utsjånaden og lage til den, men du kan òg bestemme kva personen føler, kva interesser personen har, og kva negative og positive sider personen har. Til tross for personane eg lager sine feil og manglar er eg veldig glad i dei. Det høyres kjempesprøtt ut, vere glad i ikkje-eksisterande personar. Saka er den at det er veldig lett å bli glad i ein person du bare diktar opp. Du skal kjenne ein person så godt før du byrjer å skrive, at du skal kunne kjenne igjen personen viss den går på gata eller viss du ser bilete. Eg går så langt at viss eg hadde kome inn på eit kontor eller i eit hus skulle eg gjenkjent det som huset eller kontoret til ein av mine personar. Eg veit kva mine hovudpersonar har på skrivebordet og nattbordet. Eg veit kva dei har på topp ti av mat, musikk, drikker og bøker. 

Det siste er fridommen. Du kan leike deg med verb, adjektiv og substantiv som du vil. På fritida treng eg ikkje å tenke på at det skal vere både subjekt og verbal i ein stening. Leddsetningar kan stå for seg sjølv! Det er gøy, fridommen til å skriva kva og korleis eg vil.

Bare for å reklamere litt, giveaway på bloggen her. Viss du melder deg på i rafflecopteren her, er du med i trekninga av vente på Robert Capa av Susanna Fortes eller sjelekisten av Ann Rosman. Hugs på at kvar gong du kommentere på eit anna innlegg enn på giveawayen kan du registrere det i rafflecopteren og få to lodd til. I tillegg får du lodd av å følge meg på twitter, dele det på twitter, kommentere på innlegget om giveawayen. Viss du i tillegg skriv om giveawayen på din blogg og legg igjen link får du 25 lodd. Meld dykk på!

søndag 8. januar 2012

ny begynnelse

Hei. Eg veit ikkje om de hugsar ei forteljing eg skreiv litt på i haust. Eg kom eigentlig veldig langt, men så likte eg det ikkje likevel. Sidan eg sjølv har funne ut at eg liker bøker som går rett på sak, vil eg skrive slik sjølv òg. Eg har laga ei ny byrjing som er i frå ca. midt i og som eg håpar vil vekke litt spenning om kva som har skjedd tidligare. Planen er å sjå tilbake og fortelje historia som gjer hovudpersonen, Sara, så nedfor her i byrjinga av forteljinga eller romanen.

Håpar de liker det. 
(Veldig fornøgd forresten. Alt i frå overrskifta til heile teksten under er eit godt steg mot å skrive bedre enn det eg har gjort.) Det er veldig langt og viss de ikkje vil lese pga. det (eller andre ting), seier ikkje eg noko på det.

velbekomme


«Ingen begynner å grave etter ein skatt utan å vite kor han er, eller om han er nokon stad.»

Kva var det eg tenkte på? Kva var det eg ville med det? Kva gjekk av meg? Spørsmåla kvernar rundt i hovudet på meg raskt og fort så eg nesten blir svimmel. Kvifor gjorde eg det? Eg er ein tjuv, seier eg til meg sjølv gjentatte gonger. Det svirrar rundt der oppe som ei flue som ikkje går vekk. Dessverre har eg ikkje noko fluesmekke til å ta knekken på det.
Det er rart at det er ein heilt vanlig dag. Det var ikkje dag Mussolini tok over Italia gjennom eit statskupp eller at Stalin og kommunistpartiet tok over Tsjekkoslovakia. Det var ikkje ein gong i dag at Adolf Hitler blei født, for den «fødselsdagen» hadde vore for sju dagar sidan. Det einaste som faktisk skjedde var at eg gjekk på min første smell sidan eg begynte å jobbe for Giuseppe Pesce. Kanskje ikkje eit smell heller, eit brak trur eg vil vere nærare bestemt ei passelig beskriving. Eit stort bra som når ein fleire tonn tung stein dette ned i frå eit høgt fjell eller som når ei bombe sprenger. Den bomba eg hadde latt tikke dag etter dag etter dag heilt sidan desember då eg oppdaga dei.
Det var ikkje bare å miste jobben som gjorde dette til ein dårlig pyton-dag. Å bli skulda for å vere tjuv, stele andre sine løyndommar og ha verdas dårligaste samvit akkurat nå var med på trone lista. Tenk viss han seier det til mor og far! Tanken er noko eg helst bare vil ha ut av det tjukke hovudet mitt.
Distansen mellom oppgåve eg skulle ha gjort og det eg gjorde blei lengre og lengre for kvar dag i frå desember. Det var som å strekke ein strikk så langt du kan heilt til han er syltynn i midten. Då dreg han deg tilbake med ei slik kraft at du kjenner det langt inni deg. Dei dårlige kjenslene dukkar opp som ei irriterande flue. Det dårlige samvitet angrip deg som ei stor løve klar til å angripe byttet sitt. Først kjenner du ingenting, ser ikkje det svære monsteret som er på veg, men rett etterpå går det gjennom marg og bein. Du kjenner det overalt, det var noko du skulle gjort annleis ein plass. Du skulle ha sett deg rundt, prøvd å kjenne på magekjensla om at det var noko gale, noko du skulle kome utanom. Likevel blir strikken lengre og lengre, heilt til du går på den svære smellen, eller banget om du vil.

