Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nynorsk. Vis alle innlegg

mandag 1. juli 2013

Bok: Evig skal døden vera av Kroken & Kolden

Eg har den siste tida blitt veldig hekta på nynorskkrim, og to av forfattarane som har fenga meg mest er Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Deira kriminalromanar frå Lom er heilt super lesing no på somaren. Viss du ikkje har lese dei før, bør du gjere det no. Evig skal døden vera er den første boka i kriminalserien deira frå Lom. Boka føregår rundt påske (og eg burde kanskje ha lese henne då),  noko som er den perfekte tida for krim. Ei kvinne blir funnen drepen på hytta si i Lom, og litt seinare finn dei eit anna offer. Eit veldig godt utgangspunkt for eit bra plott, må eg seie, og forfattarane greier å nesten å gjere det beste ut av det. Slik som i Døden kjem med bussen er talet på gjerningsmenn avgrensa, og i denne boka er det avgrensa til ein skuleklasse, for begge ofra har gått i same klasse, og det ser ut til at det kan vere ein fellesnemnar for drapa.

Politiet i Lom får hjelp frå Kripos, og personen som skal hjelpe er Sylfest Seljestad, som ein seinare får møte i Døden kjem med bussen. Det er òg fleire personar som går igjen i begge bøkene, som til dømes Jørgen. For meg vart det kanskje litt feil å lese den andre boka først, for du forstår litt kven det er som ikkje kan ha gjort det i Evig skal døden vera, viss du les den andre boka først. Det er jo trass i alt ein serie. Likevel øydela det ikkje for mykje. For meg var det nesten umogleg å leggje frå seg denne boka.
Eg syntes kanskje ikkje denne var like god som den Døden kjem med bussen. Evig skal døden vera held deg ikkje så på pinebenken. Det at forfattarane heldt meg veldig på pinebenken og ikkje valte den heilt opplagte løysninga i Døden kjem med bussen gjorde at eg syntes den var skikkeleg god. Det at denne boka manglar akkurat det trekker ned, og det var litt meir opplagt denne gongen. På den andre sida er det færre karakterar i denne boka. Du har betre oversikt som lesar over kven som gjer ditt og kven som gjer datt. Då er det lettare å følgje med i handlinga.

Nynorsk krim slår alltid til hjå meg, og alle fall når forfattarane er så flinke som Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Noko anna som var morosamt med  Døden kjem med bussen, og som mangla her, var at dei hadde ikkje teke seg sjølve med i forteljinga. Eg syntes det var heilt genialt i Døden kjem med bussen, og sakna det i denne, men dette er jo den første boka dei har skrive saman, og til å vere det er ho kjempebra. Eg veit ikkje om de følgte med på Underholdningsavdelingen på NRK på laurdagane i vår. Der hadde dei ein sketsj om eit forfattarpar som var kanonbra. Her er det, og viss de trykker på Forfatterparet Bernt og Berit Jåvik får de sjå ein veldig morosam film.

tirsdag 18. juni 2013

bok: Sofia av Sigrid Merethe Hanssen

Hanssens bok er eit godt stykke nynorsk poesi og ein strålande roman. Boka er lettlest, delt inn i korte kapittel og er på mange måtar sjeldan.

Ein kan jo på ein måte seie at alt som er skrive på nynorsk i 2013 er sjeldan vare. Dei andre forlaga skriv at dei gjerne tek i mot bøker på både nynorsk og bokmål, men eg ser fint lite nynorsk litteratur hos dei. Unntaket er Sortlands bøker på Aschehoug, som faktisk er veldig gode. Elles er det for det meste skulebøkene som er skrivne på nynorsk, og utanom det må du til Samlaget. Til gjengjeld gir Samlaget ut veldig gode bøker, spør du meg. Det verkar ikkje som om dei berre tek det dei for, men faktisk gir ut bøker som er gode. Men det var ikkje generelt nynorsk litteratur eg skulle gå inn på i innlegget, det var boka. Innlegget om nynorsk kan de lese her.

Boka, Sofia, var, som eg allereie har skrive, poetisk. Ei norsk kvinne reiser til ein kystby i Hellas for å skrive. Denne norske kvinna veit me ingenting om, og me får heller ikkje vite noko. Det er noko veldig mystisk over henne, for namnet nemnes ikkje ein gong i løpet av boka. Me veit ikkje nøyaktig kor ho kjem frå, kva byen som ho kjem til heiter, kor gammal ho er, familiesituasjonen hennar. Det einaste me veit er at det er ein kvinneleg norsk forfattar. Det var faktisk ikkje før eg var ferdig at eg merka eg ikkje visste særleg mykje om henne. Den me derimot får møte og vite namnet på er Sofia. Sofia er ei døvstum jente på den lokale kafeen som forfattaren har fått for seg at ho skal verne. Men kor langt kan ein gå for å verne ein person? Du kan seie at hovudpersonen går litt for langt.

