Viser innlegg med etiketten 1800-talet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten 1800-talet. Vis alle innlegg

søndag 26. mai 2013

bok: X av Helge Thime-Iversen

Nok ei krimbok er lesen, og denne gongen var det X av Helge Thime-Iversen, som fekk den æra å bli lesen. Etter å ha sett Geirs omtale av boka, som var veldig positiv, måtte eg lese boka sjølv. Geir kallar boka for ein X-tremt spennende debut. Ja, den er spennande, og det er god gjort å meistre krimsjangeren slik på første forsøk, men om den er x-tremt spennande, det er ei anna sak.

Njaal Natland jobbar i Kripos - noko som er uvanleg for dagens krimheltar, som til vanleg har ein vanleg politijobb i eit distrikt eller er journalist - der han har utmerka seg som ein filnk etterforskar. Likevel, alle politimenn kjem ein eller annan gong utfor ei vanskeleg sak, og det gjer Njaal i denne boka. X, eller Fingermorderen som han blir kalla i avisene, er laus. Fleire norske byar blir offer for personen. Han har òg sitt eige varmerke, noko namnet Fingermorderen går etter, og det er at på kvar åstad ligg fingaren til offeret igjen. Dette går det òg an å sjå på forsida av boka, som på ein måte er fantasilaust, men òg litt spennande. Uansett, Njaal gjer alt for å løyse saka, men sjølv om gjerningsmannen - X - etterlet seg mange spor, er det nesten umogleg å ta han. Kompanjongen til Njaal Natland heiter forresten Johnny Vang (ikkje Jonny Vang som i filmen med Aksel Hennie), noko som skaper litt humoristiske scenar i boka.

Eg er veldig glad i krim som de veit, men ikkje all krim. Jo Nesbø, til dømes, fenga meg ikkje heilt, og eg er heller ikkje veldig glad i krim kor det er snakk om eit større spel som inneber terror, store narkotikabandar eller slike spel. Eg liker det litt meir i det små, med ein gjerningsmann som handlar på eigne vegne, slik som i en usynlig av Pontus Ljunghill. På denne måten var òg Thime-Iversens bok noko for meg. Dette er ingen spoilar, for det går ikkje lang tid før ein forstår at her er det ein person som handlar. Noko anna eg likte var at det var ein litt original norsk krim. Boka er veldig ambisiøst lagt opp med mord som skjer i fleire byar i Noreg. Det er vanskeleg å etterforske like mordsaker i Bergen, Trondheim, Vardø osv. Å legge opp til ein seriemordar som driv på i ulike fylker er mildt sagt veldig, veldig, veldig ambisiøst. Derfor er det bra når forfattaren meistrar dette ambisiøse oppdraget. Kripos er jo sjølvsagt eit verkemiddel. Det hadde vore meir vanskeleg med ein politietterforskar i Vardø som hovudperson, for då hadde jo denne personen berre ansvaret for Vardø-saka og ikkje tilgang på fleire bevis enn som så. Det er jo nettopp der med bevis det blir ambisiøst. Du skal ha ein person eller to som reiser rundt overalt og samlar bevis og veit om alt. Likevel, dette greier Thime-Iversen på ein heilt genial måte.

Eg skreiv i første avsnitt at boka var spennande, men ikkje ekstremt spennande. Det skal mykje til for at ein krim ikkjer spennande. Då er forfattaren verkeleg amatørmessig, og det er ikkje Thime-Iversen. Han er veldig flink, men i motsetning til mange andre krimbøker følte eg ikkje det gjekk lang tid før ein fekk vite kva som skjedde. Han var ikkje ein meister på å halde lesaren på pinebenken. Nokre få gonger haldt han lesarane så lenge på pinebenken at me gløymte heilt at det faktisk skjedde, og då tråden blei plukka opp igjen, var det ikkje like spennande. Andre gonger, alt for mange, gjekk det litt for raskt. Eg fekk ikkje tid til å bli spent på svaret. Nokre få gonger greidde han å halde meg på pinebenken slik at eg  måtte vente litt, men ikkje for lenge. Dei gongene funka det utmerka, men boka kunne ha vore betre ved å lage det til slik fleire gonger. Språket etterlot ikkje mykje til fantasien. Det var fengande, og det er ikkje utan grunn at eg las dei siste 250 sidene i dag. Språket i seg sjølv er dessverre ikkje veldig spennande, og nokre gonger kunne Thime-Iversen ha korta ned på veldig lange skildringar av personar og i staden fokusert på andre viktige moment i boka. Som då han skildra ein politimann i Bodø eller ei kontordame i Oslo. Eg veit ikkje heilt kva det var med språket som ikkje gjorde boka så x-tremt spennande, men det var i alle fall ikkje ein viktig faktor for dei spennande kapitla som var i boka.