Å kjenne den gode og tjukke puta mi under hovudet og det kvite hekleteppet eg fekk av farmor ein gong, gjer godt etter ein lang dag. Har klokka i det heile gått framover sidan det skjedde? Er det bare ein time sidan eg var der, fekk skuldinga rett fleisen og beskjed om å gå heim? Det verkar som fem timar eller eit døgn. Helst vil eg tru at eg har låge i senga i fleire dagar, men det stemmer ikkje. Endå har eg ikkje falt i søvn, og å la vere å sove i fem døgn er heilt umenneskelig.
Klokka er fire. Kvar gong sekundvisaren flyttar seg og seier tikk eller takk er det som eit høgt smell. Kvar gong han rører seg, er det som eit minutt i mellom kvar strek og lyd han gir i frå seg. Eg har så lyst til at det skal blir kveld så eg kan prøve å lukke auga ei lita stund og gløyme kva som skjedde. Bare for ei natt. For ei lita stund. Å sovne nå vil vere som å be om å få mareritt eller ligge vaken heile natta.
Det er ikkje bra skuldinga for å vere tjuv eg er redd for at vil halde meg vaken. Det er så mykje anna òg. Eg var så nære å finne ut noko om det. Eg var så nære, heilt fram til i dag. Korleis kunne eg vere så uforsiktig? Det å halde fram nå med å finne ut noko er heilt umogleg. Eg kjenner meg heilt motlaust heilt inn til hjartet. Heile kroppen sig i saman bare ved å tenke på å halde fram. Å prøve å finne ut noko nå, er som å prøve å snu døgnet til vanlig skulerytme midt i romjula, sjølv om nyttårsafta er der framme og vil sende deg tilbake med eit bang. Altså heilt nyttelaust. Ingen begynner å grave etter ein skatt utan å vite kor han er der, eller om han er nokon stad.
Med eit kjenner eg auga byrjar å klistre seg igjen. Kven har tatt lim under augelokka mine? Kven tapa dei fast til augeeple? Alt går i svart. Draumane kjem over meg. Eg er ikkje langt nok inni dei til å vite om det er mareritt eller bare vanlig fantasi.
Eg kan ikkje sovne. Eg skal sove i kveld.
Det er så vedunderlig å kjenne seg så lett, nesten vere borte i frå denne dagen. Kanskje sove til neste dag eller neste veke. Bare sove sove sove.
Eg må halde ut dagen litt til. Eg prøver å presse auga lokka opp, få vekk klisterlimen som med eit kom under dei.
Kva kjem eg til å draume om? Blir det mareritt eller draum? Kjem eg til å hugse det? Kjem eg til å gjenfortelje det til mor og far over frukostbordet i morgon?
Mor kjem heim. Eg høyrer det på det litle klikket i ytterdøra. Har han fortalt det til henne? Eg bør gå ned, sjå om ho veit kva som skjedde. Eg må få auga opp, kanskje gå ned å hjelpe til med ein agurksalat eller litt frosne bær til dessert.
Bare vent litt. Ein time. Kanskje to. Salaten kan vente. Desserten kan vente. Eg er så utsliten.
Med ein kraftanstrengelse reiser eg meg opp av senga og gnir meg i auga. Tilbake i frå spegelen på garderobeskapet ser eit nesten framand vesen tilbake på meg. Bare for å beskrive monsteret har det lyst flokete hår og matte auge som ser litt feilplassert ut i det bleike ansiktet. Både den lilla singletten og dongeribuksene er skrukkete. Eg bestemmer meg raskt for å ikkje gå ned, men la søvnen ta meg likevel. Eg legg hovudet tilbake på puta, pakkar dyna rundt meg og lukkar auga for å sove. Kleda kan bare vere på. Eg vil sove. Limen kjem tilbake under augelokka mine og eg glir inn i ein draumelaus søvn.

Klokka er seks. Eg har sove i tolv timar trur eg. Veit ikkje heilt nøyaktig kor mykje eg sov og kor mykje eg var vaken. Etter å ha sove i mange timar, kom mor opp i halv tolv tida blei og dratt i ansiktet. Eg vakna sånn halvvegs, første ein samtale med henne som eg ikkje hugsar noko av, før eg sovna igjen. Eg gjekk heile tida ut og inn av eit mareritt. Greidde ikkje å fatt i ting, alt var tåkete og mørkt og ekkelt. Kva var det eg såg? Eg veit ikkje. Det var som feberfantasiar. Umogleg å sjå, men veldig ubehagelig. Etter nokre timar vakna eg igjen. Det var ikkje noko lys i rommet, men auga mine vill ikkje igjen. Eg såg alt heilt klart, korleis gardinet blafra av den litle brisen utanfor, korleis skuggane fall fram og tilbake over taket mitt. Når eg låg der, hugsa eg alt som hadde skjedd dagen før. Plutselig var det i hovudet mitt igjen, festa som ei flis som du ikkje kan få tak på og få ut. Alt dreia seg rundt det. Sirkla rundt det, sperra det inni tankeboksen til eg ikkje klarte meir og fall i søvn igjen.
Stova nede var tom som vanlig klokka seks ein laurdags morgon. Ein vanlig dag hadde eg vore i senga heilt til vekkarklokke ringte og gav i frå seg eit skingrande rop om at eg måtte vere på jobb om ein halv time. Men ikkje i dag. I dag er det stille. Ikkje ein fugl å høyre, ikkje ei sjel tenker eg og kjenner det kryp kaldt oppover ryggen. Bare eg her. Står og ser ut med ein kopp varm kakao i handa. Dei grå skyene kjem faretrugande nærare for kvart minutt og trugar med å sende mange bøtter med vatn på oss. Grå skyer, sånn som i tankane mine, men i likhet med skyene utanfor er dei ikkje like store som i går. Eg skimtar sola som stikk litt fram langt, langt borte i horisonten. Ho vil kome, ein gong i dag. Tankane mine blir lysare av å sjå ut av vindauget nå. Eg tenker tilbake på alle dei fine timane eg rydda på biblioteket til signore Giuseppe Pasce. Ei oppleving eg kjem til å hugse når eg blir gammal og slit med å hugse, noko eg kjem til å fortelje vidare seinare. Til tross for at ryggen ofte verka og skuldrene var stive når eg kom heim i frå huset til naboen, sette eg alltid pris på jobben han gav meg. Eg vil ikkje bere nag til han. Eg vil hugse han som den han var før i går, den strenge, men snille mannen med ein morosam bart som hoppa opp og ned mens han snakka. Eg vil hugse han som den han var første gongen eg kom for å jobbe. 

Håpar de likte det. Glad for tilbakemeldingar (både positive og negative. Blei de spente?)

søndag 30. oktober 2011

fornøgd igjen =)

Hugsar de at eg la ut litt i frå noko eg skreiv tidligare. Eg har bestemt meg for å legge ut første kapittelet. Bare som ein liten smakebit. Viss de vil sjå på det eg skreiv sist, kan det trykke her. 

Her er meir av kapittel ein. Gler meg til å sjå korleis det heile blir (og vite kva andre synes om det eg skriv)


 Eg krøller knea opp under meg og kvilar haka på dei.

