Viser innlegg med etiketten dans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dans. Vis alle innlegg

søndag 2. juni 2013

Dirty Dancing og så alt for lite tid til bøker


Det har seg slik at Mai Lene ikkje har fått lese så mykje i det siste, mest på grunn av mykje skulearbeid, dansing og piano og ei litt omfattande bok av Louis de Bernières. Likevel, som nemnt, dans har teke mykje tid. På onsdag er det slik at Hå Kulturskule (der eg framleis går) og Unge Spor (som er ei veldig proff dans-, musikk-, drama-, og kunstnergruppe) skal ha danseførestilling i lag. Me skal framføre vår eigen versjon av songane frå åttitalsfilmen Dirty Dancing som sikkert mange har sett før.

Eg har dansa ekstra mykje heime i det siste, for eg vil at dansane skal sitje perfekt! For dei som bur her på Jæren er et i Storstova på Bryne på onsdag klokka 1800. Bilettane kostar kroner 100, og de kan bestille bilettar ved å trykke på bilete.

Eg har òg gjort ein stor feil (som berre er min eigen). Eg sletta FIRE sider på bloggen. Uff nei, eg trur eg skal opprette tre av dei igjen, men bøker leset 2011 får vere historie. DET får de vinne fram til sjølv. Elles hadde eg ei side med linkar til alle bokomtalar i alfabetisk rekkjefølge etter etternamnet til forfattaren. Den skal opprettast, men det går nok litt tid. Enn så lenge får de greie dykk med dei tre sidene som framleis er her. Jaja, slik gjekk det med dei. Eit hint om at eg må pussa opp bloggen?

Staus for tida: Litt skulelei, veldig klar for sommareferie og meir lesing.
Eg har ikkje mindre enn fire presentasjonar neste veke. Heldigvis hadde eg førebudd meg på å ha tre av dei veka som var, så det er ikkje så gale...

Jaja, det var ei lita oppdatering. Blir nok litt stille på bloggen dei neste dagane, mens eg prøver å motivere meg for dei siste to vekene av skuleåret og tenkje positivt og elles kose meg.


mandag 6. februar 2012

Bok: den usynlige broen

Dette blir ikkje ei bokmelding lik alle dei andre, sidan eg er sjuk og har levert inn boka og ikkje orkar å skrive så mykje, men eg skal prøve å få det godt til denne gongen òg.

Paris 1937: Andras Lévi, en ung arkitektstudent, ankommer fra Budapest med et stipend, en enkel koffert og et mystisk brev han har lovet å levere til en C. Morgenstern på rue de Sévigné. Her treffer han den unge enken og ballettdanseren Klara og forelsker seg hodestups. Men Klara bærer på en mørk hemmelighet, og da hun innvier Andras i den, tar livet hans en ny vending.
 Samtidig rykker krigen stadig nærmere Europa. Og mens Andras forsøker å skape en tilværelse i Paris, reiser hans eldre bror Tibor til italienske Modena for å studere medisin, og hans yngre bror slutter skolen for å følge kunstnerdrømmen om et liv på scenen. Da krigen bryter løs, blir de alle kastet ut i usikkerhet.
 Fra den ungarske landsbyen Konyár til de storslåtte operahusene i Budapest og Paris, fra den bitende kulden på Andras' loftsrom til den varme lidenskapen hos Klara i rue de Sévigné, fra den håpløse karpatiske vinteren til det skjebnesvangre livet i arbeidsleirene; Den usynlige broen forteller historien om kjærlighet satt på prøve, om en jødisk families kamp mot tilintetgjørelse, og om tre brødre for alltid bundet sammen av felles historie.

(bokomtale frå bokkilden)

Denne boka blei fantastisk lesestoff etter ca. 100-150 sider. Eg syntes kanskje ho fekk ein litt treg start, men absolutt ikkje så treg at du ikkje får lyst til å lese vidare. Handlingar rundt 2. verdskrig og jødar er noko av det mest spennande ein forfattar kan skrive om, og viss dei i tillegg meistrar det, så blir det kjempebra bøker, akkurat som den usynlige broen.


Her følgjer me ei historie som om ikkje akkurat er gløym, så er den meir ukjent. Dei fleste veit sikkert kva som skjedde med jødar i Frankrike (og Paris etter å ha lese Saras nøkkel), i Polen, i Tyskland, i Nederland osv. Historia til jødane i Ungarn er desto meir ukjent, i alle fall for meg. Eg har alltid rekna med at Ungarn var på Tyskand si side og at dei fleste der, utanom jødane, hadde det betre enn andre land under krigen. Eg trudde òg at det var stor deportasjon av jødar, akkurat som i Tyskland, under heile krigen.I følge denne boka tok eg feil. Ja, Ungarn var med. Nei, ikkje massedrap og deportasjon av jødar under heile krigen. Faktisk ikkje før i 1945. Likevel blir hovudpersonen her, Andras, innkalt til arbeidsteneste med ein gong han kjem heim i frå Paris til Budapest.