Juritzen kan vere glade for å ha denne krimforfattaren med på laget! Han kan skrivekunsten, og ved nokre få betringar, kan bøkene hans bli x-tremt spennande. Viss det kjem fleire bøker, skal eg heilt klart lese dei!

(boka var eit leseeksemplar frå Juritzen forlag)

tirsdag 11. desember 2012

ellevte desember: bokomtale - nattefokk av Johan Theorin

I slutten av november og i byrjinga av desember bestemte eg meg for å feriere litt på Öland, eller kanskje bli med til Öland via ei av bøkene til Theorin. Nattefokk var akkurat som skumringstimen, fantastisk spennande og til å få mareritt av.

Hovudpersonen i nattefokk er Joakim Westin. Saman med kone og barn har han flutta til garden Åludden på Öland, og planane for den gamle garden er mange. Likevel går nesten aldri planar slik du vil, og aller minst i bøker. Spenninga i boka heilt frå første side, og Theorins vage hinting om at noko skal skje, gjer at her forstår ein at noko skal gå gale. Ein dag når Joakim reiser til Stockhold for å hente eit gammalt arvestyke skjer det utenkelege. Politiet slår på tråden.
"Jeg er i Stockholm," sa han. "Eller på vei herfra... jeg er utenfor Södertälje."
"Så du er på vei ned til Öland?"
"Ja," sa han. "Jeg har med meg det siste flyttelasset fra huset vårt i Stockholm." Han ville virke klar og tydelig og få politikvinnne til å begynne å svare på spørsmål. "Kan du fortelle hva som har skjedd? Er det noen av..."
"Nei, avbrøt hun. "Jeg kan ikke si noe. Men det hadde vært fint om du kom hit så fort som mulig."
"Er det..."
"Hold fartsgrensen," sa politikvinnen og brøt forbindelsen.

Dette er bare ein av to samtalar i bilen, og Joakim får livet snudd opp ned. Kona er død, han har to ungar som skal følgjast opp og oppfostrast utan Katrine, og sjølv er han knust av sorg. Planane for garden blir lagt til side, og mykje av tida får med til å finne ut kvifor Katrine gjekk ut på steinane den dagen ho drukna.

Gerlof Davidson, som me får bli godt kjent med i første boka til Theorin, er sjølvesagt òg med, og han prøver så godt han kan å fortelje politikvinna, som han er grandonkel til, om farfaren hennar, samstundes som han tenkjer på dødsfallet til Katrine Westin. Paralellt med denne historia får me òg lese Mirja Rambe, mor til Katrine, si historie, og historiene som går om at det spøker på Åludden skaper rykte på Öland. Til og med Joakim får kjenne på dette, og typiske ting som at låste dører plutseleg er opne og hemmelege rom er ingredienser i denne boka. Ein kan nesten ta og føle på heile stemninga.

Den tredje gruppa med personar i denne historia er tjuvane Henrik, Freddy og Tommy. Freddy og Tommy oppsøker Henrik for å få han med på nokre tjuveri som i utgangspunktet skal vere ufarlege. Öland blir nok ein stad kor tjuvar herjar, og menneske blir skada i jakta på verdisaker. Den natta når fokket kjem inn over Öland, natta til julaften, møtes alle personane i boka i eit blodig samanstøt.

Theorin sine bøker gjer at ein sit go tenkjer: "Korleis skal han få alt dette til å gå saman? Kor vil han hen?" Likevel er det noko som driv ein vidare gjennom sidene og bøkene. Språket er ikkje avansert, men veldig bra, og ein les ikkje om Öland, ein er på Öland i desse bøkene. Han har heller ikkje mange stereotype karakterar slik som mange andre krimromarar og krimseriar har. Det er få av desse, og ein forfattar som klarer å skape karakterar som er realistiske i ei historie som er på grensa til urealistisk er bra. Akkurat der minner han meg litt om J. K. Rowling. Rowling skriv om eit fantasiunivers, når ho skriv om Galtvort og Harry Potter. Likevel får ho oss til å kjennes oss igjen i karakterane, som det at dei  har mykje lekser, er forelska, har venner og uvenner og har problem med familie og lærarar. Nå seier eg ikkje at Theorin skriv innanefor fantasysjangaren, men han skriv litt urealistisk etter mi meining, og han har med litt overnaturlege faktorar, som spøkelse, i bøkene sine. Likvel kjenner ein oss igjen i karakterane og får eit sterkt ønske om å møte dei "face to face".