Hadde eg bare hatt ein einaste skikkelig god ven, ein einaste ven, hadde eg kanskje ikkje vore her. Då hadde eg hatt ein anna stad å søke tilflukt. Hadde eg bare ikkje hatt denne mora hadde eg aldri vore her. Hadde ho alltid vore edru, hatt fast jobb, ein annan kjærast og hadde eg hatt søsken hadde eg ikkje vore her. Av og til tar eg meg sjølv i å skulde på pappa for alt det som skjer nå. Tenkjer at det er hans feil som bare flytta, og ikkje ville ha noko med mor og gjere meir. Med meg, men mor svikta han. Milano verka visst meir freistande enn å vere igjen å passe på dottera si. Eg kjenner sinnet stige opp i meg. Faren min er ein dust. Reise i frå meg sånn som dette. Bare la meg vere igjen med mor og busette seg i Milano kor han kan sjå på ei kyrkje med 135 spir og handle i ei innebygd shoppinggate. Eg har bare vore i Milano og besøkt han ein gong, og det var saman med mormor. Han var nesten aldri heime då me var der på grunn av jobben, og i tillegg hadde han ei stiv, litt for vakker «dronning» til kone og saman hadde dei fem små prinsesser og prinsar som snakka italiensk og budde i eit digert slott.
Trur aldri eg såg verken far, Giuseppina eller dei fem kronjuvelane deira (eller dritungane som eg
nokså ironisk kallar dei) bli skitne ein einaste gong. Jålete er ordet. Alt med dei er jålete. Til og med namna. Giuseppina, må vere verdas mest jålete namn. Og i tillegg bur dei i eit hus du kan gå deg vill i, og har ei rekkje fisefine naboar som stirar på føtene dine om du går rundt i gata deira med tennissko. Eg er alt for alminneleg til å passe inn. Ikkje fin nok. Ikkje smart nok. IKKJE GOD NOK! Orda ringer i hjernen min. Eg er ikkje god nok for far min ein gong. Far min, advokaten, gift med ei jåledame som eg ikkje kan fordra.

Eg høyrar ein bil som tutar utanfor. Mormor! Ho er her! Eg tenker ikkje på noko anna enn at eg vil ut å møte henne. Vere med henne. Snakke med henne og få gode råd. Eg riv med meg bagen min og spring ut. Eg veit ikkje kvifor, men plutselig er auga mine heilt tåkete og våte. Eg er så kjempe, kjempe, kjempeglad for å sjå henne. Eg treng henne og dei gode klemmane hennar, og bollane og den tyrkiske eple-teen. Det smell i døra inn til venterommet som eg har slengt igjen, og eg spring bortover asfalten. Eg treng henne så mykje at eg ikkje kan seie det. På hjørnet spring eg litt saktare. Ja, det var hennar bil som tuta. Ho har gått ut og står og ventar på meg. Ho er vakker slår det meg. Overraskande vakker til å vere over femti. Håret har så vidt byrja å gråne, ho er rankt og flott. Har opplevd meir enn nokon eg kjenner. Ei dotter som er alkoholikar. Ein son på tjuesju som nettopp har skilt seg for andre gong. Ei anna dotter som har hatt to spontanabortar dei siste tre åra. Det er akkurat som om ho bak det vakre andletet har ein løyndom. Eller kanskje ikkje ein løyndom. Eg veit ikkje heilt. Bare noko som er litt skjult som ho ikkje fortel til kven som helst. Eg veit ikkje heilt kvifor eg kjem på alt dette nå. Kanskje fordi eg har lengta etter ho, og bare vil sjå ekstra nøye på henne når eg først møter henne.

Beina mine har stoppa heilt opp. Eg verken spring eller går mot henne lenger. Det er ho som kjem mot meg ,med korte steg og ei alvorlig mine. Armane hennar strekk seg ut og ho drar meg inntil seg. Det er så godt å endelig ha armane rundt den nette, litle kroppen hennar. Ho er mykje kortare enn meg, men minst like slank. Ho klemmer meg inntil seg. Eg føler meg skikkelig heime i armane hennar. 

Dette er eit av bileta av huset eg fann då eg skulle sjå etter eit hus som passa til faren og stemora til Sara, og det er vel litt jentete og litt prinsesseaktig med veldig rosa? (for å sjå innlegget om huset eg fann, gå her)

Og her skal ein av gutane bu. Du kan vel tryggt seie at det var sånn eg såg for meg romma til jentene og gutane, utanom at eg skal "lage dei om" (med ord) så dei blir endå større! Dette skal vere rommet til den yngste sonen til Giuseppina og Robert (faren til Sara) som heiter Marco. 

Kva synes de?

Meir om forteljinga eg driv med

Alltid når litt av handlinga skal foregå i ein annan by i eit anna land synes eg det er skikkelig vanskelig med alt om gater, hus osv, men endelig har eg funne huset som faren og stemora til Sara eig og der dei bur. ikkje heilt slik eg førestilte meg det før eg byrja å leite, men WOW! Verkar som eit hus som stemora til Sara kunne ha innreda.

Viss du vil sjå bilete så kan du gå inn på http://www.rentclass.com/index.php?option=com_jomestate&task=detailed&id=172&ad_headline=Giulietta&category=Multilocali&Itemid=

Det som står om huset er:
Lei vakre loft på 300 kvadratmeter i Milano, i via Morimondo i det tidligere RichardGinori. Det består av en meget stor og romslig stue med kjøkken, tre soverom, 2 bad og terrasse. Hovedsoverommet er meget smart og lyse, veldig spesielt masterbad i moderne stil. To enkle soverom er ideelle for barn. Eiendommen 'perfekt for middels og lange opphold.


Skal bare legge på litt meir når den tid kjem at eg har kome så langt at ho flytter til Milano til faren.


Med litt spårkkunskapar og google translate kan du eigenlig finne fram til veldig mykje. 


Legg til eit bilete av den gotieske kyrkja i Mlano.





Og her skal houdpersonen bu..!!!! Må vere ein nydelig by. 



ps. blei noko tull med skrifta i innlegget =P

mandag 17. oktober 2011

fornøgd

Vil bare legge ut ein liten smakebit på noko eg byrja på nå nettopp. Veldig fornøgd med alt og har tenkt og skrive vidare på det så snart eg fåt tid. Og jenta i forteljinga er absolutt ikkje meg. Eg lar meg kanskje inspirere av andre personar eller hendingar, men her gjer eg ikkje det.


Ein

Eg pustar djupt inn og djupt ut. Prøver å roe meg heilt ned. Hjartet mitt bankar ikkje så hardt at eg merkar det – endå, men eg er pitle meg meir nervøs enn eg treng å vere. Eg treng bare å trykke fingeren på mobilen min ein gong. Ein gong. Han ligg på benken og ventar på at eg skal gjere det. Eg veit eg må gjere det. Det tar to timar og ta toget heim til meg. To sekunder og få tak i mormor. Eg veit kva eg kjem til å velje. Lenge før eg gjer det. Eg har kome meg her. Kan ikkje gå tilbake. Neste tog går ikkje før om fleire timar og ute regner det. Her inne, i venterommet på stasjonen, er ikkje omnen slått på og dei tomme veggane skrik mot meg. Eg kan ikkje vente lenger.