Midtdelen av boka syntes eg var best og utrulig bra skriven. Det var bare dei siste hundre sidene eg var bitte litt missfornøgd med, men eg trur ikkje eg skal uttale meg så mykje der heller, for då eg las dei blei handlinga i boka blanda saman med feberfantasiar hjå meg ut frå handlinga, så eg fekk ikkje med meg alt, men mykje. Epilogen var litt rar, men heilt grei. Likevel har eg ikkje forstått kvifor den var der, den gav ikkje mykje meining.

Viss de vil vite meir om boka, så kan de gå inn på nettsida under her, då får dykk ei mykje betre bokmelding enn denne eg har laga.
Julie Orringer "Den usynlige broen" - Rose-Maries litteratur - og filmblogg

Utanom dette vil eg minne alle om giveawayen her på bloggen der det kan vinne naken i Hijab og din godhet.

lørdag 14. januar 2012

bok: hjemkomsten av Victoria Hislop


Under Alhambras majestetiske tårn kan man høre gjenlyden av musikk og hemmeligheter i Granadas brostenslagte gater. Sonia Cameron er ikke opptatt av byens historie - hun er der for å danse. Men i en stille kafé trekker en tilfeldig samtale og en samling gamle fotografier henne inn i en dramatisk fortelling fra den spanske borgerkrigen. 
Sytti år tidligere huset kafeen familien Ramirez. I 1936 splintret Francos hær landets skjøre fred, og i hjertet av Granada blir familien vitne til de fryktelige virkningene av konflikten. Splittet av politikk og tragedie må de alle velge side - og kjempe en personlig kamp mens Spania rives i biter foran øynene på dem.
Om det er nokon som ahr vore klistra til denne boka, er det meg. Minst like god som Øya, og Victoria Hislop tar oss nok ein gong med til ein litt mindre stad enn London eller Roma eller, sidan denne boka foregår i Spania, Madrid. Einaste gongen me blir tatt med til Madrid i denne boka, er det ikkje den same staden som nå. Tvert i mot.

Sonia er eigentlig veldig lei livet heime og den stive og alkoholiserte mannen heime. Saman med veninna, som vil feire fødselsdagen skikkelig, reiser ho til Granada for å få ein pause og drive med det som har blitt ein av hennar største hobbyar: dansing. Men i Granada er det ikkje bare dans som opptar henne, men historia om borgarkrigen.

Det er i frå mellomkrigstida, og det er familien Ramirez me følger. Her blir me ført til fleire stader i Spania, blant anna til Madrid, som republikanarane slit for å halde vekke i fascistane. Å leve under borgarkrig må vere vanskelig tenker eg. Landet kriger i mot kvarandre, og du veit ikkje ein gong om du kan stole på tidligare vener eller naboane dine. I familien Ramirez er sosialistpartiet det dei fleste liker, noko som fører til mykje vanskelig. (har eg lov til å seie så mykje utan å røpe alt?)

Uamsett, dette er ei bok med fantastiske skildringar, og me blir godt kjent med hovudpersonane. Historiske romanar har ein tendens til bli veldig spennande og veldig fengande. Dette er òg ei ny "bølge" eg har kasta meg på. Eg synes at dei har så mykje meir enn vanlige ungdomsromanar, og det har i alle fall denne. Viss ikkje Victoria Hislop har blitt ein favoritt hjå folk etter øya og hjemkomsten, må dette vere ein sjangar dei ikkje liker, for ho meistar han.

Det er litt meir banning i denne boka enn i øya, men ikkje overkant i det heile, og det er noko anna som er negativt med ungdomsromanar. Folk trur at for å få ungdommen fenga MÅ det vere ungdomsspråk eller banning i bøkene. Her er det ikkje slik, og eg trur kanskje at det er ein overgang mellom barn og vaksen der det er mykje banning, men her er det eit anna publikum, som veit at det går ann å seie ting på andre måtar.

For å skrive ei bok som denne, må forfattaren ha gjort grundig research, og måten ho beskriv Granada på er på ein måte der me får ei kjensle av at ho har vore der. Denne boka har gått rett opp på lista blant favorittar hjå meg, og det har òg forfattaren.

søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...