Personleg liker eg best Gerlof Davidson, den gamle mannen som hjelper til med mysterier og har mange historeir å kome med om det meste. 

lørdag 6. oktober 2012

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas' løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: "Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien" I tillegg er det setningar som "akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp" eller "tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang." Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale...

torsdag 26. juli 2012

bok: tilbake til Tall Oaks av Kathleen Grissom

Når en hvit slavejente bryter plantasjens uskrevne regler, utløser hun en tragedie som får frem både det beste og det verste i menneskene hun har begynt å kalle sin familie. 

Syv år gamle Lavinia blir foreldreløs under overfarten fra Irland til Amerika. Kapteinen tar henne med hjem til tobakksplantasjen han eier i Tall Oaks i Virginia, der hun skal bo og arbeide sammen med slavene. Lavinia blir tatt vare på av Belle, som er kapteinens uekte datter. Hun knytter sterke bånd til sin nye familie, selv om hun skiller seg ut fra de andre med sin hvite hud.

En dag får Lavinia beskjed om å flytte inn i herskapshuset og bli en del av kapteinens familie. Men bak den fine fasaden er forholdene alt annet enn trivelige, herren i huset er fraværende og hans elskerinne avhengig av opium. Lavinia føler seg fanget mellom to verdener. Den dagen hennes lojalitet settes på prøve og hun tvinges til å velge side, kommer betente hemmeligheter og farlige sannheter frem i lyset – og liv blir satt i fare.
Første gong eg såg denne og las bakpå, tenkte eg at dette var "mi" bok. Litt nøling blei det før eg kjøpte henne, men sist fredag på Jørpeland blei det handling, og på søndag starta lesinga. For det første må eg bare seie at dette var ei bok eg hadde sett skikkelig fram til, og forventningane blei innfridde. Den andre tingen er at bøker i frå slavetida i USA skal definitivt lesast meir.

Lavinia blir foreldrelaus på eit skip, bare sju år gammal, og det er kapteinen som må ta henne med seg heim. Det er Belle i kjøkkenhhuset som får jobben med å ta seg av henne, og Lavinia får kjenne korleis det er å ha ein familie rundt seg. Mamma Mae og Pappa George og deira barn blir Lavinias adoptivfamilie, og saman går dei framida i møte.

Dei neste månadane og åra skjer det store omveltningar, og frykta for å bli drepne er stor. Dei lev i konstant fare, og eit einaste feiltal kan gjere at dei må bøte med livet.

I byrjinga kan den verke litt lite fengande, men det tar seg skikkelig opp, og på eit vist punkt var i alle fall eg tapt, og etter det kunne eg aldri ha avslutta utan å vite korleis det gjekk. Boka er utrulig godt skriven, og ho kan fenge deg meir enn dei fleste andre bøker. Samstundes er det eit veldig lett og forståelig språk, veldig enkelt utan at det blir for enkelt.

Personane var ikkje stereotype. Langt i frå. Dei fleste av dei hadde ei dårlig side og ei god side, og me blei kjent med begge sider, og det er noko av det eg liker best ved bøker, når dei greier å gi eit perspektiv av noko verkeleg, sjølv om det bare er skjønnlieratur.

Å komme inn i eit samfunn som dette, ein stad der tenarar blir behandla som drit og det finnes slavar er midlt sagt sjokkerande. Fleire gonger sat eg med tårer i auga, og eg var òg svært sint nokre gonger, på grunn av den fæle måten dei blei behandla på. Historia om miss Martha og om Marshall er òg veldig interessante og noko av det eg likte best ved boka.

Omslaget på boka var bare NYDELIG, men òg litt truande, for du forstår at her er det noko meir bak enn bare det som er der.

onsdag 30. mai 2012

bok: smaragdgrønn av Kerstin Gier

Nå er den etterlengta oppfølgaren her, og den skuffar ikkje!