Fingeren min trykker på ringeknappen. Og så på høytalarknappen. Den høge, skjærande tonen blir ekstra høg og skjærande i dette rommet. Mens eg venter på at ho skal ta han, går eg rundt i rommet. Stryk handa over treveggane. Prøver å kome på kvifor eg gjorde dette. Reiste hit meiner eg. Nå kunne eg vore heime på rommet mitt. Kanskje drukke vatn og vore på facebook. Eller ute og gått eller jogga. Eg kunne vore heime og venta på at mor skulle kome heim i frå festen med alt for mykje innabords, venta på at ho skulle kjefta på meg for kvar minste ting. Venta på å hjelpe ho opp i senga. Når eg ser på den sida av det tenkjer eg at det er bra eg er her. Eg har litt dårlig samvit for å bare reise i frå henne. Bare legge igjen ein grøn post it lapp og reise. Men av og til må eg ta hensyn til meg sjølv, sjå det i auga; livet eg lever består bare av drit. Eg trampar hardt i golvet og lyden er øyredøyvande i dette rommet. Nesten så høg at eg ikkje høyrer mormor si stemme: «Hallo, Sara, er det deg?»

«Hei, mormor.»

«Sara, er det noko? Du høyres så trist ut.»

Eg nøler. Bør vere rett på sak. Seie det rett ut.

«Eg har rømt. Heimanfrå. Er her på Audnedal stasjon nå.»

Det er stille i andre enden. Lurer på om mormor har kome borti ein knapp så ho har lagt på. Ho er ikkje så god på mobilar. God på mykje anna som å bake skillingsbollar med ekstra mykje kanel, løyse kodekryssord, lese eventyr og strikke gode, varme genserar. Men ikkje på mobilar. Eg skal akkurat til og gå bort for å sjå om ho har lagt på, når eg høyrer stemma hennar igjen.

«Sara, er det sant? Har du tatt toget heilt hit.»

«Ja, mormor. Kan du hente meg?»

«Kva har skjedd? Kvifor er du her?» Ho høyres ikkje motvillig eller sint ut. Eg veit ikkje kvifor eg brukte tjue minutt på å manne meg opp på å ringe. Mormor er der. Ho er ikkje sint, bare overraska.

«Kan me ta det seinare? Bare kom og hent meg.»

«Ja, eg er på butikken nå. Kan vere der om femten minutt etter å ha kjøpt alt et treng og så kjem eg. Venterommet er vel låst opp?»

«Ja, eg er her nå. Snakkes.» Eg legg på. Orkar ikkje meir spørsmål. Vil bare sjå ho. Få ein god klem. Bli fortalt at alt går bra, at eg ikkje skal vere redd. Men eg er redd. Redd for at ho skal sende meg heim igjen til mor og Kevin. Dei er alltid fulle nesten. Så fulle at dei er farlige og slår rundt seg, veit ikkje korleis eg har det, bryr seg ikkje om meg. Dei er farlige. Mor mi er farlig. Orda har eg gjenteke så mange gonger inni meg at eg er lei av dei. Kan ikkje forstå kva gale eg har gjort som gjer meg fortent til dette. Eg sig ned på benken. Ser meg rundt. Vil bare at ho skal kome snart. Veggane her er så nakne. Alt for nakne til at eg liker det. Rommet kjennes klamt og innestengt.

Håpar det liker det. 

Audnedal stasjon er ein verkeleg stasjon og her er eit bilete av han.
butikken blir så vidt nemnt, men eg har med eit bilete av han. Kanskje alt blir meir verkeleg då viss de ser nokre av bileta som er knytt til det eg skriv.


Ser for meg det er her ho ville jogga, nemlig min favorittplass for jogging. Litt har me felles då.
Kanskje eg skal fortelje litt om hovudpersonen?

Eg synes det er litt koselig og søtt på ein måte med litt låge personar (som meg) så ho er 1.60 (ikkje at det er så veldig lågt). Ho har raudt hår (matchar temparementet), har alkoholisert mor og kjærasten til mora òg er slik så ho har ikkje hatt veldig god oppvekst dessverre. Ho har gått på Tryggheim ungdomsskule etter ønske frå mormora som òg betalte skulegangen. Når denne forteljinga byrjar er ho på veg til å bli seksten i november (16. november for å vere nøyaktikg) Ho går ikkje på skule fordi det er krevjande heime. Som interesser liker ho LESING (då kan ho kome til ei verd der verken mora, kjærasten til mora eller alt det andre er), baking og piano. I tillegg bur faren i Milano og han er absolutt ikkje som mora. Dette har ei viktig rolle seinare.

På sørlandet har ho ei mormor (morfaren er død) og mormora hjelper ho mykje. Ho har òg ein onkel som nettopp har skilt seg for tredje gong i ein alder av tjueni år. Han er litlebror til mora. Tanta (søstera til mora) er meir lik mormora og bur i nabohuset til mormora så Sara har to kusiner og ein fetter som er mange år mindre. (Mora til Sara fekk henne då ho var seksten med sin dåverande kjærast) Eigentlig er livet til Sara veldig rotete og korleis løysninga blir røper eg ikkje nå, men det kan vere eg gjer det seinare ved å skrive meir.

torsdag 1. september 2011

novelleskriving og bøker

Nå har eg faktisk skrive ei novelle på 4 sider på ein time. Eg er skikkelig fornøgd med ho. Det skulle vere ei skuleoppgåve på 1-2 sider, men det var litt vanskelig å tilpasse ei novelle til å bli så lita, så då blei den litt lang.
Nå er eg snart ferdig med Nelias natt av Gro Fykse og eg har mange av lesemåla mine klare for hausten. Viss du går på skal lese finn du ut kva måla er. Det er nokre bøker eg er skikkelig spent på som for eksempel Merket av P. C. Cast. Eg har tenkt å lese boka for å finne ut korleis ho er, men eg veit ikkje heilt om den kjem til å falle heilt i smak, men det ser eg. Kan vere det blir som med The Immortal series at eg les to, men går lei av dei. Nå har eg tenkt å danse og så må eg opp å rydde rommet litt før det blir litt lesing kanskje.