Boka er på 121 sider, er delt inn i veldig korte kapittel og er lett å kome seg gjennom. Nokre kapittle dekker ikkje ei halv side ein gong.
Til dømes:
Teikninga viser eit fjell i mørker. Fjellet tar nesten all plassen på arket. Under fjellet, litt til høgre, ligg husa. Alle er i mørker. Berre i to av dei lyser det Til høgre er månen.
Fuglen kjem tilbake. Han bruker nebbet heile vegen langs vindauget. Han klorer seg fast sidelengs, og kroppen er nesten vassrett mens han får tak i det han vil ha.
Sofia side 70

Boka er som ei litt lengre novelle. Tidlegare har Hanssen gitt ut to novellesamlingar, og dei må eg få lese, fordi eg trur dei er veldig gode etter å ha lese denne boka. Du må gå inn i boka på ein måte og er ikkje ferdig etter siste side. Noko må tolkast, andre ting kan du berre lese rett ut. Symbolikk, metaforar og samanlikningar. Eg liker det. Likevel må eg seie at det har ikkje det heilt særeige over seg, utanom historia. Me har nok alle lese nynorskbøker som er skrivne i litt same stil og med slike små korte kapittel. Me plar å få vite meir om hovudpersonen, staden og kva som skjer, men likevel er skrivestilen nokså kjent. Plottet er sjeldan, eg har aldri lese det før, og det er handlinga som tel. Ein kan ikkje rakke ned på denne skrivestilen, for den er heilt fantastisk. Og det beste er at nynorsken nesten har monopol på akkurat det. Eg trur ikkje bokmål hadde vore like bra her.

Boka er veldig god avkopling frå annan litteratur. Du trenger ikkje å berekne meir enn nokre få timar, og kankje ikkje fullt det ein gong. Du trenger heller ikkje å setje deg ned med penn og papir for å få ein god oversikt over personane. Det går heilt av seg sjølv. Set deg ned og slapp av med Sofia i somar. Du vil ikkje angre (og gjer du det, er det ikkje mykje tid som har gått med)

Boka er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget

onsdag 15. mai 2013

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!
Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så... Sylfest tenkte at det var fri diktning - ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 
døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene

tirsdag 14. mai 2013

bok: den mørke porten av Lars Mæhle

Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.

Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.

God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.

Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.

Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.

Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt

fredag 10. mai 2013

Vil du vere med å lese nynorsk?

Sofia av Sigrid Merethe Hanssen
er ei av dei nye bøkene på nynorsk
Sist veke kom det stort nytt frå komiteen bak bokbloggartreffet i Oslo. No har dei laga ein
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.

Lars Mæhle har hausta både
ros og kritikk for den nye
boka si den mørke porten
"KVA!" tenkjer du kanskje no. Nynorsk? Jepp, det er framleis ei målform. Mange nynorskskeptikarar vil kanskje rynke på nasen og tenkje "aldri om eg les nynorsk", mens andre vil sjå på det som ei utfordring. Personleg synes eg det er heilt naturleg å lese litt nynorsk no og då, og som de kanskje har merka er eg veldig glad i hovudmålet mitt. Det som dessverre er sanninga i dag, er at blesten rundt bøker på nynorsk er veldig liten, i tillegg til at få bokhandlar vil bestille bøker på nynorsk, fordi dei sel så dårleg. Det er her sakas kjerne er: haldninga. Haldninga folk har til nynorsk i dag er at det er ei krevjande, påtvungen målform som nesten ingen har bruk for lenger, fordi det er ut. Ved å lese fleire bøker på nynorsk utgjevne i 2013, er det òg ein større sjanse for at ei nynorskbok blir nominert til bokbloggarprisen. No tvingar eg ingen til å gi prisen til ei nynorskbok, for bøkene som vinn prisen må ha andre litterære kvalitetar òg enn berre vakkert språk.
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.

Sunniva Relling Berg har skrive ny
ungdomsroman som blir utgitt
ette året.
Likevel, det eg ber om er at fleire set seg opp i salen, tvingar vekk alle fordommar mot nynorsk og
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.

Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.

Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...