Hva gjør man når man får knust hjertet sitt? Riktig, man ringer til bestevenninnen, spiser sjokolade og velter seg i ulykken i ukevis. Bare dumt at Gwendolyn, som er tidsreisende mot sin vilje, trenger energien sin til helt andre ting. Til å overleve, for eksempel. For trådene som den tvilsomme greven av Saint Germain har spunnet i fortiden, drar seg også i nåtiden sammen til et farlig nett. For å komme på sporet av hemmeligheten må Gwen – om hun har aldri så mye kjærlighetssorg -- ikke bare danse menuett sammen med Gideon på et storslått ball på 1700-tallet, men også kaste seg hodekulls ut i eventyret.Smaragdgrønn er en herlig og etterlengtet avslutning på bestselgende trilogi.Kjærlighet til alle tider-- bøker å forelske seg i!
Heile boka byrjer der safirblå slapp. Gwendolyn er såra over at Gideon som har hevda at han maniopulerte henne til å forelske seg i han. Såra er faktisk mildt sagt ei underdriving. Ho er heilt knust og sender meldingar og ringer til veninna Leslie. Sjølv har Giedon sagt at han framleis vil vere vennen hennar, sjølv om han ikkje er forelska i henne slik som han har hevda tidligare. Vil vennskapet mellom dei overleve og er Gwendolyn villig til å tilgi?

I tillegg så er det eit stort problem at Gideon og Gwendolyn skal på ball hjå greven saman, og Gwenny har framleis ikkje greidd å tilgi han for måten han har oppført seg på. På toppen av alt er ho stuptrøyt, og i tillegg har ho nattlige besøk hjå ein person i fortida ho er veldig tett knytta til. Kan han gi henne svar?

Charlotte er òg eit stort problem. Ho går stadig rundt i huset og snokar og prøver å finne løyndommen til Gwenny og personen frå fortida. Korleis skal Gwenny greise seg gjennom alle tidsreisene, bevare løyndommen sin og i tillegg vere vaken nok til å vere observant?

Lucy og Paul, Gwennys kusine og mannen, er framleis viktige nøkkelpersonar, og begge hevdar framleis at ringen ikkje bør bli slutta og at kronologen ikkje bør innehalde alles blod. Skal Gwenny, Gideon og dei andre voktarane tru på dei? Er det kanskje greven, som hevdar at når ringen er slutta kan dei få eit middel til å kurere alle sjukdommar, som har rett? Kven skal dei stole på?

Stadig fleire puslebetar kjem opp for dagen, men er dei mange nok til å danne seg eit klart bilete av kva som skjer? Samstundes som Gideon og Gwenny er travelt opptattt med konfliktar i fortida skjer det nye oppdagingar i samtida som er meir personlig for Gwenny enn noko ho hadde drøymt om.

Å starte opp rett etter den forrige boka er ein genistrek, og ein av grunnane til at eg byrja på denne boka var sjølvsagt at eg ikkje fekk ein skikkelig slutt i den forrige. Likevel var det vanskelig å setje seg inn i boka igjen, for det er tross alt over eit halvt år sidan eg las dei to forrige, men det var lett å setje seg inn i handlinga og personane igjen. Måtte bare ha litt tid på meg.

Xemerius gir bare krydder til boka. I byrjinga av safirblå syntes eg han bare var iriterande, men no kan eg ikkje tenke meg serien utan ein demon som svever rundt Gwenny. I tillegg er dei personlige problema ikkje for storre, og dei tek ikkje for stor plass, så den verkelege handlinga kjem godt fram. Eg var litt nervøs før eg byrja på om dei personlige problema blei så framtredande at det andre ikkje vart synlig nok, men det var ein fin balansegang i boka.

Som dei andre er denne boka fengane og velskriven. Komplottet er kjempebra lagt opp. Eg som elles ikkje er veldig  begeristra for fantasy har elska denne triologien om Gwenny og Gideon og Charlotte og Leslie og Lucy og Paul og Greven og voktarane. Storarta. Kjærlighet til alle tider - ein serie som til og med ikkje-fantasy-elskande personar kan bli fenga av!!

Sist, nydelig omslag. Den norske utgåva har eit betre enn den tyske som har dette:

Eg synes i alle fall dette. Dette ser meir ut som ei tragisk kjærleikshistorie. Det omslaget som er på den norske ser mystisk ut og er på ein heilt annan måte valt ut i frå handlinga.