Mai Lene

søndag 17. april 2011

VALG, midten og slutten av scene 3, kapittel 1

Eg er veldig fornøgd med det sist eg har skrive på dette. Målet er å blir ferdig med kapittel ein i dag! :) Liker kommentarar på kva de synes var bra/ikkje bra! :)



Plutselig ser eg noko kjent over skranken i resepsjonen: Kort, kvitt hår med masse rosa prikkar i. Nei, det kan ikkje vere ho som er her. Ikkje Evanna frå flyplassen. Nei, det må vere nokre andre. Eg set meg godt til rette i stolen og tar opp boka i frå veska og prøver å skyve vekk alle tankane på om det kan vere den brå og uhøflige jenta. For ho kan då ikkje vere her? Eg prøver å konsentrere meg om Percy Jackson som skal få has på lyntjuven og bringe lynkjelda tilbake til Olympos. «Nei, men hei.» Ei kjend stemme rungar gjennom resepsjonen og gir meg lyst til å springe vekk. Eg ser meg om. Det er ingen utveg. Eg kan ikkje late som eg ikkje høyrte henne. Det er jo ingen andre her. Ingen andre enn meg og ho og ein høg mørkhåra mann borta ved skranken. «Hei, Evanna. Eg såg deg ikkje,» lyg eg. Eg kikkar opp i frå boka. Om ho skilte seg ut på flyplassen var det ingenting i mot nå. Ho har på seg ein lysegrøn kjole som er så utringa at ingen kunne unngått å legge merke til det. I tillegg så er det ingenting som kunne vore styggare til det håret. «Me fekk ikkje snakka så mykje tidligare i dag, Elisabeth. Du virkar ikkje som ei som er i frå Norge. Du snakkar jo flytande engelsk. Ikkje sånn dumt meint altså, men burde du ikkje ha gått i strikkegenser eller noko eller kanskje hatt med deg skia dine.» Eg bit tennene saman for å ikkje seie noko stygt til ho. Sinnet kokar inni meg. Med beherska stemme seier eg: «Det er ikkje alle som er like i Norge heller då. Og uansett så er eg ikkje i frå ein av dei kaldaste stadene i Noreg.» «Nei, men korleis kan du snakke så godt engelsk.?» «Eg budde dei tre første åra av mitt liv i USA før mor og far blei skilt og eg og mor flytta til Noreg. Eg har to morsmål.» «Ja, tenkte eg det ikkje, så far din bur her.» «Ja,» seier eg mellom samanbitne tenner. Evanna set seg ned på sida av meg. Ho gjer ein rar rørsle med handa før ho ser på meg igjen med eit interessert blikk. Mannen som stod borte ved skranken kjem bort til oss. Ho flyttar blikket i frå meg og bort på han. «Dette er min søte kjærast Bryan,» smilar ho, «og Bryan, dette er mi gode veninne i frå flyplassen, Elisabeth.» Eg sperrar auga opp når eg høyrer ordet «god venn.» Eg er glad når eg høyrer det litle klikket i frå døra bak meg som tydar på at Cally er tilbake i frå toalettet. Med eit utbrytar Evanna: «Og dette må då vere veninna di. Presenter ho for meg.» Cally ser forundra opp. «Ehm, Evanna, dette er mi beste veninne i frå USA, Cally Morgans.» Evanna smilar eit falskt smil til Cally før ho seier til henne: «Cally, dette er då min kjærast Bryan. Me dreiv akkurat på å snakke om han då du kom. Han har jo nettopp vore på konferanse i Chicago der dei kjempar for at det skal bli lettare å ta abort, for tidligare ultralyd og slikt.» Ho klenger seg til armen til Bryan og ser opp på han med eit smiskete smil. «I tillegg så er han leiar her i Minnesota for organisasjonen som hjelper abortklinikkar og slikt.» «Å, for eit samantreff,» ler Cally. «Mi beste veninne i Luverne er leiar for organisasjonen i Minnesota for organisasjonen som er mot abort. Kanskje du kjenner ho.» Cally ser spørjande på Bryan. «Ho heiter Nicole Hale.» Eg drar Cally i armen. Ho bør ikkje seie meir om dette. Eg er allereie sint nok som det er og har heller lyst til å få eit tønne med hundedrit over meg enn å halde fram med samtalen. Den er i ferd med å røre seg ut på djupt farvatn. Bryan kremtar litt. Eg har allereie byrja å mislike den mørkhåre mannen med den «kjempeviktige» jobben. «Ja, det er vel nokon som må vere i mot meg òg reknar eg med,» humrar han. Han ser ut som om han vil bort fortast mogeleg. «Ja, Bryan har massevis av folk som er i mot han,» skyt Evanna inn. «Masse viktige folk faktisk. Dei jobbar jo for at det skal bli enklare for unge mødre å ta abort. Både før og etter hjelper abortklinikken dei med å forberede seg på det som skal skje.» Ho tar ein liten pause og pustar djupt inn før ho held fram: «Men det er jo dessverre ein del mødre som ikkje vil hjelp av oss òg sjølv om dei hadde tronge det.» «Bra det i alle fall er nokre fornuftige folk då,» seier eg kaldt. Evanna ser ikkje ut til å ha høyrt det siste og held fram: «Også hjelp me folk som gravide med born med Downs syndrom. Det er mange som er glade for det. Sånne ungar er jo ei ekstra belastning for både foreldre og samfunnet. Tenk på alle dei ekstra--» Lenger kjem ho ikkje. Eg kjenner det velkjente sinnet stige opp i meg som alltid kjem når folk kritiserer folk med Downs syndrom. Folk som Ingrid. «Korleis vågar du?» ropar eg. «Korleis vågar du å rakke ned på folk med Downs syndrom?» Heile kroppen min ristar. Eg kjenner at eg nesten er ute av kontroll. Det er som om det er eit raudt lag over auga mine. Som om Evanna er tyrefektaren og eg oksen. Ho står der med eit raudt flagg som gjer meg så sint at eg får lyst til å ryke på henne. Med eit kjenner eg ei varm hand på olbogen min; Cally. Ho stryk handa lett opp og ned. Eg prøver å puste djupt inn og ut eit par gonger før eg ser på Evanna igjen. Eg er framleis irritert, men eg nå har eg fått kontroll over sinnet. «Sa eg noko gale?» spør Evanna. Cally stirar på ho med eit giftig blikk som seier: «Kva trur du?» «Kom Evanna. Me går.» Det er Bryan. Han vil tydeligvis vekk i frå samtalen. Eller vekk i frå meg. Tanken får meg til å grøsse. Med raske skritt går dei ut av resepsjonen. Rett før dei kjemt til døra snur Evanna seg og sender meg eit lite smil. «Går det bra med deg, Beth?» Cally ser på meg med ein bekymra mine. «Ja. Det går betre nå.» Eg set meg rolig ned i stolen igjen. Cally tar den andre. «Du veit, eg blei så sint når dei kritiserte Ingrid på den måten,» kviskrar eg. «Det fekk meg til å bli så irritert at eg ikkje kunne sjå klart.» Cally nikkar. Ho forstår meg. Ho forstår at eg ikkje vil snakke om det. Når pappa kjem ned i resepsjonen sit med å snakkar igjen om heilt kvardagslige ting. «Nå, mine skjønne damer. Er de klare for ein tur på byen eller.» Me ler og særleg Emily.

tirsdag 5. april 2011

VALG, slutten av scene 2 og byrjinga av scene 3, kapittel ein, mi forteljing#1

Ok, her er noko so eg syntes blei betre. Det mangkar framleis litt på det og det kan bli mykje betre, men eg er fornøgd. Kva synes du? Forteljinga er dt som er merka med ekstra tjukk skrift. Blei litt tull med avsnitt i dette innlegget. Det som òg er merka med skrå skrift er bryjinga av scene 3! :D «Beth?» Eg har ikkje høyrt stemma på over eit år, men likevel er den så gjenkjenneleg at eg med ein gong veit kven det er. «Cally!» Eg snur meg til staden der stemma kjem i frå. Der er ho. Høg og slank i ein av dei mange gule singletane sine. Ho drar opp solbrillene så dei ligg oppå hovudet, og det lange lyse året blir tvinga bakover. «Beth, det er verkelig deg!» Ho går raskt mot meg og gir meg ein etterlengta klem. «It's so long time ago since last time we met each other,» utbrytar ho. «Det har skjedd så mykje som eg bare må fortelje deg om, men de tek me seinare. Korleis går det med deg?» Ho dreg ivrig den rosa kofferten min etter seg mens ho går mot utgangsdørene i andre enden av ankomsthallen. «Great,» mumlar eg. Føtene mine må småspringe for å halde tritt med dei lange skritta hennar. Eg hutrar når eg kjem ut etter å ha vore så lenge i den varme hallen. Himmelen er overskya og eg vil tippe det til å vere rundt seks grader utanfor. Cally fører meg raskt over parkeringsplassen i mellom alle bilane og bort til den kjente forden til pappa og stemora mi, Emily. Med ein gong pappa ser meg sprett han ut or bilen og gir meg ein god klem. «Hello, Beth. Finally you are here.» Så tar han kofferten min i frå Cally og set den inn bak. Eg opnar døra og kryp inn i baksetet. Cally føljer fort etter meg og sett seg ned på sida. «Hei Elisabeth,» seier Emily i frå framsetet. Ho brukar alltid heile namnet til folk. Det er umogleg å få ho til å kalle meg Beth uansett kor mykje eg prøver. Pappa sett bilen i gang og kjører sakte ut or parkeringsplassen. «Eg tenkte me kunne unne oss litt luksus nå første kvelden. Eg bestilte plass til oss på Radisson Plaza Hotel her i Minneapolis. Kva seier de jenter. Klar for litt meir luksus enn vanlig?» «Yes,» ropar Emily og Cally i munnen på kvarandre. «Er du seriøs, pappa?» Eg ser måpande på han. «Er ikkje det hotellet fryktelig dyrt?» «Me skal nok klare oss jenta mi. Du treng ikkje uroe deg for økonomien. Og det er jo bare for ei natt.» «Det var ikkje slik eg meinte deg,» Eg raudnar. Eg meinte ikkje å seie at pappa er fattig. Tvert i mot er han kanskje den rikaste eg kjenner. Eg ser ned på skoa mine før eg ser bort på Cally. Ho sit framoverlent i setet sitt og ser ut på vegen på alt me kjører forbi. Ho ser bort på meg og møter blikket mitt før ho smiler. «Jenter, nå må de snart vere ferdige,» ropar pappa utanfor døra inn til badet. «Ok,» ropar eg tilbake mens eg set i den siste klemma i håret til Cally. Ho snur seg mot meg. Det er nesten som eg mistar pusten. Jenta som alltid går i rideklede og aldri er særleg opptatt av hår og andre ting sit her med sminka andlet, håret oppsett og krølla. Ho retar på den rosa stroppe-lause kjolen sin og ser på meg. Eg ser tilbake på og reiser meg opp i frå krakken. Det er uvanlig å gå i den lyse brune kjolen som Emily har kjøpt til meg. Den går rett av ved knea og har ei diger sløyfe på venstre side oppe ved skuldra. Eg ser meg ein siste gong i andletet. Fletta Cally har laga ligg framleis fint over høgre skulder. Det er uvant og sjå seg sjølv med blå augeskugge og rosa lepestift. «Me går ned i lobbyen,» seier eg til far og går ut døra i frå hotellrommet. Eg høyrer at Cally føljer hakk i hæl. Med vanlige sko er ho vanligvis litt høgare enn meg, men å når eg går med flate og ho med platåsko er det nesten som å sjå opp på ein skyskrapar. Nede i lobbyen set eg meg i ein stol mens Cally går inn på toalettet for å rette på håret sitt. Det er godt å senke ned i dei mjuke stolane som er der. Eg tek eit eit drops i frå skåla på bordet og suger på det mens eg venter. Endelig er eg her. Endelig har eg møtt Cally igjen. Når eg tenker meg om er ho den aller beste veninna eg har her borte til tross for at det er nesten to år mellom oss. :D:D:D