Omtalen min av rubinrød er her, og omtalen av safirblå er her.
Viss du vil legge boka til goodreads-lista di kan du gå her, og vil du legge den til bokelskerlista kan du gå her.

Her kan du lese ein smakebit Bokelserinnen hadde i frå boka.



mandag 30. januar 2012

Bok: huset du elsket + litt til!

Paris, 1860-årene. Den store byfornyelsen pågår for fullt. Gammel bebyggelse må vike plassen for de nye, brede bulevardene og makestetiske bygningene. Hele kvartaler blir revet for å gi plass til det praktfulle Paris vi kjenner i dag. 
Men mange må betale en høy pris for denne forvandlingen. En av dem er Rose, en kvinne i 60-årene. I hele sitt voksne liv har hun bodd i huset som har vært i mannens familie i generasjoner. Før mannen døde lovet hun ham at hun skulle ta vare på hjemmet deres, nå har byfornyelsen nådd deres kvartal og huset skal rives. Rose nekter å forlate hjemmet. Hun bestemmer seg for å kjemoe til siste åndedrag for å redde huset som rommer så mange gode minner, men også en grusom hemmelighet som hun har tiet om i over tretti år. 
Huset du elsket er en gripende fortelling om en sterk og usedvanlig kvinne, i en tid med store ytre forandringer. Men mest av alt er det en historie om kjærlighet og tilhørighet, og om viljen til å slåss for det man har kjært. 
Dette er ei bok for dei som har lese tidligare bøker av denne forfattaren. Eg elsker bare skrivemåten hennar, og alle bøkene er så forskjellige at eg veit absolutt ikkje kvifor ei eg liker best. Denne var nok litt emir "poetisk" i språket enn dei andre, elle rmeir innvikla og tankefull. Eg blei veldig fort glad i hovudpersonen Rose. Det nydelige namnet, veremåten og hennar trang til å kjempe for det ho har kjært inspirerte meg til å lese vidare. Ei tøff dame, og alle vennene hennar var like fine å lese om.

Boka var skriven som eit brev til den avdøde mannen til Rose, og ho snakkar om seg sjølv som "jeg" og snakker veldig ofte til "du" eller "deg." Det er første gongen eg har lese ei bok som dette. Tidligare har eg prøvd meg på dagbøker som skal vere gode ungdomsromanar, men det har alltid vore litt for "kult" språk til at eg har likt dei. Den einaste andre boka eg har lese som liknar litt er Anne Franks dagbok der Anne skriv i form av dagbok til dagboka, Kitty. Den historia er meir biografi, men dette er jo ein skikkelig roman, som er godt skriven.

Det er veldig trist å lese at for at byen skulle bli som i dag, såra dei veldig mange menneske då dei forandra byen ved å rive ned husa deira og legge ned forretningar overralt. Det her var ei side av Paris eg aldri hadde høyrt om, men eg lærte mykje i løpet av boka.

Saras nøkkel, bumerang og huset du elsket har alle vore veldig forskjellige med tre vidt forskjellige temaer og tre vidt forskjellige handlingar, men alle tre er vidunderlige og smyg seg rett inn hjå alle leseglade. Dette er bøker det er verdt å lese og ein forfattar det er verdt å sjekke ut!!

Og så tilbake til det der +litt til

På torsdag 2. februar er det eit år sidan eg starta denne bloggen og eg har blitt berika med (når eg skriv dette) 447 kommentarar (nokre mine, men mesteparten andre sidan, fordi eg har ikkje tid til å svare alle! Skikkelig svært!) og eg veldig takknemlig for alt det fine de har skrive og den velkomstene eg har fått i dette "bloggsamfunnet." Eg skal halde fram med denne bloggen mykje lengre enn det eg har gjort til nå og håpar alle vil følge meg vidare.


Og så noko som på ein måte er litt trist. =( Buhu. Kanskje ikkje så veldig, men eg har prøvd å få til ei lita overrasking som ein takk til alle som les bloggen, men dessverre, så det blir i alle fall ikkje før "1-årsdagen," men eg prøved så keep on reading, så ser me kva som skjer. Kan dessverre ikkje love noko, men eg skal prøve så godt eg kan å få til noko. Og nok ein gong: TUSEN TAKK!


Og i morgon eller onsdag kjem det oppsumering av den fantastiske lesemånaden eg har hatt nå i januar. 


søk i bloggen min

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...