søndag 3. april 2011

VALG, dårlig og ikkje med! :D

Det eg skreiv i dag er kanskje ikkje det beste og eg må heilt klart finpusse det lit, men det er bare første utkast. Håpar det liker det. For å lese meir kan de gå inn på sida som heiter VALG. Eg strekk meg etter sekken som har kome langt under stolen min. Den ligg langt under og armen min er for kort. Eg strekk ut fingrane og armen så langt at det nesten gjer vondt. Til slutt får eg tak rundt hempa og greier å flytte den bort til meg. Når eg løftar den opp høyrer eg noko slamre mot noko anna. «Shit,» mumlar eg - utan å tenke på kor eg er – og opnar sekken litt. Det er vassflaske mi. Korken har tydeligvis gått opp i løpet av turen og alt vatnet har rent utover i sekken. Eg set sekken forsiktig oppå knea og tek opp vassflaska. Den er blaut av alt vatnet den har sleppt ut. Eg lirkar forsiktig opp pakka med papir-lommetørkle og ser fortvila at dei òg er blaute. For at det ikkje skal skje nok ei ulukke sikrar eg vassflaska, før eg røskar uforsiktig nedi sekken og ser at nesten alt er blaut. Fotografiet av Ingrid, boka om Percy Jackson og lyntyven, toalettveska, reisepapira, passet... Absolutt alt. Eg strekk meg etter mobilen. Det er då eg kjem på det. Den er der oppi. Oppi sekken min. Med fullt i blaute ting. Eg røskar nedi sekken. Den ligg nederst. Fuktig og blaut...og daud. Nei, det kan den ikkje vere. Den kan ikkje vere daud, tenker eg. Den er bare avskrudd. Eg skrudde den jo av på flyturen seier eg til meg sjølv. Eg kan akkurat no ikkje huske om eg hadde den på flymodus eller ikkje. Men den kan jo vere utlada, seier eg til meg sjølv. Eg trykker på på-knappen og håpar på at det skjer noko. Ingenting. Ingen lys om viser at den er på. Ingen liten melodi som kjem...Eg trykker ein gong til.-..to gonger til...tre...fire...Det er umogeleg. Den viser ikkje teikn til å vere i orden. Eg legg hovudet i hendene..Kva er det som skjer? Eg høyrer raske skritt og ein person dultar borti knea mine så sekken dett ned.Eit stort dump høyres i det den treff golvet. Eg veit kva som kjem til å skje. Alle tinga flyt bortover golvet. Eg ser jenta eg snakka med tidligare vere på rask veg bort i frå meg. Det var ho! Auga mine følger ho mens ho går over golvet. Ho gjorde det med vilje. Det er eg sikker på. Viss blikk kunne drepe... Kroppen min legg seg ned på alle fire, og eg forbannar meg sjølv for å alltid å vere så veldig dum og tankelaus. No ligg eg her på golvet på ein flyplass i Minneapolis og har ikkje mobil eller noko aning om kor tid pappa, Emily og Cally vil komme og hente meg. Eg er einsam og har ingen å snakke med. Lommeboka ligg begravd nederst i kofferten og eg kan ikkje gå ut i tilfelle dei kjem i mellomtida. «Do you kneed som help?» Stemma er kjent. Den spør om eg trenger hjelp. «JA!» vil eg rope. Eg ville ha skrike det ut hadde det ikkje vore for at eg er så utrulig glad for kven stemma tilhøyrer. Eg ser opp på den høge skikkelsen som bøyer seg over meg. Andletet mitt gjenspeiler seg i brillene hennar. Bak dei er det gjømte nokre sjokoladebrune auge som er så kjente. Håret hennar er feste i to lyse fletter som rekk heilt ned til livet hennar. Munnen hennar er liten og raud og eg står så nøre at eg kjenner de gode dufta av parfymen hennar i frå her. «Cally!» ropar eg. «Endelig. Eg har venta så lenge!» Eg reiser meg opp i frå golvet og børstar av knea før eg gir ho ein lang klem. Eg er så glad for å sjå besteveninna mi at eg nesten ikkje kan vente til eg får snakka med ho. Spurt om korleis folk har det, kva som har forandra seg på det året sidan eg møtte ho sist... «Det ser ut som om du treng litt hjelp her,» seier ho omsider og trekk seg vekk i frå klemmen. «Ja, det skal vere sikkert og visst,» samtykker eg og fortel raskt kva som skjedde. Cally følger nøye med mens ho plukkar opp tinga og legg dei i sekken min. Ho er rask til å plukke opptinga og høyrer nøye etter på meg. Til slutt gir ho sekken til meg. «...og no funkar ikkje mobilen min heller,» avsluttar eg og tar i mot den. Cally ser på meg og er tydeligvis glad for at det ikkje er ho som har vore utfor alt dette. «Kom,» seier ho. «Far din ventar rett utfor her.» Eg lar ho trekke meg over golvet og ut av flyplassen. Endelig. Eg er ute. Sjølv om det er kaldt er eg ute.

mandag 21. mars 2011

VALG, 2. scene i kapittel ein, mi forteljing #1

Nytt utdrag av forteljinga eg skriv på. Eg er stolt over det eg har skrive no. Særlig over å ha lagt den jenta som hovudpersonene møter i denne scenen. Ho har ein sterk personlighet som eg håpar på at vil dukke opp seinare!


Eg har gjort det. Eg står her. Eg står faktisk her i lilla Bergans-dunjakke og gode, svarte vinterstøvlettar med snøring.. Det er ikkje like vanskelig lenger når eg har fått alt det andre bak meg og står her i ankomsthallen på flyplassen i Minneapolis. No ser eg ikkje lenger Ingrid stå der med tårer i dei mandelforma auga. Ho ser ikkje lenger på meg med det klagande blikket. Eg har greidd å få det ut av tankane. Det harde grepet ho haldt om meg med dei korte og litt tjukke fingrane sine. Grepet ho hadde om armane mine og jakka mi. Eg har til å med greidd å få vekk dei få setningane ho sa med den mørke stemma si: «Reiser du i frå meg fordi eg har Downs syndrom? For i så fall så er du den dummaste eg kjenner.» Ho trakk seg vekk i frå meg igjen mens eg forsikra ho om at det var ikkje derfor. Som eg kjem til å savne ho. Savne ho meir enn eg har gjort nokon gong. Eg bør skrive ein e-post til ho med ein gong eg kjem fram til hotellet. Eg sett meg ned i ein stolane som står på rekke og rad i hallen og ventar på dei. Eg fekk melding i frå pappa for ei stund sida om at dei bare er veldig forsinka og at eg må vente. For ein gongs skuld er det ikkje flyet.
Mens eg sit og ventar på dei ser eg på alt det merkelige som går føre seg i inngangshallen. Det er så interessant å sjå på folk som kjem og går. Avskjed, gjenforeiningar, forretningsfolk som hastar over golvet for å rekke eit viktig møte...
Ei jente på min alder kastar seg ned på sida av meg. Eg trur i alle fall det er ei jente. Håret er klyppa kort og er farga kvitt med rosa flekkar. Ansiktet har eit mutt uttrykk. Eg ser ikkje kleda på grunn av den store veska ho har i fanget sitt. Ho drar opp ein iPhone av veska og byrjar å trykke iherdig på den. Fingrane springer over skjermen. Det virkar som om ho sender melding til nokon. I så fall er den i alle fall lang. Ho stønner surt etter ei stund og slenger mobilen tilbake i veska.
«I hat planes that is too late.» Ho snur seg plutselig mot meg. «Gjer ikkje du òg det? Eg kan i alle fall ikkje fordra det.»
Eg stirar mållaust på jenta.
«Ehm, Jo då.» Kva anna skal eg seie?
«Ja, fordi kjærasten min skulle liksom kome i frå Chicago klokka halv fire og no er den liksom halv fem og eg har enno ikkje høyrt eit ord i frå han.»
«Så synd,» mumlar eg utan noko innleving. Kven er denne jenta som bare sett seg ned og snakkar med ein heilt framand person som ho ikkje kjenner?
«Kva heiter du?» våger eg meg til slutt til å spør.
«Evanna. Evanna Freeman.»
«Elisabeth. Elisabeth Craig.» Eg strekk ut handa, men ho tar den ikkje. Seier bare: «Fint namn.Kor er du i frå?»
«Norway,» seier eg overraska over kor uhøflig ho er.
«Okey, er det ikkje dykk som går rundt og trur at dykk er best og slikt fordi de bur i det beste landet i verda og har mykje pengar?» Ho har hovudet i mobilen igjen no og trykker iherdig på skjermen.
Eg blir tatt på senga. Kven er ho? Kvifor spør ho sånn?
«Kor kjem du i frå då?»
«Opprinnelig i frå Nashville, men må bur eg i Minneapolis.»
Ho reiser seg brått opp. «Eg må gå.» Så forsvinn ho. Eg ser framleis litt av det snåle håret hennar stikke opp bak nokre folk.

lørdag 19. mars 2011

valg 1. scene i kapittel ein, mi forteljing #1

Dette er første scene i ei forteljing som eg skriv sjølv om det er aknskje den beste starten eg har fått til på år og dag!


Eg sparkar hardt i frå med den eine skien, og kjenner den går opp litt bak meg. Eg kjem ennå ein meter fram og stakar samstundes frå med armane så mykje eg kan, før eg begynner å ta vanlige tak. Lufta er kald og kjølig mot andletet mitt og dei siste restane av sola for denne dagen har gått bak ein av dei høgaste haugane. Horisonten begynner så smått om senn å bli raudare og eg forstår at eg går min siste fem-kilometer på lenge på ski. Bak meg høyrer eg raske og effektive tak i takt med ski som heile tida sklir over bakken.
«Skal seie du går fort,» seier Joakim, når han kjem opp på sida av meg. Eg svarar ikkje, og bare går vidare. Eg skal nyte den siste runden på ski. Den siste på fleire månadar.
«Trur du ikkje det er på tide å komme oss heim etter denne runden Elisabeth?» spør han i eit forsøk på å få meg til å snakke med han igjen.
«Jo då,» mumlar eg sjølv som om eg aldri har tenkt tanken sjølv.
Eg veit så alt for godt at eg er litt frekk med han, særleg sidan det er vår siste skitur på veldig lang, lang tid. Eg rundar av ein sving og går ut av løypa for å signalisere til Joakim at han kan få renne ut utfor bakken først. Han tar hintet og smiler til meg, før han suser ned bakken. Ryggen og knea er bøygde og stavane står rett ut bak han. Dei lange beina ser mykje kortare ut når han suser utfor bakken sånn som no. Eg veit at om ei lita stund vil han reise seg opp i sin fulle høgde og vinke til meg med dei store hendene, for å signalisere at nå kan eg kjøre ned bakken. Han vil smile beroligande for å liksom seie «dette går bra Elisabeth.» Dei lange beina vil snuble ut til kanten av løypa, og armane vil flagre vilt når han prøver å halde balansen.
Eg legg all vekta på overkroppen framover og stakar i frå, før eg kjører nedover bakken som ein vind. Alt suser forbi og, og fargane glir inn i kvarandre så det er umulig å sjå kva som er kva. Eg kjenner lufttrykket presse mot ansiktet og håret flagre bakover i vinden. Kunne eg bare gjort dette der òg. Suse nedover bakkane mens alt eg uroar meg for blir gløymt. Eg rettar opp kroppen min ettersom farten tar litt av. Håret bles i vegen for auga og ei lita stund er alt eg kan sjå noko blondt og langt. Eg er langt i frå og kome så langt ned i bakken som Joakim, men etter litt staking så ser eg kroppen hans rage over meg. Det kvite Stormberg-merket på brystet hans lyser nesten mot den svarte bakgrunnen, og eg ser rett på det fordi han er så mykje høgare enn meg.
Eg snur meg litt vekk og held fram med å gå raskt bortover løypa som er kjørt opp. Det luggar litt i skia, men eg merkar det nesten ikkje. Kor tid vil eg neste gong kjenne denne herlige kjensla som når eg går på ski? Det er eit spørsmål som eg har stilt meg sjølv etter eg tok det valget eg tok. Det var så mykje som gjorde det vanskelig. Som for eksempel at eg ikkje veit kor tid eg vil få sjå Ingrid igjen...eller mor...eller Per Andreas. Kvifor må det vere så mange konsekvensar med kvart einaste stort valg ein tar i livet? Kvifor må det alltid vere så mykje me må gi slepp på når me får så mykje anna? Då eg spurte mor for nokre veker sidan sa ho berre «kvar gong det blir lukka ei dør blir det opna eit vindauge.» Det er eit sitat eg har høyrt så mange gonger før, men nesten aldri forstått tydinga av før nå.
Eg kjenner det begynner å svi i auga når eg tenker på det og det er nesten sånn at tårene drypper. Men bare nesten. Eg vil ikkje at Joakim skal få eit inntrykk av at eg angrar på valget mitt eit einaste minutt. Det er han som har sagt at eg ikkje kjem til å halde på det. At det er bare noko eg vil i ein fase av livet, og så snart kome tilbake. Og bare fordi eg er så sta og han trur så mykje på det han seier har eg bestemt meg for at denne gongen vinn eg. Eg skal gjere det.
Det tar bare nokre minutt å få skia inn i bilen og sette seg inn i skinnseta. Bilen er den beste duppedingsen Joakim har eigd i heile sitt liv og er alltid blankpolert. Han sender rattet og setene og giret eit blikk fullt av kjærleik før han vrir om nøkkelen og motoren startar.
Me kjører i stille ei lang stund. Eg ser bare på hendene hans som held eit fast grep om rattet og snur bilen sjølvsikkert nedover vegane. Det humpar og ristar litt og vegane snor seg som ein orm nedover. Det er eit snøparadis det kjører gjennom. Som om det skulle ha kome i frå eit eventyr eller fantasien min. Greinene bøyer seg av vekta av snøen som ligg oppå. Mykje av snøen har glidd nedover stammen, som er dekka av rim, og ned til bakken til ein stor snøhaug. Gjenskinet i frå sola glitrar som små perler i snøen. Det kjem nesten tårer i auga mine når eg tenker på kor lang tid det vil gå før eg neste gong får oppleve dette. Sola som neste er bak fjellet, men likevel lagar så flotte fargar i snøen når den skin på den, greinene som held på å knekke av vekta... Alt er sånn det skal vere akkurat no. Alt.
Eg ser ut av vindauge. Andletet mitt speiler seg i glaset. Det har dogga så det er ei lita hinne over. Eg tar opp peikefingeren og skriv «I <3>av Mai Lene

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...